Revidert nasjonalbudsjett 2021:

Ny vekst og grøn omstilling

40 millionar kroner til opplæring i grøntnæringa. Nytt mandat for Investinor åpnar for meir investeringar i skogsektoren. 40 millionar kroner til skogplanting. 2 millionar kroner til oppstart av rekrutteringskampanje for mat- og måltidsbransjen. Dette er hovudpunkt i Revidert nasjonalbudsjett 2021 under landbruks- og matdepartementet.

40 millionar til opplæring i grøntnæringa

Regjeringa gjer framlegg om å løyve 40 millionar kroner til ei mellombels refusjonsordning som skal dekke opplæring for sesongarbeidarar i grøntnæringa.

– Gjennom denne ordninga vil arbeidsgjevarar i grøntnæringa kunne få kompensert delar av opplæringskostnadene ved å bruke norsk arbeidskraft, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

På grunn av innreiserestriksjonane som følgje av pandemien, har grøntnæringa problem med å få tak i tilstrekkeleg arbeidskraft for å halde oppe matproduksjonen. Ordninga vil gjelde for denne sesongen så lenge innreiserestriksjonane held fram, og for arbeidstilhøve som varer i minimum tre veker.

Meir investeringar i skogsektoren

Regjeringa gjer framlegg om å endre mandatet til Investinor, som er eit statseigd investeringsselskap. Investinor vil med dette få høve til å samarbeide med private om å investere i skogsektoren. Noreg har per i dag små investeringar i skogindustri samanlikna med våre naboland.

– Med denne endringa legg regjeringa til rette for større investeringar i skog- og trenæringa, slik at denne kan få den plassen den må og skal ha i framtidas grøne næringsliv, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad. – Tilgang på kapital til konkurransedyktige vilkår er avgjerande for nye satsingar, seier Bollestad.

40 millionar kroner til skogplanting

Regjeringa gjer framlegg om å omdisponere inntil 40 millionar kroner til ei mellombels ordning for å sikre planting i skogane våren 2021.

– Skogen gir oss fornybart råstoff til eit mangfald av miljøvenlege produkt, og den tar opp enorme mengder CO2 i eit evig kretsløp. Skogen er derfor ein av våre beste ressursar i framtidas nærings- og klimapolitikk, sier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

Det vil bli utarbeidd ei mellombels forskrift for ordninga, etter same mal som i 2020.

Det vil bli gitt tilskot på inntil 1,20 kroner per plante.

Rekrutteringskampanje for mat- og måltidsbransjen

Regjeringa gjer framlegg om å løyve 2 millionar kroner til oppstart av ein rekrutteringskampanje for mat- og måltidsbransjen.

– Med dette følgjer vi opp tilrådinga frå utvalet som i februar leverte sin rapport om sviktande rekruttering til bransjen, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad. – Målet er at fleire skal få auga opp for at mat- og måltidsbransjen gjennom å gi trygge og interessante arbeidsplassar er ein god karriereveg, seier Bollestad.  

– Pandemien har råka delar av mat- og måltidsbransjen hardt. Ein rekrutteringskampanje retta mot denne bransjen vil byggje kompetanse for framtida, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

11,5 millionar kroner mot skrantesjuke

Det er gjort funn av skrantesjuke hjå rein også på Hardangervidda. Regjeringa gjer framlegg om å auke løyvinga til Mattilsynet med 11,5 millionar kroner til arbeidet mot skrantesjuke. 1,5 millionar kroner av dette er sett av til utgifter hjå Miljødirektoratet.

Direktorata tilrår i ein rapport til regjeringa at det blir iverksett fleire tiltak i 2021. Dette vil medføre meirutgifter både for Mattilsynet og Miljødirektoratet.

Regjeringa gjer også framlegg om å auke løyvinga med 3,5 millionar til å dekke kostnader i beitenæringa som følgje av tiltak mot skrantesjuke.

Regjeringa foreslår i tillegg å omdisponere 2 millionar kroner i Klima- og miljødepartementet sitt budsjett for å dekke behov for andre tiltak mot skrantesjuke som følgje av smitteutbrotet på Hardangervidda.  

Pelsdyr: Avvikling og omstilling

Regjeringa gjer framlegg om å auke løyvinga med 150 millionar kroner til kompensasjon etter avvikling av pelsdyrhald. Avviklingstakta har vore raskare enn det ein har rekna med, og det er berre eit fåtal pelsdyroppdrettarar som fortsatt har pelsdyr.

Regjeringa gjer også framlegg om å auke løyvinga til omstillingsordninga for pelsdyroppdrettarar med 15 millionar kroner i 2021. Det er mange som har søkt på ordninga, og ved å løyve meir pengar ønskjer regjeringa å gjere det mogleg med rask omstilling til anna verksemd.