– For første gong i historia er vi fleire pensjonistar enn barn i Noreg. Samstundes vil delen i yrkesaktiv alder falle, medan fleire sektorar manglar folk med rett kompetanse. Kompetansebudsjettet skal hjelpe oss med å bruke ressursane våre klokt, peike på kva fagområde vi må satse meir på, og bidra til at utdanningsinstitusjonane kan planlegge for eit utdanningstilbod som i større grad reflekterer samfunnets behov, seier forskings- og høgare utdanningsminister Eileen Fugelsnes (Ap).

Skal gi betre grunnlag for prioriteringar

Kompetansebudsjettet er eit styrings- og prioriteringsverktøy for å bidra til å sikre kompetansen Noreg treng, og det skal utviklast vidare dei neste fire åra. Dette kapittelet i statsbudsjettet samanstiller kunnskapsgrunnlaget om tilbod og etterspørsel etter utdanning.

Vidare peikar Kunnskapsdepartementet ut den overordna retninga som universitet, høgskular og fagskular treng å gå i framover for at vi skal handtere mangelen på kvalifisert arbeidskraft.

I det vidare arbeidet med kompetansebudsjettet vil Kunnskapsdepartementet også få innspel frå andre departement, fylkeskommunane, partane i arbeidslivet og andre.

- Vi må blir meir treffsikre i korleis vi bygger kompetanse for framtida. Det betyr at vi må bli mykje flinkare til å tenke langt fram i tid, og utviklinga i utdanningstilbodet må ta innover seg både endringar globalt, i arbeidsmarknaden og i samfunnsutviklinga, seier Fugelsnes.

Regjeringa understreker at kompetansebudsjettet skal vere eit langsiktig styringsverktøy, ikkje berre beskrive situasjonen og behova i dag. Kompetansebudsjettet dreier seg ikkje om å detaljstyre, men om å gi institusjonane tydelege føringar og eit betre og meir systematisk kunnskapsgrunnlag for planlegging og prioriteringar.

Prioriterer helse, realfag og teknologi

Prioriteringane i kompetansebudsjettet for 2027 peikar særleg på helsefag, realfag og teknologi. Det er avgjerande for å møte behova innanfor helse og omsorg, forsvar, tryggleik og beredskap, konkurransekraft og grøn omstilling.

Både kunnskapsgrunnlaget og dei politiske ambisjonane trekker i same retning. Regjeringa forventar derfor at universiteta, høgskulane, fagskulane og fylkeskommunane prioriterer utdanningstilboda sine i tråd med dette framover, jobbar aktivt med å utvikle samansetninga og kvaliteten på studietilboda sine, samarbeider meir og får fleire studentar til å fullføre studieløpa.

– Dei siste fire åra har vi gjennomført eit stort løft for helseutdanningane og for teknologiske og naturvitskaplege fag. Vi utdannar rekordmange sjukepleiarar og legar. Dei neste åra må vi halde fram med å prioritere helsefag, realfag og teknologi. Samtidig skal vi sjølvsagt sikre breidde i utdanningstilbodet og ta vare på små fag som kan ha stor samfunnsverdi, seier Fugelsnes.

I 2027-budsjettet prioriterer regjeringa viktige satsingar ved fagskulane, universiteta og høgskulane, slik at utdanningstilbodet møter behova. Regjeringa prioriterer pengar både til høgare utdanning, studieplassar i høgare utdanning og til fagområda som ein treng for å nå måla som er sett i kompetansebudsjettet.

Vil gjere kunnskapsgrunnlaget lett tilgjengeleg

For å gjere kunnskapsgrunnlaget meir tilgjengeleg, vil Kunnskapsdepartementet utvikle ei digital løysing som samlar kunnskap om framtidige kompetansebehov, utviklinga i arbeidslivet og utdanningskapasiteten. Det skal gi universitet, høgskular, fylkeskommunar og fagskular eit betre grunnlag for å planlegge studietilbod og møte behova samfunnet har framover.  

Kompetansebudsjettet bygger mellom anna på

  • befolkningsutvikling
  • arbeidsmarknadsdata
  • analysar av kompetansebehov
  • søkartal til utdanning
  • studiekapasitet
  • gjennomføring
  • kandidatproduksjon