Nytt utval skal utgreie institusjonstilbodet i barnevernet

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Barne- og familieministeren har i dag oppnemnt eit utval som skal greie ut institusjonsbarnevernet og føreslå nødvendige endringar i tilbodet.

Fleire rapportar og mediesaker dei siste åra tyder på at institusjonstilbodet i barnevernet ikkje godt nok klarer å hjelpe dei barna som treng det mest. Målet for det nye utvalet er å føreslå endringar som sikrar at barna får den omsorga og hjelpa dei treng.

– Sjølv om mange barn får god hjelp i barnevernet, er det altfor mange gongar at det sviktar. Vi må tenkje nytt omkring kva barna med størst behov for hjelp og støtte treng, og korleis tilbodet bør innrettast til det beste for desse barna. Når det offentlege tek over ansvaret for barn og ungdommar, har vi ei plikt til å gi dei eit skikkeleg tilbod som gir dei eit best mogleg liv. Derfor har eg i dag oppnemnt eit nytt utval som skal greie ut heile institusjonsbarnevernet, og sjå på kva som skal til for at samarbeidet med andre offentlege tenester blir betre, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Statsråden viser til rapportar frå blant andre Helsetilsynet, Riksrevisjonen, Barneombodet og statsforvaltarane – samt ei rekke saker i media – som gir dømer på at institusjonsbarnevernet ikkje har gitt eit godt nok tilbod til barn med store og samansette behov.

– Vi veit ganske mykje om problema i institusjonsbarnevernet, men vi veit mindre om korleis vi skal løyse dei. Utvalet skal byggje sitt arbeid på dei tidlegare rapportane og utgreiingane, og føreslå løysingar på problema dei peiker på, seier Toppe.

Tett dialog med ungdom og aktuelle aktørar med erfaring frå barnevernet

Utvalet skal ha tett dialog med eit underutval beståande av ungdom med erfaring frå barnevernet, for å sikre at barna sine perspektiv og erfaringar blir vekta tungt i utgreiinga. I tillegg skal utvalet gjennomføre møte med tilsette i institusjonsbarnevernet, offentlege, ideelle og kommersielle tilbydarar, barnevernet i utvalde kommunar og andre relevante aktørar.

Blant problemstillingane utvalet skal vurdere er tiltak som kan førebyggje utvikling av rusmiddelbruk blant barn i barnevernsinstitusjonar, og på kva måte rusproblematikk og behov for rusbehandling hos barn og unge skal varetakast. Barne- og familieministeren har òg bedt utvalet om å greie ut eit alternativ til dagens organisering, der tilbodet er inndelt i ulike målgrupper.

– Utvalet skal tenkje heilskapleg om barna sine behov og bidra til at barn i størst mogleg grad skal få eit heilskapleg tilbod nærmast mogleg eige nærmiljø, seier Toppe.

Les mandatet her.

Om utvalet

Fagdirektør Erik Stene vil leie utvalet, som etter planen startar opp arbeidet i september 2022.

Utvalet skal levere si utgreiing i to delar, med frist høvesvis mars 2023 og oktober 2023.

Utvalet har elles desse medlemmene:

  • Helga Arianson, Bergen, tidlegare fylkeslege
  • Bjørn Kristian Soknes, Trondheim, tidlegare førstestatsadvokat
  • Moses Deyegble Kuvoame, Porsgrunn, førsteamanuensis
  • Gøril Våland, Stavanger, visepolitimeister
  • Pål Christian Bergstrøm, Tromsø, regiondirektør
  • Heidi Svendsen Tessand, Oslo, psykologspesialist
  • Tyra Margrethe Ekhaugen, Aurskog Høland, samfunnsøkonom
  • Torunn Austheim, Steinkjer, tidlegare rådmann
  • Monica Brunner, Kristiansand, barnevernsleiar