Presseinvitasjon

Barnevernsinstitusjonsutvalet legg fram sin rapport

Torsdag 26. oktober mottek barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) rapporten og tilrådingane frå Barnevernsinstitusjonsutvalet.

Nett-tv Barnevernsinstitusjonsutvalet legg fram sin rapport

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Barneverninstitusjonsutvalet blei oppnemnd 22. juni 2022, og har vore leia av fagdirektør i Helsetilsynet, Erik Stene. Utvalet har hatt som oppgåve å gå gjennom institusjonstilbodet i barnevernet, og sjå på kva som skal til for at barn som i dag blir flytta til institusjon får omsorga og hjelpa dei treng.

I dette ligg òg eit oppdrag om å tenkje nytt om samhandlinga mellom barnevernet, helsetenesta og justissektoren, og kva som skal til for at dette samarbeidet skal bli betre.

Sjå utvalets nettsider for meir informasjon om mandat og medlemmar.

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) vil òg vere til stades, og vil saman med barne- og familieministeren og utvalsleiaren vere tilgjengeleg for intervju etter framlegginga.

Tid: Torsdag 26. oktober kl. 11.00 – 12.30. Registrering frå kl. 10.30. Hugs pressekort og gyldig ID.
Stad: Marmorhallen, Klima- og miljødepartementet, Kongens gate 20.

Påmelding for presse:

Påmelding med namn og telefonnummer innnan onsdag 25. oktober kl. 16.00 til førstekonsulent Tina-Victoria Strand Høgsdal: Tina-Victoria-Strand.Hogsdal@bfd.dep.no.

Pressekontaktar:

  • For barne- og familieminister Kjersti Toppe: kommunikasjonsrådgjevar Sunniva Christophersen Haugen, telefonnummer:  932 95 637, e-post: Sunniva.Haugen@bfd.dep.no
  • For helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol: kommunikasjonsrådgjevar Anne Kathrine Aambø, telefonnummer:  412 93 018, e-post: Anne-Kathrine.Aambo@hod.dep.no

Strøyming:

Arrangementet blir filma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant.

DSS distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende arrangementet direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.