Om Noregs rikes tilstand og styring i tida etter siste melding

Melding frå Kongen til Stortinget

Vi HARALD, Noregs Konge, stadfester:

I samsvar med Grunnlova gjev Kongen denne meldinga til Stortinget om Noregs tilstand og styring i tida etter siste melding.

Regeringserklæringa vart lagd fram for Stortinget i oktober i fjor og dreg opp retningslinjene for arbeidet til Regjeringa.

Ei meir rettferdig fordeling mellom rike og fattige land er eit sentralt mål for Regjeringa. Noreg gav i fjor 9 200 mill kroner i utviklingshjelp og var med ein bistand på 0,86 pst av bruttonasjonalinntekta eitt av fire land som gav meir enn det målet FN hadde sett på 0,7 pst. Regjeringa har i år auka bistanden til utdanningsformål. Om lag 50 pst av bistanden vil i år gå til Afrika.

Regjeringa presenterte i vår hovudlinjene i ein plan for norsk stønad til gjeldslette til dei fattigaste og mest gjeldstyngde utviklingslanda.

Noreg har teke aktivt del i arbeidet for å styrkje internasjonalt samarbeid for ei berekraftig utvikling. Klimaprotokollen som vart underskriven i Kyoto i desember i fjor, er ein milepæl i dette samarbeidet. Det er første gongen industrilanda tek på seg juridisk bindande forpliktingar om å redusere utsleppa av klimagassar. Ifølgje protokollen har Noreg forplikta seg til at utsleppa av klimagassar ikkje skal vere meir enn ein prosent høgare i avtaleperioden 2008–2012 enn dei var i 1990. I april i år la Regjeringa fram ei stortingsmelding om korleis Noreg skal følgje opp protokollen. Samtidig vart også proposisjonen om grøne skattar lagd fram. Gjennom drøftinga av desse dokumenta har Stortinget lagt viktige føringar for den vidare nasjonale klimapolitikken.

I samband med statsbesøket i Russland i mai i år vart det inngått ei norsk-russisk rammeavtale om atomtryggingssamarbeid. Avtala er banebrytande i samarbeidet med Russland og vil gje avgjerande bidrag til auka tryggleik i Russland og dei nordlege områda, her medrekna Noreg.

Noreg har teke aktivt del i arbeidet for å tilpasse NATO til ein ny tryggingspolitisk situasjon. Arbeidet med eit nytt strategisk konsept og ein ny kommandostruktur er ført vidare som viktige steg fram mot Washington-toppmøtet i 1999. Dei fleste medlemslanda i NATO har no ratifisert tiltredingsprotokollane for Polen, Tsjekkia og Ungarn, som etter planen vil bli formelt tekne opp i Alliansen tidleg i 1999.

Folkemengda i Noreg var ved årsskiftet 4 418 000. Folketilveksten var i fjor på 25 000, eller 2 000 fleire enn året før. Innflyttingsoverskottet frå utlandet auka, medan fødselsoverskottet var lågare enn i 1996. Det kom 59 800 levandefødte barn til verda, nokre hundre færre enn dei føregåande åra. Gjennomsnittsalderen til mora ved førstefødsel auka og var 27,0 år. Forventa levealder var på same nivå som året før, 81,0 år for kvinner og 75,5 år for menn. Dødstalet for spedbarn var stabilt lågt for tredje året på rad, omkring 4 pr 1 000 levandefødte.

Dei oppdaga petroleumsressursane på norsk sokkel var ved årsskiftet om lag 9,3 mrd standard kubikkmeter oljeekvivalentar, medan dei uoppdaga petroleumsressursane vart rekna til 3,5 mrd standard kubikkmeter oljeekvivalentar. Ressursstatus frå Oljedirektoratet viser at auken i oppdaga ressursar av olje og gass var mindre enn uttaket i 1997. Med den same petroleumsproduksjonen som i 1997 har Noreg att oppdaga ressursar til oljeproduksjon i 18 år og gassproduksjon i 85 år.

Presset i norsk økonomi og i næringa gjorde det nødvendig med ei meir restriktiv holdning til nye utbyggingsvedtak. Regjeringa har derfor utsett investeringar i alle funn som er til vurdering i 1998, med eitt år. Vidare er det innført produksjonsregulerande tiltak for oljeproduksjonen på norsk sokkel med eit kutt på om lag 100 000 fat pr dag.

Inntektene i kommunesektoren har auka dei siste åra. I år reknar ein med ein reell auke i inntektene til kommunesektoren på 3/4 pst etter ein auke i 1997 på 4 1/4 pst. I åra 1995 til 1997 var nettogjelda til kommunane på mellom 23 og 24 pst. I år blir nettogjelda rekna til om lag 25 pst.

Regjeringa la i vår fram ei stortingsmelding om finansiering av kommunesektoren. Meldinga byggjer på den andre delutgreiinga frå Inntektssystemutvalet. I meldinga er det gjort framlegg om endringar i det samla finansieringssystemet for kommunesektoren. Hovudmålsetjinga med endringane er større lokal forankring og betre og jamnare fordeling av inntektene.

Sysselsetjinga er no rekordhøg. Dei yrkesaktive utgjer 73,7 pst av befolkninga, 78,5 pst for menn og 68,8 pst for kvinner. I første halvår i år har den registrerte arbeidsløysa gått ned til om lag 55 000 personar, eller 2,4 pst av arbeidsstyrken. Problema med å rekruttere arbeidskraft ser ut til å ha forsterka seg ytterlegare det siste året.

Regjeringa la i vår fram ei stortingsmelding om næringspolitikken inn i det 21. hundreåret. Meldinga presenterer ein heilskapleg næringspolitisk strategi med vekt på å gjere det lettare å setje i gang og drive verksemder i Noreg.

Den nye flyplassen på Gardermoen opnar som planlagt for ordinær drift den 8. oktober i år. Bortsett frå Romeriksporten er også Gardermobanen ferdigstilt og vil bli teken i bruk ved opninga av flyplassen. På grunn av vasslekkasjane i delar av tunnelen kan ikkje Romeriksporten bli teken i bruk den tida ein hadde føresett. I staden blir beredskapsplanen for tilbringartransporten til flyplassen sett i verk.

Konfliktane i samband med lønnsoppgjeret i år er løyst gjennom meklingsinstitusjonane eller ved tvungen lønnsnemnd, som særleg er brukt i offentleg sektor.

Staten, Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag vart samde om ny jordbruksavtale. Avtala inneber auka prisar og tilskott over statsbudsjettet, betringar i velferdsordningane, og det er gjort framlegg om ei tidlegpensjonsordning for bønder. Samla gjer avtala det mogleg å heve inntektene i jordbruket frå 1997 til 1998 med nesten 12 000 kroner pr årsverk.

Regjeringa la i juni i år fram stortingsmeldinga om perspektiv på utviklinga av norsk fiskerinæring. Meldinga framhevar marknadsorientering, produktutvikling, samarbeid, fornying av flåten og forsking som sentrale faktorar for den vidare utviklinga av fiskerinæringa.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om innsynssprinsippet i forvaltninga. Meldinga legg opp til at innsynsretten i saksdokument i forvaltninga skal utvidast.

Regjeringa har mjuka opp asylkriteria. Dette inneber at fleire av dei som etter tidlegare praksis fekk innvilga opphaldsløyve på humanitært grunnlag, no får asyl. Minst halvparten av dei som fekk innvilga asyl første halvår i år, har fått det som følgje av dei nye kriteria. I fjor fekk til saman 87 søkjarar innvilga asyl på individuelt grunnlag, medan det i første halvår i år er gjeve asyl til 63 søkjarar.

Ordninga med kontantstøtte til småbarnsforeldre er sett i verk for eittåringar frå 1. august i år.

Grunnbeløpet i folketrygda er auka med 2 870 kroner frå mai i år. Samtidig er satsane for særtillegg heva slik at minstepensjonen aukar med 12 000 kroner pr år.

Stortinget har drøfta framlegget frå Regjeringa til Nasjonal kreftplan og ein nasjonal utstyrsplan for sjukehus. Planane inneheld framlegg om ei monaleg styrking av strålebehandlingskapasiteten og auka satsing både på førebygging og behandling.

Stortinget har etter framlegg frå Regjeringa vedteke ein opptrappingsplan for psykisk helse for perioden 1999–2006. Planen inneheld framlegg om styrking av kommunale og fylkeskommunale tenester, brukarretta tiltak, førebygging og stimulering av utdanning og forsking.

Det første skoleåret i den tiårige grunnskolen er gjennomført, med skolegang for meir enn 60 000 seksåringar, nytt læreplanverk og nye lærebøker. Noregs forskingsråd har fått i oppdrag å evaluere gjennomføringa av reforma.

Stortinget har drøfta framlegget frå Regjeringa om markering av tusenårsskiftet, og Regjeringa har oppretta arrangørselskapet Tusenårsskiftet – Norge 2000 AS.

Verdikommisjonen er oppnemnd. Kommisjonen skal vere med å skape ei brei verdimessig samfunnsetisk mobilisering for å styrkje positive fellesskapsverdiar i samfunnet.

**********

Samarbeidet mellom NATO og Russland har utvikla seg svært positivt etter at samarbeidsdokumenta vart underskrivne i fjor vår. Det er sett i gang konkret og målretta samarbeid på ei rekkje område, som også vil ha relevans for utfordringar vi står overfor i nordområda.

NATO har ei nøkkelrolle i den tryggingspolitiske arkitekturen i det nye Europa, også ved at ein utfører fredsoperasjonar utanfor territoria til NATO-landa. Norsk deltaking i internasjonale fredsoperasjonar er også i år konsentrert om den NATO-leidde fredsstyrken i Bosnia-Hercegovina, SFOR, og FN-operasjonen i Sør-Libanon, UNIFIL. Den norske bataljonen i FN-styrken i UNIFIL vil på grunn av rekrutteringssituasjonen blir trekt tilbake mot slutten av året. Noregs deltaking i internasjonale fredsoperasjonar vil etter dette i hovudsaka vere konsentrert om det tidlegare Jugoslavia.

Støtta til dei baltiske landa i deira arbeid med å komme sterkare med i det europeiske og euroatlantiske samarbeidet er styrkt.

I utviklinga av samarbeidet med Russland om atomtryggleik har ein konsentrert seg om konkrete oppryddingsprosjekt. Noreg ratifiserte i januar i år, som det første landet, Konvensjonen om tryggleik ved handsaming av brukt kjernebrensel og radioaktivt avfall. Rednings- og katastrofesamarbeidet mellom Noreg og Russland er styrkt, og det vart i samband med statsbesøket inngått ei norsk-russisk avtale om politisamarbeid og ei om vitskapleg og teknologisk samarbeid.

Som ledd i ein aktiv nærområdepolitikk har Noreg i år på ny formannskapen i Barentsrådet. Satsingsområda er knytt til prosjekt innanfor helse, utdanning og forsking, næringsliv og demokratibygging.

Presse-, kultur- og informasjonsarbeidet om Noreg i utlandet har vore høgt prioritert. Det har vore gjennomført fleire store kulturpresentasjonar i viktige samarbeidsland, og ein har i denne samanhengen fokusert sterkare på mellom anna Russland og dei baltiske landa. Noreg deltok på verdsutstillinga EXPO 98 i Lisboa.

Norske næringslivsinteresser i utlandet er fremja ved statsbesøk i Kina, Sør-Afrika, Russland og dei baltiske landa, ved utanlandsbesøk av regjeringsmedlemmene og eksportfremjande arbeid.

Regjeringa har halde fram med arbeidet med å gjennomføre og vidareutvikle den europeiske økonomiske samarbeidsavtala (EØS). EU har på si side sett i gang arbeidet med ei framtidig utviding som gjeld statar i Sentral- og Aust-Europa. Denne utvidinga vil få mykje å seie også for Noreg, sidan dei nye medlemsstatane også vil gå inn i EØS-samarbeidet.

Regjeringa har gjeve til kjenne overfor EU at ho er reie til å gå i gang med forhandlingar om ei avtale om norsk tilknyting til Schengen-samarbeidet når det blir overført til EU. Det er oppnemnt ei referansegruppe for å sikre samanhengande og brei vurdering av konstitusjonelle spørsmål som kjem opp under drøftingane med EU.

Lov om merking av forbruksvarer m m er endra slik at EU-ordninga for frivillig miljømerking av produkt også gjeld som norsk rett.

Den norske deltakinga i rammeprogrammet for forsking i EU er evaluert. Noreg hevdar seg godt i samarbeidet, og det er brei deltaking. Samarbeidet gjev stor nettverks- og kompetansegevinst for forskingsmiljø og næringsliv og verkar kvalitetsfremjande på norsk forsking.

Noreg var mellom dei 122 landa som i desember i fjor skreiv under konvensjonen om forbod mot og øydelegging av antipersonellminer. Noreg ratifiserte konvensjonen i juni. Noreg har ytt monalege bidrag til det internasjonale arbeidet med minerydding og rehabilitering av mineoffer.

Regjeringa legg vekt på arbeidet med å hindre spreiing av handvåpen. Ein inviterte til ein første konferanse i Oslo i juli der 21 land deltok. Konferansen førte til at deltakarane kom fram til ei første felles forståing av korleis dette arbeidet skal førast vidare.

Sidan årsskiftet har vi som påtroppande formannskap teke del i leiartroikaen i OSSE – Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa.

Regjeringa har engasjert seg aktivt for å auke respekten for menneskerettane. Noreg er valt inn som medlem av menneskerettskommisjonen i FN for ein treårsperiode frå 1999. Det er oppretta eit eige menneskerettsutval.

Noreg var mellom dei 120 landa som i juli i år vedtok domstolsvedtektene i samband med opprettinga av ein permanent internasjonal straffedomstol der enkeltindivid skal kunne stillast til ansvar for alvorlege brott på folkeretten.

Den humanitære hjelpa til offer for konfliktar og naturkatastrofar har vore halden oppe på eit høgt nivå, i overkant av 1 500 mill kr for 1997. Dei viktigaste innsatsområda har vore Sentral-Afrika, det tidlegare Jugoslavia, Midtausten, Nord-Korea, Afghanistan og Sudan.

Noreg var i oktober i fjor vertskap for ein større internasjonal konferanse om barnearbeid, og hjelpeinnsatsen frå norsk side for å få slutt på dette er styrkt.

På ministerkonferansen i Verdshandelsorganisasjonen (WTO) i mai i år, vart det vedteke å setje i gang førebuingar til nye drøftingar. Regjeringa har sett i gang norske førebuingar til drøftingsprosessen.

Innanfor WTO vart det i fjor ferdigforhandla avtaler om handel med finansielle tenester og grunnleggjande teletenester. Avtalene er med og styrkjer det fleirsidige handelsregelverket.

Noreg har teke del i dei forhandlingane som går for seg om ei avtale om fleirsidige investeringar innanfor Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD). I desember 1997 vart korrupsjonskonvensjonen, som vart forhandla fram innanfor OECD, underskriven.

Noreg har i internasjonale organisasjonar og forvaltningsregime arbeidd aktivt for ei berekraftig utnytting og forvaltning av ressursane i havet. Noreg var i juni i år vertskap for det 22. møtet under Antarktistraktaten.

Noreg skreiv under ECE-konvensjonen (FNs økonomiske kommisjon for Europa) om tilgang til miljøinformasjon, allmenn deltaking i vedtaksprosessane og tilgang til rettsmiddel i saker som gjeld miljøet, på eit ministermøte i Århus i juni. Regjeringa har sett ned eit eige lovutval som skal klarleggje gjeldande nasjonal og internasjonal rett på området og vurdere behovet for og komme med framlegg til nye reglar.

Som ein del av det reformarbeidet som går for seg i FN, vart miljøvernministeren i mars i år utnemnd av generalsekretæren i FN til å sitje i ei gruppe som skal vurdere organiseringa av det arbeidet FN gjer med miljø- og busetjingsspørsmål. Framlegget frå gruppa vil bli følgd opp under generalforsamlinga i FN i haust.

På eit ministermøte i Portugal i juli i år vart det vedteke nye tiltak for å verne miljøet i det nordaustlege Atlanterhavet (OSPAR-konvensjonen). Mellom anna vart det vedteke eit nytt og bindande regelverk for disponering av utrangerte offshore-installasjonar, ambisiøse strategiar for å redusere utsleppa av radioaktive stoff og miljøgifter til det maritime miljøet og eit nytt vedlegg til OSPAR-konvensjonen om vern og bevaring av økosystem og biomangfald.

Regjeringa har lagt fram ei ny langtidsmelding for Forsvaret for perioden 1999 – 2002. Det blir lagt vekt på at omstillinga i Forsvaret skal halde fram.

Talet på gjestedøgn ved hotell og andre overnattingsverksemder auka i fjor med 3 pst. Av det stod utanlandske gjester for ein tredel. I dei fem første månadene i år har utanlandske gjestedøgn gått ned med 3 pst. Dei totale reisevalutainntektene var i fjor om lag 15,8 mrd kroner, og det er omtrent 5 pst høgare enn året før.

Import og eksport av tradisjonelle varer auka kvar for seg med 16,2 og 10,0 pst i første halvår i år samanlikna med den same perioden i fjor. Handelsbalansen med utlandet for Fastlands-Noreg viste dermed eit underskott på om lag 41 mrd kroner i første halvår i år, mot 31 mrd kroner i fjor.

Eksporten av fisk og fiskeprodukt er i stadig vekst. I 1997 vart det eksportert fisk for 24,6 mrd kroner. Det tilsvarer eit kvantum på noko over 2 mill tonn. Det er ein auke på 9,5 pst samanlikna med kvantumet i 1996.

I første halvår i år var det eit overskott på driftsrekneskapen overfor utlandet på om lag 8 mrd kroner. Det er nesten 25 mrd kroner mindre enn i den same perioden i fjor. Reduksjonen i overskottet skuldast for ein stor del redusert eksport av olje og gass. I tillegg har det vore ein kraftig auke i importen hittil i år. Overskottet på vare- og tenestebalansen var i første halvår i år 14,6 mrd kroner. Til samanlikning var overskottet i same perioden i fjor 43,2 mrd kroner.

Rente- og stønadsbalansen viste eit underskott på 6,7 mrd kroner i første halvår i år, mot 10,5 mrd kroner i underskott i den tilsvarande perioden i fjor. Noregs nettofordringar overfor utlandet auka i første halvår med om lag 7 mrd kroner til om lag 85,5 mrd kroner.

Kronekursen har sidan årsskiftet gått markert ned. Nedgangen var spesielt sterk i slutten av august. Kronekursen var då om lag 10 pst lågare enn ved årsskiftet. Valutakursen var i midten av september om lag 8 pst lågare enn gjennomsnittet for i fjor. Svekkinga av krona må ein sjå i samanheng med det store fallet i oljeprisen det siste året. Som følgje av den svakare krona har Noregs Bank sidan mars i år sett opp dei administrerte rentene sju gonger med til saman 4,5 prosentpoeng. Det norske rentenivået har auka tilsvarande, og pengemarknadsrentene var i midten av september om lag 8,2 pst . Rentedifferansen mot tilsvarande ecu-rente har auka frå –0,8 prosentpoeng ved årsskiftet til 3,8 prosentpoeng i midten av september, medan rentedifferansen mot tyske renter har auka frå 0,2 prosentpoeng ved årsskiftet til 4,6 prosentpoeng i midten av september.

I fjor kjøpte Noregs Bank utanlandsk valuta for 66,4 mrd kroner, og av det vart 62,2 mrd kroner overførte til petroleumsfondet. Fram til utgangen av august i år har Noregs Bank kjøpt valuta for om lag 17,5 mrd kroner.

Konsumprisindeksen auka med 2,1 pst frå august 1997 til august 1998. Den gjennomsnittlege veksten i konsumprisindeksen dei åtte første månadene i år var 2,2 pst i høve til tilsvarande periode i fjor.

Nærare 32 000 personar flytta til og 21 300 flytta frå Noreg i 1997. Innflyttingsoverskottet var dermed 10 700, nesten 5 000 høgare enn året før. Det innanlandske flyttemønsteret har i hovudsak vore det same i 1997 som dei føregåande åra.

Ved årsskiftet budde det 158 000 utanlandske statsborgarar i landet. Dei utgjer 3,5 pst av befolkninga. I alt 12000 personar fekk norsk statsborgarskap i 1997, og det er om lag like mange som dei to åra før.

Produksjonen av olje, gass og NGL på den norske kontinentalsokkelen i 1997 var 192,5 mill tonn oljeekvivalentar, mot 187,2 mill tonn i 1996. Produksjonen av råolje medrekna NGL og kondensat viste ein oppgang på 1 pst, og produksjonen av naturgass viste ein oppgang på 12 pst. Dei seks første månadene av 1998 var produksjonen 73,0 mill tonn oljeekvivalentar, ein nedgang på 1,5 pst frå den same perioden i fjor.

Verdien av olje- og gasseksporten auka i fjor med 4,5 pst, først og fremst på grunn av ein stor vekst i eksporten av naturgass og i eksportprisen for naturgass. I dei seks første månadene i år vart verdien av olje- og gasseksporten redusert med heile 19,9 pst frå det same tidsrommet i 1997. Hovudgrunnen er eit kraftig prisfall på råolje. Første halvår i år var eksportprisen på råolje 101 kroner pr fat i gjennomsnitt. Det er 22,6 pst lågare enn i dei seks første månadene i fjor då gjennomsnittsprisen var 131 kroner pr fat.

Investeringskostnadene i oljeutvinning og rørtransport var i fjor 62,5 mrd kroner. Det er 30,5 pst høgare enn året før og det høgaste nivået som nokon gong er registrert. Auken skuldast i hovudsaka ein auke i investeringsnivået for felt- og rørutbyggingar og i leiteverksemda.

Produksjonen av elektrisk kraft var i fjor 112 TWh, som er 6,8 pst høgare enn året før og 9,1 pst lågare enn i 1995. Frå 1996 til 1997 auka det samla innanlandske forbruket med 1,8 pst til 116 TWh. Importoverskottet var 4 TWh i 1997, mot 9 TWh året før. Over 70 pst av kraftimporten i fjor fann stad i perioden januar–mai. Det har samanheng med den låge fyllingsgraden i vassmagasina. Fyllingsgraden i vassmagasina har igjen gått opp, og var i midten av april i år 9,3 prosentpoeng høgare enn gjennomsnittet for åra 1982 til 1991.

I november 1997 vart det gjeve konsesjon til bygging og drift av ein vindmøllepark i Lindesnes kommune i Vest-Agder fylke. I april 1998 vart det gjeve konsesjon til bygging og drift av eit vindkraftanlegg i Nærøy kommune i Nord-Trøndelag.

Regjeringa la i mai 1998 fram ei stortingsmelding om eigarskap i næringslivet. Meldinga presenterer den strategien Regjeringa har for eit balansert eigarskap i næringslivet, der ein legg vekt på å leggje forholda betre til rette for aktive private eigarar.

Eit oppgåveregister vart opna i november i fjor for å gje ei oversikt over og samordne alle statlege oppgåveplikter som blir pålagde næringslivet.

Regjeringa sette i mai i år ned eit utval som skal gjennomgå reglane for arveavgift. Utvalet skal leggje fram innstillinga si innan 1. desember 1999.

Konkurransestyresmaktene hadde i 1997 i alt 120 kontrollar for å sjå til at konkurranselova blir etterlevd, og dei behandla 79 saker i samband med avtaler eller tiltak med konkurranseskadeleg åtferd. Det vart behandla 129 søknader om dispensasjon frå forboda i konkurranselova, og 101 av dei vart innvilga. Mange av dispensasjonane vart gjevne fordi dei ville føre til skjerpa konkurranse. Det var 1 035 saker som galdt overtaking av bedrifter. I alt vart det utført 2 970 kontrollar av om prismerkingsføresegnene blir følgde, og i 1 581 tilfelle var det nødvendig med innskjerpingar på grunn av brott på føresegnene. Konkurransestyresmaktene gjennomførte i alt 19 prisundersøkingar dette året.

Regjeringa la fram den næringsretta IT-planen sin i mars i år. Målet er å gjere avansert bruk av IT til ein av dei største konkurransefordelane i norske bedrifter og å stimulere til nyskaping og vekst i IT-næringa, mellom anna gjennom auka satsing på IT-utdanninga. Stortingsmeldinga om IT-kompetanse i eit regionalt perspektiv vart lagd fram i mai i år. Meldinga gjer greie for politikken til Regjeringa for eit samla kompetanseløft innanfor IT for å skape grobotn for ei framtidsretta næringsutvikling i heile landet. Det er oppretta eit forum for elektronisk handel med aktørar frå næringslivet som rådgjevande organ.

Dataproblem i samband med år 2000 kan få omfattande økonomiske og samfunnsmessige følgjer. Regjeringa la derfor i april i år fram ein oppfølgingsplan for å handtere problemet og har sett i gang prosjektet Aksjon 2000, som starta si verksemd 1. juni.

Norsk skipsfart er inne i ei positiv utvikling. Talet på norskregistrerte skip over 100 bruttotonn auka med 3 pst i 1997. Det har vore ein auke i talet på norske sjøfolk som er tilsette på skip registrerte i Norsk Internasjonalt Skipsregister, frå 1996 til 1997 på 8,5 pst. Auken i talet på sjøfolk som er tilsette på skip registrerte i Norsk Ordinært Skipsregister, er på 5,5 pst frå 1996 til 1997.

Sjøtransporten utgjorde 52 pst av den samla innanlandske godstransporten målt i tonnkilometer i 1997.

I fjor utgjorde innanlands persontransport 59,2 mrd personkilometer, som er ein auke på 3,6 pst frå 1996. Personbilen stod for om lag 88 pst av persontransporten. Den samla godstransporten var i fjor 41,6 mrd tonnkilometer, og av dette gjekk 28 pst på veg. Auken frå 1996 var på 9,6 pst. Innanlands vegtrafikkarbeid var i fjor 32,2 mrd kjøretøykilometer, som utgjer ein auke på 3,6 pst frå 1996. Investeringar i riksveganlegg var på 5 610 mill kroner. Landet fekk 208 km nye riksvegar.

Salet av nye og bruktimporterte bilar auka i fjor med 5 pst. Ved utgangen av 1997 var det registrert 2,17 mill bilar i Noreg, ein auke på 5,6 pst frå året før.

Ved utgangen av 1997 var 85 822 personar som bur langs riksvegnettet, svært plaga av vegtrafikkstøy. Det var ein nedgang på 471 personar samanlikna med året før. Det var i alt 3 943 personar som var svært plaga av luftforureining ved utgangen av 1997, ein nedgang på 531 samanlikna med året før.

I 1997 vart 12 126 personar skadde eller drepne i vegtrafikken, og av desse vart 303 personar drepne. Det er 48 fleire drepne enn i 1996. I alt omkom 14 personar i luftfartsulykker. Det var tre dødsfall som følgje av jernbaneulykker.

Flytrafikken, målt i talet på passasjerar innanriks og utanriks, viste i 1997 ein auke på 6,4 pst frå 1996. I dei fem første månadene i år har veksten i talet på passasjerar vore 6,8 pst samanlikna med den same perioden i fjor.

Widerøes flyveselskap ASA starta i april 1997 flygingar på det regionale kortbanenettet etter ein anbodskonkurranse der fem andre selskap deltok.

Overskottet i Luftfartsverket var i fjor 1 011 mill kroner, som er ein auke på 9,8 pst frå 1996. Det vart gjort investeringar på i alt 683 mill kroner i flyplassnettet utanom hovudflyplassen på Gardermoen og etterbruk av Fornebu.

Innanlands persontrafikk med tog, målt i personkilometer, auka i fjor med 4,7 pst. Veksten var sterkast for nærtrafikken i storbyområda. Godstrafikken, målt i tonnkilometer, auka med 4 pst.

Det er for 1998 løyvd 240 mill kroner til utbetringstiltak på kjørevegen for å leggje til rette for bruk av krengjetog på dei tre hovudstrekningane i Sør-Noreg.

Posten Noreg BA fekk i oktober i fjor konsesjon for fire år. Det inneber at Posten innanfor gjevne grenser har einerett til å formidle lukka adressert brevpost mot vederlag. Som motyting pliktar Posten å sørgje for ei effektiv formidling av landsdekkjande postsendingar (basistenester) i Noreg til rimelege prisar og god kvalitet. Posten hadde i fjor ei samla omsetning på 11 240 mill kroner. Resultatet før skatt var eit underskott på 68 mill kroner.

Dei siste einerettane på telesektoren er avskaffa. Det er dermed innført full konkurranse på teleområdet.

Prisane til Telenor på teletenester vart i fjor reduserte med 5,4 pst for telefoni og med 23,4 pst for leigde samband. Samtrafikkprisane er sette ned med 30 pst frå 1. juli 1998. Telenettet er no fulldigitalisert. Telenor auka den samla omsetninga i fjor med 15,1 pst. Resultatet før skatt var 1 915 mill kroner. Den bokførte eigenkapitalen i selskapet var ved utgangen av 1997 om lag 15 000 mill kroner. I juli i år låg det føre to oppdaterte uavhengige verdivurderingar av Telenor. Den totale marknadsverdien av eigenkapitalen vart rekna til mellom 40 000 og 50 000 mill kroner. Dei nye verdioverslaga representerer ei verdistigning på 67 pst i forhold til verdivurderinga i fjor.

Telenor AS, NetCom GSM as og Telia AB har fått konsesjonar for mobiltelefonsystemet DCS 1800.

Arbeidet med ei stortingsmelding om landbrukspolitikken er sett i gang. Stortingsmeldinga frå Regjeringa om matkvalitet og forbrukartryggleik er følgd aktivt opp.

I fjor vart det eksportert treprodukt for 14 mrd kroner, medan brutto produksjonsverdi frå skogbruket og treforedlingsindustrien var på vel 39 mrd kroner. Tømmeravverkinga var i fjor om lag 8 mill kubikkmeter, noko som er 25 pst lågare enn først i 1990-åra. Samtidig har dei langsiktige investeringane i skogbruket gått monaleg ned. Råstofforsyninga til den skogbaserte industrien er halden oppe med auka tømmerimport.

Bortsett frå eitt registert tilfelle av den alvorlege fiskesjukdommen VHS det siste året, har vi vore fri for dei alvorlegaste dyresjukdommane. Det har vore nokre einskilde tilfelle av skrapesjuke, og sjukdommen er for første gong påvist på Austlandet. Det har vore ein auke i talet på tilfelle av infeksiøs lakseanemi, men sjukdommen er til no ikkje påvist på Sør- og Austlandet. Bruken av antibiotika i oppdrettsnæringa er den lågaste på nærare 20 år, og han er også vorten redusert i husdyrnæringa det siste året. For å halde oppe den gode dyrehelsa i Noreg er det sett i gang ei rekkje overvakingsprogram.

Handlingsplanen for redusert bruk av plantevernmiddel er vorten evaluert. Samanlikningar med andre land tyder på at Noreg har vore heilt på høgde og på enkelte område i framkant når det gjeld å etablere verkemiddel og tiltak på området. Resultat frå overvaking av plantevernmiddelrestar i mat og i miljøet viser likevel at det er behov for ytterlegare reduksjon. Evalueringa er lagd til grunn for utarbeiding av ein ny handlingsplan for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel.

Norsk fiskerinæring har jamt over hatt betre tider enn tidlegare og industrien opplever gode prisar på verdsmarknaden. Ressurssituasjonen for dei viktigaste fiskebestandane nord for 62 grader nord, torsk, hyse og norsk vårgytande sild, er framleis god. For torsk er bestanden noko svekt. Bestandsoverslaga er også meir usikre enn tidlegare. Blåkveitebestanden og loddebestanden er rekna for å vere utanfor sikre biologiske rammer. Blåkveitefisket er strengt regulert, og det er forbod mot loddefiske i Barentshavet. Rekebestanden er rekna for å vere innanfor sikre biologiske rammer. Makrellbestanden er framleis på eit relativt lågt nivå. Gytebestanden av nordsjøsild er i underkant av sikre biologiske rammer. Som ei følgje av redusert fiskepress i 1996 og 1997 har bestandssituasjonen betra seg, og kvoten for 1998 er noko høgare enn i 1997. Noreg og EU er einige om ein fleirårig forvaltningsstrategi, som ein ventar skal føre til ei positiv bestandsutvikling.

I forhandlingar mellom staten og Norges Fiskarlag hausten 1997 om stønadsmidlar til fiskerinæringa, vart dei to avtalepartane samde om ei økonomisk ramme på 115 mill kroner for 1998.

I 1998 er dei to ytre etatane i Fiskeridirektoratet, Rettleiingstenesta i fiskerinæringa og Fiskeridirektoratets Kontrollverk, vortne slegne saman til éin etat.

Det er sett ned eit utval som innan 1. mai 1999 skal leggje fram ei vurdering av det framtidige hamnesamarbeidet og hamnestrukturen i Oslofjordregionen.

I lønnsoppgjera i år var det hovudrevisjon av avtalene i dei fleste tariffområda. I LO/NHO-området vart oppgjera gjennomførte ved forbundsvise forhandlingar, medan oppgjera i privat sektor på tradisjonell måte har vorte gjennomførte bransjevis. I dei fleste oppgjera i privat sektor vart partane samde om nye avtaler gjennom forhandlingar og mekling. For rutebil- og langtransportsjåførane vart det streik før meklinga vart teken opp att og partane vart samde om ny avtale. Også innanfor andre mindre tariffområde har det vore kortvarige streikar. I offentleg sektor der oppgjera blir gjennomførte sentralt, vart framlegget frå riksmeklingsmannen tilrådd av partane med unntak av Akademikernes Fellesorganisasjon, som tok ut grupper i streik både i stat og kommunesektoren. I kommunesektoren vart framlegget til avtale også forkasta av Norsk Helse- og Sosialforbund og Maskinistforbundet, som tok ut medlemmer i streik.

Regjeringa har nemnt opp ei forskargruppe som skal greie ut om makt og demokrati i Noreg. Hovudtemaet for utgreiinga er vilkåra for det norske folkestyret og endringar i dei. Til hjelp for forskargruppa er det oppnemnt eit breitt samansett råd.

Regjeringa har utvikla ein heilskapleg strategiplan for korleis politiet kan førebyggje kriminalitet med utgangspunkt i forskingsbasert kunnskap. Regjeringa fremja i april ei stortingsmelding om kriminalomsorga. I meldinga blir det lagt opp til viktige justeringar i dagens kriminalomsorgspolitikk. Det er sett i verk eit prosjekt med rådgjevingskontor for kriminalitetsoffer. Det er komme lovframlegg om kjeldevern og offentleg innsyn i rettsstellet.

Regjeringa har lagt fram ein tiltaksplan mot vald på offentleg stad i Oslo og andre større byar.

Regjeringa har gjort framlegg om at Noreg som nasjon tek eit historisk og moralsk oppgjer med behandlinga i Noreg av den økonomiske likvidasjonen av den jødiske minoriteten under den andre verdskrigen.

Regjeringa har gjort framlegg om å endre militærnektarlova når det gjeld behandling av søknader om fritak for militærteneste. Det er foreslått at ordninga med politiavhøyr skal avskaffast til fordel for ei ordning med eigenerklæring.

Det er sett ned eit offentleg utval som skal greie ut om oppretting av eit statleg fond eller anna finansieringsordning for søk etter omkomne på havet, i innsjøar og vassdrag.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om ny langtidsplan for den sivile beredskapen.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om etableringssituasjonen for unge og vanskelegstilte på bustadmarknaden.

I vår gjorde Regjeringa framlegg om endringar i burettslagslova og ny lov om husleigeavtaler. Den nye lova skal avløyse den gjeldande husleigelova og husleigereguleringslova.

I 1998 har talet på asylsøkjarar som kjem til landet, auka. Medan det i perioden 1995 til 1997 samla kom om lag 5 500 asylsøkjarar til landet, kom det 5 750 dei første åtte månadene i år. På få månader har derfor talet på asylmottak vorte nær tredobla. Regjeringa la i vår fram Handlingsplan mot rasisme og diskriminering for perioden frå 1998 til 2001. Planen inneheld tiltak retta mot politiet og rettsapparatet og mot diskriminering på bustadmarknaden, tiltak for å styrkje den fleirkulturelle forståinga i nøkkelsektorar gjennom opplæring og kompetanseheving av offentleg tilsette og tiltak som rettar seg mot barn og unge i skolen og lokalmiljøet. For å stimulere til auka rekruttering av kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn la Regjeringa i vår fram Handlingsplan for rekruttering av personar med innvandrarbakgrunn. I samsvar med stortingsvedtaket har Regjeringa ved kongelig resolusjon oppretta Senter mot etnisk diskriminering. Senteret blir sett i drift frå årsskiftet.

Det vart i mars i år halde ei utgreiing om lokaldemokratiet for Stortinget. I Kommuneøkonomiproposisjonen for 1999 har Regjeringa gjeve ei samla utgreiing for korleis vedtaka frå debatten vil bli følgde opp.

Det er nemnt opp eit offentleg utval som skal gjennomgå vallova og valordninga i Noreg. Utvalet skal leggje fram innstilling før utgangen av år 2000.

Det er nemnt opp eit offentleg utval som skal greie ut ansvars-, oppgåve- og funksjonsfordelinga mellom forvaltningsnivåa. Utvalet skal leggje fram innstilling innan utgangen av juni 2000.

Regjeringa kom i vår med framlegg til lovføresegner om kommunale føretak og interkommunale selskap.

Regeringa har lagt fram den årlege utgreiinga om distrikts- og regionalpolitikken. Ein opplever framleis ei sterk sentralisering i landet. Regjeringa legg opp til ein sterkare distriktspolitisk innsats med ungdom, kvinner og folk som kan tenkje seg å flytte tilbake, som viktige målgrupper. Kommunal- og regionaldepartementet er tillagt samordningsansvaret for den breie distrikts- og regionalpolitikken og ulike tiltak blir no sette i verk for effektivt å følgje opp dette ansvaret.

Regjeringa fremja i februar i år ei tilleggsmelding om norsk samepolitikk. Som ledd i arbeidet med å oppgradere samepolitikken og å sikre ein overordna og heilskapleg samepolitikk, har Regjeringa oppnemnt ein statssekretær i Kommunal- og regionaldepartementet med ansvar for samepolitiske spørsmål.

Noreg arrangerte i juni i år eit ekspertmøte om forvaltninga av ressursane i havet. Møtet gav klare tilrådingar om retning og innhald i det vidare arbeidet med ei økosystembasert forvaltning av det marine økosystemet.

Arbeidet med ei stortingsmelding om vern i kystsona er sett i gang.

Det er fastsett ei forskrift om avfall frå elektriske og elektroniske produkt. Forskrifta, som skal gjelde frå 1. juli neste år, vil saman med ei avtale med næringslivet sikre innsamling og forsvarleg handsaming av dette avfallet.

Arbeidet med å gjennomføre Lokal Agenda 21 – folkeleg mobilisering for ein berekraftig praksis – er i gang i meir enn 150 kommunar og i dei fleste fylka. Det er oppretta ei sentral koordineringseining for dette arbeidet i Miljøverndepartementet.

Eit framlegg om mellombels etableringsstopp for kjøpesenter utanfor sentrale delar av byar og tettstader har vore på høyring. Regjeringa har invitert dei største byane til eit samarbeid om berekraftig byutvikling. Samarbeidet skal ta utgangspunkt i konkrete problemstillingar og utfordringar i byane, mellom anna miljøvennleg transport, sentrumsutvikling og bukvalitetar. Miljøverndepartementet og Sosial- og helsedepartementet har sett i gang eit 4-årig utviklingsprogram som skal integrere omsynet til dei funksjonshemma i all planlegging i fylke og kommunar.

Den øvre aldersgrensa for å halde fram med frivillige tiltak for tidlegare barnevernklientar over 18 år er heva frå 20 til 23 år.

Ei ny lov om familievernkontor sikrar at dette tenestetilbodet finst i alle fylke. Fylkeskommunane har fått forvaltningsansvaret for kontora, og fylkesmannen har fått tilsynsansvar.

Regjeringa har styrkt arbeidet med å sikre barn og ungdom auka deltaking og innverknad i samfunnet. Medverknad i lokale plan- og avgjerdssprosessar, styrking av elevdemokratiet og støtte til innsats frå ungdommen sjølv for å skape eit betre ungdomsmiljø har stått sentralt.

Den andre rapporten frå Noreg om oppfølging av FNs barnekonvensjon vart oversendt FN-delegasjonen i Genève 30. juni iår.

Barnehageutbygginga held fram. Ved årsskiftet 1997/98 hadde 60 pst av alle barn i alderen 1–5 år plass i barnehage, mot 55 pst året før. Tilskottsordninga er endra for å gjere tilbodet til familiane meir fleksibelt og brukarvennleg. Arbeidet med ei stortingsmelding om barnehagar er i gang.

Overgangsstønaden for einslege mødrer og fedrar er auka monaleg, samstundes som det blir stilt strengare krav om yrkesretta aktivitet for rett til overgangsstønad. Også satsane for stønad til barnetilsyn er heva. Regjeringa har gjort framlegg om betringar i fødselspengeordninga, m a slik at lønna studiepermisjon skal gje oppteningsrett til fødselspengar. Det er sett i verk ei ordning med automatisk tildeling av barnetrygd til nyfødte.

Ekteskapslova er endra med sikte på å betre den økonomiske situasjonen for eldre skilde kvinner.

Det er gjeve ei forskift om særbehandling av menn i samband med undervisning og omsorg for barn.

Ny lov om opningstider for utsalsstader er vedteken. Lova sikrar like opningstider i heile landet og arbeidstakarane eit betre vern mot ulaglege arbeidstider.

Frå i mars i år vart pensjonsalderen gjennom avtalefesta pensjon (AFP) sett ned frå 63 til 62 år.

Ei oppsummering av handlingsplanane for eldreomsorga i kommunane viser at dei no satsar på å byggje ut pleie- og omsorgstenestene. Det gjeld både nye sjukeheimar og omsorgsbustader, ombygging til einerom og erstatning av gamle bygg. Det blir også lagt opp til ein markert auke i talet på årsverk i sjukeheims- og heimetenestene.

Det er skipa ein nasjonal komité for FNs internasjonale eldreår – 1999. Komiteen blir leidd av sosialministeren.

Ei stortingsmelding om mindre bruk av tvang overfor psykisk utviklingshemma vart lagd fram og behandla i vårsesjonen.

Regjeringa har lagt fram ein stortingsproposisjon om handlingsplan for redusert bruk av rusmiddel.

Kapasiteten i sjukehussektoren er auka og talet på ventelistepasientar er redusert. Talet på sjukehusinnleggingar auka med 10 000 frå 1996 til 1997. I tillegg blir ein stadig større del av behandlinga ved sjukehusa utført utan innlegging. Det står om lag 280 000 pasientar på venteliste. Det er 20 000 færre enn i 1996. Av ventelistepasientane har om lag 35 000 personar fått behandlingsgaranti. Ved utgangen av april i år var det registrert om lag 10 000 brott på garantien. Det er om lag 15 000 færrre enn ved årsskiftet. Denne nedgangen skuldast både betre ventelisteføring, lågare garantidelar og auka kapasitet.

Innan utgangen av 1998 skal ein koordinerande plan for å få bukt med og kontrollere problemet med antibiotikaresistente bakteriar sluttførast. Planarbeidet blir koordinert gjennom Landbruksdepartementet og Sosial- og helsedepartementet.

For å oppnå større priskonkurranse mellom identiske legemiddel og ei betre utnytting av ressursane i folketrygda, er det med verknad frå mars i år innført eit nytt referanseprissystem. Refusjonen frå trygda blir rekna ut i høve til prisen på det billegaste av medisinsk sett likeverdige legemiddel.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om opplæring for barn, unge og vaksne med særskilde behov. Meldinga tek for seg den spesialpedagogiske tiltakskjeda og det statlege støttesystemet. Meldinga er drøfta i Stortinget og er under oppfølging.

Ny opplæringslov er vedteken, og det er no vorte ei felles lov for både grunnskolen, den vidaregåande opplæringa og fagopplæringa. Privatskolelova skal framleis vere eiga lov.

Ein arbeider med å systematisere evalueringsrapportar og andre erfaringar frå innføringa av Reform 94. Det er god tilgang på læreplassar i så godt som alle fag, og talet på lærlingar som har fått læreplass i privat og offentleg sektor, har auka. Noreg deltok i fjor i eit fleirnasjonalt OECD-prosjekt om overgang frå skole til arbeidsliv. Det er sett i verk ei rad tiltak for å betre overgangen til arbeidslivet for ungdom.

Regjeringa har sett ned eit offentleg utval som skal gjere ei samla vurdering av universitet og høgskolar som forskings- og utdanningsinstitusjonar etter år 2000.

Regjeringa la i vår fram ei stortingsmelding om dimensjonering av ulike studium innanfor høgare utdanning. Meldinga konkluderer med at det på grunn av mindre ungdomskull kommande år og uvisse med omsyn til framtidig studiefrekvens samla sett ikkje er grunnlag for vidare vekst i norsk høgare utdanning. Kapasitetsauken innanfor prioriterte utdanningar må i hovudsaka skje ved omdisponering av studieplassar, men det er også oppretta nye studieplassar innanfor IT-utdanningane og helsefaga i 1998. Berre innanfor IT er det oppretta 835 nye studieplassar. Satsinga på auka utdanning av helsepersonell er ført vidare og intensivert m a gjennom «Handlingsplan for helse- og omsorgspersonell 1998–2001». Det er registrert ein nedgang i søkninga til høgare utdanning for opptaket i år.

I 1997 var det 625 personar som tok doktorgraden ved norske universitet og vitskaplege høgskolar. Det er 23 fleire enn i 1996. Kvinnedelen gjekk noko ned. Men ser vi 1990-talet under eitt, har kvinnedelen av avlagde doktorgradar auka monaleg.

Det er i 1997 gjeve ekstra løyvingar til fornying og forbetring av avansert vitskapleg utstyr ved universiteta og høgskolane.

Regjeringa la i mai fram ei stortingsmelding om kompetansereforma som m a byggjer på utgreiinga til Buer-utvalet om etter- og vidareutdanning for vaksne. Meldinga inneheld framlegg som skal gjere det lettare for vaksne å få opplæring, og som skal styrkje kontakten mellom dei som tilbyr utdanning, og arbeidslivet. Som ei oppfølging av stortingsmeldinga om innvandrarar og det fleirkulturelle Noreg, er opplæring i norsk med samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar styrkt.

Oppslutninga om Den norske kyrkja held seg stabil.

Som ei oppfølging av stortingsmeldinga om kunstnarpolitikken, er det i år oppretta ei ordning med arbeidsstipend for yngre kunstnarar. Det er samtidig innført ei ordning med aspirantstillingar for kunstnarar, finansiert over statsbudsjettet.

Det er utvikla og innført eit nytt grafisk designprogram for dokumenta frå departementa og Regjeringa til Stortinget.

Det er i år oppretta ei ny ordning for kunstnarleg utsmykking i statlege bygg. Den går ut på at ein viss prosent av kostnadsramma for dei enkelte byggjeprosjekta skal setjast av til dette formålet.

Forskrifta om produksjonstilskott til dagsaviser er endra med verknad frå i år. Det er innført ei grense for kor stort overskott ei avis kan ha samtidig med at ho tek imot produksjonstilskott.

I samsvar med framlegg frå Regjeringa vedtok Stortinget i desember i fjor at Noreg skal delta i EU-programmet Multilingual Information Society, som skal styrkje stillinga til dei små språka i informasjonssamfunnet.

Regjeringa har lagt fram ei tilleggsmelding om tilhøvet mellom staten og dei frivillige organisasjonane.

Regjeringa har arbeidd vidare for å opprette nasjonalanlegg for dei viktigaste idrettane. For ski, nordiske greiner, er det funne ei løysing som tilfredsstiller både idrettslege og samfunnsmessige omsyn.

I 1998 utgjorde den delen av overskottet i Norsk Tipping AS som gjekk til idrettsformål, 622,5 mill kroner. Av dette vart 344,5 mill kroner sette av til idrettslanlegg, 246,8 mill kroner til Norges Idrettsforbund og 31,2 mill kroner til andre idrettsformål.

Gjeve på Oslo slott 25. september 1998

Under Vår hand og riksseglet

Lagt inn 2. oktober 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen