Statsbudsjettet 2018:

Regjeringa styrkjer dei frie inntektene til kommunane med om lag 3,8 milliardar kroner

– Regjeringa sitt budsjettframlegg set kommunane i stand til å styrkje viktige velferdstenester. Det blir lagt særleg til rette for å styrkje helsetilbodet til barn og unge, tidleg innsats i skulen og å sikre eit betre tilbod til rusavhengige, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Regjeringa legg opp til ein vekst i kommunesektoren sine frie inntekter på om lag 3,8 milliardar kroner. Dette gir kommunesektoren eit handlingsrom for å kunne gi betre tenester til innbyggjarane og fortsetje å skape gode lokalsamfunn.

– Vi foreslår ein god vekst i dei frie inntektene som gir kommunane ein føreseieleg og god økonomi. Det er viktig for at kommunane og fylkeskommunane skal kunne gi gode tenester til innbyggarane sine. Kommunane har dei siste fire åra hatt høgare realvekst i frie inntekter, både totalt og per innbyggjar, enn i dei føregåande åtte åra. Driftsresultata er gode, og det er færre kommunar i Robek-registeret enn nokosinne, seier Sanner.

Han legg til at det også er viktig at kommunane bruker handlingsrommet godt og prioriterer til det beste for innbyggjarane.

Kommunane får knapt 3,6 milliardar kroner av veksten i dei frie inntektene, medan 200 millionar kroner går til fylkeskommunane.

Veksten i dei frie inntektene er grunngitt med mellom anna fylgjande satsingar:

  • 200 millionar kroner til tidleg innsats i barnehagen og skulen.
  • 200 millionar kroner til førebyggjande tiltak til barn, unge og familiar, som eksempelvis kan brukast i helsestasjons- og skulehelsetenesta, eller satsing på sosiallærarar, psykologar eller samarbeid med private aktørar om foreldrestøttande tiltak.
  • 300  millionar kroner til eit betre tilbod til rusavhengige.
  • 100 millionar kroner av veksten blir gitt som ei særskild fordeling til båt- og ferjefylka. Det skal bidra til eit betre ferjetilbod, investeringar i meir miljøvennleg teknologi og moglegheiter for nye oppdrag for verft og andre verksemder i kystfylka.

Grønt hefte - Inntektssystemet for kommuner og fylkeskommuner

Fylkesvis oversikt

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.