I vår vedtok Stortinget ein ny bompengefinansiert bypakke for Nedre Glomma. Denne skal bidra til å nå nullvekstmålet for persontransport med bil. Bypakka er ein viktig føresetnad for å kunne starte forhandlingar om ein byvekstavtale. Ei bypakke er eit viktig grunnlag for ein byvekstavtale, og vil bli ein del av avtalen.

– Nedre Glomma har i dag ein belønningsordning med staten som går ut i 2023. Av dei 174 millionar kronene som er prioritert til Nedre Glomma i 2024, er om lag 87 millionar kroner i belønningsmidlar og tilskot til reduserte billettprisar på kollektivtransport. Dette svarar til ei vidareføring av nivået i dagens belønningsordning. Midlane blir innlemma i byvekstavtalen, dersom det blir inngått ein slik avtale.

Friske midlar til byvekstavtale 2024

Vidare har regjeringa prioritert om lag 87 millionar kroner i friske midlar til forhandlingar om byvekstavtaler for 2024. Utbetaling føreset at forhandlingane fører fram, og at det blir inngått ein slik avtale.

– Ein byvekstavtale skal gi eit løft, og ei klar retning for areal- og transportpolitikken i byområdet. Formålet er å betre samordninga mellom staten, fylkeskommunen og kommunen, som har ansvaret for dei ulike tiltaka og verkemidla i byområda som skal til for å nå målet om nullvekst i personbiltrafikken, seier samferdselsministeren.

Dersom det ikkje blir inngått byvekstavtale, er det mogleg å inngå ein ny belønningsordning, gitt at byområdet kan gjere greie for at midlane vil bidra til å nå nullvekstmålet.