Statsbudsjettet 2026:
Satsingar der Noreg kan utgjere ein skilnad
Pressemelding | Dato: 15.10.2025 | Utanriksdepartementet
Regjeringa foreslår å auke støtta til kvinner sine rettar med 80 millionar kroner i 2026. Dette er eit område som er under aukande globalt press og der Noreg kan utgjere ein stor skilnad.
Forslaget til bistandsbudsjett for 2026 er på 56,6 milliardar kroner. Det svarer til éin prosent av anslaget for bruttonasjonalinntekt, slik regjeringa har sett som målsetjing.
– Etter store økonomiske jordskjelv i bistanden det siste året, er det viktigare enn nokon gong å sjå på kvar norsk finansiering kan bety meir enn berre kronene som blir overførte. Kvinner sine rettar er eit slikt område. I fleire år har rettane til å bestemme over eigen kropp og eige liv vore under press, og dette presset har no auka i styrke. Derfor må Noreg gå føre i det som er ein verdikamp på vegner av oss alle, seier utviklingsminister Åsmund Aukrust.
I forslaget til statsbudsjett for 2026, blir det foreslått å auke bistanden til målretta likestillingstiltak med 80 millionar kroner. Dette inkluderer 40 millionar til UN Women. Pengane vil bidra til at kvinner og unge jenter får tilgang til familieplanlegging, trygg abort og seksualitetsundervisning. Dette gir kvinner og jenter moglegheita til å delta i samfunnslivet, noko som er avgjerande for å få bukt med fattigdom og å nå berekraftsmåla. Vern av menneskerettane til LHBT+-personar er ein naturleg del av innsatsen for alle sin rett til å bestemme over eigen kropp og liv.
Regjeringa prioriterer òg kamp mot ulikskap, og spesielt innsats som styrkjer evna utviklingslanda har til å skape nasjonale inntekter, mellom anna arbeidet for ein internasjonal skattekonvensjon, som inkluderer kamp mot ulovleg kapitalflyt, skattesvik og korrupsjon.
– Lykkast vi med å få bukt med ulovleg kapitalflyt, som tek frå utviklingsland viktige skatteinntekter, vil det kvart år ha verdien av minst ti norske hjelpebudsjett. I ei tid med mindre finansiering globalt, må vi setje inn trykket på å løyse strukturelle utfordringar som kan gi stor vinst for fattigdomsreduksjon, seier Aukrust.
Den overordna utanrikspolitiske hovudprioriteringa til regjeringa er å støtte Ukraina i motstandskampen deira. For at den ukrainske befolkninga skal evne å stå imot Russlands utmattingskrig, er det avgjerande at hjula blir haldne i gang. Derfor aukar regjeringa den sivile støtta til Ukraina med 2,5 milliardar kroner, inkludert 500 millionar kroner ekstra til humanitær innsats i landet.
– Dei siste månadene har Russland intensivert luftangrepa mot Ukrainas sivilbefolkning og energiforsyninga i landet. Kvar veke er vi vitne til korleis russiske dronar og missil rammar sivile, inkludert barn. Langs frontlinja er forholda kritiske og behova aller størst. Mange har mista familiemedlemmer, heimar er øydelagde og jordbruksområde minelagde. Målretta angrep på infrastruktur har fråteke lokalbefolkninga tilgang til lys og varme. Desse menneska treng livreddande hjelp, og det går den norske humanitære støtta til, seier Aukrust.