Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2021

5,5 milliardar til humanitær hjelp i 2021

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

- Regjeringa gjer framlegg om eit samla humanitært budsjett på 5,5 milliardar kroner for 2021. Det har aldri vore fleire menneske som treng humanitær beskyttelse og assistanse i verda. Med dette budsjettet held Noreg fram med å vere ein av dei største humanitære givarane i verda, seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide.

Dei humanitære behova har, på grunn av væpna konfliktar, klimaendringar og fattigdom i sårbare statar og regionar, auka kraftig dei siste åra. I 2020 har koronapandemien og den påfølgjande økonomiske krisa gitt ytterlegare aukande humanitære behov. Tilgang på mat er meir usikker enn tidlegare, det er vanskelegare å gje sårbare menneske beskyttelse og det er ei klar auke i seksualisert og kjønnsbasert vald. Restriksjonane som er innførte for å førebyggje spreiing av koronaviruset, har gjort det krevjande for dei humanitære organisasjonane å gjennomføre arbeidet sitt.  

Talet på menneske som står i fare for akutt matmangel er venta å auke til 270 millionar innan utgangen av 2020. Nokre av dei mest sårbare er dei 80 millionar menneska som er på flukt. Mange av desse bur i leirar og bur trongt, noko som fører til ein ytterlegare risiko for spreiing av sjukdomar som covid-19.

- Regjeringa har gjennomført ei historisk satsing på humanitær innsats for å svare på dei stadig aukande behova. Sidan 2013 har vi auka det samla humanitære budsjettet med 67 prosent. I 2020 er vi den sjette største humanitære givaren på verdsbasis. Eg er glad for at denne satsinga blir ført vidare i 2021, seier Eriksen Søreide.

I tråd med regjeringa sin humanitære strategi skal Noreg medverke til effektiv respons der behova er størst. I 2021 vil vi halde fram med den særlege satsinga på beskyttelse, særleg kampen mot seksuell og kjønnsbasert vald, beskyttelse av barn og unge og beskyttelse av sivile mot landminer og andre eksplosiv. Samstundes skal arbeidet med grøn respons sørgje for at den humanitære innsatsen har så liten negativ effekt på miljø og klima som mogleg. Norges humanitære bidrag vil i hovudsak bli kanaliserte gjennom FN, Raude Kross-rørsla og norske humanitære organisasjonar. 

- Gjennom den humanitære innsatsen bidreg vi til å redde liv, lindre naud og gje beskyttelse til menneske som er råka av både langvarige og akutte humanitære kriser. Responsen til Syra-krisa vil framleis vere omfattande i året som kjem. Vi ser også ei kraftig auke i dei humanitære behova i Sahel-regionen, eit område som så langt ikkje har fått nok ressursar. Vi vil difor trappe opp innsatsen vår der, seier utanriksministeren. 

I vår inngjekk regjeringa firårige avtalar om strategiske partnarskap med dei norske organisasjonane Flyktninghjelpa/Norcap, Noregs Raude Kross, Kirkens Nødhjelp, Norsk Folkehjelp, Redd Barna Norge og Caritas Norge. Desse avtalene, som har ein samla verdi på 1,7 milliardar kroner, gir organisasjonane fleksibilitet og høve til å arbeide strategisk.