Styrka innsats mot arbeidslivskriminalitet

Regjeringa aukar innsatsen mot arbeidslivskriminalitet, og foreslår i statsbudsjettet 2016 å auke løyvinga til Arbeidstilsynet med 10 millioner kroner. Regjeringa har med dette styrka Arbeidstilsynet med 50,8 mill kroner sidan 2014.

– Vi vil bidra til å skape auka tryggleik for arbeidsplassane, gjere det enklare å drive seriøst og vanskelegare for dei som bryt lova. Vi styrker Arbeidstilsynet og deira samarbeid med andre etatar. Føremålet er å redusere grove brot på arbeidsmiljøregelverket og fremje like konkurransevilkår for seriøse aktørar, seier arbeids- og sosialminister Robert Eriksson.

Arbeidstilsynet samarbeider nært med politiet, Skatteetaten og andre offentlege etatar om felles innsats retta mot dei områda der risikoen for arbeidslivskriminalitet er størst.

I januar 2015 la Regjeringa fram ein strategi mot arbeidslivskriminalitet. Regjeringa er i god gang med å følge opp punktane i strategien, herunder å utvide adgangen til å kontrollere HMS-kortas gyldighet gjennom sanntidskontroll. Tiltaka i strategien blir no følgd opp av mange departement. I statsbudsjettet 2016 varslar Kunnskapsdepartementet at det skal etablerast ei nasjonal ordning for godkjenning av utanlandsk fagopplæring. Dette er forankra i regjeringa sin strategi mot arbeidslivskriminalitet.