Statsbudsjettet:

Vidareutvikling av festivalstøtta

- Vi vil ha ei meir dynamisk ordning under Kulturrådet der vi styrkjer kvalitet og utvikling av festivalfeltet i alle regionar, seier kulturminister Thorhild Widvey.

Kulturdepartementet har i 2015 gjennomført fire innspelsmøte rundt om i landet og hatt høyring via regjeringa sine nettsider om festivalstøtte. Alle knutepunktfestivalane har òg blitt evaluert. Oppsummering av innspela viser at dagens ordning, med nokre få festivalar på statsbudsjettet og resten hos kulturrådet, ikkje har fungert etter formålet, og regjeringa foreslår avvikling av knutepunktordninga frå og med budsjettåret 2016.

I 2015 gjekk det 99 millionar kroner til knutepunktinstitusjonar på Kulturdepartementet sitt budsjett. Størstedelen – 82 millionar kroner – gjekk til 12 musikkfestivalar. Til samanlikning har festivalstøtteordninga i Norsk kulturråd fordelt om lag 52 millionar kroner til 151 festivalar.

Resten av knutepunktmidla går til knutepunkt for biletkunst, scenekunst, kortfilm og litteratur.

- 13 av 16 tiltak i ordninga er foreslått lagt til Norsk kulturfond, og vil halde fram med dei same løyvingane i 2016 som i år. Kulturrådet vil i mellomtida vidareutvikle festivalstøtteordninga. Det vil òg vere mogeleg og vidareføre dei eksisterande avtalane mellom staten og fylkeskommunane til neste år, seier kulturminister Widvey.

Dei to store festspela – Festspillene i Bergen og Festspillene i Nord Norge – er nasjonale  institusjonar og vert difor vidareført på Kulturdepartementet sitt budsjett. Desse to institusjonane har ei breidde i kunstnarlege uttrykk som står i ei særstilling samanlikna med dei fleste andre festivalar i Noreg. Kortfilmfestivalen i Grimstad vert vidareført under Norsk filminstitutt.