Meld. St. 14 (2009-2010)

Noregs deltaking i Europarådet i 2009

Til innhaldsliste

1 Politiske hovudspørsmål og prioriteringar

Europarådet er den eldste av dei store europeiske samarbeidsinstitusjonane og markerte i 2009 60-årsjubileet sitt. Samarbeidet i organisasjonen har som hovudmålsetjing å fremje demokrati, rettsstaten og respekt for menneskerettane i heile Europa. Gjennom eit breitt samarbeid på desse områda vert det lagt eit solid grunnlag for fred og tryggleik i verdsdelen vår.

Dei overordna prioriteringane for arbeidet til regjeringa i Europarådet er å fremje kjerneverdiane til organisasjonen – demokrati, rettsstat og menneskerettar. Regjeringa legg stor vekt på gjennomføringa av handlingsplanen frå Europarådets tredje toppmøte i Warszawa i mai 2005. Handlingsplanen er retningsgjevande for arbeidet i organisasjonen.

Arbeidet til regjeringa i Europarådet i 2009 hadde hovudfokus på

  • styrking av det europeiske menneskerettssystemet,

  • støtte til demokratiarbeidet i medlemslanda,

  • utvikling av samarbeidet med EU og OSSE,

  • tverrkulturell dialog,

  • reform av Europarådets organisasjon, og

  • fremjing av stortingspresident Thorbjørn Jaglands kandidatur til generalsekretærstillinga i Europarådet.

Samarbeidet i Europarådet er i dag i stor grad prega av at Russland og land i Sentral- og Aust-Europa, i tillegg til Sør-Kaukasus, er blitt medlemer. Det store talet på klagar til Den europeiske menneskerettsdomstolen, særleg frå dei nye medlemslanda, set Europarådets menneskerettssystem under press. Konflikten i Georgia har vist at Europarådet framleis har omfattande oppgåver i fleire av dei nye medlemslanda. Det er vidare krevjande politiske oppgåver i forholdet til EU og eit stort behov for indre reformer i organisasjonen. I 2009 var samarbeidet òg prega av valet på ny generalsekretær i organisasjonen etter briten Terry Davis.

Generalsekretærvalet.

Dåverande stortingspresident Thorbjørn Jagland vart 29. september 2009 vald til ny generalsekretær i Europarådet med absolutt fleirtal i første valomgang. Det er første gang ein nordmann har denne stillinga. Røystetala ved valet i Parlamentarikarforsamlinga var 165 for Thorbjørn Jagland mot 80 røyster for den polske kandidaten, tidlegare statsminister Cimoszewicz.

Generalsekretæren leier sekretariatet i Europarådet med rundt 1800 tilsette i Strasbourg og 200 i felten, og speler ei viktig rolle som dialogpartnar i det europeiske samarbeidet. Mandatperioden er 5 år.

Ministerkomiteen i Europarådet vedtok i mai 2008, på grunnlag av tilrådingar i ein rapport frå Luxembourgs statsminister Jean-Claude Juncker, at kandidatar til stillinga som generalsekretær i framtida skal ha erfaring på regjeringssjefsnivå eller frå anna stilling på høgt politisk nivå. Stillinga vil difor i framtida vere meir på linje med tilsvarande leiarstillingar i andre organisasjonar som EU og NATO.

På bakgrunn av dei store utfordringane Europarådet står overfor, saman med ønsket om å styrkje generalsekretærstillinga, vedtok regjeringa sommaren 2008 å be stortingspresident Thorbjørn Jagland om å stille som norsk kandidat til stillinga som generalsekretær. Arbeidet med å fremje kandidaturet hans var ei prioritert oppgåve etter lanseringa i september 2008 og fram til valet i september 2009.

Det er Parlamentarikarforsamlinga i Europarådet som velgjer generalsekretær blant dei kandidatane som vert innstilte av Ministerkomiteen. Fire regjeringar nominerte kandidatar til ny generalsekretær (Belgia, Noreg, Polen og Ungarn). Berre dei kandidatane som fekk oppslutning i Ministerkomiteen frå minst 2/3 av medlemslanda, vart innstilte overfor Parlamentarikarforsamlinga. Ministerkomiteen vedtok med klart fleirtal å innstille to kandidatar, nemleg Thorbjørn Jagland og den polske kandidaten. Også ved denne avrøystinga fekk Jagland flest røyster.

Det har vore ein lang tradisjon i Europarådet at generalsekretæren vert rekruttert blant leiarane i Parlamentarikarforsamlinga. Mange av leiarane i Parlamentarikarforsamlinga arbeidde aktivt for å vidareføre denne tradisjonen ved å gå inn for at kandidatane frå Parlamentarikarforsamlinga (frå Belgia og Ungarn) òg skulle innstillast av Ministerkomiteen. Eit knapt fleirtal i Parlamentarikarforsamlinga (98 mot 90) lukkast i første omgang med å få utsett generalsekretærvalet frå junisesjonen til septembersesjonen i Parlamentarikarforsamlinga. Denne utsetjinga endra likevel ikkje på innstillinga frå Ministerkomiteen.

Thorbjørn Jagland vart vald til generalsekretær i Europarådet på grunnlag av eit program for omfattande reformer, sterkare politisk leiarskap og styrking av Europarådets rolle i den europeiske samarbeidsarkitekturen. Han tok over som generalsekretær 1. oktober 2009.

Jagland presenterte i januar 2010 planane sine for reform av Europarådet for Ministerkomiteen og Parlamentarikarforsamlinga. Hovudområde i reformprogrammet er styrking av den politiske leiarskapen i organisasjonen, reform av budsjettprosessen, gjennomgang og evaluering av alle aktivitetar med sikte på klarare prioriteringar, fokus på betre kommunikasjon og informasjon om Europarådets arbeid og revisjon av personalpolitikken.

Reformprogrammet fekk overveldande støtte i Ministerkomiteen og Parlamentarikarforsamlinga. Oppfølging av programmet vil vere ei prioritert oppgåve for Noreg framover.

Utanriksministermøtet i Madrid.

Dei viktigaste sakene på utanriksministermøtet i Madrid 12. mai 2009 var

  • innstilling av kandidatar til stillinga som generalsekretær,

  • utfordringane for Menneskerettsdomstolen, medrekna foreløpig iverksetjing av to prosedyrar i protokoll 14 til Den europeiske menneskerettskonvensjonen med sikte på å auke saksbehandlingskapasiteten i Menneskerettsdomstolen i påvente av russisk ratifisering av protokoll 14,

  • vidareføring av arbeidet for å styrkje samarbeidet mellom Europarådet og EU,

  • vidareføring av arbeidet for organisatorisk reform av Europarådet,

  • konflikten mellom Russland og Georgia.

Kviterussland var tema for ein uformell diskusjon på arbeidslunsjen til ministrane. Ministrane vedtok òg ei erklæring i høve Europarådets 60-årsjubileum.

Utanriksminister Støre la i sine innlegg m.a. vekt på at det trengst rask handling når det gjeld dei store problema i Menneskerettsdomstolen, på at Europarådet og internasjonale organisasjonar må få tilgang til konfliktområda i Georgia, og på Thorbjørn Jaglands kandidatur til generalsekretærstillinga. Innlegga til Støre følgjer som vedlegg til denne meldinga.

Menneskerettar. Situasjonen for Den europeiske menneskerettsdomstolen.

Menneskerettsdomstolen (EMD) er berebjelken i Europarådets menneskerettssystem. Problema for EMD vart ytterlegare forsterka i 2009 som følgje av auken i talet på klagesaker, som framleis er dramatisk. Domstolen registrerte 57 100 nye klagar i 2009, 15 % fleire enn i 2008. Talet på uavslutta registrerte klagesaker hadde dermed ved utgangen av 2009 auka til 119 300, ein auke på 23 % samanlikna med 2008.

Den viktigaste grunnen til den veldige auken i saksmengda til EMD er at Europarådet sidan 1990 har fått 25 nye medlemsland. Vidare er det auka merksemd i mange medlemsland om den tilgangen enkeltpersonar har til å klage påståtte brot på menneskerettskonvensjonen (EMK) inn for Domstolen. Det er uheldig at Domstolen, som mellom anna fører tilsyn med at medlemslanda i Europarådet avgjer sivil- og strafferettslege saker innan rimeleg tid, ikkje sjølv er i stand til å etterleve dette prinsippet.

Det er ei viktig oppgåve for Noreg å bidra til å sikre effektiviteten og framtida til Domstolen. Noreg har difor òg i 2009 delteke aktivt i arbeidet for reform av det europeiske menneskerettssystemet og for auka ressursar til Domstolen. Våren 2009 såg det framleis ut til å vere små utsikter til at Russland ville ratifisere protokoll 14 til den europeiske menneskerettskonvensjonen. Protokollen vil føre til ein vesentleg auke i saksbehandlingskapasiteten ved domstolen. På utanriksministermøtet i Madrid i mai 2009 vart landa samde om ei foreløpig iverksetjing, for dei statane som særskilt samtykkjer til dette, av to prosedyrar i protokoll 14. Prosedyrane inneber ein reduksjon i talet på dommarar som deltek i behandlinga av saker som openbert ikkje oppfyller vilkåra for å bli prøvd, og i behandlinga av saker som ikkje reiser nye rettslege spørsmål under konvensjonen. Dei to prosedyrane gjeld for Noreg frå 1. juni 2009. Per 10. mars 2010 hadde 19 statar gjeve samtykke til at EMD kunne bruke dei to prosedyrane i saker mot dei.

Iverksetjing av protokoll 14, i sin heilskap og for alle medlemsland, er likevel framleis ei viktig målsetjing. Regjeringa mottok difor med glede meldinga om at den russiske statsdumaen 15. januar 2010 gav sitt samtykke til russisk ratifisering av protokoll 14, og at Russland 18. februar 2010 deponerte ratifikasjonsdokumentet under Interlaken-konferansen i Sveits om framtida for EMD. Protokollen trer i kraft 1. juni 2010.

Sjølv om iverksetjinga av protokoll 14 vil bidra til ein auke i saksbehandlingskapasiteten ved EMD, er det på det reine at dette åleine ikkje vil vere tilstrekkeleg til å sikre framtida for Domstolen. På denne bakgrunnen arrangerte den sveitsiske formannskapen i Ministerkomiteen ein høgnivåkonferanse om framtida for EMD i Interlaken 18.–19. februar 2010. Over 30 land var representerte på minister- eller statssekretærnivå. Statssekretær Astri Aas-Hansen leidde den norske delegasjonen.

Erklæringa frå Interlaken-konferansen inneheld eit vegkart og ein handlingsplan for vidare reformer på område som er heilt avgjerande for å få ei løysing på problema til Domstolen, mellom anna ei meir effektiv siling av saker som er openbert grunnlause, i tillegg til ei forenkla behandling av dei såkalla «repeterande» sakene. Bak den samrøystes erklæringa ligg det likevel stor usemje om korleis dei enkelte reformtiltaka skal utformast og finansierast. Oppfølgingsprosessen vil difor verte krevjande.

Med støtte frå Utanriksdepartementet arrangerte Norsk senter for menneskerettar 7.–8. desember 2009 eit seminar i Oslo om framtida for EMD. Seminaret hadde både nasjonal og internasjonal deltaking og inngjekk som eit ledd i dei nasjonale førebuingane til Interlaken-konferansen. Regjeringa vil arbeide aktivt framover for å følgje opp tilrådingane i erklæringa frå Interlaken om effektivisering av kontrollsystemet for EMK. I dette arbeidet legg Noreg særleg vekt på tiltak for å

  • betre gjennomføringa av menneskerettskonvensjonen i medlemsstatane, òg gjennom styrkt og meir målretta innsats frå Europarådet si side,

  • redusere flaumen av klare avvisingssaker, m.a. ved å styrkje informasjonstiltak, særleg i dei nye medlemslanda, og utgreie om det kan vere føremålstenleg å innføre rettsgebyr,

  • auke saksbehandlingskapasiteten ved EMD ved det vert etablert ein ny silingsmekanisme,

  • sikre at Domstolen og sekretariatet som fører tilsyn med at statane etterlever dommane, får tilført nødvendige ressursar.

Førebygging av klagar gjennom auka respekt for menneskerettane i medlemslanda vil vere avgjerande for Domstolens situasjon på sikt. Det nye menneskerettsfondet(Human Rights Trust Fund – HRTF) , som Noreg tok initiativ til i 2008, speler ei viktig rolle i denne samanhengen. Dei tre deltakarlanda i fondet (Noreg, Tyskland og Nederland) hadde ved utgangen av 2009 gjeve støtte på til saman ca. 27 millionar kroner til prosjekt for fjerning av hindringar for gjennomføring av nasjonale dommar i enkelte medlemsland, etterleving av dommar mot Russland for overgrep som vart utførte av russiske tryggingsstyrkar i Tsjetsjenia, og støtte til menneskerettskommissærens arbeid i Georgia, i tillegg til prosjekt for å fremje uavhengige nasjonale mekanismar for førebygging av tortur i Europa. Det vert frå norsk side arbeidd for å auke talet på gjevarar ytterlegare.

Noreg er blant landa i Europarådet med færrast dommar mot seg. Fram til 31. desember 2009 har EMD avsagt totalt tjue fellande og sju frifinnande dommar i saker som Noreg var part i. I det same tidsrommet har konvensjonsorgana i Strasbourg avvist over hundre saker mot Noreg.

I 2009 vart det ført tre saker mot Noreg for EMD. Det vart avsagt to frifinnande dommar ( Egeland og Hanseid mot Noreg og Procedo Capital Corporation mot Noreg ) og éin fellande dom ( A mot Noreg ). Dette er ein nedgang frå 2008, då Noreg var part i fem saker og det vart avsagt tre fellande og to frifinnande dommar.

Samarbeidet med dei nye medlemslanda.

Regjeringa legg vekt på at innsatsen til Europarådet skal styrkjast i nye medlemsland og i Kviterussland – det einaste europeiske landet som står utanfor organisasjonen. Regjeringa ser det som ei viktig oppgåve for Europarådet å sjå til at medlemslanda etterlever dei forpliktingane dei har påteke seg når det gjeld menneskerettar, rettsstat og demokrati, og dermed sikre grunnleggjande rettar på desse områda for alle innbyggjarane i Europa.

Situasjonen i landa i Sør-Kaukasus og på Vest-Balkan har dominert det politiske arbeidet i Ministerkomiteen òg i 2009. Konflikten mellom Georgia og Russland om dei georgiske utbrytarområda Sør-Ossetia og Abkhasia har vorte drøfta kvar veke i Ministerkomiteen sidan konflikten starta i august 2008. Kvartalsvise rapportar om menneskerettssituasjonen og Europarådets arbeid i dei to landa utgjer ein viktig bakgrunn for diskusjonane.

Diskusjonen om Europarådet si rolle i Kosovo etter sjølvstendeerklæringa har i 2009 vore prega av større vilje frå dei landa som har hatt dei mest markerte posisjonane, til å syne noko større pragmatisme. Dette har gjort det mogeleg å verte samde om eit breiare sett av aktivitetar for Europarådet. Noreg vidareførte i 2009 støtta til prosjekta Europarådet har på Balkan, gjennom det norske fondet for Vest-Balkan.

Europarådet har utarbeidd handlingsplanar til støtte for menneskerettane, demokratibygging og utvikling av rettsstaten i dei nye demokratia. Størst omfang i 2009 hadde samarbeidet med Ukraina. Andre viktige samarbeidsland er Russland, Serbia, Bosnia-Hercegovina, Montenegro, Armenia, Aserbajdsjan, Georgia, Ukraina, Moldova og Albania.

Noreg gjev bidrag til enkelte handlingsplanar i samsvar med målsetjingane til Europarådet og sine eigne målsetjingar og arbeider for best mogeleg samordning mellom dei ulike bilaterale og multilaterale aktørane, medrekna mellom norske ekspertar (Styrkebrønnen) som støttar styresmaktene i Georgia og Moldova i arbeidet med justissektorreform. Europarådet har no feltkontor i ti aktuelle samarbeidsland.

Dei nye medlemslanda i Søraust-Europa og Sør-Kaukasus gjekk inn i ei eiga tilsynsordning då dei vart medlemer. Tilsynsordninga sikrar kontinuerleg overvaking av forpliktingane landa tok på seg ved tiltredinga. I tillegg til faste politiske spørsmål har det vore omfattande drøftingar av korleis landa følgjer opp forpliktingane sine, i første rekkje knytt til gjennomføring av frie val, fengsling av journalistar og menneskerettsforkjemparar, media si stilling og vern av minoritetar. Serbia blei i 2009 vurdert til å ha kome så langt i etterlevinga av forpliktingane sine at den formelle tilsynsordninga kunne avviklast.

Samkvem med EU og OSSE.

Regjeringa legg stor vekt på ei vidare utbygging av samkvemmet mellom Europarådet og Den europeiske unionen (EU) og er i denne samanhengen nøgd med oppfølginga av den nye samarbeidsavtalen mellom Europarådet og EU som vart vedteken i 2007. Avtalen inneber styrking av dei politiske konsultasjonane mellom dei to organisasjonane. Vidare legg avtalen til rette for betre samordning mellom Europarådet, EU-kommisjonen og medlemslanda av prosjektarbeidet for å styrkje menneskerettar, rettsstat og godt styresett i dei nye demokratia. EU bidreg årleg med store summar til Europarådets aktivitetar i dei nye demokratia.

Samarbeidet med EU har i 2009 vorte styrkt. EUs Lisboa-traktat, som tredde i kraft 1. desember 2009, inneheld ei føresegn som forpliktar EU til å tiltre den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK). Protokoll 14 til EMK opnar for ei slik tiltreding frå EU si side. For at denne tiltredinga skal kome i stand, må EU og Europarådet verte samde om modalitetane for at EU skal kunne slutte seg til konvensjonen. EU og Europarådet innleidde i januar 2010 forhandlingane om korleis EUs tiltreding til EMK skal gå føre seg.

EUs tiltreding til EMK er ønskjeleg fordi det vil styrkje vernet av menneskerettane i Europa ytterlegare og bidra til å utvikle og sikre ein felles europeisk rettspraksis i menneskerettssaker. Når EU tiltrer EMK, vil alle EU-borgarar ha høve til å klage EU inn for Menneskerettsdomstolen i Strasbourg.

Regjeringa legg òg særleg vekt på å følgje opp arbeidet med samordning og koordinering mellom Europarådet og Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) . Samarbeidet med OSSE omfattar kampen mot terrorisme, tiltak mot menneskehandel, arbeidet for toleranse og ikkje-diskriminering og vern av nasjonale minoritetar. Samarbeidet er viktig mellom anna for å sikre at begge organisasjonane arbeider innanfor dei områda der dei har komparative fortrinn, og for å unngå dobbeltarbeid og utnytte ressursane best mogeleg. I 2009 var ein særleg merksam på å unngå dobbeltarbeid når det gjeld arbeidet for å nedkjempe menneskehandel.

Arbeidet til menneskerettskommissæren.

Europarådets menneskerettskommissær hadde i 2009 framleis eit særleg fokus på situasjonen for utsette grupper som innvandrarar, flyktningar og asylsøkjarar og på kampen mot diskriminering og intoleranse. Situasjonen for innvandrarar og asylsøkjarar var eit hovudtema i rapportar som vart publiserte i 2009 etter besøk til m.a. Hellas, Italia, Tyrkia, Nederland og Belgia.

Kommissæren fortsette òg i 2009 arbeidet med å overvake menneskerettssituasjonen og den humanitære krisa som vart utløyst av krigen mellom Russland og Georgia, basert på dei seks prinsippa for å verne sivilbefolkninga og avhjelpe den humanitære krisa. Desse prinsippa har fått brei oppslutning frå medlemslanda, mellom anna frå Russland og Georgia. Kommissæren var i tida rett etter den væpna konflikten den einaste internasjonale aktøren som fekk tilgang til konfliktområdet, og har spelt ei nøkkelrolle for å få i stand utveksling av fangar og for å avklare skjebnen til sakna personar.

Tverrkulturell dialog. Det europeiske Wergelandsenteret.

Regjeringa ser det som viktig å styrkje Europarådets innsats for tverrkulturell og tverreligiøs dialog. Noreg har gjeve eit særleg bidrag på dette området gjennom etableringa i Noreg av Det europeiske Wergelandsenteret (EWC) , eit europeisk ressurssenter for opplæring i tverrkulturell forståing, menneskerettar og demokratisk medborgarskap. Avtalen mellom Noreg og Europarådet om etableringa av EWC tredde i kraft 11. januar 2009. EWC starta arbeidet i februar. Opningskonferansen i Oslo 29.–30. mai samla 140 politikarar og ekspertar frå Europa og Midtausten.

Senteret har sidan opninga hatt eit nært samarbeid med Europarådet for å heve kompetansen til lærarar og lærarutdannarar innanfor menneskerettar, demokrati og tverrkulturell forståing. Det er stor interesse for Wergelandsenteret i medlemslanda, og Ministerkomiteen har kome med mange lovord for dette norske initiativet.

Venezia-kommisjonen og ECRI.

Den viktigaste oppgåva for Den europeiske kommisjonen for demokrati gjennom lovgjeving (Venezia-kommisjonen) er å gje juridisk assistanse ved utforming eller revisjon av grunnlov eller andre sentrale lover i statar som er bygde på demokratiet og rettsstatsprinsippa. 68 land samt EU og OSSE deltek no i samarbeidet. Venezia-kommisjonen har i aukande grad blitt trekt inn i pågåande lovarbeid i medlemslanda og gjev råd om tolkingsspørsmål og kjem med fråsegner om spesifikke problemstillingar i ei rekkje land.

Den europeiske kommisjonen mot rasisme og intoleranse (ECRI) er eit uavhengig overvakingsorgan som har som målsetjing å nedkjempe vald, diskriminering og fordommar mot personar eller grupper av personar på grunnlag av m.a. rase, farge, språk, religion, nasjonalitet eller etnisk opphav.

ECRIs fjerde rapport om Noreg vart fremja for Ministerkomiteen i februar 2009. ECRI framhevar i rapporten at det er gjort framgang på ei rekkje område sidan ECRIs tredje rapport om Noreg vart publisert i 2004. Dette gjeld særleg styrking av det rettslege vernet mot diskriminering. ECRI uttrykkjer samtidig uro, særleg over situasjonen for ungdom på arbeidsmarknaden og i skulesituasjonen. Det er skeive forhold i bustadsektoren, og det er mangel på bruk av kvalifisert tolk i helsesektoren og rettsvesenet.

Regjeringa la fram ein ny handlingsplan for å fremje likestilling og hindre etnisk diskriminering i april 2009. Planen inneheld 66 nye tiltak som skal gjennomførast i perioden 2009–2012. Eit tiltak i handlingsplanen er å vurdere tilrådingane frå ECRI nærare og følgje opp med nødvendige tiltak. Norske styresmakter var kjende med rapportutkastet og tilrådingane frå ECRI under utarbeidinga av handlingsplanen og har teke omsyn til tilrådingane i arbeidet med planen.

Likestilling, menneskehandel og vald i nære relasjonar.

Styringskomiteen for likestilling (CDEG) utarbeidde i 2009 ei erklæring om å oppnå de facto likestilling mellom kjønna. Erklæringa vart vedteken på utanriksministermøtet i Madrid 12. mai 2009.

Det vart i 2009 etablert ein eigen ekspertkomité for spørsmål som gjeld lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (DH-LGBT). Komiteen leverte i november 2009 eit framlegg til tilråding til medlemslanda om tiltak for å kjempe mot diskriminering på grunnlag av seksuell legning og kjønnsidentitet.

Arbeidet mot menneskehandel er kraftig styrkt ved at Europarådetskonvensjon mot menneskehandel tredde i kraft 1. februar 2008. Konvensjonen var per januar 2010 ratifisert av 26 land og underteikna av ytterlegare 15 land. Noreg blei part i konvensjonen 1. mai 2008.

Den uavhengige ekspertgruppa mot menneskehandel ( Group of Experts against Trafficking in Human Beings – GRETA ) skal føre tilsyn med at statspartane etterlever konvensjonsforpliktingane sine. Den norske medlemen, lagdommar Hanne Sofie Greve, vart vald til president då GRETA møttest for første gong i februar 2009. Gruppa har vedteke å gjennomføre fireårige overvakingssyklusar.

Ein felles Europaråds- og FN-studie frå 2009 tilrår at det vert utarbeidd eit internasjonalt rettsleg instrument som gjev ein definisjon av omgrepet handel med organ, vev og celler, og som omfattar tiltak for å førebyggje slik handel og fråsegner om straff for denne typen verksemd. Ministerkomiteen vedtok i januar 2010 å be dei relevante styringskomiteane i Europarådet og GRETA om å vurdere om det bør utarbeidast ein ny Europarådskonvensjon på området.

Kamp mot vald i nære relasjonar er eit prioritert område for regjeringa. Ministerkomiteen vedtok i desember 2008 at det skal utarbeidast ein konvensjon om vald mot kvinner og vald i nære relasjonar. Ein første rapport om arbeidet vart lagd fram sommaren 2009, og arbeidet vert vidareført i 2010 med sikte på å kome fram til eit konvensjonsutkast som partane kan samlast om.

Noreg var vertskap for Europarådets 29. justisministerkonferanse i Tromsø17.–19. juni 2009 . I underkant av 200 deltakarar, mellom dei 23 justisministrar og visegeneralsekretærane frå FN og Europarådet, deltok på konferansen som hadde vald i nære relasjonar som hovudtema. Konferansedeltakarane drøfta temaet m.a. med utgangspunkt i ein rapport frå den norske justisministeren. Rapporten peiker på at det trengst eit heilskapleg perspektiv, omfattande menneskerettar, strafferettslege tiltak, vernetiltak og fokus på barn som er eksponerte for vald i nære relasjonar.

Rettsleg samarbeid. Kampen mot korrupsjon.

Noreg legg stor vekt på arbeidet i Europarådets folkerettskomité (CAHDI) og leier for tida komiteen. Komiteen drøfter folkerettslege spørsmål som er viktige for mandatet til Europarådet, med fokus på styrking av den internasjonale rettsordenen, den internasjonale rettspleia og menneskerettane. Sentralt på dagsordenen står viktige tema som er til behandling i hovudkomiteen for folkerettslege spørsmål i FNs generalforsamling, mellom anna kodifikasjon og vidareutvikling av folkeretten i regi av folkerettskommisjonen i FN.

GRECO ( Group of States Against Corruption ), Europarådets overvakingsorgan for den nasjonale gjennomføringa i medlemsstatane av antikorrupsjonsinstrumenta til organisasjonen, er i dag eit etablert og velkjent organ i den internasjonale innsatsen for å nedkjempe korrupsjon. GRECO gjennomfører for tida den tredje evalueringsrunda om kriminalisering av korrupsjon og innsyn i partifinansiering. Noreg var eitt av landa som vart evaluert i 2009 når det gjeld straffeføresegnene mot korrupsjon og innsyn i partifinansiering. Tilrådingane frå GRECO til Noreg er omtalte i punkt 5.5 i meldinga.

Helse og sosiale spørsmål.

Den europeiske helsekomiteen (CDSP) har frå 2009 norsk leiar. Vidare hadde Noreg i 2009 leiarane for ekspertkomiteen om mobilitet, migrasjon og tilgang til helsetenester (SP-MIG) og komiteen for organtransplantasjon (CD-P-TO) under delavtalen for den europeiske farmakopeen.

Sosialpakta er den viktigaste avtalen på det sosiale området i Europarådet. Pakta omfattar mellom anna rettane til barn og ungdom, familie- og likestillingsrettar, vern av organisasjonsfridomen og retten til arbeid, retten til rettferdige og trygge arbeidsvilkår, vern av arbeidstakar ved opphøyr av arbeidsforhold, sikring mot sosial utestenging og retten til bustad. Noreg hadde tre saker til behandling i Regjeringskomiteen i 2009 på bakgrunn av Sosialrettskomiteens rapport for 2008. Sakene var knytte til utdanningsfinansiering (artikkel 10 i den reviderte sosialpakta) og funksjonshemma sin rett til utdanning, tilgang til bustad, transport, telekommunikasjon, kulturelle aktivitetar og fritidssyslar (art. 15).

Den europeiske komiteen for sosialt samhøyr (CDCS) har i 2009 arbeidd med revisjon av strategien for sosialt samhøyr. Noreg ønskjer å styrkje arbeidet med sosiale rettar og menneskeverd. Noreg deltok på ministerkonferansen i Moskva om sosialt samhøyr 26.–27. februar 2009. Ministermøtet vedtok ei tilråding om at Europarådet bør utarbeide ein ny handlingsplan for sosialt samhøyr.

Nasjonale minoritetar.

Rammekonvensjonen om vern av nasjonale minoritetar pålegg statane å rapportere til Europarådet om lovgjeving og andre tiltak som er gjennomførte for å setje prinsippa i rammekonvensjonen ut i livet. Arbeidet med Noregs 3. rapport om gjennomføringa av rammekonvensjonen vart starta i 2009. Det europeiske charteret for regions- eller minoritetsspråk har som hovudformål å fremje bruken av minoritetsspråk eller språk som vert brukte i delar av eit land. Ekspertkomiteen vedtok i oktober 2009 den 4. rapporten om Noregs oppfølging av språkcharteret, som vart behandla av Ministerkomiteen i februar 2010. På heile dette området samarbeider Europarådet nært med OSSEs høgkommissær for nasjonale minoritetar.

Barn og ungdom.

Det barnepolitiske samarbeidet i Europarådet er forankra i programmet Eit Europa for og med barn. Ein ny strategi for innsatsområde i programmet for perioden 2009–2011 er utvikla med viktige bidrag frå Noreg. Hovudprioriteringane i strategien er å fremje barn og unges medverknad i samfunnet, eliminere alle former for vald mot barn og arbeide for at barns rettar vert tekne omsyn til innanfor alle politikkområde i Europarådet.

I 2009 vart det utarbeidd retningslinjer for nasjonale strategiar for vern av barn mot alle former for vald. Noreg bidrog aktivt i tekstutforminga. Retningslinjene og strategien vart presenterte for medlemslanda i 2009 i eit nyetablert forum for barns rettar i regi av Europarådet. Retningslinjene vart vedtekne som rekommandasjon av ministerkomiteen i november 2009.

Europarådet forvaltar store ressursar på ungdomsområdet gjennom drifta av ungdomssentra i Strasbourg og Budapest og ved fordeling av tilskot frå Det europeiske ungdomsfondet. Det europeiske ungdomssenteret i Strasbourg har dei siste åra vorte grundig rehabilitert med støtte frå Noreg. Europarådet har inngått ein samarbeidsavtale med Europakommisjonen på ungdomsområdet. Gjennom dette arbeidet engasjerer ein barn og ungdom frå alle medlemsland i aktivitetar som aukar kunnskapane om menneskerettar og demokrati, og om verdiane og arbeidet til Europarådet.

Idrett, kultur og media.

Europarådet har to konvensjonar på idrettsområdet, høvesvis om antidoping og kamp mot tilskodarvald. Utvikling av dialogen mellom europeiske styresmakter og Verdsantidopingbyrået (WADA) har vore eit sentralt tema òg i 2009. Noreg er medlem av den utvida delavtalen for idrett (EPAS) som vart oppretta i 2007. EPAS omfattar no 32 land. Det mest sentrale for Noreg er rolla EPAS speler som arena for alleuropeiske idrettsministermøte og som forum for utvikling av politikk og standardar på idrettsfeltet.

Europarådets styringskomité for kultur (CDCULT) arbeider kontinuerleg med oppfølginga av kvitboka om tverrkulturell dialog som vart vedteken av Ministerkomiteen i mai 2008. Kvitboka formulerer Europarådets prioriteringar og skal vere eit rettleiande verktøy nasjonalt, regionalt og lokalt. Oslo kommune deltek i Europarådets prosjekt for tverrkulturelle byar der kulturelt mangfald vert brukt som ein strategisk ressurs for å stimulere kreativitet og innovasjon i byane i framtida.

Noreg og fleire land har gått inn for styrkt overvaking av vilkåra for ytringsfridomen på mediefeltet i form av ein enklare mekanisme som vert lagt til eit eksisterande europarådsorgan. Den føreslåtte nye modellen vil innebere auka informasjonsinnhenting og koordinering i tillegg til teknisk bistand av ei ny eining i sekretariatet.

Ministerkonferansen om media og nye kommunikasjonstenester i Reykjavik 28.–29. mai 2009 vedtok ein handlingsplan for aktiviteten til Europarådet i dei næraste fire åra og ein resolusjon om antiterrorlovgjeving og konsekvensar for ytringsfridomen.

Noreg har bidrege økonomisk til Europarådets prosjekt «Languages, Policies and the Right to Equality Education for all» og har delteke i prosjektet « The Image of the Other in History Teaching» som vart avslutta i 2009.

Utdanningsdirektoratet arrangerte i 2009 på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet skrivekonkurransen til Europarådet – How do you imagine the European citizen in the future? – i samband med 60-årsjubileet til Europarådet. Målgruppa var ungdom i vidaregåande opplæring.

Kommunalt og regionalt samarbeid.

Noreg legg vekt på å styrkje lokalt og regionalt samarbeid innanfor ramma av Europarådet. Viktige område for det mellomstatlege samarbeidet om lokalt og regionalt demokrati i 2009 har m.a. vore demokratisk medverknad, reformer på regionalt nivå, modellar for interkommunalt samarbeid og erfaringar med tiltak for å dempe verknadene av finanskrisa for kommunane. Ein tilleggsprotokoll til charteret for lokalt sjølvstyre om rett til medverknad i sakene til lokale styresmakter vart opna for signering 16. november 2009. Protokollen blei ratifisert av Noreg 16. desember 2009 som første medlemsland.

Noreg er pilotland i 2009–2010 for utprøving av strategien for innovasjon og godt styresett på lokalt nivå, basert på tolv prinsipp. Europarådets 16. konferanse for ministrar med ansvar for lokalt og regionalt demokrati vart arrangert i Utrecht i Nederland 16.–17. november 2009 og vedtok ein felles europeisk handlingsplan for arbeidet med godt styresett på lokalt og regionalt nivå. Eit sentralt element er at Europarådet må møte utfordringar gjennom å bli meir synleg. På dette grunnlaget er det utarbeidd ein kommunikasjonsstrategi med tiltaksliste for arbeidet til Europarådet på området. Noreg er ein pådrivar i arbeidet.

Kulturminne- og naturforvaltning.

Rammekonvensjonen om verdien av kulturarven for samfunnet (FARO-konvensjonen) vart ratifisert av Noreg 27. oktober 2008 som det første vestlege landet. Konvensjonen er nyskapande og tek fatt i dei samfunnsmessige verdiane av kulturarven. Ved utgangen av 2009 hadde i alt åtte land ratifisert konvensjonen, som trer i kraft ved ti ratifikasjonar. Noreg ved Riksantikvaren har bidrege til ei bok om FARO-konvensjonen som vart lansert i Portugal i november 2009.

Noreg bidreg økonomisk til fleire store prosjekt for å sikre biologisk mangfald på Balkan og i Sør-Kaukasus.

Underteikning, ratifikasjon og tiltreding til nye avtalar i regi av Europarådet i 2009.

Norsk underteikning og ratifikasjon av Europarådsavtalar i 2009 står oppført i vedlegg 2 til denne meldinga.

Reform og effektivisering av Europarådet. Budsjett.

Etter nordisk-baltisk initiativ vert det i handlingsplanen frå Warszawa-toppmøtet stilt krav om reform og effektivisering av organisasjonen og arbeidsmetodane i Europarådet . Formålet er betre balanse mellom oppgåver og ressursar. Mange medlemsland ønskjer nullvekst i budsjettet til Europarådet. For å kunne auke innsatsen mellom anna innanfor virkefeltet til Domstolen er det difor, i tillegg til å auke effektiviteten til Domstolen, nødvendig å prioritere strengare i andre delar av organisasjonen. Regjeringa arbeider for auka ressursar til Domstolen og til tilsyn med oppfølging av dommane og vil arbeide for at dette ikkje skal leie til ein vesentleg reduksjon i dei andre delane av samarbeidet.

Budsjettet for 2009 innebar tilnærma null realvekst. For Noreg var det ei prioritert oppgåve òg i 2009 å arbeide for auka ressursar til Domstolen og dei andre menneskerettsinstrumenta, mellom anna menneskerettskommissæren. Det totale norske budsjettbidraget til Europarådet var i 2009 på 4,78 millionar euro, i tillegg til 0,78 millionar euro i frivillige bidrag og 0,7 millionar euro i tilskot til Menneskerettsfondet.

Noreg vil arbeide vidare for modernisering og reform av organisasjonen i Europarådet, for innsyn og effektivitet, og for at organisasjonen skal få ressursar til å løyse vedtekne oppgåver. Det vil vere ei viktig oppgåve å bidra til at den nye generalsekretæren lukkast med reformprogrammet sitt.

Regjeringa ser verdien av samarbeidet i Europarådet, både på kjerneområda menneskerettar, rettsstat og demokrati og på underbyggjande område. Styrkt menneskeverd er ein klar fellesnemnar. Europarådet som nettverk for fagleg utveksling er av stor verdi, særleg for dei nye medlemslanda.

Til forsida