Prop. 128 L (2013–2014)

Endringer i lov om merking av forbruksvarer mv. (forbrukermerkeloven)

Til innholdsfortegnelse

1 Kommisjonsforordning (EU) nr. 782/2013 av 14. august 2013 om endring av vedlegg III til europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 66/2010 av 25. november 2009 om EU-miljømerket

(Uoffisiell oversettelse)

EUROPAKOMMISJONEN HAR –

med tilvising til traktaten om verkemåten til Den europeiske unionen,

med tilvising til europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 66/2010 av 25. november 2009 om EU-miljømerket1, særleg artikkel 15, og

ut frå desse synsmåtane:

  • 1) For å auke bruken av EU-miljømerket og oppmuntre dei som har produkt som oppfyller kriteria for EU-miljømerket, bør kostnadene knytte til bruk av EU-miljømerket vere så låge som råd, men likevel tilstrekkelege til at dei dekkjer kostnadene til drift av ordninga for tildeling av EU-miljømerke.

  • 2) Forordning (EF) nr. 66/2010 gjer det mogleg å auke høgstegebyra der dette er naudsynt og føremålstenleg.

  • 3) Dei rette organa har utført ei intern evaluering for å vurdere om det gjeldande nivået på gebyra er tilstrekkeleg til å omfatte alle dei oppgåvene som dei er bedne om å utføre i samband med drifta av ordninga for tildeling av EU-miljømerke.

  • 4) Dei tiltaka som er fastsette i denne forordninga, er i samsvar med fråsegna frå det utvalet som er oppnemnt i medhald av artikkel 16 i forordning (EF) nr. 66/2010 –

VEDTEKE DENNE FORORDNINGA:

Artikkel 1

Vedlegg III til forordning (EF) nr. 66/2010 vert bytt ut med teksta i vedlegget til denne forordninga.

Artikkel 2

Denne forordninga tek til å gjelde den 20. dagen etter at ho er kunngjord i Tidend for Den europeiske unionen.

Denne forordninga er bindande i alle delar og gjeld direkte i alle medlemsstatane.

Utferda i Brussel, 14. august 2013.

For Kommisjonen

José Manuel BARROSO

President

Vedlegg

«Vedlegg III

1. Søknadsgebyr

Det rette organet som tek imot ein søknad, skal krevje inn eit gebyr for handsaminga av søknaden. Dette gebyret skal vere på minst 200 euro og høgst 2 000 euro.

Når det gjeld små og mellomstore føretak2 og marknadsdeltakarar i utviklingsland, skal søknadsgebyret ikkje overstige 600 euro.

Når det gjeld svært små føretak3, skal søknadsgebyret ikkje overstige 350 euro.

Søknadsgebyret skal reduserast med 30 % for søkjarar som er registrerte i fellesskapsordninga for miljøstyring og miljørevisjon (EMAS), eller med 15 % for dei som er sertifiserte i samsvar med ISO-standard 14001. Reduksjonane er ikkje kumulative. Dersom vilkåra i begge ordningane er oppfylte, skal berre den største reduksjonen nyttast.

Reduksjonen er avhengig av at søkjaren uttrykkjeleg pliktar seg til å sikre at dei miljømerkte produkta fullt ut oppfyller dei relevante kriteria for EU-miljømerket i heile perioden som avtala gjeld for, og at denne plikta vert innarbeidd i miljøpolitikken og dei einskilde miljømåla på ein tilfredsstillande måte.

Dei rette organa kan påleggje eit gebyr for endring eller lenging av ein lisens. Eit slikt gebyr skal ikkje vere høgare enn søknadsgebyret, og dei reduksjonane som er nemnde ovanfor, skal òg nyttast.

Søknadsgebyret omfattar ikkje kostnader til prøving og kontroll som vert utført av tredjemann, og eventuelle inspeksjonar på staden som tredjemann eller eit rett organ kan krevje. Søkjarane skal sjølve betale kostnadene i samband med slike prøvingar, kontrollar og inspeksjonar.

2. Årleg gebyr

Det rette organet kan krevje at kvar søkjar som har fått tildelt eit EU-miljømerke, skal betale eit årleg gebyr. Dette kan vere eit fast gebyr eller eit gebyr som er fastsett på grunnlag av den årlege salsverdien i Unionen av produktet som har fått tildelt EU-miljømerket.

Gebyret skal dekkje eit tidsrom som tek til den dagen då søkjaren får tildelt EU-miljømerket.

Dersom gebyret vert utrekna som ein prosentdel av den årlege salsverdien, skal det ikkje overstige 0,15 % av denne verdien. Gebyret skal fastsetjast på grunnlag av prisar ab fabrikk, dersom produktet som er tildelt EU-miljømerket, er ei vare. Gebyret skal fastsetjast på grunnlag av leveringsprisen, når produktet er knytt til tenesteyting.

Høgste årlege gebyr skal vere 25 000 euro per produktgruppe per søkjar.

Når det gjeld små og mellomstore føretak, svært små føretak eller søkjarar frå utviklingsland, skal det årlege gebyret reduserast med minst 25 %.

Det årlege gebyret omfattar ikkje kostnader i samband med prøvingar, kontrollar og eventuelle inspeksjonar på staden som kan krevjast. Søkjarane skal sjølve betale kostnadene i samband med slike prøvingar, kontrollar og inspeksjonar.

3. Inspeksjonsgebyr

Det rette organet kan påleggje eit inspeksjonsgebyr.

Fotnoter

1.

TEU L 27 av 30.1.2010, s. 1.

2.

Små og mellomstore føretak og svært små føretak, slik det er definert i kommisjonsrekommandasjon 2003/361/EF av 6. mai 2003 (TEU L 124 av 20.5.2003, s. 36).

3.

Svært små føretak, slik det er definert i rekommandasjon 2003/361/EF.»