Prop. 55 S (2013–2014)

Utbygging og finansiering av E6 på strekninga Korgen – Bolna i Hemnes og Rana kommunar (E6 Helgeland nord) i Nordland

Til innhaldsliste

7 Utprøving av alternativ kontraktstrategi

For å leggje til rette for effektiv gjennomføring av utbetringane på E6 mellom Korgen og Bolna er det lagt opp til å prøve ut ein ny kontraktstrategi. Kontraktstrategien som skal prøvast ut, vil innebere at utbygginga av dei 10 delstrekningane og det meste av drifta og vedlikehaldet av E6 mellom Korgen og Bolna blir lyst ut i ein samla konkurranse. Dette inneber at det blir same entreprenør som vil stå for utbygging, drift og vedlikehald. Kontrakten vil ha ei lengde på inntil 15 år og er kalla «vegutviklingskontrakt».

Utbygginga av delstrekningane vil skje fortløpande over ein periode på fire-fem år i første del av kontraktsperioden. Utbygginga blir finansiert med statlege midlar og lån frå bompengeselskapet. Drift og vedlikehald vil på vanleg måte bli finansiert med statlege midlar over kap. 1320 post 23 Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant og køyretøytilsyn m.m.

Kontraktforma vil innebere at entreprenøren får ansvar for å prosjektere og byggje dei 10 delstrekningane i ein totalentreprise basert på vedtekne reguleringsplanar og gjeldande krav til vegstandard. Entreprenøren vil i utbyggingsfasen ha risikoen knytt til val av tekniske løysingar, mengder og kostnader knytt til dette. I tillegg vil entreprenøren ha risikoen knytt til å oppretthalde vegstandarden på dei strekningane som han har bygd ut, i heile kontraktperioden. Statens vegvesen vil ha den økonomiske risikoen knytt til grunnforhold og eventuelle endringar i planar eller krav til vegstandard.

Entreprenøren vil også få ansvar for drift av E6 på strekninga Korgen – Bolna samt E12 med sidearmar, til saman nærare 170 km.

Formålet med vegutviklingskontrakten er å oppnå stordrifts- og koordineringsgevinstar ved at entreprenøren får eit meir langsiktig og samla ansvar for mange oppgåver på ei lengre strekning. Koplinga mellom utbygging/utbetring og etterfølgjande drift og vedlikehald vil vere incitament for entreprenøren til å finne fram til kvalitetsmessig gode løysingar. Ein annan viktig fordel med denne kontraktstypen er innsparte byggherrekostnader som følgje av mindre behov for byggherrepersonell.

Statens vegvesen har også ved bruk av vegutviklingskontrakt ansvar for reguleringsplanlegging og grunnerverv, og etaten har alt utført dei planleggingsarbeida som var nødvendige for utarbeiding av vedtekne reguleringsplanar. Desse ligg til grunn for gjennomført ekstern kvalitetssikring (KS2). Ved bruk av vegutviklingskontrakt blir alt prosjekteringsarbeid, med nokre få unntak, utført av entreprenøren innafor rammene av Statens vegvesen sine generelle retningslinjer. Entreprenøren vil då både ha høve til å styre prosjekteringsoppgåvene optimalt saman med byggearbeida, og høve til å finne nye og alternative løysningar av oppgåvene.

Vegutviklingskontrakten gir entreprenøren handlefridom i prosjekteringsarbeidet. For sjølve vegbygginga er horisontalkurvaturen fastsett gjennom vedtekne reguleringsplanar, men vertikalkurvaturen blir fastsett av entreprenøren innafor gitte rammer. Arbeid med masseflytting kan på denne måten optimaliserast av entreprenøren. Alle bruer blir også fullt ut prosjekterte av entreprenøren. Ut over generelle retningslinjer stiller Statens vegvesen berre krav til brulengder og -breidder. Bruene kan dermed prosjekterast og byggast på mest lønnsame måte, tilpassa entreprenøren sitt produksjonsopplegg. Her vil til dømes standardisering av bruløysingar og byggemetodar kunne gi innsparingar.

Av omsyn til helse, miljø og tryggleik (HMS) blir tunneldrivinga prosjektert av Statens vegvesen og gjennomført som utføringsentreprise. Det er ikkje ønskeleg at entreprenørane skal konkurrere om mengder på stabilitetssikring av tunnelar. Alt elektroarbeid blir prosjektert og gjennomført av entreprenøren.

For drift og vedlikehald av vegstrekninga blir det skilt mellom dei strekningane der entreprenøren har bygd ny veg og strekningar der entreprenøren berre skal drifte eksisterande veg. Drift og vedlikehald av strekningar som entreprenøren ikkje har utbetra, blir utført i samsvar med Statens vegvesen sine ordinære driftskontraktar. På ny veg får entreprenøren berre betalt for snøbrøyting og anna veravhengig arbeid som han ikkje kan påverke. Det blir ikkje gitt honorar for vedlikehald fordi entreprenøren kan påverke omfanget av dette gjennom utbygginga av desse strekningane. Dette er eit viktig incitament for entreprenøren til å velje løysningar med god kvalitet i byggefasen, til dømes ved val av materialar for vegoverbygninga og val av løysningar for drenering.

Etter gjennomføring av KS2 og det som kom fram der, har Statens vegvesen videreutvikla konkurranseforma. Tildelinga vil no bli gjennomført etter såkalla konkurranseprega dialog. Denne konkurranseforma utnyttar dei aktuelle tilbydarane sin kreativitet til både å finne tekniske løysningar med god kvalitet og løysningar som gir redusert vedlikehald. Tilbydarane sin dugleik innafor både prosjektering, bygging, drift og vedlikehald blir utfordra i tildelingsfasen, og arbeida blir tildelt den entreprenøren som viser seg best eigna for dei spesielle utfordringane som vegutviklingskontrakten gir. Dei kreative resultata frå tildelingsfasen blir så nytta vidare i gjennomføringsfasen.

Statens vegvesen vil evaluere vegutviklingskontrakten. Ei slik evaluering vil vere viktig for å systematisere erfaringar med kontrakten og som grunnlag for å vurdere bruk på vegstrekningar andre stader i landet.