Bevaringsstrategi for kulturhistorisk verdifulle kirkebygg

Til innholdsfortegnelse

Forord

Mariakirken i Bergen

Mariakirken i Bergen er fra år 1140 og ligger i Vestland fylke. Vernestatus: fredet.

Foto: Kirkebyggdatabasen

Etter innføringa av kristendommen og kristenretten på Mostertinget i 1024 starta ei storstilt kyrkjebygging i Noreg. Omkring 1500 kyrkjer vart reist på 1100- og 1200-talet. Dei første kyrkjene vart bygd i tre. Det var vesentleg dyrare å byggje i stein og det var difor framfor alt i byane og i rike jordbruksbygder at det vart bygd steinkyrkjer i den første tida. Etter kvart vart fleire av trekyrkjene erstatta av steinkyrkjer, men det står framleis att nokre trekyrkjer frå den første tida. Stavkyrkjene er døme på dette.

Opp gjennom historia har det vore fleire døme på at den gamle kyrkja på staden vart riven og erstatta av ei ny, og gjerne større, kyrkje. Under siste halvdel av 1800-talet skjedde dette i eit stort omfang, som følgje av nye krav i kyrkjelova av 1851. Kyrkjene skulle ha plass til 3/10 av innbyggjarane i soknet. Eller 2/10 der det var to gudstenester kvar sundag. I eit historisk perspektiv kan vi sjå at dette hadde ein utilsikta og uheldig verknad, då ei rekkje av våre små, men verdifulle, mellomalderkyrkjer forsvann.

Likevel har vi i dag mange kyrkjer der heile eller store delar av bygningskroppen og interiøret kan daterast tilbake til 1100-talet. I mange av kyrkjene som vart rivne og erstatta av ei ny, tok ein dessutan vare på det gamle interiøret og førte det vidare i den nye kyrkja. Slik er kyrkjene unike kulturminne, frå mellomalderen og fram til i dag. Dei fortel historier om alt frå byggjekunst og teknikkar, til religiøse skikkar og levd liv i Noreg. Og slik vil vi at det framleis skal vere. Ei levande folkekyrkje i heile landet krev at kyrkjene blir vedlikehaldne og ikkje forfell.

Med denne bevaringsstrategien markerer vi starten på eit nasjonalt løft for å ta vare på denne fantastiske materielle og immaterielle kulturskatten vår. Den er starten på ei historisk satsing og eit historisk samarbeid mellom kyrkjelege og antikvariske styresmakter.

Dei neste 20 til 30 åra skal staten sikre at det kan brukast inntil 500 millionar kroner årleg på å setje i stand våre kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg gjennom utbytter frå tidlegare Opplysningsvesenets fond og naudsynte tilleggsløyvingar over statsbudsjettet. Dette inntil staten sin del av verdiane i Opplysningsvesenets fond er brukt opp. Regjeringa har vidare sikra at utbytter frå Opplysningsvesenets fond vert sett av til føremålet gjennom eit generasjonsfond når den statlege forpliktinga er nådd. Aldri før har vi sett tilsvarande satsing for å ta vare på historia vår.

Denne statlege forpliktinga er tidlegare estimert til å vere i storleiken 10 milliardar kroner og vil i strategien verte omtalt som «Kyrkjebevaringsfondet». Den endelege verdien vil vere klar når arbeidet med å føre over eigedomar til Den norske kyrkja er ferdig.

Ei slik storstilt satsing, krev brei forankring. Forankring og samarbeid. Difor har vi lytta til faglege råd og organisert forvaltninga av midla som eit samarbeid mellom Den norske kyrkja og Riksantikvaren. Dei skal trekke på kunnskap og erfaringar frå kyrkjeeigarar, kommunar, fylkeskommunar, universitet og høgskular, byggjenæringa, musea og frivilligheita m.m. På lokalt plan vil det bli stilt krav til eit nært samarbeid mellom kyrkja og kommunen, sidan det er kommunane som etter lova har finansieringsansvaret for kyrkjene som staten no går inn og understøttar.

Regjeringa vil opprette eit programstyre for arbeidet, sett saman av Riksantikvaren og Den norske kyrkja ved Kyrkjerådet, preses og KA. Preses i Den norske kyrkja vil leie programstyret. Riksantikvaren vil ha fleirtal i styret for å sikre naudsynte styringslinjer etter økonomiregelverket i staten. Slik sikrar vi at vi også her har ein god balanse mellom kyrkjelege og antikvariske omsyn i arbeidet. For å sikre eit godt samarbeid med kulturmiljøfaglege miljø i andre delar av landet, og med andre kyrkjeeigarar og kompetansemiljø, får programstyret i oppdrag å etablere eit fagråd.

Det formelle forvaltningsansvaret vil liggje til Riksantikvaren, som eit statleg forvaltningsorgan. Sekretariatet som vil bli oppretta for å drive bevaringsprogramma i det daglege, vil vere sett saman av fagressursar frå både Riksantikvaren og Den norske kyrkja ved Kyrkjerådet og Hovudorganisasjonen KA, i tillegg til ei sekretariatsleiing hjå Riksantikvaren. Det vil sikre både kyrkjeleg og antikvarisk kompetanse inn i arbeidet. Administrasjonen for arbeidet vil bli lagt til Trondheim.

Breidda i innsatsen gjev seg òg uttrykk i innretninga av strategien. I ramma av bevaringsstrategien etablerer vi tre bevaringsprogram: Eitt mellomalderkyrkjeprogram, eitt for kyrkjer som er oppført i perioden 1537 til 1850, og eitt for kyrkjer oppført etter 1850. Dette vil gjere det mogleg å innrette innsatsen i tråd med dei ulike behova frå dei forskjellige periodane.

Vidare skal bevaringsstrategiarbeidet gi ein meirverdi for kyrkjelydane, og det skal gi ein meirverdi for lokalsamfunna rundt kyrkjene og for samfunnet som heilskap. Ei god og berekraftig forvalting av kyrkjene fordrar bruk og kunnskap. Nye generasjonar må kunne ta kyrkjene i bruk som folkekyrkje, og lære om denne kulturarven. Arbeidet må gjennomførast på ein korrekt måte, og lokalsamfunna rundt kyrkjene må engasjere seg og kjenne på eigarskap til kyrkjebygget sitt.

Innanfor kvart bevaringsprogram vil det difor bli etablert fire tverrgåande innsatsområde: Bevaring (istandsetjing, sikring og konservering), kunnskap og kompetanse, oppleving og formidling, og engasjement og deltaking. Gjennom ei slik brei tilnærming i strategien, med fleire bevaringsprogram og innsatsområde, vil arbeidet medverke til å sikre framtidig bruk og berekraftig forvalting av våre kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg.

Det er Barne- og familiedepartementet som vil vere programeigar. Slik er det også barne- og familieministeren som vil vere konstitusjonelt og parlamentarisk ansvarleg for arbeidet. Eit tett og godt samarbeid med Klima- og miljødepartementet, som etatsstyrar av Riksantikvaren, er likevel heilt naudsynt for at dette arbeidet skal bli vellukka. Strategien er difor undertegna av oss begge som statsrådar, for å markere at dette er eit arbeid vi står saman om.

Eit historisk samarbeid og ei historisk satsing. Med dette sikrar vi kyrkjene våre som materiell og immateriell kulturarv, slik at dei kan gje innsikt i Noreg si kulturhistorie og halde fram med å vere til glede og bruk som folkekyrkje òg for framtidige generasjonar.

Portrettfoto, Kjersti Toppe

Kjersti Toppe
Barne- og familieminister

Portrettfoto, Andreas Bjelland Eriksen

Andreas Bjelland Eriksen
Klima- og miljøminister

Foto: NTB Kommunikasjon / Statsministerens kontor

Til forsiden