Samandrag
I tråd med Meld. St. 16 (2019–2020) Nye mål i kulturmiljøpolitikken – Engasjement, bærekraft og mangfoldskal bevaringsstrategiarbeidet leggje vekt på kor viktig kulturmiljø er for samfunnet. Bevaringsstrategiar skal strukturere innsatsen for å oppnå dei nasjonale måla ved å koordinere verkemiddel og involvere ulike aktørar.
Den nasjonale bevaringsstrategien for kulturmiljø i næring og industri skal bidra til at eit mangfald av kulturmiljø blir bevart og teke i bruk som ressurs i ei berekraftig samfunnsutvikling. Strategien skal òg bidra til engasjement for kulturmiljø i næring og industri. Bevaringsstrategien har tre deltema som representerer område med særlege utfordringar og moglegheiter innanfor det omfattande kulturhistoriske temaet kulturmiljø i næring og industri.
Deltema 1: Industrien som endrar samfunnet handlar om industriane som har hatt mest å seie for samfunnsutviklinga gjennom tidene. Kulturmiljø frå desse industriane er gjerne omfangsrike og komplekse. Det gjeld både den fysiske utstrekninga, med ulike materielle spor, og kva dei representerer sosialt og kulturelt. Samspelet med andre næringar i verdikjeda, kontakt med omverda og ulike menneskelege ressursar har forma desse industriane. Industrialiseringa har ført til både positive og negative endringar i samfunnet. Kulturmiljø frå desse industriane representerer store kunnskapsverdiar, som ikkje alltid kan takast vare på gjennom fysisk bevaring åleine.
Prioriterte område under dette deltemaet er:
- industrimiljø
- byggverk i industrien
Innsatsen skal bidra til kunnskap og medvit om dei mange sidene ved utviklinga av industrien og måten han har påverka samfunnet på, og skal sikre at sentrale utviklingstrekk i landets industrihistorie blir ivaretekne.
Deltema 2: Dei mangfaldige næringane våre handlar om sårbar og særeigen industriarv som er verdifull for korleis ein opplever tilhøyrsel og identitet i byar og stader. Dei representerer ressursar for verdiskaping og berekraftig bruk av bygningar og areal. Kulturmiljø frå byindustrien rommar store moglegheiter for ombruk, samtidig som arealpress er ei utfordring. Den særeigne småindustrien inneheld unike kulturmiljøverdiar som ikkje er godt nok kjende, og som derfor står i fare for å gå tapt.
Prioriterte område under dette deltemaet er:
- byindustri
- særeigen småindustri
Innsatsen skal bidra til at kulturmiljø etter byindustri og særeigen småindustri blir bevart som del av den mangfaldige industriarven vår og teke i bruk som ressurs for berekraftig bruk, verdiskaping og tilhøyrsel i lokalsamfunn.
Deltema 3: Logistikken i næring og industri handlar om infrastruktur og bevegelege kulturminne. Infrastrukturen har vore avgjerande for at det blei etablert og utvikla næring og industri gjennom historia. Han er òg nødvendig for at ein skal kunne bruke og forstå dei bevegelege kulturminna som delar av ein heilskap. Dei bevegelege kulturminna representerer store verdiar for oppleving og engasjement. Bevaring av bevegelege kulturminne er knytt tett saman med bruk. Hovudtyngda av innsatsen og kompetansen innanfor bevaringa er forankra i frivillig engasjement.
Prioriterte område under dette deltemaet er:
- bevegelege kulturminne
- infrastruktur
Innsatsen skal bidra til at det frivillige engasjementet held fram og kompetansen blir vidareført, og til at infrastruktur og bevegelege kulturminne blir bevarte og brukte.