Kulturmiljø i næring og industri
Kjølnes, Berlevåg. Hellegropene er ein form for forhistorisk industri og blei brukt til å utvinne olje frå marine pattedyr. Produksjonen var særleg omfattande i perioden 600–900 evt. Hellegroper finns i stort antal langs kysten av Nord-Troms og Finnmark.
Foto: Elin Rose Myrvoll, Sametinget.
Den nasjonale bevaringsstrategien for kulturmiljø i næring og industri løftar fram næringsverksemd og industri som ein viktig del av Noregs historie. Heilt sidan forhistorisk tid har produksjon, handel og transport hatt stor betydning for korleis samfunnet utvikla seg. Ulike næringar og industriar har bidrege til økonomisk vekst, teknologisk framgang og etablering av komplekse samfunnsstrukturar. Samtidig har industrialiseringa ført med seg store utfordringar, som miljøforureining, sosial ulikskap og overforbruk av naturressursar.
Bevaringsstrategien omfattar tre deltema
- Industrien som endrar samfunnet
- Dei mangfaldige næringane våre
- Logistikken i industrien
Beskriving og avgrensing
Voiebruket, Vardø. Eit tidlegare anlegg for mottak og foredling av fisk.
Foto: Håkon Kreilinger, Finnmark fylkeskommune.
Bevaringsstrategien for kulturmiljø i næring og industri dekkjer eit mangfald av kulturmiljø frå dei eldste spora etter næringsverksemd og industri og fram til i dag. Han omfattar kulturmiljø knytt til både store og små næringar og industriar, i tillegg til infrastruktur og bevegelege kulturminne.
Strategien er i hovudsak avgrensa til sekundærnæringar. Det vil seie verksemder som foredlar naturressursar og råvarer frå primærnæringane, til dømes landbasert fiskeforedling og reinslakteri. Innanfor industrien er det eit stort spenn, frå enkel bearbeiding av råstoff til avansert fabrikkmessig produksjon. Strategien omfattar ikkje kulturmiljø knytt til primærnæringane fiske, jordbruk og skogbruk.
Næringsverksemd finst i ulike former og storleikar, frå små familiebedrifter til store industriklyngjer. Næringsverksemd går sjeldan for seg isolert, men inngår i verdikjeder og inneber ofte samarbeid mellom fleire aktørar. Både næring og industri er til dømes avhengige av krafttilgang, infrastruktur, teknologi, kapital, arbeidskraft og marknader og omfattar dessutan internasjonal samhandling gjennom import og eksport. Deltemaa i bevaringsstrategien tek omsyn til både dei lange linjene og kompleksiteten i industriutviklinga og skal fremje ei heilskapleg forståing av kulturmiljø i næring og industri.
Bevaringsstrategien omhandlar bevaring og bruk av kulturmiljø knytt til næring og industri. For å kunne ta vare på den materielle kulturarven er vi avhengige av den immaterielle kulturarven, og strategien tek derfor opp i seg kunnskap om materialbruk, drift og vedlikehald.
Fleire av dei norske verdsarvområda har direkte tilknyting til kulturmiljø i næring og industri. Det gjeld til dømes Rjukan-Notodden industriarv, Røros bergstad og Circumferensen, Bryggen i Bergen og Struves meridianboge. Områda som står på Unescos verdsarvliste, representerer natur- og kulturmiljø med framifrå universelle verdiar og har ein status som fører med seg både moglegheiter og forpliktingar.
Utfordringar og moglegheiter
Voiebruket, Vardø. Eit tidlegare anlegg for mottak og foredling av fisk.
Foto: Håkon Kreilinger, Finnmark fylkeskommune.
Det er mange og samansette årsaker til at det kan vere utfordrande å ta vare på kulturmiljø i næring og industri. Fleire av årsakene er samanfallande med store samfunnsdrivarar, som eit klima i endring og endringar i busetjing, demografi, næring og arealbruk.
Kulturmiljø i næring og industri har eit stort potensial for bruk og verdiskaping. Dei kan òg vere ein ressurs for beredskapen i samfunnet, til dømes infrastruktur og teknologi som er bevart i brukbar stand. For å kunne utnytte dette potensialet og samtidig bevare viktig kulturarv er det avgjerande med meir kunnskap om og kjennskap til kulturmiljøverdiane.
Hovudtyngda av det som har eit formelt vern, tilhøyrer den tidlege industrialiseringa av Noreg. For å sikre eit større mangfald er det behov for å ta vare på kulturmiljø med meir næringsmessig, tidsmessig og geografisk spreiing.
Kulturmiljø i næring og industri består ofte av fleire bygningar og konstruksjonar som saman utgjer ein funksjonell heilskap. For at funksjonen skal vere forståeleg, kan det vere viktig å bevare heilskapen. Det kan til dømes vere utfordringar knytte til at bevegelege kulturminne og infrastruktur ikkje blir bevarte i samanheng med kvarandre eller med konteksten dei er brukte i.
Dei enkelte kulturminnetypane kan ofte vere eigde av ulike aktørar, noko som bidreg til kompleksiteten. Ei anna utfordring er at byggverk og areal kan vere forureina av tidlegare nærings- og industriverksemd. Det kan medføre ekstra tiltak og kostnader til miljøsanering.
Å ta vare på kulturmiljø i næring og industri kan vere krevjande ettersom det ofte dreier det seg om store og komplekse bygningar som kan vere kostbare å setje i stand. Samtidig har dei ofte stort potensial for ombruk og utvikling på grunn av storleiken på bygningar og areal.
Spillum, Namsos. Spillum dampsag og Høvleri er eit godt bevart sagbruk og høvleri med ei nær intakt produksjonsline.
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren.
I dag er byggje- og anleggsbransjen stadig meir oppteken av ombruk, gjenbruk og sirkulærøkonomi. SINTEF-rapporten Grønt er ikkebare en farge: Bærekraftigebygninger eksisterer allerede3 konkluderer med at det er eit stort, uutnytta potensial for miljøgevinstar i den eksisterande bygningsmassen. Nedlagde nærings- og industrianlegg, med sine store volum og areal som kan takast i bruk til nye formål, representerer derfor ein viktig ressurs i eit klimaperspektiv og kan vere med på å sikre kulturhistoriske, estetiske og arkitektoniske verdiar.
Enkelte stader er hovudutfordringa mangel på kompetanse, til dømes spesialkompetanse på rehabilitering av stål og betong. Andre stader er utfordringa knytt til det å mobilisere ressursar hos det lokale næringslivet, fagmiljø, frivillige og andre aktørar, slik at kompetansen som finst, kan takast i bruk og haldast ved like. Ei anna utfordring er at det er mangel på opplæringstilbod i fag som er viktige for kulturmiljø i næring og industri, både ulike handverk, mekaniske fag og industrifag.
Det kan òg vere krevjande å oppretthalde kompetanse på bruk, drift og vedlikehald av anlegg, produksjonslinjer og bevegelege kulturminne, mellom anna på grunn av manglande føresetnader forsystematisk deling og vidareutvikling av kunnskap.
Gjennom mange år er det opparbeidd omfattande kompetanse ved dei 15 anlegga som var prioriterte i det tidlegare bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne.4 Det ligg òg betydeleg kompetanse hos frivillige. Kompetansen kan komme fleire kulturmiljø til gode dersom han blir delt. Til dømes er det høve til å kombinere prosessar og foreine krefter for å styrkje kompetansen, kapasiteten og den erfaringsbaserte kunnskapen innanfor både tradisjonshandverk og industrirelaterte fag. Saman med kartlegging av kompetansebehov kan deling gjennom til dømes nasjonale nettverk bidra til å dekkje kompetansemangel i fleire delar av landet.
Samarbeid og tverrfagleg innsats for å auke kunnskapen vil gi betre oversikt over kulturmiljø og eit breiare kunnskapsgrunnlag for forvaltinga. Det styrkjer føresetnadene for å bevare eit tilstrekkeleg mangfald, næringsmessig representativitet og geografisk spreiing. I tillegg gir det eit godt utgangspunkt for å prioritere innsats på tvers av sektorar og fagområde. Eit slikt kunnskapsgrunnlag legg òg til rette for rettleiing og formidling, noko som kan bidra til auka medvit i samfunnet om kva verdiar og ressursar kulturmiljø representerer. Meir samarbeid vil dessutan kunne bidra til meir kunnskap gjennom forsking, dokumentasjonsarbeid og formidling. Frivillige aktørar kan òg bidra med verdifull kompetanse, mellom anna knytt til immateriell kulturarv som handlingsboren kunnskap og munnlege kjelder.
Levande kulturmiljø har stor verdi når ein skal ta vare på både dei materielle og dei immaterielle aspekta ved kulturarv. Kulturmiljø knytt til næring og industri kan ha stor opplevingsverdi, men kvaliteten på opplevingane er i stor grad avhengig av at anlegg, produksjonslinjer og bevegelege kulturminne er i drift. Å drifte slike anlegg er igjen avhengig av at den handlingsborne kunnskapen blir halden i bruk og vidareført.
Flister, Stad. Eit klebersteinbrot som ga kleber til bruk i gryter og vevtyngder gjennom heile jernalderen, og til garnsøkke frå steinalderen og langt ut i nyare tid.
Foto: Birgit Tansøy, Vestland fylkeskommune.
Deltema 1: Industrien som endrar samfunnet
Beskriving og avgrensing
Dette deltemaet tek for seg kulturmiljø som representerer industrihistorie frå forhistorisk tid til i dag. Næring og industri har lagt grunnlaget for Noreg som nasjon og framveksten av velferdsstaten. Dei næringane som har betydd mest for samfunnsbygginga, er dei som har vore størst målte i sysselsetjing, økonomisk verdi og eksport. Døme er mineralutvinning, fiskeforedling, skipsindustri, trelastindustri, kraftintensiv industri, mekaniske verkstader, havbruk og olje- og gassutvinning.
Deltemaet handlar òg om å løfte fram ulike perspektiv i forteljinga om Noregs nærings- og industrihistorie. Arbeidarhistoria går på tvers av kjønn, aldersgrupper og etniske grupper. Industrialiseringa førte til endringar i samfunnet som har utfordra kulturen til urfolk og nasjonale minoritetar. Industrietablering og kraftutbygging har komme i konflikt med ressursgrunnlaget til urfolk, til dømes i samiske reindriftsområde. Vidare har industrien hatt ei rekkje negative konsekvensar for natur og miljø, som store naturinngrep og forureining.
Dette deltemaet skal bidra til kunnskap og medvit om sentrale utviklingstrekk i industrihistoria og korleis industrien har påverka samfunnet.
I deltemaet «Industrien som endrar samfunnet» blir to område prioriterte
- industrimiljø
- byggverk i industrien
Områda er valde ut fordi dei rommar særskilde utfordringar og moglegheiter.
Sanden, Bamble. Kalksteinsbrot der Hydro henta ut kalk til gjødselproduksjon, ca. 1910–1929.
Foto: Eystein Andersen, Telemark fylkeskommune.
Industrimiljø
Industrimiljøet5 er det fysiske miljøet som rommar industriens funksjonelle samanheng og utstrekning. Eit industrimiljø kan omfatte spor etter fleire verksemder og frå ulike periodar. Ulike næringar og industriar er ofte knytte til kvarandre, til dømes gjennom ei leverandørkjede eller ved at dei bruker det same ressursgrunnlaget eller den same infrastrukturen. Nyare industri står på skuldrene av tidlegare industri og byggjer på utviklinga som har vore.
Industrimiljøet viser kva føresetnader som har hatt noko å seie for kvar verksemder er blitt plasserte. For å forstå dei store utviklingsspranga i industrihistoria er det nødvendig å sjå kva faktorar som har vore avgjerande for at industri er blitt etablert og har utvikla seg. Blant dei viktigaste er ressursgrunnlag, landskap, kapital, kompetanse, arbeidskraft og teknologiutvikling. Kva som har vore mest avgjerande, har variert mellom ulike delar av landet og endra seg over tid. Dei tidlegaste industriane var gjerne tett knytte til jakt- og fangstressursar og andre naturressursar som myrmalm og ulike bergartar. Seinare gjorde effektiv transport og nye former for produksjon og distribusjon det mogleg å etablere næring og industri også utanfor områda med naturressursar.
Den tidlegaste industrien bestod gjerne av anlegg som har etterlate seg beskjedne spor i landskapet, til dømes kolgroper til produksjon av kol og hellegroper brukte til utvinning av olje frå marine pattedyr. Strukturen i industrimiljøa kan lesast gjennom korleis bygningar og anlegg er organiserte i forhold til kvarandre og plasserte i terrenget, og viser korleis verksemder har tilpassa seg naturgitte forhold.
Arbeidskrafta er ein viktig føresetnad for sjølve drifta og utviklinga av industrien. Arbeidarhistoria er ein grunnleggjande del av den samla nærings- og industrihistoria og rommar eit mangfald av grupper. Arbeidsinnvandring til Noreg kan sporast heilt tilbake til mellomalderen. På 1600-talet blei mange tyske fagfolk rekrutterte hit for å jobbe i bergverksindustrien. På 1800-talet førte industrietablering til ei stor tilflytting av arbeidskraft, både frå nærområda og frå naboland. Til dømes utgjorde både samar og kvenar/norskfinnar ein stor del av arbeidsstyrken innanfor bergverk og industri i Nord-Noreg. Den moderne arbeidsinnvandringa tok for alvor til i 1960-åra, då Noreg begynte å rekruttere arbeidskraft frå land lenger unna for å dekkje behovet i industrien.
Hermetikkindustri, Stavanger 1909. Lønna var lav, og fabrikklokala var ofte kalde og helseskadelege.
Foto: MUST/Waldemar Eide.
Byggverk i industrien
Byggverk i industrien representerer bygningar og konstruksjonar slik dei har utvikla seg gjennom tidene. Dei speglar ulike funksjonar og produksjonar og omfattar alt frå førreformatoriske kalkomnar til bruer og nyare produksjonsanlegg. Også ruinar etter dei eldste byggverka har kunnskapsverdi knytt til utviklingstrekk i industrielle byggverk.
Ein stor del av byggverka i industrien som er frå tida etter det industrielle gjennombrotet, er teikna av ingeniørar. Den industrielle revolusjonen på 1800-talet skapte behov for teknisk kompetanse på fleire område. Behovet for infrastruktur og krafttilgang førte til at ingeniøren gjorde sitt inntog i industriutviklinga. Den tekniske kompetansen til ingeniørane blei sentral i utforminga av byggverk som kraftverk, bruer, fabrikkar, smelteverk og oljeinstallasjonar. Spesielt innanfor vasskraft og oljeindustri har norske ingeniørar vore pionerar. Løysingane deira har ofte kombinert avansert teknologi med tilpassing til krevjande naturforhold.
Teknologiutvikling er i seg sjølv ei stor drivkraft for omstrukturering og kan føre til utskifting av bygningsmasse og endring i arealbruk. Korleis byggverka er konstruerte, kva formspråk som er brukt, og kva for materiale som er nytta, viser utviklingstrekk i industrihistoria. Det fortel om korleis industrialiseringa førte med seg nye konstruksjonsprinsipp, nye bygningstypar og endringar i arealbruken. Utviklinga kjem òg til uttrykk gjennom at enkeltbygg og større anlegg er blitt bygde om fleire gonger. Vidare finst det regionale særtrekk i industribyggverk i form av til dømes materialbruk og byggjetradisjonar.
Utfordringar og moglegheiter for deltemaet «Industrien som endrar samfunnet»
Kulturmiljø knytt til dei største industriane er ofte omfattande og komplekse. Dei kan òg vere vanskeleg tilgjengelege reint fysisk. Det gir store utfordringar i samband med både dokumentasjon og vern. I tillegg er det aspekt ved historia som ikkje har sett fysiske spor, og som det kan vere ønskjeleg å synleggjere. Det gjeld til dømes korleis ulike menneskelege ressursar har spelt ei viktig rolle i industriutviklinga.
Dokumentasjon kan vere eit viktig verkemiddel i bevaringsarbeidet, både som supplement og som alternativ der juridisk og fysisk vern ikkje er mogleg. Ved å dokumentere kan det komplekse bli meir forståeleg, og dei mange kunnskaps- og opplevingsverdiane som knyter seg til kulturmiljø, kan takast vare på. Dokumentasjon og kartlegging er dessutan nødvendig for å sikre at ein bevarer eit mangfald av kulturmiljø. Det er med på å gi oversikt og betre kunnskap.
Vi kan styrkje kunnskapen om kulturmiljø i industriar gjennom ei tverrfagleg tilnærming til dokumentasjon, til dømes ved å kombinere arkeologiske og historiske metodar. Arkeologiske metodar kan gi nye perspektiv på etterreformatoriske industriminne ved at materialitet og teknologi blir tolka i samanheng med historiske kjelder. Arkivmateriale og munnlege kjelder kan kaste lys over sider ved nærings- og industrihistoria som ikkje har sett fysiske spor, slik som delar av arbeidarhistoria.
Folldal gruver, Folldal. Gruveanlegget representerer den industrielle fasen av bergverksdrifta i Noreg på 1900-talet.
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren.
Å synleggjere nye sider av industriutviklinga gjer at fleire kan identifisere seg med historia. Det nyanserer forteljinga om industrien med omsyn til kven si historie som blir fortald, og kva perspektiv som blir løfta fram. Industriutviklinga har skapt ulike assosiasjonar og erfaringar i befolkninga. Ho har gitt velferd, men òg ført til tap av kultur og levebrød, mellom anna for det samiske folket. Ei meir nyansert framstilling kan gjere historia relevant for fleire og dermed bidra til å inkludere grupper som elles har vore underrepresenterte i historieforteljinga.
Når også dei negative konsekvensane av industriutviklinga blir trekte fram, formidlar historieforteljinga kunnskap som kan vere nyttig for ei berekraftig utvikling. Det gjeld til dømes erfaringar med industriell forureining, kva konsekvensar ho kan få, og korleis ho kan forhindrast gjennom ny teknologi, avfallshandtering og liknande. Mange stader er slike tiltak også ein føresetnad for å kunne bevare gjenverande byggverk og strukturar.
Å løfte fram teknologihistorie kan auke |a for tekniske fag og yrkesfag. Teknologihistoria er ein interessant del av norsk industrihistorie som viser korleis Noreg blei ein teknologinasjon. Slik kunnskap kan utgjere eit godt grunnlag for å vekkje interesse for industrihistorie hos framtidige generasjonar.
Byggverk i industrien er i liten grad blitt systematisk kartlagde og dokumenterte. Forvaltinga har rett nok kunnskap om visse typar byggverk, men den samla kunnskapen om kva kulturmiljøverdiar som finst, er låg. Manglande oversikt aukar faren for tap av kulturmiljø. Ved å leggje til rette for ein felles metodikk og koordinert innsats mellom sektorar og forvaltingsnivå kan vi bidra til eit betre kunnskapsgrunnlag.
Interessentar og aktørar
Under roller og ansvar i innleiingskapittelet blir det gjort greie for sentrale aktørar som forvaltar kulturmiljø. Når ein skal svare på utfordringane og utnytte moglegheitene i dette deltemaet, er det nokre som er særleg relevante.
Det er ulike statlege sektorar som er ansvarlege for kulturmiljø knytt til dei største industriane. Landsorganisasjonen (LO) og Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) er òg heilt sentrale aktørar for næring og industri i Noreg.
Når det gjeld behovet for meir kunnskap, dokumentasjon og kartlegging, kan både universitet og offentlege og private forskingsmiljø vere viktige faglege ressursar. Det gjeld til dømes Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU), dei arkeologiske forvaltingsmusea, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU), høgskular og andre institutt.
Fleire museum har nærings- og industrihistorie som arbeidsområde. Nokre har nasjonale oppgåver, som Norsk Teknisk Museum, mens andre har særskilt ansvar for éin type nærings- og industrihistorie, slik som Norsk Oljemuseum. Innanfor museumssektoren finst det òg ei rekkje nasjonale nettverk og samarbeidsarenaer, mellom anna nettverket for teknologi- og industrihistorie, nettverket for arbeidarkultur og Norges museumsforbunds fagseksjon for industri, kommunikasjon og anlegg. Både museum, arkivinstitusjonar og frivillige organisasjonar forvaltar dokumentasjon om norsk nærings- og industrihistorie, inkludert arbeidarhistoria. Døme er Norsk Industriarbeidermuseum og Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek.
Dei 15 anlegga som var prioriterte i det tidlegare bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne, er viktige aktørar som har kunnskap om både teknologi, arbeidarhistorie og industribygg.
Kommunen er plan- og bygningsstyresmakt, mens Riksantikvaren, fylkeskommunane og Sametinget har eit sentralt rettleiaransvar i samband med kulturmiljøverdiar i planprosessar. Dei har òg ansvar for å utvikle verktøy som kommunane kan bruke til å identifisere kulturmiljøverdiar.
Odda, Ullensvang. Odda smelteverk representerer den kraftkrevjande storindustrien samt teknologi og samfunnsutvikling frå starten av 1900- talet.
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren.
Deltema 2: Dei mangfaldige næringane våre
Beskriving og avgrensing
Dette deltemaet omfattar kulturmiljø knytt til næringar som har betydning for korleis lokalsamfunn har utvikla seg. Nokre har vore små hjørnesteinsbedrifter og sentrale aktørar i lokalmiljøet. Dei er gjerne viktige landemerke på grunn av plasseringa si, storleiken og arkitekturen. Kulturmiljø som bryggjeri, meieri, sykkelfabrikkar og bakgardsindustri gir både tidsdjupn og variasjon til omgivnadene. Dei har ofte stor sosialhistorisk verdi, nært knytt til ulike kulturar og livsgrunnlag, og har potensial til å spegle eit større mangfald. Samtidig har dei stor bruks- og ombrukverdi.
Dette deltemaet handlar om å styrkje medvitet og kunnskapen om kulturmiljøverdiar knytte til dei mangfaldige næringane. Slik kunnskap er avgjerande for å kunne ta vare på særpreg gjennom bevaring og ny bruk. Elles kan kulturmiljø raskt gå tapt når endringstakten er høg og arealpresset stort. Deltemaet rettar derfor søkjelyset mot kulturmiljø som er særleg sårbare.
Deltemaet skal bidra til at mangfaldet i kulturmiljø i næring og industri blir verdsett og kjem til nytte i lokalsamfunn gjennom bevaring, verdiskaping og berekraftig bruk.
I deltemaet «Dei mangfaldige næringane våre» blir to område prioriterte
- byindustri
- særeigen småindustri
Byindustri
Byindustri er kulturmiljø knytt til næring og industri i by. Byindustrien er forma av lokale ressursar, historiske næringsvegar og industriar som har fått tidleg fotfeste. Sidan industrien hadde behov for arbeidskraft, var det mange som flytta til byane. Etter kvart som det vaks fram fleire verksemder og folketalet auka, utvikla det seg eit behov for meir infrastruktur og fleire varer og produkt. Byindustri er gjerne omgitt av bygningar og anlegg med ulike funksjonar og ligg i område med blanda arealbruk.
Kulturmiljø knytt til byindustri finst i ulik karakter og skala, frå små bygningar til store fabrikkanlegg. Ein del av historia ligg òg under bakken, i dei arkeologiske kulturlaga i byane. Byindustri representerer ulike typar produksjon og dreier seg gjerne om industri med moderat arealbehov. Industrien er typisk tilpassa det eksisterande busetnadsmønsteret i byen, til dømes som del av ein kvartalsstruktur med murgardar. Han kan òg kjenneteiknast ved at han har avgrensa ekspansjonsmoglegheiter.
I byar er arealpresset ekstra stort og utviklingstakten høg. Derfor er industribygningar og anlegg med godt bevart eksteriør og interiør, som produksjonslinjer og maskineri, gjerne sjeldnare i byar enn i rurale område. Mange industribygningar i byen er blitt kraftig ombygde eller har fått nye bruksområde. Dei kan likevel vere gjenkjennelege som del av byens historie og eigenart.
Særeigen småindustri
Småindustri er industri i liten skala og med få tilsette. Med særeigen småindustri siktar vi her til unik og mindre utbreidd småindustri. Det kan dreie seg om mangesysleri, som gjekk for seg som binæring til andre livsgrunnlag. Vidare kan det handle om nisjeindustriar tilpassa for å dekkje spesielle behov i marknaden.
Særeigen småindustri representerer eit mangfald av handverksfag og arenaer for utøving av praktisk kunnskap. Det kan vere ulike typar industriell foredling av råvarer frå primærnæringa, som slakteri, ysteri, trandamperi, sagbruk eller møbelsnikkarverksemd. Det kan i tillegg vere verkstader for reparasjon og tilverking av verktøy og utstyr til bruk i anna næringsverksemd.
Den særeigne småindustrien kan òg vere knytt til bestemte folkegrupper og vere viktig for det kulturelle særpreget deira, som ved foredling av produkt frå samisk reindrift.
Skudeneshavn, Karmøy. Tåkelurfabrikken er eit eksempel på særeigen småindustri.
Foto: Jorun Elisabet Aaresvik Hals, Riksantikvaren.
Utfordringar og moglegheiter for deltemaet «Dei mangfaldige næringane våre»
Det er både utfordringar og moglegheiter knytt til det å ta vare på kulturmiljøa til dei mangfaldige næringane. På den eine sida kan dei vere sårbare på grunn av press på areal eller manglande kunnskap om kulturmiljøverdiane. På den andre sida har ein del av dei stort potensial for endringar, noko som kan gi moglegheiter for transformasjon og ny bruk. God informasjon og rettleiing kan gjere fleire merksame på moglege løysingar.
Kulturmiljø knytt til byindustrien og den særeigne småindustrien kan bidra til auka attraktivitet, identitet og tilhøyrsel. Det kan styrkje det lokale engasjementet og den frivillige innsatsen for å ta vare på og bruke kulturmiljø. Kartlegging av og kunnskap om byindustri og særeigen småindustri kan bidra til at eit større mangfald av kulturmiljø blir bevart, og at fleire historier dermed blir representerte. Det gjeld for både næringar og grupper av menneske, mellom anna urfolk og minoritetar.
Vidare kan kulturmiljø knytt til by- og småindustri vere viktige arenaer for å vidareføre immateriell kunnskap, som eldre teknologi og handverk. Å stimulere til at desse kulturmiljøa held fram med å vere aktive arenaer for utøving, gir både nye moglegheiter for næringsverksemd og ei plattform for å vidareføre kunnskapen.
Interessentar og aktørar
Under roller og ansvar i innleiingskapittelet blir det gjort greie for sentrale aktørar som forvaltar kulturmiljø. Når ein skal svare på utfordringane og utnytte moglegheitene i dette deltemaet, er det nokre som er særleg relevante.
Deltemaet handlar om dei mangfaldige næringane våre, og private eigarar, næringsutviklarar, frivillige og andre som forvaltar industrianlegg, vil vere viktige samarbeidspartnarar.
Både offentlege og private forskingsmiljø er sentrale faglege ressursar. Særleg kan utdannings- og forskingsinstitusjonar innanfor bygnings- og miljøteknologi bidra til utvikling av kunnskap om berekraftig ombruk.
Dei 15 anlegga som var prioriterte i det tidlegare bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne, er sentrale aktørar når det gjeld kunnskap om bevaring og utvikling av industriarv. Kompetanse på istandsetjing, vedlikehald og berekraftig ombruk finst òg hos museum, bygningsvernsenter og rådgivingstenester.
Kommunen er plan- og bygningsstyresmakt, mens Riksantikvaren, fylkeskommunane og Sametinget har eit sentralt rettleiaransvar i samband med kulturmiljøverdiar i planprosessar. Dei har òg ansvar for å utvikle verktøy som kommunane kan bruke til å identifisere kulturmiljøverdiar.
Sellevåg. Gulen. Sellevåg treskofabrikk er eit heilskapleg og autentisk anlegg, og eit godt døme på småskalaindustri i Noreg.
Foto: Maria Lytomt, Riksantikvaren.
Deltema 3: Logistikken i næring og industri
Beskriving og avgrensing
Dette deltemaet handlar om å løfte fram infrastruktur og bevegelege kulturminne som ein viktig del av kulturmiljø knytt til næring og industri.
Bevegelege kulturminne og infrastruktur har opna nye moglegheiter for næring og industri ved å leggje til rette for transport av menneske og gods. For å forstå kva dei har betydd i nærings- og industrihistoria, må vi ta vare på dei som delar av ein heilskap. Deltemaet retter merksemda mot kunnskaps- og opplevingsverdiane i samband med bruk, og mot kor viktig det er å kunne nytte bevegelege kulturminne på bevart infrastruktur.
Deltemaet skal bidra til bevaring gjennom bruk og til at frivillig engasjement og kompetanse blir verdsett og teke vare på.
I deltemaet «Logistikken i næring og industri» blir to område prioriterte
- infrastruktur
- bevegelege kulturminne
Infrastruktur
Infrastruktur har vore avgjerande for at næring og industri er blitt etablert og utvikla gjennom historia. Ferdsels- og postvegar har fungert som distribusjons- og forsyningslinjer langt tilbake i tid, mens utviklinga av moderne infrastruktur har vore den viktigaste føresetnaden for nærings- og industriutviklinga i nyare tid. Utbygginga av ny infrastruktur på 1800-talet var både ein føresetnad for og eit resultat av den industrielle revolusjonen. Særleg avgjerande var overgangen til dampskip og utbygginga av jernbane, vegar, telegraf- og postnett, kanalar, kraftverk og overføringssystem. Seinare har også utbygginga av transportnett som luftfart og nettverk for informasjonsteknologi vore sentral for utviklinga i industrien.
Den fysiske infrastrukturen omfattar mange typar kulturminne. Desse kan betraktast som sjølvstendige objekt, som delar av eit industrianlegg eller som element i større transportnettverk. Det kan til dømes vere bruer, kaianlegg, kanalar, jernbanespor og telekommunikasjonstårn. Felles for denne typen kulturminne er eit høgt innslag av materiale som betong og stål, i tillegg til tre.
Det prioriterte området omfattar i hovudsak infrastruktur som kan gjerast tilgjengeleg eller leggjast til rette for bruk av bevegelege kulturminne.
Garnes stasjon, Bergen. Gamle Vossebanen opna i 1883, og strekninga mellom Tunestveit og Mitdtun er freda. Det er museumstogdrift på banen.
Foto: Ivar Gubberud, Norsk Jernbaneklubb.
Bevegelege kulturminne
Bevegelege kulturminne er ein sentral del av historia om utviklinga av infrastruktur og teknologi i Noreg. Omgrepet famnar eit breitt spekter når det gjeld type, alder, historie og bruk og omfattar både motoriserte og ikkje-motoriserte kulturminne. Dei kan ha vore integrerte i industriproduksjon som spesialiserte maskiner og vedlikehaldsutstyr, og dei kan òg ha vore viktige innanfor forsking og vitskap.
I nærings- og industrihistoria har bevegelege kulturminne hatt mange bruksområde, mellom anna innanfor transport av arbeidskraft, råstoff og produkt. Rullande materiell som bussar og lastebilar og skjenegåande materiell som tog og trikkar har vore viktige transportmiddel for både menneske og gods. Det finst òg bevegeleg materiell til bruk i produksjon og vedlikehald, som til dømes landbruksmaskiner. I petroleumsindustrien har supplyskip sørgt for forsyningar til oljeplattformer, mens helikopter har frakta arbeidskraft til og frå plattformene. Også luftballongar, rakettar og satellittar kan reknast som bevegelege kulturminne, og dei er blitt brukte innanfor både kommunikasjon, forsking og vitskap.
Det prioriterte området skal leggje særleg vekt på bevegelege kulturminne som har stort frivillig engasjement og kompetansemiljø knytte til seg.
Kaikran, Harstad. Kran knytt til fiskeribasert næringsliv. Den blei også brukt til å løfte småbåtar på land.
Foto: Nils Marius Johansen, Troms fylkeskommune.
Utfordringar og moglegheiter for deltemaet «Logistikken i industrien»
Å bevare infrastruktur krev brei kompetanse innanfor ingeniørfag og drift, i tillegg til materialkunnskap og handverkskompetanse. Både for infrastruktur og for bevegelege kulturminne er kompetansen relevant for fleire fagmiljø, særleg innanfor stål, betong, mekanikk og teknologi.
Samanhengen mellom bevegelege kulturminne og infrastruktur er viktig for både opplevinga og forståinga av kulturmiljø. Når bevegelege kulturminne blir tekne i bruk på bevart infrastruktur, blir det eit meir levande kulturmiljø. Tog, bussar og fly tilfører til dømes meining til fast infrastruktur som jernbaneanlegg, veg og flystriper. For at bevegelege kulturminne skal kunne brukast meir på eksisterande infrastruktur, må ein identifisere kva infrastruktur som kan gjerast tilgjengeleg for bruk. Tilrettelegging for bruk styrkjer samspelet mellom immateriell og materiell kulturarv og støttar samtidig opp under det frivillige engasjementet.
Kompetansen på å bruke og halde ved like bevegelege kulturminne ligg i hovudsak hos frivillige. Miljøa som tek vare på og formidlar desse kulturminna, har over tid bygd opp høg kompetanse på både bevaring og drift. Denne kompetansen er ein føresetnad når ein skal ta hand om dei bevegelege kulturminna. Å leggje betre til rette for bruk av bevegelege kulturminne bidreg ikkje berre til bevaring, men òg til å stimulere det frivillige engasjementet og oppretthalde nødvendig kompetanse. Når vi bruker desse kulturminna, fremjar vi trivsel og folkehelse.
Bevegelege kulturminne har størst formidlings-, kunnskaps- og opplevingsverdi når dei framleis er bevegelege. Det føreset bevaring gjennom bruk. Kulturminna representerer særlege moglegheiter til å gjere kulturmiljø levande og tilgjengelege og har dessutan eit verdiskapingspotensial knytt til opplevingar, til dømes innanfor turisme.
For at dei bevegelege kulturminna skal kunne brukast, må dei vere i driftsklar stand, og det krev ofte lisensar og sertifiseringar for både personell og materiell. Det kan òg vere miljøkrav og insentiv for overgang til ny teknologi som kan føre til avgrensingar eller avgifter fordi dei bevegelege kulturminna nyttar eldre teknologi.
Norsk Luftfartsmuseum, Bodø. Ein del av interiøret i flyet «Sopwith Baby», som er nybygd etter originale teikningar frå Marinens Flyvebaatfabrikk. Motor, propellar og dei fleste instrumentene er originale og bygd om lag 1917. Flytypen er Noregs første jagerfly.
Foto: Arvid Martinussen, Bodø Luftfartshistoriske foreining.
Tilgang til infrastruktur er likevel ei stor utfordring. For fly gjeld det tilgang til flyplassar og rullebanar. For tog handlar det særleg om høvet til framleis å kunne trafikkere det nasjonale jernbanenettet.
Interessentar og aktørar
Under roller og ansvar i innleiingskapittelet blir det gjort greie for sentrale aktørar som forvaltar kulturmiljø. Når ein skal svare på utfordringane og utnytte moglegheitene i dette deltemaet, er det nokre interessentar og aktørar som er særleg relevante.
Deltemaet handlar om logistikken i industrien, og eigarar av både infrastruktur og bevegelege kulturminne kan vere viktige samarbeidspartnarar. Fleire bevegelege kulturminne er i privat eige eller blir ivareteke av frivillig sektor, til dømes gjennom foreiningar under Kulturvernforbundet. Offentlege verksemder som Bane Nor, Jernbanedirektoratet, Vegdirektoratet og Statens vegvesen eig store delar av den bevarte infrastrukturen. I tillegg er det ei rekkje museum, mellom anna Vestagdermuseet, Norsk vegmuseum og Norsk jernbanemuseum, som eig både bevegelege kulturminne og infrastruktur. Dei forvaltar òg kunnskap og dokumentasjon og har kompetanse på bevaring og speler ei viktig rolle når historia skal formidlast.
Også fylkeskommunane, kommunane og tilsynsmakter som Jernbanetilsynet er viktige aktørar innanfor infrastruktur og bevegelege kulturminne.
Dei 15 anlegga som var prioriterte i det tidlegare bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne, er sentrale aktørar når det gjeld å vidareutvikle og dele kompetanse og drift av både infrastruktur og bevegelege kulturminne.
Utdanningsinstitusjonar som tilbyr teknisk og yrkesfagleg opplæring, er avgjerande for å kunne utvikle og vidareføre kunnskap og kompetanse på feltet.
Fotnotar
Dei 15 anlegga er Atlungstad brenneri, Bredalsholmen verft, Fetsund lenser, Folldal gruver, Haldenkanalen, Kistefos Træsliberi, Klevfos Cellulose- & Papirfabrikk, Neptun Sildeoljefabrikk, Næs Jernverksmuseum, Odda smelteverk, Rjukanbanen, Salhus Tricotagefabrik, Sjølingstad Uldvarefabrik, Spillum Dampsag & Høvleri og Tyssedal kraftanlegg.