Bustøttelova

Bustøttelova

Den statlege bustøtta er ei økonomisk stønadsordning med føremålet å sikre personar med låge inntekter og høge buutgifter ein høveleg bustad.

Søkjar har krav på bustøtte dersom han og dei andre i husstanden fyller vilkåra i lov om bustøtte og forskrift om bustøtte.

Det er Husbanken og kommunane som forvaltar ordninga. Klager på vedtak om bustøtte blir avgjorde av Klagenemnda for Husbanken.

Lova:

LOV-2012-08-24-64 Bustøttelova. Bustøttelova | Bostøtteloven Lov om bustøtte (bustøttelova) (2012-08-24)

Forskrifter:

  1. FOR-2012-11-29-1283 Forskrift om bustøtte. Bustøtte | Bostøtte Forskrift om bustøtte (2012-11-29)
  2. FOR-2012-10-31-1182 Forskrift om klagenemnd for Husbanken
    Forskrift om klagenemnd for Husbanken (2012-10-31)

Forarbeider:

Lov om bustøtte:
St.prp. nr. 11 (2008-2009), Ei styrkt bustøtte

Innst. S. nr. 160 (2008-2009)

Prop. 76 L (2011-2012) Lov om bustøtte (bustøttelova)

Innst. 323 L (2011-2012) 

Sjå lova på lovdata.no