Digitalt kvalitetsinnhold i Europa (eContent Plus) (2005-2008)

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Nærings- og handelsdepartementet

Digitalt kvalitetsinnhold i Europa (eContent Plus) (2005-2008)

Dokumenter

Norge:

St.prp. nr. 61 (2004-2005) - Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsvedtak nr. 456/2005/EF av 9. mars 2005 om fellesskapsprogrammet for å fremje europeisk digitalt innhald i globale nett (eContent plus)

EØS:

EØS-komiteens beslutning nr. 129/2005 av 30.9.2005 (EØS-tillegget nr. 66/2005, 22.12.2005 s.33)

EU:

Europaparlaments- og rådsbeslutning nr. 456/2005/EF av 9. mars 2005 om opprettelse av et flerårig fellesskapsprogram for å gjøre digitalt innhold i Europa mer tilgjengelig, mer anvendelig og enklere å utnytte (Vedlegg II til St.prp. 61 (2004-2005))

Om programmet

Eit sentralt initiativ under Lisboa-strategien er EU sin handlingsplan for informasjonssamfunnet 2005-2010, ”i2010 – A European Information Society for growth and employment”. i2010 er eit politisk program og eit overordna rammeverk for mellom anna EU-programma e-Ten, eContentplus, Safer Internet Plus og for ei rekkje aktivitetar innanfor forsking, forretningsutvikling, utdanning og elektronisk forvalting (e-Government).

eContentplus handler om å gjere digitalt kvalitetsinnhald meir tilgjengelig – på tvers av land og språkområde. Aktivitetane innanfor programmet har både offentlige og private aktører på innhaldsområdet som målgruppe, og er konsentrerte rundt følgjande tre tiltaksområde:

  1. Tiltak for å betre tilgangen, bruken og vidareforedlinga av digitalt innhald innanfor det europeiske fellesskapet.
  2. Tiltak for å leggje til rette for auka kvalitet og for å fremje gode eksempel knytt til digitalt innhald mellom produsentar og brukarar av digitalt innhald på tvers av sektorane.
  3. Tiltak for å styrkje samarbeid mellom offentlege og private innhaldsprodusentar og brukarar, mellom anna organisasjonar og verksemder som gjev eksisterande innhald auka verdi.

Programmet fokuserer på områder kor marknadsutviklinga er særleg svak:

  • Geografisk/stadfesta informasjon
  • Kulturell og vitskapelig innhald (digitale bibliotek)
  • Digitale læringsressursar i skole og utdanning

Offentleg informasjon inngår ofte i verdikjeda for digitale innhaldstenester og det vert difor lagt stor vekt på å auke kunnskapen om kor viktig offentlege data er både økonomisk og samfunnsmessig. Tiltaka skal fremje effektivt samarbeid om bruk av offentleg informasjon på tvers av grensene og mellom privat og offentleg sektor, auke bruken av digitale innhaldsressurser på europeisk basis, og leggje til rette for alleuropeiske innhaldstenester.

Nærings- og handelsdepartementet har hovedansvar for norsk deltaking i eContentplus-programmet i Noreg. Norske myndigheiter deltar i EUs forvaltningskomité for programmet. Norsk representant i komiteen er:

Eivind Lorentzen

Nærings- og handelsdepartementet

Tlf. 22 24 63 53

Det er og etablert ein funksjon som Nasjonalt kontaktpunkt (NCP) for programmet, med oppgåve å mobilisere og informere aktuelle norske verksemder om moglegheitene med eContentplus, og hjelpe med vegleiing i søknadsarbeid og relevant informasjon om pågåande prosjekt, moglege samarbeidspartar etc. Oppgåva som NCP er satt bort til konsulentselskapet Scandpower Information Technology Oslo AS. Kontaktperson er:

Gjermund Lanestedt

Teleplan AS

Tlf: 951 95 648

Det er oppnemnt eit fagstyre som gjev NCP bistand i arbeidet med å vurdere verkemidlar for å sikre høg norsk deltaking i programmet. i fagstyret deltek bransjeorganisasjonar, sentrale verkemiddelaktørar, departement og underliggande verksemder.

Programmet hadde sin fyrste utlysing (26 MEURO) hausten 2005. Av 19 søknader som nådde opp, deltek det norske verksemder i seks prosjekter. Utlysinga av 2006-midlene (27 MEURO) har søknadsfrist 19. oktober. Kommisjonen vil etter planen og lyse ut midlar hausten 2007 og hausten 2008.

Informasjon

Europakommisjonens informasjonssider: eContentplus programme

Nasjonalt kontaktpunkt: http:// www.econtentplus.no

Budsjett

eContentplus (2005-2008) har eit EU-budsjett på 163 millionar euro. Noreg bidreg med eit tillegg på ca. 2%, dvs.ca. 26 millionar kroner.