Forskrift om opptak til høyere utdanning

Forskriften gjelder for opptak til grunnutdanninger ved institusjoner under lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler.

 Forskrifta gjeld for opptak til grunnutdanningar ved institusjonar under lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler. Kapittel 6 i forskrifta, om politiattest, gjeld for opptak til høgre utdanning, jf. lov om universiteter og høyskoler § 4-9.
(2) Med grunnutdanning er meint utdanningar som normalt byggjer på vidaregåande opplæring, og som ikkje byggjer på eller har anna høgre utdanning som del av opptakskrav.
(3) Det er normalt krav om generell studiekompetanse for opptak til all grunnutdanning der det ikkje er fastsett unntak, jf. kapittel 3 i denne forskrifta. I tillegg til kravet om generell studiekompetanse har departementet fastsett spesielle opptakskrav for enkelte utdanningar, jf. kapittel 4.
(4) Forskrifta, med unntak av kapittel 6 om politiattest og kapittel 10 om falske vitnemål, falske dokument og dokument utferda av falske institusjonar, gjeld ikkje ved innpassing etter første studieår i fleirårige profesjonsutdanningar, for opptak til utdanning som byggjer på grunnutdanning, «profesjonsdelen» av utdanning og etter- og vidareutdanning. For slike utdanningar har institusjonane fullmakt til å fastsetje opptakskrav og rangeringsreglar sjølve dersom departementet ikkje har fastsett slike i anna forskrift eller rammeplan.
(5) Departementet kan frita enkeltstudium frå reglane i denne forskrifta.
(6) Forskrifta gjeld òg, med visse unntak, jf. forskrifta § 8-1, for klagar over enkeltvedtak i den nasjonale opptaksmodellen (NOM) for grunnutdanningar ved universitet og høgskolar som blir organisert av tjenesten Samordna opptak.
Se forskriften på lovdata.no

Tilhørende lov