GI-11/2011 Instruks om praktiseringa av utlendingslova § 49 første ledd (opphaldsløyve til familiemedlemer til diplomatar mv. og hjelpepersonale)

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Justis- og politidepartementet

Utlendingsdirektoratet
Postboks 8108 Dep
0032 OSLO

 

 

 

 

Nr.

Vår ref

Dato

GI-11/2011

201011589

03.11.2011

 

GI-11/2011 Instruks om praktiseringa av utlendingslova § 49 første ledd (opphaldsløyve til familiemedlemer til diplomatar mv. og hjelpepersonale)

 

 1. Innleiing

Justis- og politidepartementet viser til lov 15. mai 2008 nr. 35 om utlendingers adgang til riket og deres opphold her (utlendingslova) § 76 andre ledd, som inneber at departementet kan gi Utlendingsdirektoratet (UDI) generelle instruksar om lovtolking, skjønnsutøving og prioritering av saker. Departementet viser vidare til vedlegg 9 til rundskriv A-63/2009 om ikraftsetjing av ny utlendingslov og ny utlendingsforskrift (ikraftsetjingsrundskrivet).

Utlendingslova (ul) § 49 første ledd slår fast at det i visse tilfelle kan gjevast opphaldsløyve til andre enn dei som er omfatta av dei øvrige reglane om familieinnvandring. Regelen lyder som følgjer:

«Dersom sterke menneskelige hensyn tilsier det, kan oppholdstillatelse også gis til andre familiemedlemmer enn nevnt i §§ 40 til 53, og det kan gjøres unntak fra vilkår knyttet til referansepersonens status.»

I vedlegg 9 til ikraftsetjingsrundskrivet, første avsnitt på side 7, understreka Justis- og politidepartementet at det i medhald av ul § 49 kan gjevast opphaldsløyve til familiemedlemer til diplomatar mv. som nemnd i utlendingsforskrifta § 1-4 første ledd, som ikkje er omfatta av unntaket frå kravet om opphaldsløyve i forskrifta § 1-5.

Hensikta med denne presiseringa var å sikre at opphaldsløyve som hovudregel vert gjeve til dei aktuelle personane. Formuleringa tek omsyn til Noregs diplomatiske samarbeid med andre statar og legg til rette for at familiemedlemer til diplomatar mv. kan ta opphald i Noreg. For å justere praksis og sikre at dette føremålet blir ivareteke, vil Justis- og politidepartementet no styrke Utanriksdepartementet si rolle i avgjerdsprosessen og tydeleggjere at den aktuelle personkrinsen normalt skal gjevast opphaldsløyve dersom Utanriksdepartementet oppmodar om det, jf. pkt. 2.1 nedanfor. Vi understrekar likevel at avgjerdskompetansen ligg hjå UDI, og at UDI har eit ansvar for å sikre at personkrinsen ikkje vert for vid. Terskelen for å leggje avgjerande vekt på innvandringsregulerande omsyn skal imidlertid ligge høgt i desse sakene.

2. Instruks

I vedlegg 9 til rundskriv A-63/2009 heiter det i første avsnitt på side 7:

Bestemmelsen i lovens § 49 første ledd om at det kan gjøres unntak fra vilkårene knyttet til referansepersonens status dersom ”sterke menneskelige hensyn tilsier det”, åpner for at det etter en konkret vurdering også kan gis oppholdstillatelse til familiemedlemmene til diplomater mv. som nevnt i forskriftens § 1-4 første ledd, som ikke omfattes av unntaket fra kravet til oppholdstillatelse i § 1-5.

Formuleringa er noe upresis. Rett tekst skal vere:

Bestemmelsen i lovens § 49 første ledd åpner for at det etter en konkret vurdering også kan gis oppholdstillatelse til familiemedlemmene til diplomater mv. som nevnt i forskriftens § 1-4 første ledd, som ikke omfattes av unntaket fra kravet til oppholdstillatelse i § 1-5 første ledd (ektefelle, samboer og barn). Bestemmelsen åpner videre for at det etter en konkret vurdering også kan gis oppholdstillatelse til familiemedlemmene til utlendinger som nevnt i forskriftens § 1-4 tredje ledd (utlending som er hjelpepersonale ved diplomatisk eller konsulær stasjon eller i privat tjeneste hos utlending som nevnt i forskriftens § 1-4 første ledd), som ikke er omfattet av § 1-5 fjerde ledd (ektefelle, samboer og barn).

2.1 Nærare om familieinnvandring med diplomatar mv.

Første setning i den korrigerte teksten ovanfor slår fast at det også kan gjevast opphaldsløyve til andre familiemedlemer enn dei som er nemnt i § 1-5 første ledd (ektefelle, sambuar og barn) når referansepersonen er diplomat mv. som nemnt i forskrifta § 1-4 første ledd. Departementet vil peike på at det i denne samanheng skal leggjast til grunn ei vid og skjønnsam forståing av uttrykket “andre familiemedlemmer”. Til dømes vil eldre foreldre og svigerforeldre til ein diplomat, eller særkullsbarnet til diplomaten si ektefelle, kunne vere omfatta her.

UDI instruerast vidare med dette om at det ved vurderinga av om det bør gjevast løyve i medhald av ul § 49 i desse sakane, skal innhentast uttale frå Utanriksdepartementet eller anna myndigheit som utlendingen er tilmeld og akseptert av. Av uttalen skal det gå fram kva som er vedkomande myndigheit si tilråding, og grunngjevinga for denne. Det skal også gå fram kva for omsyn som er vurdert og vektlagt.

UDI skal leggje betydeleg vekt på denne uttalen ved vurderinga av om det skal gjevast opphaldsløyve etter ul § 49 i desse sakene.

Departementet understrekar at slikt opphaldsløyve ikkje gjev rett til å arbeide, og at det ikkje varer lenger enn referansepersonen sitt tilsettingsforhold. Etter utlendingsforskrifta § 10-11 kan det gjerast unntak frå underhaldskravet på grunn av særleg sterke menneskelege omsyn. I sakene som omhandlast her, kan unntaksadgangen praktiserast meir lempeleg enn normalt. Eit viktig moment ved vurderinga av om det skal gjerast unntak vil vere om UDI finn at referansepersonen reelt sett kan forsørgje familiemedlemen.

Departementet legg til grunn at Utanriksdepartementet og UDI einast om hensiktsmessige rutinar for utveksling av informasjon og anna samarbeid om desse sakane.

2.2 Nærare om familieinnvandring med hjelpepersonale

Den andre setninga i den korrigerte teksten ovanfor slår fast at det også kan gjevast opphaldsløyve til familiemedlemer til hjelpepersonale som nemnt i forskrifta § 1-4 tredje ledd, som ikkje er nemnt i § 1-5 fjerde ledd (ektefelle, sambuar og barn).

Omsyna som er omtalt under pkt. 1 ovanfor, gjeld ikkje på same måten i desse sakene. Ved vurderinga av om det skal gjevast opphaldsløyve etter ul § 49 i desse tilfella, skal det difor takast utgangspunkt i ei ordinær vurdering etter ul § 49, inkludert ei ordinær vektlegging av innvandringsregulerande omsyn. Det skal heller ikkje generelt leggjast til grunn noko vid eller skjønnsam forståing av uttrykket “andre familiemedlemmer”. Vidare skal Utanriksdepartementet ikkje ha noko styrka rolle ved avgjerdsprosessen i desse sakene. Plikta til å innhente og leggje stor vekt på uttale frå Utanriksdepartementet og andre myndigheiter som går fram under pkt. 2.1 ovanfor, gjeld difor ikkje i desse tilfella.

Føremålet med å omtale desse sakene i instruksen her, er å korrigere den opphavlege upresise formuleringa i ikraftsetjingsrundskrivet. Departementet legg ikkje opp til at instruksen skal innebere noko praksisendring for desse sakene.

 

Med helsing

 

Nina E. D. Mørk (e.f.)
avdelingsdirektør

                                                                                                               Sigurd Bordvik
                                                                                                               rådgjevar

 

 

 

Kopi:
Utlendingsnemnda
Politidirektoratet
Utanriksdepartementet
Arbeidsdepartementet