Høyring - framlegg om endring av betalingsordninga for petroleumsskatt

Resultat: Vedtatt som foreslått, jf. Ot.prp. nr. 59 (2007-2008) kap. 5.

Status: Ferdigbehandlet

Høyringsfrist: 14.03.2008

Vår ref.: 06/5313 SL IBG

Høyring - framlegg om endring av betalingsordninga for petroleumsskatt

 

I høyringsnotatet som ligg ved sendinga gjer Finansdepartementet greie for eit framlegg om endring av betalingsordninga for petroleumsskatt.

I dag blir petroleumsskatt (terminskatt) betalt to gonger i året, 1. oktober i inntektsåret og 1. april i etterfølgjande år. Finansdepartementet gjer framlegg om at talet på terminar for betaling av petroleumsskatt vert auka frå to terminar til seks like store terminar med forfall jamt fordelt utover året. Forfall for terminane blir 1. august, 1. oktober og 1. desember i inntektsåret, og 1. februar, 1. april og 1. juni i det etterfølgjande året.

Departementet ber om merknader til framlegget innan 14. mars 2008. Vi ber om at merknadene, i tillegg til å bli sendt på papir, også blir sendt som e-post til adressa ”postmottak@fin.dep.no”.

Med helsing


Stig B. Sollund  e.f.
ekspedisjonssjef

                                                           Ingvild Brandal Gaasemyr
                                                           rådgjevar

Vedlegg

1. Innleiing


I dag blir petroleumsskatt (terminskatt) betalt to gonger i året, 1. oktober i inntektsåret og 1. april i etterfølgjande år. Innbetalingane er no så store at dei skaper uvisse i pengemarknaden og gjennomføringa av betalingsoppgjer i bankane. Finansdepartementet gjer framlegg om at talet på terminar for betaling av petroleumsskatt vert auka frå to terminar til seks like store terminar med forfall jamt fordelt utover året. Beløpet som blir betalt inn skal vere likt for dei tre første og for dei tre siste terminane, dvs. at det berre er mogleg å endre storleiken på utskriven terminskatt før fjerde termin med verknad for dei tre siste terminane. Framlegget er tilnærma provenynøytralt og har berre små administrative følgjer.

2. Gjeldande rett

Etter gjeldande reglar blir skatt på petroleumsverksemd betalt i to terminar med forfall 1. oktober i inntektsåret og 1. april i året etter, jf. petroleumsskattelova § 7. Skatten som er att forfell til betaling tre uker etter at likninga er lagt ut. Terminskatten kan bli satt opp og ned fram til forfallstida for siste betaling, jf. petroleumsskattelova § 7 nr. 3. Den skattepliktige skal få uttale seg før ei slik endring. Ifølgje petroleumsskattelova § 7 nr. 5 gjer departementet vedtak om renter av terminskatt og av restskatt, utrekningstidspunkt for renter av restskatt, renter på for mykje betalt skatt, renter ved endring av likning mv. Departementet har også gitt føresegn 5. september 1980 nr. 4 om utskriving, betaling og avrekning av terminskatt m.v. med heimel i petroleumsskattelova § 7 nr. 6. Av denne føresegna følgjer det mellom anna at det skal svarast renter av halvparten av forskjellen på innbetalingane når det er betalt inn forskjellig terminskatt i første og andre termin. Rentesatsen er 2,75 pst., som svarar til 5,5 pst. p.a., jf. føresegna § 11.

3. Departementets vurderingar og framlegg

I dag blir petroleumsskatt (terminskatt) betalt inn to gonger i året. Innbetalingane er no særs store, og dei var på om lag 94 mrd. kroner i oktober 2007. Betaling av skatt trekkjer inn likviditet frå det norske banksystemet. Noregs Bank legg i likviditetsstyringa opp til at bankane samla har innskot i Noregs Bank. Rentene i pengemarknaden vil då liggje like over styringsrenta, og rentesettinga til Noregs Bank får gjennomslag i rentemarknaden. Dei høge innbetalingane av petroleumsskatt fører såleis til at banksystemet må få tilført likviditet frå Noregs Bank i dei første månadene etter forfall av petroleumsskatten. Noregs Bank tilfører likviditet gjennom såkalla sikra F-lån. Når behovet for tilførsel av likviditet er særs stort, ønskjer gjerne bankane å ha meir likviditet enn dei normalt treng til betalingsoppgjera, for å vere sikre på å kunne gjere opp for seg også i fall noko uventa skulle skje. Det kan skape uvisse i marknaden og gjere lånemarknaden mellom bankane mindre velfungerande. Uvissa er særleg stor for utanlandske bankar, som ikkje kan ta opp lån i Noregs Bank. Difor har det vore ein tendens til at pengemarknadsrentene har gått opp rundt terminforfall for oljeskatten. I slike tilfelle er det vanskeleg for Noregs Bank å sjå kor store ekstraordinære tilførslar som er naudsynte for å unngå store utslag i rentene i marknaden.

I haust har uvissa som har prega finansmarknadene både internasjonalt og i Noreg forsterka uvissa som storleiken på petroleumsskattane er opphav til. Departementet ønskjer å unngå at skattesystemet har slike uheldige utslag.

Finansdepartementet gjer på denne bakgrunn framlegg om å auke talet på betalingsterminar frå to til seks terminar, med forfall jamt fordelt utover året. Forfall for terminane blir 1. august, 1. oktober og 1. desember i inntektsåret, og 1. februar, 1. april og 1. juni i det etterfølgjande året. Beløpet som blir betalt inn skal vere likt for dei tre første og for dei tre siste terminane, dvs. at det berre er mogleg å endre storleiken på utskriven terminskatt før fjerde termin med verknad for dei tre siste terminane.

Departementet kjem også til å endre dei utfyllande føresegnene til lova for å samordne dei med endringane i betalingsordninga. Det gjeld særleg reglane om rentebetaling. Vidare vil departementet gjere naudsynte tilpassingar i skattebetalingslova 2005 § 10-22, som er venta å gjelde frå 2009.

Departementet viser til framlegg til endring av petroleumsskattelova § 7 og føresegn av 5. september 1980 om utskriving, betaling og avregning av terminskatt mv. §§ 1, 2 og 3.  

4. Iverksetjing

Departementet gjer framlegg om at endringane skal gjelde for terminskatt for inntektsåret  2008 og seinare år. Siste innbetalinga etter dei gamle reglane blir då 1. april 2008, og første innbetaling etter dei nye reglane blir 1. august 2008.

5. Økonomiske og administrative følgjer

Departementet legg til grunn at dei økonomiske og administrative følgjene av framlegget er små. Framlegget fører til at fastsetjinga av terminskatten må flyttast fram til byrjinga av juli månad. Informasjonen frå selskapa om venta skatteinntekt må bli gitt til Oljeskattekontoret omkring 20. juni i inntektsåret, dvs. om lag to månader tidlegare enn i dag. Utrekningane av forventa inntekt er meir usikre på det tidspunktet, som igjen kan føre til fleire endringar av terminskatten. På den andre sida er det gjort framlegg om innskrenkingar med omsyn til å endre terminskatten. Endringane kan føre til noko meir arbeid for Oljeskattekontoret og skattefogden.

Auken i talet på betalingsterminar fører til ei lita auke i gjennomsnittleg kredittid for selskapa. I Nasjonalbudsjettet 2008 er petroleumsskatten rekna med å bli om lag 180 mrd. kroner i 2008. På dette grunnlaget reknar departementet med at endringa gir selskapa ei skattelette på om lag 9 mill. kroner påløpt i 2008.

 

Lovframlegg

 

Framlegg til lov om endringar i lov 13. juni 1975 nr. 35 om skattlegging av undersjøiske petroleumsforekomster mv.:

 

       I

I lov 13. juni 1975 nr. 35 om skattlegging av undersjøiske petroleumsforekomster mv. skjer følgjande endringar:

§ 7 skal lyde:
§7. Terminskatt.
1. Det skal betales terminskatt på formue i og inntekt vunnet ved virksomhet i utvinning og rørledningstransport av petroleum etter reglene i nr. 2-7 nedenfor.
2. Terminskatt etter nr. 1 skal skrives ut til det beløp som utlignet skatt ventes å utgjøre for vedkommende inntektsår. Ved utskrivningen fordeles terminskatten i seks deler, jf. annet ledd. Den skattepliktige skal ha adgang til å uttale seg før utskrivningen finner sted.
       Terminskatten forfaller til betaling 1. august, 1. oktober og 1. desember i inntektsåret og 1. februar, 1. april og 1. juni i det påfølgende år.
       Resterende skatt forfaller til betaling 3 uker etter utleggelsen av ligningen.
3. Terminskatt kan forhøyes eller nedsettes fram til forfallstid for fjerde termin med virkning for de tre siste terminene.
       Den skattepliktige skal ha adgang til å uttale seg før forhøyelse eller nedsettelse finner sted.
4. Skattyteren kan ved forfall for andre termin med virkning for de tre første terminene innbetale tillegg til utskrevet terminskatt når denne antas utilstrekkelig til å dekke den skatt som ventes utlignet. Tilsvarende kan skattyteren ved forfall for femte termin med virkning for de tre siste terminene innbetale tillegg til utskrevet terminskatt.
5. Departementet gjør vedtak om:
a) Renter av terminskatt og av resterende skatt.
b) Beregningstidspunkt for renter av resterende skatt.
c) Renter på for meget betalt skatt.
d) Renter ved endring av ligning. Ligningsloven § 9-10 gjelder ikke.

6. Departementet kan gjøre vedtak om ansvar for og gjennomføring av betaling av skatt etter denne lov, samt gi utfyllende forskrifter om utskrivning av terminskatt, jf. nr. 2 og 3.
7. Bestemmelsene i lov av 21. november 1952 om betaling og innkreving av skatt gjelder så langt de ikke strider mot denne lov. Skattebetalingsloven § 27 nr. 10, tredje ledd gis ikke anvendelse for terminskatt. 


       II

Endringane under I trer i kraft straks med verknad for terminskatt for inntektsåret  2008 og seinare år.

 


Framlegg til føresegn

 

Framlegg til endringar i føresegn av 5. september 1980 om utskriving, betaling og avregning av terminskatt mv.:

       

I

I føresegn fastsett av Finansdepartementet ved kgl.res. av 5. september 1980 med heimel i lov av 13. juni 1975 nr. 35 om skattlegging av undersjøiske petroleumsforekomster mv. § 7 nr. 5, 6 og 8, skjer følgjande endringar:

§ 1 skal lyde:

§1. Utskriving og endring av terminskatt
1. Terminskatt utskrives av Oljeskattekontoret i seks like store terminer som forfaller til betaling 1. august, 1. oktober og 1. desember i inntektsåret og 1. februar, 1. april og 1. juni i det påfølgende år.
       Hvis særlige forhold tilsier det, kan det i enkelte tilfelle fattes vedtak om at terminene ikke skal være like store.
2. Utskrevet terminskatt kan endres fram til forfallstid for 4. termin med virkning for de tre siste terminene når det er overveiende sannsynlig at den skattepliktige med den utskrevne terminskatt vil få en resterende skatt eller en tilgodesum ved ligningen for vedkommende år.

§ 2 skal lyde:

§2. Melding om og forfall av terminskatt
       Den skattepliktige skal ha melding om utskrevet terminskatt og senere endringer i slik skatt. Meldinger sendes i rekommandert brev eller på annen påviselig måte. Innbetaling kan ikke kreves før det er gått 3 uker fra den dag melding om terminskatten ble sendt den skattepliktige. Ved forhøyelse av terminskatten kan det beløp skatten forhøyes med, ikke kreves innbetalt før 3 uker etter at melding om forhøyelsen ble sendt den skattepliktige.
       Endringer i utskrevet terminskatt betales sammen med eller kommer til fradrag ved betaling av 4., 5. og 6. termin.

§ 3 skal lyde:

§3. Renter av terminskatt
1. Hvis det på grunn av endringer i utskrevet terminskatt eller innbetalinger etter petroleumsskattelovens § 7 nr. 4, er forskjell på innbetalingene av de tre første og de tre siste terminene, skal det svares renter av halvparten av forskjellen. Rentene forfaller til betaling eller godskrives skattyteren sammen med betaling av de tre siste terminene.
2. Vedtak etter §1 nr. 1, annet ledd, om at terminene ikke skal være like store, får virkning for beregning av renter av terminskatt, slik at det ikke skal svares renter av den fastsatte forskjellen mellom de seks terminene.


       II

Endringane under I trer i kraft straks med verknad for terminskatt for inntektsåret  2008 og seinare år.


 

Høyringsinstansene

 

Olje- og energidepartementet  Postboks 8148 Dep 0033 Oslo
A/S Norske Shell Postboks 40 4098 Tananger
Aker Exploration AS Fjordaleen 16 0115 Oslo
Altinex Oil AS Postboks 61 Kokstad 5863 Bergen
Bayerngas Norge AS Postboks 73 0216 Oslo
BG Norge AS Postboks 780 Sentrum 4004 Stavanger
BP Norge AS Postboks 197 Forus 4065 Stavanger
Bridge Energy AS Postboks 229 1377 Billingstad
Centrica Energi Postboks 520 4003 Stavanger
Chevron Norge AS Postboks 97, Skøyen 0212 Oslo
CNR International (Norway) AS c/o Wikborg, Rein & Co, Postboks 1315 Vika 0117 Oslo
Concedo ASA Askerveien 61, Interforum Partners 1384 Asker
ConocoPhillips Skandinavia AS Postboks 220 4098 Tananger
Dana Petroleum Norway P.O.Box 128  1325 Lysaker
Det Norske Oljeselskap AS  Postboks 1345 Vika  0113 Oslo
Det Norske Oljeselskap ASA Nedre Bakklandet 58 c 7014 Stavanger
Discover Petroleum AS Skogstøstraen 37 4029 Stavanger
Dong E&P Norge AS Postboks 450 Sentrum 4002 Stavanger
E.ON Ruhrgas Norge AS Postboks 640 Sentrum 4003Stavanger
Endeavour Energy Norge AS Postboks 1989 Vika 0125 Oslo
Ener Petroleum ASA Postboks 128 1325 Lysaker
Eni Norge AS Postboks 101 Forus 4064 Stavanger
Enterprise Oil Norge AS c/o A/S Norske Shell  Postboks 40 4098 Tananger
ExxonMobil Exploration and Production Norway AS Postboks 60 Forus 4064 Stavanger
Faroe Petroleum Norge AS Øvre Strandgt. 124 4005 Stavanger
 Gassco AS Postboks 93 5501 Haugesund
Gaz de France Norge AS Postboks 242 Forus 4066 Stavanger
Genesis Petroleum Norway AS Lensmannslia 4 1386 Asker
Hess Norge AS Postboks 130 4065 Stavanger
Idemitsu Petroleum Norge AS Postboks 215 Skøyen 0213 Oslo
Lundin Norway AS Strandveien 50 D 1366 Lysaker
Maersk Oil Norway AS Postboks 8014 4068 Stavanger
Maersk Oil PL 018C Norway AS Postboks 8014 4068 Stavanger
Marathon Petroleum Norge AS Postboks 480 Sentrum 4002 Stavanger
Mobil Development Norway AS Postboks 60 Forus 4064 Stavanger
Nexen Exploration Norge AS Postboks 6641 St Olavs plass, c/o Simonsen Føyen Advokatfirma DA 0129 Oslo
Noble Energy Limited PostboksSuffolk House, 154 High Street Sevenoaks, Kent, TN13 1 XE England
Norpipe Oil AS Postboks 220 4056 Tanganger
Norsea Gas AS Postboks 70 4098 Tananger
Norske AEDC A/S Postboks 207 4001 Stavanger
Norske ConocoPhillips AS Postboks 220 4098 Tananger
Norwegian Energy Company AS Postboks 550 4003 Stavanger
Oljeindustriens Landsforening (OLF)  Postboks 547 4001 Stavanger
Oljeskattekontoret  Postboks 6315 Etterstad  0604 Oslo
OMV Norge AS CJ Hambros plass 2c 0164 Oslo
PA Resources Norway AS Munkedamsveien 45 E 0250 Oslo
Petoro AS Postboks 300 Sentrum 4002 Stavanger
Petro-Canada Norge AS Postboks 269 Sentrum 4002 Stavanger
Petrofac Resources Ltd. NUF C.J. Hambros pl. 2 C 0164 Oslo
Premier Oil Norge AS Postboks 800 Sentrum 4004 Stavanger
Revus Energy ASA Postboks 230 Sentrum 4001 Stavanger
Rocksource ASA Munkedamsveien 45 A 0250 Oslo
RWE-DEA Norge AS Postboks 243 Skøyen 0213 Oslo
Serica Energy UK Ltd. 52 Bedford Row London WC1R 4LD UK
Skattedirektoratet  Postboks 6300 Etterstad  0603 Oslo
Skattekontor region Øst v/Oslo & Akershus skattefogdkontor Postboks 766 Sentrum 0106 Oslo
StatoilHydro ASA Postboks 4035 Stavanger
StatoilHydro Petroleum AS Drammensveien 264 0240 Oslo
Svenska Petroleum Exploration AS Postboks 153 0216 Oslo
Talisman Energy Norge AS Postboks 649 Sentrum 4003 Stavanger
Talisman Resources Norge AS Postboks 649 Sentrum 4003 Stavanger
Total E&P Norge AS Postboks 168 Sentrum 4001 Stavanger
VNG Norge AS Haakon VII's gt. 7 4007 Stavanger
Wintershall Norge AS Postboks 775 Sentrum 0106 Oslo

 

Til toppen