Høyring Forskrift om opptak til høgare utdanning for opptaksåret 2022-2023

Kunnskapsdepartementet har fastsett forskrift om opptak til høgre utdanning 6. januar 2017 nr 13 (opptaksforskrifta) med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler, jf. §§ 3-6, 3-7 og 4-9. Departementet, i samråd med Unit/Samordna opptak (SO), vurderer normalt ein gong i året om det er behov for endringar i denne forskrifta. I tillegg til vurderast forslag om endringar frå universiteta og høgskulane.

Status: På høyring

Høyringsfrist: 08.10.2021

Vår ref.: 21/1733

Høyring Forskrift om opptak til høgare utdanning for opptaksåret 2022-2023
Kunnskapsdepartementet har fastsett forskrift om opptak til høgare utdanning 6. januar 2017 nr 13 (opptaksforskrifta) med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler, jf. §§ 3-6, 3-7 og 4-9.

Departementet vurderer årleg, i samråd med Unit/Samordna opptak (SO), om det er behov for endringar i opptaksforskrifta. Forslag om endringar frå universiteta, høgskolane og Unit som departementet har mottatt innan 15. april, blir vurderte og sende på høyring, saman med eventuelle forslag frå Kunnskapsdepartementet. Det vedlagde høyringsnotatet er utarbeidd av Unit/SO på oppdrag frå departementet. I tillegg til forslaga i høyringsnotatet foreslår departementet nokre endringar som det er gjort greie for under.

Departementet viser til at forskrifta er fastsett i nynorsk språkform. Vi ber derfor høyringsinstansane nytte nynorsk når dei uttalar seg om forslaga.

Høyringa er tilgjengeleg på regjeringa.no. Høyringsfråsegner kan sendast elektronisk ved å bruke den digitale løysinga på www.regjeringen.no/id2864670.

Det skal sendast kopi av høyringssvara til Unit/SO til postmottak@unit.no

Høyringsfråsegner er offentlege og blir publiserte. Høyringsfristen er fredag 8. oktober 2021.

Departementet viser til vedlagde høyringsnotat frå Unit, og forslag til endringar i opptaksforskrifta.

Forslag frå departementet

Kapittel 4. Spesielle opptakskrav

  • 4-3. Spesielle opptakskrav til informatikk, realfag, natur- og miljøfag

Sidan opptaket til studieåret 2018-2019 har dei institusjonane som søkte om dette, hatt eit forsøk med skjerpa opptakskrav til studium innan informatikk, realfag, natur- og miljøfag. I tillegg til matematikk R1 (eller S1+2) og i eitt anna programfag innan realfag (Vg2+Vg3, ofte omtala som fordjuping), har studia i dette forsøket òg hatt krav om matematikk R2. Alle forsøk i opptaksforskrifta må evaluerast før departementet kan avgjere om krava i forsøket skal avsluttast eller videreførast som permanente krav.

Universiteta som har delteke i forsøksordninga, i samsvar med § 4-3 tredje og fjerde ledd, leverte våren 2021 ei samla evaluering av forsøket til departementet gjennom Universitets- og høgskolerådet. Evalueringa er tilgjengeleg her. Institusjonane er samde om at like studium bør ha like opptakskrav, samstundes som dei klargjer kor stor variasjon det er mellom dei ulike studia i forsøket. Studia har ulike emne, og dette påverkar kva for krav og forkunnskapar søkjarane må ha. På bakgrunn av denne evalueringa foreslår departementet derfor at forsøksordninga blir gjort om til ei permanent ordning, slik at høgskular og universitet sjølv kan velje å fastsetje krav om at søkjarar må dokumentere matematikk R2 for å vere kvalifisert til einskilde studium eller ikkje.

Departementet foreslår derfor endring i ordlyden i § 4-3, sjå utkast til endringsforskrift.

Kapittel 5. Opptak på visse vilkår

Unit har tidlegare foreslått å stryke § 5-1 andre ledd. Dette er grunngitt med at opptaksorgana ikkje ber om sensitiv informasjon knytt til spesielle omstende, men at den vidaregåande skulen må bekrefte at manglande eksamen skriv seg frå spesielle omstende. Departementet foreslår derfor, i staden for å stryke, å endre andre ledd i tråd med dette.

Forslag som ikkje er foreslåtte i høyringa

Einskilde forslag er ikkje tekne med i høyringsnotatet, da det ikkje vil vere aktuelt å innføre desse endringane no. Under er det gjort kort greie for nokre av forslaga som departementet har valt å ikkje sende på høyring.

Endring i § 3-2 Dispensasjon

Stortinget vedtok den 27. mai 2021 (Lovvedtak 123 (2020-2021)) endringar i universitets- og høgskolelova. Frå og med 1. august 2021 er det ikkje lenger ei øvre aldersgrense for dispensasjon frå kravet om generell studiekompetanse i uhl. § 3-6 tredje ledd. Det inneber at det frå same dato heller ikkje er aldersgrense i føresegna § 3-2, slik at ho er i samsvar med føresegna i lova, jf. utkast til endring i forskrift om endring i opptaksforskrifta. Den nye teksten er likevel lagd inn i forslaget til endringsforskrift til orientering, og vil tre i kraft frå 1. august 2021.

Spørsmål om endring i § 4-3 spesielle opptakskrav til informatikk, realfag, natur- og miljøfag og § 7- 8 Tilleggspoeng for realfag og framandspråk frå vidaregåande opplæring

Utdanningsdirektoratet har gjort departementet merksam på at det er fastsett nye læreplanar i programfaga i matematikk (R- og S-matte) i vidaregåande opplæring som gjeld frå hausten 2021 på VG2-nivå. Dette kunne potensielt fått verknad for opptak til universitet og høgskular kva gjeld spesielle opptakskrav til studium med krav om programfag i matematikk, jf. § 4-3 og føresegna som gjeld tilleggspoeng for programfag i språk og realfag frå vidaregåande skule, jf § 7-8.

Departementet bad Universitets- og høyskolerådet ved fagstrategisk eining Matematikk, naturvitskap og teknologi (UHR-MNT) om råd knytt til gjeldande regelverk. UHR-MNT har vurdert dei nye læreplanane i lys av gjeldande føresegner og kan ikkje sjå at det er behov for å gjere endringar i desse reglane no.

Søknad om reduksjon av førstegongsvitnemålskvoten

Departementet har motteke ein søknad frå Bergen Arkitekthøgskole om å få redusere kvoten for førstegongsvitnemål på deira bachelorstudium frå 50 pst. til 30 pst.

I § 7-2 tredje ledd i opptaksforskrifta er det fastsett at minst 50 pst. av studieplassane skal tilbydast søkjarar i kvoten for førstegongsvitnemål. Departementet har i dei seinare åra motteke fleire søknader om unntak frå denne kvoten for kunstutdanningar og utdanningar med krav om opptaksprøve. Slike søknader har blitt avslåtte. Det har vore eit mål at kvote for førstegongsvitnemål har så få unntak som mogleg. Mellom anna er dette for å nå målet om at unge søkjarar skal ha reell moglegheit til å få ein studieplass med grunnlag i vitnemålet frå vidaregåande opplæring. Det å tillate fleire unntak eller reduksjon av kvoten, vil òg vere imot det politiske målet om å oppnå lågare gjennomsnittsalder på norske studentar, jf. det faktum at studentar i Noreg i gjennomsnitt er eldre enn studentar i land det er naturleg å samanlikne seg med.

Endring i rangeringsregelverket 

Departementet har motteke ein søknad frå studentparlamentet ved Universitetet i Oslo om å endre berekninga av karakterpoeng frå vidaregåande skule. Departementet har satt ned eit utval som skal sjå på heile opptakssystemet og levere ei NOU innan utgangen av 2022. Departementet har ikkje planar om å gjere endringar i rangeringsregelverket før opptakstutvalet har levert si utgreiing.

Søknad om karakterkrav i norsk for opptak til sosionomutdanning

Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) har søkt om å få innføre eit krav om karakteren 3 -tre- eller betre i norsk for søkjarar til bachelor i sosialt arbeid. Unit har vurdert denne søknaden og finn ikkje å kunne støtte forslaget frå NTNU. Unit viser til at like studium bør ha dei same opptakskrava. Vidare meiner Unit at opptakskrav i hovudsak berre bør nyttast der det er krav om at søkjarane har bestemte forkunnskapar for å kunne lukkast på studiet. Ferdigheitar som er naudsynte i arbeidslivet, bør studentane så langt det lar seg gjere få opplæring i undervegs i studiet. Departementet er einige med Unit og har derfor bestemt at forslag om karakterkrav til sosionomutdanning ved NTNU ikkje skal sendast på høyring.



 

Med helsing

Marthe Nordtug (e.f.)
avdelingsdirektør                                                             Bendik Sjølander
                                                                                             rådgjevar

           

  • Universiteter og høgskoler
  • Unit, Samordna opptak
  • Utdanningsdirektoratet
  • Fylkeskommunene
  • Statsforvalterne
  • Fagskoler
  • Elevorganisasjonen
  • Norsk studentorganisasjon (NSO)
  • ANSA
  • Organisasjon for norske fagskolestudenter (ONF)

Kopi:

  • HK-direktoratet
  • Universitets- og høgskolerådet
  • NOKUT
  • Forum for fagskoler
  • Rådet for offentlige fagskoler
  • Nasjonalt fagskoleråd
  • Likestillings- diskrimineringsombudet
  • Statens lånekasse for utdanning
  • NAV
  • Justis- og beredskapsdepartementet
  • Barne- og familiedepartementet
  • Forskerforbundet
  • Lærerorganisasjonene