Status: På høyring

Høyringsfrist: 15.09.2026

Vår ref.: 26/1850

Klima- og miljødepartementet sender med dette på høyring forslag til endringar i forskrifter som er heimla i svalbardmiljøloven.

Forslaget gjeld endringar i forskrifter heimla i svalbardmiljøloven for å kunne bruke lovbrotsgebyr som sanksjonsform. Vi foreslår heimlar for å gi lovbrotsgebyr både for brot på forskriftsføresegner og for brot på vilkår og plikter i enkeltvedtak med heimel i desse forskriftene. Endringsforslaga er ei oppfølging av endringane som blei gjorde i svalbardmiljøloven § 96 a i 2024.

Fristen for å sende innspel og merknader til høyringa er 15. september 2026. 

Høyringssvar skal sendast ved å bruke skjemaet for høyringssvar under. Ved tekniske problem kan innspel, med referanse « 26/1850», i staden sendast på e-post til postmottak@kld.no.

Liste over høyringsinstansar er vedlagd. Høyringsinstansane bør vurdere om saka skal sendast til eventuelle underliggjande etatar eller tilslutta verksemder eller samarbeidande organisasjonar.

Alle som vil, kan uttale seg. Ein treng ikkje stå oppført på lista over høyringsinstansar.

Høyringsfråsegnene er offentlege etter offentleglova og miljøinformasjonsloven og blir publiserte på regjeringa.no.

Med helsing

Aud Ingvild Slettemoen
avdelingsdirektør
Anine Eitrem Landmark
seinorrådgjevar

Høyringsnotat (pdf)

Endringsforskrift (pdf)


Høyringsnotat

Forslag til endringar i forskrifter heimla i svalbardmiljøloven for å kunne bruke lovbrotsgebyr som sanksjonsform

Innhald

  1. Innleiing
  2. Rettslege rammer og gjeldande rett
  3. Overordna om forslaget
  4. Forslag frå departementet til endring i verneforskrifter
  5. Forslag frå departementet til endring i forskrift om motorferdsel på Svalbard
  6. Forslag frå departementet til endring i forskrift om leiropphold på Svalbard
  7. Forslag frå departementet til endring i forskrift om båndtvang for hund på Svalbard
  8. Forslag frå departementet til endring i forskrift om ferdselsforbud ved Midterhuken
  9. Forslag frå departementet til endring i forskrift om forurensning og avfall på Svalbard
  10. Makt til å gi lovbrotsgebyr
  11. Økonomiske og administrative konsekvensar 

1. Innleiing

Klima- og miljødepartementet foreslår endringar i forskrifter heimla i svalbardmiljøloven for å kunne bruke lovbrotsgebyr som sanksjonsform. Vi foreslår heimlar for å gi lovbrotsgebyr både for brot på forskriftsføresegner og for brot på vilkår og plikter i enkeltvedtak med heimel i desse forskriftene.

Vi foreslår endringar i følgjande forskrifter:

  • forskrift 4. april 2014 nr. 377 om nasjonalparkene Sør-Spitsbergen, Forlandet og Nordvest-Spitsbergen, om naturreservatene Nordaust-Svalbard og Søraust-Svalbard, og om naturreservatene for fugl på Svalbard
  • forskrift 9. september 2005 nr. 1046 om fredning av Indre Wijdefjorden nasjonalpark på Svalbard.
  • forskrift 26. september 2003 nr. 1189 om fredning av Sassen-Bünsow Land nasjonalpark på Svalbard
  • forskrift 26. september 2003 nr. 1187 om fredning av Nordre Isfjorden nasjonalpark på Svalbard
  • forskrift 18. juni 2021 nr. 1980 om Van Mijenfjorden nasjonalpark på Svalbard
  • forskrift 26. september 2003 nr. 1188 om Ossian Sars naturreservat
  • forskrift 26. august 2002 nr. 903 om fredning av Bjørnøya naturreservat på Svalbard
  • forskrift 26. september 2003 nr. 1185 om fredning av Hopen naturreservat på Svalbard
  • forskrift 26. september 2003 nr. 1190 om fredning av Festningen geotopvernområde på Svalbard
  • forskrift 3. juni 1983 nr. 1029 om fredning for Moffen naturreservat på Svalbard
  • forskrift 24. juni 2002 nr. 723 om motorferdsel på Svalbard
  • forskrift 27. juni 2002 nr. 731 om leiropphold på Svalbard
  • forskrift 24. juni 2002 nr. 712 om høsting på Svalbard
  • forskrift 4. august 2003 nr. 1005 om lokal regulering av jakt på svalbardrype og svalbardrein på Svalbard.
  • forskrift 4. august 2003 nr. 651 om båndtvang for hund på Svalbard
  • forskrift 23. september 2009 nr. 1220 om ferdselsforbud ved automatisk freda kulturminner ved Midterhuken
  • forskrift 3. juli 2020 nr. 1517 om forurensning og avfall på Svalbard

Desse endringsforslaga er ei oppfølging av endringane som blei gjorde i svalbardmiljøloven § 96 a i 2024. Det blei då innført eit nytt andre ledd i § 96 a om at «I forskrift som gis i medhold av loven her, kan departementet fastsette at den som overtrer forskriften eller vilkår eller plikter som følger av enkeltvedtak gitt med hjemmel i forskriften, kan ilegges overtredelsesgebyr». Endringane vi no foreslår, er altså å fastsetje heimlar i kvar enkelt forskrift om at den som bryt forskrifta eller vilkår eller plikter som følgjer av enkeltvedtak gitt med heimel i forskrifta, kan påleggjast lovbrotsgebyr. Det blir gjort ved at det vil gå fram av kvar enkelt forskrift kva lovbrot som kan sanksjonerast med lovbrotsgebyr. Kva lovbrot det er, gjer vi greie for i punkt 4–9 i høyringsnotatet.

Ved å endre forskriftene vil miljøvernstyresmaktene få høve til å bruke lovbrotsgebyr som verkemiddel også for krav og plikter i forskrifter heimla i svalbardmiljøloven, der det er formålstenleg. Lovbrotsgebyr kan vere eit eigna verkemiddel for å oppnå auka allmennprevensjon overfor mindre alvorlege lovbrot, for å redusere den samla effekten av desse. I ei tid med aukande ferdsel og aktivitet på Svalbard kan det vere viktig. Sjølv om det blir opna opp for å bruke lovbrotsgebyr, skal det alltid vurderast konkret i kvart tilfelle om lovbrotet bør møtast med ei form for sanksjon, og i så fall om lovbrotsgebyr er formålstenleg i den konkrete saka, eller om saka bør meldast for å bli etterforska og eventuelt påtala strafferettsleg. Det er berre for dei minst alvorlege lovbrota, som ikkje er alvorlege nok til å bli behandla strafferettsleg, at lovbrotsgebyr skal vurderast. På grunn av formålsføresegna i svalbardmiljøloven § 1 og miljømåla på Svalbard skal det på Svalbard relativt mindre til enn på fastlandet før eit brot på miljøregelverket er å rekne som alvorleg. Ved brot på dei foreslåtte føresegnene (blir omtalte i punkt 4–9) kan lovbrotsgebyr brukast der lovbrotet ikkje verkar så alvorleg at det bør behandlast strafferettsleg.

Forslaget er i samsvar med rettsutviklinga på andre område, der det i aukande grad har vore innført føresegner om lovbrotsgebyr i lovverket.

2. Rettslege rammer og gjeldande rett

I svalbardmiljøloven § 96 a er det heimel for å gi lovbrotsgebyr for brot på alle handlingsnormene i svalbardmiljøloven. I § 96 a bokstav a er det ei fullstendig oversikt over kva føresegner som kan sanksjonerast med lovbrotsgebyr.

Nokre av forboda i gjeldande forskrifter gjentek det same forbodet som i lova. I slike tilfelle heimlar svalbardmiljøloven i dag allereie lovbrotsgebyr. Dette gjeld fredingsprinsippet i høstingsforskriften § 5, som også går fram av svalbardmiljøloven § 25, forbodet mot å bruke skipsfløyte, løyse skot eller valde annan kraftig støy nærare eit fuglefjell enn ei nautisk mil i svalbardmiljøloven § 30 tredje ledd og forbodet mot å fly nærare enn ei nautisk mil frå større kjende konsentrasjonar av pattedyr og fugl i § 83 tredje ledd.

I svalbardmiljøloven § 96 a første ledd bokstav b er det heimel for å gi lovbrotsgebyr for brot på vilkår eller plikter som følgjer av enkeltvedtak gitt med heimel i føresegner i lova. I § 96 a bokstav b er det ei oversikt over kva føresegner dette gjeld.

I svalbardmiljøloven § 96 a andre ledd har departementet heimel for å gi forskrifter om at det kan påleggjast lovbrotsgebyr for brot på føresegner i forskrifter. Heimelen er så langt ikkje teken i bruk, og det er derfor i dag etter gjeldande rett ikkje heimel for å gi lovbrotsgebyr for brot på forskrifter gitt i medhald av svalbardmiljøloven.

Det følgjer av svalbardmiljøloven § 96 a at forsettlege og aktlause lovbrot kan føre til lovbrotsgebyr, noko som også vil gjelde for brot på forskrifter og plikter og vilkår i enkeltvedtak etter forslaget.

Svalbardmiljøloven § 96 fjerde til sjette ledd inneheld generelle føresegner om lovbrotsgebyr som gjeld på den same måten anten heimelen for lovbrotsgebyr følgjer av § 96 a eller av forskrifter gitt med heimel i § 96 a. Etter fjerde ledd er lovbrotsgebyr tvangsgrunnlag for utlegg. Etter femte ledd kan føretak påleggjast lovbrotsgebyr når lovbrotet er gjort forsettleg eller aktlaust av nokon som har handla på vegner av føretaket. Etter sjette ledd blir tilgangen til å gi lovbrotsgebyr forelda 2 år etter at lovbrotet stansar. Fristen blir avbroten ved at det blir gitt førehandsvarsel eller vedtak om lovbrotsgebyr. Endeleg vedtak om lovbrotsgebyr er tvangsgrunnlag for utlegg.

Forskrift om utmåling av overtredelsesgebyr etter svalbardmiljøloven § 96 a, fastsett av Klima- og miljødepartementet 6. februar 2024, tredde i kraft 1. januar 2025. Denne forskrifta vil òg gjelde for utmåling av lovbrotsgebyr etter forskrifter og enkeltvedtak.

Vedtak om lovbrotsgebyr er eit enkeltvedtak etter forvaltningsloven, og vedtak om lovbrotsgebyr vil skje i samsvar med kravet i forvaltningsloven m.a. om førehandsvarsling, klage osb. Elles gjeld føresegnene i forvaltningsloven kap. IX om administrative sanksjonar.

Departementet viser elles til omtale av reglane om lovbrotsgebyr i Prop. 47 L (2023–2024) om endring i svalbardmiljøloven.

3. Overordna om forslaget

Bevaring av den særeigne villmarksnaturen på Svalbard er eit av hovudmåla for norsk svalbardpolitikk, og det er norsk politikk at miljøomsyn skal vege tyngre ved konflikt med andre interesser. Utviklinga på Svalbard har ført til ein auke i ferdselen over store delar av øygruppa, samtidig som naturen har blitt meir sårbar som følgje av raske klimaendringar. For å sikre at den sårbare naturen blir teken vare på, er det viktig at all aktivitet på Svalbard skjer innanfor ramma av regelverket. Som nemnt ovanfor skal det på grunn av formålsføresegna i svalbardmiljøloven § 1 og miljømåla på Svalbard relativt mindre til på Svalbard enn på fastlandet før eit brot på miljøregelverket er å rekne som alvorleg.

På Svalbard blir det gjennomført noko tilsyn, men miljøvernstyresmakta har eit stort geografisk område som skal dekkjast. Dette gjeld særleg tilsyn utanfor planområda. Her verkar risikoen for å bli oppdaga for mange som låg. Ved å gi eit lovbrotsgebyr blir det sendt eit signal om at det ikkje lønner seg å velje enkle løysingar på kostnad av miljøet. På denne måten kan lovbrotsgebyr òg bidra til å sikre at lovlydige aktørar ikkje får dårlegare vilkår enn aktørar som bryt lova. For å oppnå ein slik allmennpreventiv verknad er det viktig at handhevinga er føreseieleg og effektiv, og at gebyret er stort nok til å utgjere ei reell ulempe ved lovbrot.

På bakgrunn av dei spesielle forholda på Svalbard der miljøverdiane har eit særleg vern, har departementet i utgangspunktet vurdert at alle handlingsnormer i forskriftene til svalbardmiljøloven bør kunne sanksjonerast med lovbrotsgebyr. Grunnen til det er at det er viktig for miljøet at normene blir følgde. Lovbrotsgebyr framstår som formålstenleg for miljøregelverket på Svalbard i den forstand at det kan verke førebyggjande gjennom allmennprevensjon og som ein forholdsmessig reaksjon på lovbrota. Det er likevel nokre handlingsnormer som ikkje skal kunne sanksjonerast med lovbrotsgebyr etter forslaget blir foreslått omfatta av heimelen for lovbrotsgebyr. Sjå nærmare om det i omtalane av dei konkrete forskriftsforslaga i punkt 4–9.

I vurderinga av kva handlingsnormer som bør kunne sanksjonerast med lovbrotsgebyr, har departementet òg teke omsyn til kva som gjeld på fastlandet for tilsvarande saksområde.

Lovbrotsgebyr skal brukast på regelbrot som isolert sett blir rekna som mindre alvorlege. Alvorsgraden av brot på ei og same føresegn på miljøfeltet vil variere ut frå omstenda i kvar enkelt sak, m.a. omfanget av regelbrotet, skadeverknadene, skuldgraden, om den ansvarlege er ein profesjonell aktør, osb. For alle føresegner på miljøfeltet er det derfor formålstenleg at regelverket gir heimel for både lovbrotsgebyr og straff, slik at reaksjonen kan tilpassast alvorsgraden til regelbrotet / klanderverdigheita i kvart enkelt tilfelle.

Der forbod i forskrifta berre tek opp att eit likelydande forbod som følgjer av lova, vil òg sanksjonar vere regulerte direkte av føresegnene i svalbardmiljøloven. For å gjere dette tydeleg foreslår vi at forskrifta viser til føresegna i svalbardmiljøloven.

Brot på vilkår og løyve som er gitt med heimel i forskriftene, vil normalt òg innebere eit brot på sjølve forskrifta. Departementet har òg foreslått at dette blir presisert i forskriftene der det er relevant.

4. Forslag frå departementet til endring i verneforskrifter

Departementet foreslår at det blir heimel for å kunne gi lovbrotsgebyr for brot på følgjande typar føresegner i verneforskriftene:

  • forbod mot inngrep
  • forbod mot søking etter mineral og bergartar
  • forbod mot ferdsel og motorferdsel
  • krav til ferdsel
  • krav til turistverksemd
  • vern av dyrelivet, plantelivet og fossil
  • forbod mot forureining
  • forbod mot bruk av dronar
  • krav til skipstrafikk

Det vedlagde forskriftsforslaget inneheld informasjon om kva konkrete føresegner dette omfattar i dei ulike verneforskriftene. Også på fastlandet er det heimel for lovbrotsgebyr for desse typane lovbrot.

Departementet foreslår at det òg blir presisert at lovbrotsgebyr kan brukast for brot på vilkår og plikter i løyve og dispensasjonar om motorferdsel, ferdsel, tekniske inngrep, tiltak på eksisterande bygningar og innretningar, hausting og forsking. I forskriftsforslaget går det fram kva heimlar for enkeltvedtak dette gjeld.

Verneforskriftene skal vareta dei unike miljøverdiane på Svalbard. Over tid vil mange mindre regelbrot til saman gi ei for stor belastning på desse miljøverdiane. Presset frå besøk av personar som ferdast i naturen på Svalbard, er stort, og det er gjerne størst i verneområde med dei mest attraktive miljøverdiane i form av dyreliv og kulturmiljø. Det er derfor svært viktig at forbod og påbod i forskriftene blir strengt overhaldne av alle som ferdast i verneområda. Høvet til å kunne gi lovbrotsgebyr for brot på føresegner i verneforskriftene er eit viktig verkemiddel for å oppnå auka allmennprevensjon òg med omsyn til mindre alvorlege regelbrot som likevel samla sett kan medføre ei ikkje ubetydeleg tilleggsbelastning på miljøet. Auken i ferdsel på Svalbard gjer at det er behov for å kunne sanksjonere brot på alle handlingsnormer knytte til ferdsel i verneområda. Dette gjeld føresegner som skal avgrense forstyrring av dyrelivet og skadar på natur- og kulturmiljøet. I verneområda er villmarksnaturen godt bevart. Det vil seie at det er svært lite naturinngrep i desse områda. Etter miljøregelverket er derfor all aktivitet som kan medføre negativ miljøpåverknad, i utgangspunktet totalt forbode eller underlagd krav om særskilt løyve. Departementet vurderer derfor at det òg er behov for å kunne sanksjonere handlingsnormene som gjeld inngrep i verneområda, med lovbrotsgebyr.

Søking etter mineral og bergartar er ikkje mindre aktuelt enn før, og det blir òg vurdert at det er behov for å kunne sanksjonere brot på slike føresegner med lovbrotsgebyr.

5. Forslag frå departementet til endring i forskrift om motorferdsel på Svalbard

Departementet foreslår heimel for å kunne gi lovbrotsgebyr for brot på følgjande føresegner i motorferdselsforskrifta:

  • forbod mot ferdsel med motorkøyretøy i terrenget på bar eller tint mark (§ 5)
  • forbod mot ferdsel med motorkøyretøy i terrenget på snødekt og frosen mark, islagde vassdrag og sjøområde (§ 7)
  • bruk av luftfartøy til sightseeing (§ 11 første ledd)
  • bruk av luftputefartøy og hydrokopter i open sjø (§ 12)
  • forbod mot isbryting (§ 12 a første ledd)
  • motorferdsel i sjø ved liggjeplass for kvalross (§ 12 b første og anna ledd)
  • fartsavgrensing i sjø ved fuglefjell (§ 12 c)
  • forbod mot undervassfartøy (§ 12 d)

Tilgangen til å gi lovbrotsgebyr for brot på forbodsføresegnene i §§ 5 og 7 går òg fram av lova, men blir teken med her òg for at heilskapen i regelverket skal komme fram her. I tillegg foreslår vi at lovbrotsgebyr kan brukast for brot på vilkår og plikter i dispensasjonar frå føresegnene i motorferdselsforskrifta (§ 13 første og andre ledd).

Miljøet på Svalbard er sårbart, både dyreliv, natur og kulturmiljø. Handlingsnormene i motorferdselsforskrifta har som formål å verne dyrelivet mot forstyrringar, vegetasjon og kulturminne mot øydelegging og dessutan islagde sjøområde som er viktige område for isavhengige artar. Bruk av motorisert fartøy gjer det mogleg å komme seg rundt på Svalbard og å komme nært inn på dyrelivet og få større opplevingar. For kvar og ein kan eit mindre regelbrot kanskje opplevast som ubetydeleg, samtidig som fleire slike små regelbrot til saman kan føre til ei stor uønskt meirbelastning på miljøet. Dette gjeld alle former for slik ferdsel, utan omsyn til kva slags framkomstmiddel det er snakk om. Departementet vurderer derfor at det er behov for å kunne sanksjonere alle dei ulike handlingsnormene i motorferdselsforskrifta med lovbrotsgebyr.

6. Forslag frå departementet til endring i forskrift om leiropphold på Svalbard

Departementet foreslår heimel for å kunne gi lovbrotsgebyr for brot på følgjande føresegner i leirforskrifta:

  • krav om løyve (§ 3)
  • plassering (§ 6)
  • avstand frå kulturminne (§ 7 andre ledd første punktum)
  • rydding (§ 8)
  • bålplass (§ 9)
  • informasjon (§ 10)
  • tiltak for å unngå og eventuelt hindre angrep frå isbjørn (§ 11)

I tillegg foreslår vi presiseringar av at lovbrotsgebyr kan brukast for brot på vilkår og plikter i løyve til telt- og leiropphald etter § 5.

Av omsyn til det sårbare miljøet på Svalbard kan Sysselmeisteren i eit løyve vurdere moglegheitene for skade på miljøet og setje nødvendige vilkår. Brot på vilkår i slike løyve etter § 3 i forskrifta bør kunne sanksjonerast med lovbrotsgebyr.

Kulturminna på Svalbard skal vernast og varetakast som ein del av Svalbard sin kulturarv og identitet og som ledd i ei heilskapleg miljøforvaltning, jf. svalbardmiljøloven § 38. Dette prinsippet understrekar viktigheita av kulturminna på Svalbard, og vi meiner derfor at Sysselmeisteren bør kunne sanksjonere brot på forbodet mot telting, leiropphald, bålbrenning og liknande i sikringssona rundt automatisk freda kulturminne.

I denne omgangen foreslår departementet at forbodet i § 7 første ledd om telting og leiropphald i nærleiken av fritidshytter og busett busetnad ikkje skal kunne sanksjonerast med lovbrotsgebyr. Grunnen til det er at desse føresegnene ikkje er viktige i eit miljøperspektiv.

Sett i lys av formålet med svalbardmiljøloven om å oppretthalde eit tilnærma urørt miljø på Svalbard vurderer departementet at det er viktig å kunne sanksjonere brot på § 6 om plassering, § 8 om rydding og § 9 om forbod mot å brenne bål på visse stader og krav om rydding av bålplass.

Av omsyn til sikkerheita til dei som teltar, og for å unngå unødig avliving av isbjørn, er det viktig med tiltak for å unngå og eventuelt hindre angrep frå isbjørn. Departementet vurderer at lovbrotsgebyr i mindre alvorlege tilfelle kan vere eit eigna verkemiddel for brot på §§ 10 og 11 i forskrifta. Dette er føresegner der det skal svært lite til før forholdet er å rekne som alvorleg, samtidig som det er viktig at betydninga av regelverket blir understreka ved at også dei mindre alvorlege lovbrota blir møtte med ein sanksjon.

7. Forslag frå departementet til endring i forskrift om båndtvang for hund på Svalbard

Departementet foreslår heimel for å kunne gi lovbrotsgebyr for brot på følgjande føresegner i forskrift om båndtvang for hund på Svalbard:

  • bandtvang (§ 2 første og tredje ledd)
  • plikt til å følgje hund på forsvarleg måte (§ 3)

Sysselmeisteren kan gjere unntak frå reglane om bandtvang i særlege tilfelle etter forskrift om båndtvang for hund på Svalbard (§ 4). Vi foreslår at det blir presisert at lovbrotsgebyr kan påleggjast ved brot på vilkår eller plikter i enkeltvedtak om unntak frå bandtvangsføresegnene. Vidare kan Sysselmeisteren påleggje heilårs bandtvang òg for individ av andre hunderasar og kryssingar enn det som følgjer av første ledd i § 2, dersom hunden valdar fare for skade på menneske eller fauna (§ 2 andre ledd). Vi foreslår at det kan påleggjast lovbrotsgebyr ved brot på bandtvang som Sysselmeisteren har fastsett etter denne føresegna.

På Svalbard er det eit rikt dyreliv, også i planområda. Det er derfor viktig at hundar blir haldne i band i samsvar med krava i forskrifta, og at personar som ikkje overheld krava, får ein reaksjon.

8. Forslag frå departementet til endring i forskrift om ferdselsforbud ved Midterhuken

Departementet foreslår heimel for å gi lovbrotsgebyr for brot på følgjande føresegn i forskrift om ferdselsforbud ved Midterhuken:

  • forbod mot ilandstiging og ferdsel (§ 2)

I tillegg foreslår vi presiseringar av at lovbrotsgebyr kan påleggjast for brot på vilkår eller plikter i dispensasjonar etter § 4 første ledd.

Grunngivinga for å kunne sanksjonere brot på forbodet mot ilandstiging og ferdsel er den same som for brot på verneforskriftene. Sjå grunngiving ovanfor.

9. Forslag frå departementet til endring i forskrift om forurensning og avfall på Svalbard

Departementet foreslår heimel for å kunne gi lovbrotsgebyr for brot på følgjande føresegner i forskrift om forurensning og avfall på Svalbard:

  • forbod mot terrenginngrep i forureina grunn (§ 2-1 første ledd)
  • krav om å leggje massar tilbake og krav om førebyggjande tiltak (§ 2-1 fjerde ledd)
  • forbod mot mudring (§ 2-4 første ledd)
  • forbod mot dumping (§ 2-5 første ledd)
  • forbod mot plassering av materiale (§ 2-6)
  • forbod mot utfylling (§ 2-7 første ledd)
  • krav om løyve til tanklagring (§ 3-1 første ledd)
  • krav til risikoreduserande tiltak (§ 3-6)
  • krav til beredskap mot akutt forureining (§ 3-7)
  • krav om løyve til utslepp av avløpsvatn (§ 4-1 første ledd)
  • plikt til å knyte seg til felles avløpsanlegg i planområda (§ 4-2 første ledd)
  • plikt til å setje opp avfallsbehaldarar og til å gjennomføre nødvendig opprydding (§ 6-2 første og andre ledd)
  • plikt til å delta i renovasjonsordningar (§ 7-3),
  • plikt for verksemder til å levere næringsavfall (§ 7-4 første ledd)
  • krav til handtering av avfall frå riving og rehabilitering (§ 7-5 første og andre ledd)
  • krav om løyve til mottak og mellomlagring av avfall (§ 7-6 første ledd)
  • krav om løyve til behandling av avfall (§ 7-7)
  • krav til forsvarleg lagring av farleg avfall (§ 8-1)
  • forbod mot sluttbehandling av farleg avfall (§ 8-2)
  • plikt for verksemder til å levere og deklarere farleg avfall (§ 8-4)
  • plikt til internkontroll (§ 11-1)
  • innhaldet i internkontrollen (§ 11-2)

I tillegg foreslår vi at lovbrotsgebyr skal kunne brukast for brot på pålegg etter § 6-2 tredje ledd om gjennomføring av krava til oppsetjing av avfallsbehaldarar og opprydding av forsøpling knytt til utsalsstader osb., for brot på enkeltvedtak etter § 7-4 tredje ledd om behandling og levering av næringsavfall og for brot på enkeltvedtak om innsamling, gjenvinning og anna behandling av avfall etter § 7-8. Lovbrotsgebyr for brot på løyve etter forskrifta er omfatta av svalbardmiljøloven § 96 a første ledd sidan løyva er gitt med heimel i svalbardmiljøloven §§ 57 og 58.

Føresegnene i forskrift om forurensning og avfall på Svalbard gjeld heile Svalbard. Det vil seie både verneområde, planområde og område utanfor planområde som ikkje er verna. Alvorsgraden av brot på handlingsnormene i forskrifta vil derfor kunne avhenge av kvar handlinga har skjedd.

Det finst eit generelt forbod mot forureining i svalbardmiljøloven § 65. Fordi det er stor utskifting av folk på Svalbard, blei det vurdert då forskrifta blei vedteken, at det var eit behov for tydelege og lett tilgjengelege reglar. Det blei derfor foreslått reglar som er ei konkretisering av det generelle forureiningsforbodet. Dette gjeld føresegnene i §§ 2-1, 2-4, 2-5, 2-6, 2-7, 3-1 og 4-1 i forskrifta. Departementet vurderer at det bør gå fram av sjølve forskrifta at det kan påleggjast lovbrotsgebyr for brot på desse reglane, i tillegg til heimelen i svalbardmiljøloven § 96 a til å gi lovbrotsgebyr for brot på forureiningsforbodet i svalbardmiljøloven § 65.

Aktivitetar som kan medføre forureining, er i nokre tilfelle lovlege etter forskrifta eller gjennom løyve gitt etter svalbardmiljøloven §§ 57 eller 58. Departementet vurderer at det òg bør synleggjerast i forskrifta at brot på føresegner med krav om løyve etter svalbardmiljøloven §§ 57 eller 58 kan sanksjonerast med lovbrotsgebyr. Dette gjeld føresegnene i §§ 2-1, 2-4, 2-5, 2-6, 2-7, 3-1, 4-1, 4-2, 7-6 og 7-7 i forskrifta.

Forslaget inneber at det kan påleggjast lovbrotsgebyr ved brot på krava til tanklagring i §§ 3-6 og 3-7. § 3-6 angir tiltak som alle som er ansvarlege for tanklagring, skal gjennomføre. Tiltaka er av sentral betydning for å førebyggje forureining. Lagring av farlege kjemikaliar og farleg avfall representerer ein stor risiko for forureining dersom ein ikkje sørgjer for nødvendig vedlikehald, tilstrekkelege barrierar og andre førebyggjande tiltak. Miljødirektoratet har gjennom tilsynsverksemda si erfart ymse praksis for korleis slik lagring går føre seg på Svalbard. Krava i § 3-6 er sette for å redusere konsekvensane for miljøet ved akutt forureining. I lys av forureiningsrisikoen i samband med tanklagring er det viktig at miljøvernstyresmakta på Svalbard har dei nødvendige verkemidla for å sikre etterleving.

Føresegnene om avfall i §§ 6-2, 7-3, 7-4, 7-5, 8-1, 8-2 og 8-4 skal sikre at avfall ikkje kjem på avvegar, og at avfall blir handtert rett. Dette er særleg viktig på Svalbard som har eit rikt dyreliv og ein sårbar natur.

Etter vår vurdering er dei opplista føresegnene eigna for sanksjonering med lovbrotsgebyr, då dei angir klare forbod og pliktar og dessutan krav til verksemder. Forslaget er i samsvar med regelverket for lovbrotsgebyr etter forureiningsforskrifta og avfallsforskrifta for fastlandet.

Regelverket om internkontroll er viktig for effektiv førebygging. Når verksemda ikkje har slik internkontroll som regelverket krev, er konsekvensen at det førebyggjande arbeidet ikkje er godt nok, og at det dermed er auka risiko for ei uønskt hending. Det kan vere tilfeldig om denne auka risikoen gir seg utslag i ei uønskt hending eller ikkje. Det har mykje å seie at også mindre alvorlege brot på internkontrollreglane kan bli møtte med ein reaksjon i form av lovbrotsgebyr.

10. Makt til å gi lovbrotsgebyr

Departementet foreslår at tilgangen til å gi lovbrotsgebyr i forskriftsføresegnene blir lagd til Sysselmeisteren på Svalbard. Styresmakt som i lova er lagd til Sysselmeisteren, kan i tillegg utøvast av ei overordna miljøvernstyresmakt når det er påkravd, jf. svalbardmiljøloven § 4. Det inneber at Klima- og miljødepartementet eller relevante direktorat kan utøve styresmakta der ho etter forskrifta er lagd til Sysselmeisteren. For svalbardmiljøloven med forskrifter går fordelinga av styresmakt fram av «Miljøforvaltninga på Svalbard – Instruks for arbeidsdelinga mellom Klima- og miljødepartementet sine ytre etatar, Sysselmannen og Longyearbyen lokalstyre. Delegering av myndigheit etter svalbardmiljølova med forskrifter.»[1] Om det er Sysselmeisteren eller andre miljøvernstyresmakter som skal gi gebyr etter kvar enkelt føresegn, følgjer derfor av den fordelinga av styresmakt som gjeld i dag på dei ulike saksområda. Det inneber at der det er Miljødirektoratet som er miljøvernstyresmakt, er det òg dei som vurderer om det skal påleggjast lovbrotsgebyr. Der det er Sysselmeisteren som er miljøvernstyresmakt, er det Sysselmeisteren som vurderer om det skal påleggjast lovbrotsgebyr.

Departementet foreslår at tilgangen til å gi lovbrotsgebyr i forskrift om forurensning og avfall på Svalbard blir lagd til Sysselmeisteren på Svalbard eller den departementet gir avgjerdsmakt, dette for at ein skal kunne delegere styresmakt om det trengst.

[1] Miljøforvaltninga på Svalbard – Instruks for arbeidsdelinga mellom Klima- og miljødepartementet sine ytre etatar, Sysselmannen og Longyearbyen lokalstyre. Delegering av myndigheit etter svalbardmiljølova med forskrifter – regjeringa.no

11. Økonomiske og administrative konsekvensar

For Sysselmeisteren vil forslaget gi eit effektivt verkemiddel til å reagere preventivt mot mindre alvorlege lovbrot når det trengst. Forslaget medfører ikkje behov før auka ressursar i miljøforvaltninga. Det vil vere opp til Sysselmeisteren å vurdere ressursbruken, som med andre verkemiddel. Dei må vurdere kva saker som er viktige nok, og prioritere. Det er ikkje slik at alle mindre alvorlege lovbrot vil føre til ei sak om lovbrotsgebyr. Ein kan rekne med at talet på mindre alvorlege lovbrot vil gå ned fordi den generelle allmennprevensjonen aukar, noko som vil kunne redusere talet på straffesaker som Sysselmeisteren må handtere.

Det har vore heimel for å gi lovbrotsgebyr for brot på mange av handlingsnormene i svalbardmiljøloven sidan 2012. Sidan den gongen har Sysselmeisteren gitt lovbrotsgebyr i ei handfull saker. Departementet legg til grunn at innføring av lovbrotsgebyr som verkemiddel for brot på handlingsnormer i forskriftene vil føre til at det blir litt fleire saker.

Forslaget inneber ikkje at noko som tidlegare har vore lovleg, no blir ulovleg. Dei foreslåtte endringane vil altså ikkje medføre at innbyggjarane på Svalbard, tilreisande, næringsliv eller andre vil få noka form for innskrenking av handlingsrommet sitt.

Assosiation of Arctic Expedition Cruise Operators

Avinor

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmesteren for Svalbard

European Cruise Service

Justis- og beredskapsdepartementet

Kings Bay AS

Kommunal- og distriktsdepartementet

Kystvakta

Kystverket Troms og Finnmark

Longyearbyen Feltbiologiske Forening

Longyearbyen Hundeklubb

Longyearbyen Jeger- og Fiskeforening

Longyearbyen lokalstye

Longyearbyen Røde Kors hjelpekorps

Longyearbyen Science and Education

Longyerabyen Arbeiderforening

Luftfartstilsynet

NHO

Norges arktiske studentsamskipnad

Norges jeger- og fiskeforbund

Norges vassdrags- og energidirektorat, Region Nord

Norsk Bergindustri

Norsk Industri

Norsk naturguideforbund

Norsk Polarinstitutt

Nærings- og fiskeridepartementet

Polar Tourism Gides Assosiation

Pole Position Spitsbergen

Polish Polar Station

Regelrådet for næringslivet

Riksantikvaren

SIOS Svalbard

Sjøfartsdirektoratet

Statsministerens kontor

Store Norske Spitsbergen Kullkompani

Svalbard Guide Assoiation

Svalbard museum

Svalbard Næringsforening

Svalbard Science Forum

Svalbard Seilforening

Svalbard Turn

Telenor Svalbard AS

Totakteren

Trust Arktikugol

UiT - Norges arktiske universitet

UNIS - Universitetssenteret på Svalbard

Utenriksdepartementet

Visit Svalbard