Status: På høyring

Høyringsfrist: 15.01.2026

Vår ref.: 25/5850

Finansdepartementet sender med dette på høyring framlegg om endringar i reglane om skattemessig innbetalt kapital.

Reglane om skattemessig innbetalt kapital er kompliserte og vanskelege å praktisere, og dei opnar for uønskt skatteplanlegging. Forenklingar har vore etterspurd, og både Scheel-utvalet (NOU 2014: 13 Kapitalbeskatning i en internasjonal økonomi) og Skatteutvalet (NOU 2022: 20 Et helhetlig skattesystem) peikte på at det er behov for regelendringar. 

For å belyse saka best mogleg og få eit betre kunnskapsgrunnlag, sender departementet to likestilte framlegg til løysingar på høyring. Det eine inneber skattefridom for tidlegare innbetalt kapital på aksjen (som etter gjeldande reglar), men at skattefridomen avgrensast til aksjonæren sin inngangsverdi på aksjen. Det andre inneber å gje skattefridom inntil aksjonæren sin inngangsverdi på aksjen, uavhengig av kor mykje som tidlegare er innbetalt på aksjen. Andre moglege regelverkstiltak er også omtala i høyringsnotatet.

I høyringsnotatet vert det gjort framlegg om at endringane fyrst får verknad frå 1. januar 2027.

Høyringsinstansane vert oppmoda til å belyse verknadene av framlegga og eventuelt spele inn andre alternativ som kan forenkle regelverket og motverke uønskt skatteplanlegging.

Den einskilde høyringsinstansen vert oppmoda til å vurdere om saka bør sendast til underliggjande etatar eller verksemder, tilknytte verksemder, medlemsorganisasjonar e.l.

Høyringsfristen er 15. januar 2026. For å gje høyringsfråsegn gå til høyringa på www.regjeringen.no og bruk den digitale løysinga for høyringsfråsegn ved å klikke på «Send inn høyringssvar». Høyringssvar er offentlege etter offentleglova og vil verte publiserte på nettsidene våre.

Med helsing
Cecilie Beck Landet (e.f.)
avdelingsdirektør                                                        Linn Bruskerud
                                                                                       lovrådgjevar

                                                                                       Andrea Nyland Haugen
                                                                                       lovrådgjevar

Vedlegg

Akademikerne
Aksjonærforeningen i Norge
Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Arbeidsgiverforeningen Spekter
Barne- og familiedepartementet
Datatilsynet
Den norske advokatforening
Den norske Revisorforening
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
Direktoratet for forvaltning og økonomistyring
Domstoladministrasjonen
Energidepartementet
Finansforbundet
Finans Norge
Finanstilsynet
Folketrygdfondet
Forsvarsdepartementet
Handelshøgskolen ved Universitetet i Stavanger
Handelshøyskolen BI
Helse- og omsorgsdepartementet
Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede
Hovedorganisasjonen Virke
Justis- og beredskapsdepartementet
Klima- og miljødepartementet
Kommunal- og distriktsdepartementet
KS
Kultur- og likestillingsdepartementet
Kunnskapsdepartementet
Landbruks- og matdepartementet
Landsorganisasjonen i Norge
Norges Bank
Norges Bondelag
Norges Fiskarlag
Norges Handelshøyskole
Norges ingeniør- og teknologorganisasjon
Norges kemner- og kommuneøkonomers forbund
Norges Rederiforbund
Norsk Bonde- og småbrukarlag
Norsk Kapitalforvalterforening
Norsk venturekapitalforening
Norsk Økrimforening
Norske Finansanalytikeres Forening
Norske kredittopplysningsbyråers forening
Norwegian Fiscal Studies
Nærings- og fiskeridepartementet
Næringslivets Hovedorganisasjon
Regnskap Norge
Samferdselsdepartementet
Skattebetalerforeningen
Skatteetaten
Skatteforsk – Centre for Tax Research
SMB Norge
Statistisk sentralbyrå
Storbedriftenes skatteforum
Tolletaten
Universitetet i Bergen, Det juridiske fakultet
Universitetet i Oslo, Det juridiske fakultet
Universitetet i Tromsø, Det juridiske fakultet
Utenriksdepartementet
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund
ØKOKRIM
Økonomiforbundet