Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Innvandring og integrering 2017–2018

Rapport frå Noreg til OECD

Noreg sender kvart år ein rapport til OECD - Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling. Rapporten «Immigration and Integration 2017–2018 – Report for Norway to the OECD» er eit bidrag til OECD sitt rapporteringssystem for migrasjonsutviklinga i medlemslanda.

Den siste rapporten dekkjer 2017 og i nokon grad 2018. Rapporten er utarbeidd hausten 2018 av Justis- og beredskapsdepartementet i samarbeid med Arbeids- og sosialdepartementet, Kunnskapsdepartementet, Barne- og likestillingsdepartementet, og Utanriksdepartementet.

Rapporten byggjer i all hovudsak på data frå Statistisk sentralbyrå og Utlendingsdirektoratet og inneheld statistikk for inn- og utvandring, for samansetjinga av gruppa innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre og for indikatorar på integrering. Det er også ei oversikt over prinsipp og tiltak i innvandrings- og integreringspolitikken. Rapporten omhandlar ulike former for innvandring, generell integreringspolitikk, kvalifisering, utdanning, arbeidsmarknad, politisk deltaking, barnevern, diskriminering, statsborgarskap, offentleg ordskifte og haldningar, migrasjon og utvikling. I tillegg er det ei oversikt over nokre nye, relevante publikasjonar på engelsk eller med samandrag på engelsk.

Rapporten for Noreg og liknande rapportar for dei andre medlemslanda blir nytta som ei viktig kjelde for den årlege publikasjonen frå OECD, International Migration Outlook. Sjå OECD si nettside om migrasjon

Last ned rapporten

Immigration and Integration 2017–2018, Report for Norway (PDF)

Rapporten finst berre på engelsk.