Klage på avslag på søknaden om tilskot frå Norsk kulturminnefond, prosjekt 171067 Gamlegymnaset i Volda, Volda kommune, Møre og Romsdal

Saken gjeld søknad om støtte til å setje i stand fasadar på Gamlegymnaset i Volda. Dette er fase 3 av det arbeidet som Stiftinga Gamlegymnaset i Volda har sett i gang etter at ho tok over ansvaret for bygninga i september 2015. Kulturminnefondet viser til tilskotet som blei løyvd i 2016 til restaureringa av vindauga. Prosjektet var våren 2017 godt i gang, men ikkje avslutta. Fondet viser til at det på generell basis ønskjer at tidligare støtta prosjekt skal være avslutta før det gir nye tilsegn. Vidare viser Kulturminnefondet til at dei for tilskotsåret 2017 fekk svært mange søknader. Ved fordelinga av tilskota blir det lagt vekt på målet om å bevare eit representativt utval, basert på geografisk, sosial, etnisk, næringsmessig og tidsmessig breidde. På tross av at Gamlegymnaset er verdifullt, nådde ikkje søknaden heilt opp i denne søknadsrunden, fordi det var andre prosjekt som blei prioritert høgare. Departementet tok ikkje klagen til følgje.

Klima- og miljødepartementet viser til klagen av 10. april 2017 på Norsk kulturminnefond sitt vedtak av 24. mars 2017. Klagen gjeld avslag på søknaden om støtte til vedlikehald av utvendige fasadar på Gamlegymnaset i Volda.

Styret i Norsk kulturminnefond behandla klagen i styremøtet 6. september 2017. Klagen blei ikkje tatt til følge, og er med brev av 27. september 2017 send over til Klima- og miljødepartementet for endeleg behandling.

Klagaren fekk med brev av 27. september 2017 frå Norsk kulturminnefond kopi av brevet til Klima- og miljødepartementet med vedlegg. Det var her opplyst om klagarens moglegheit til å kommentere innhaldet i brevet, med ein frist på tre veker. Klagaren har ikkje kome med merknadar.

Klima- og miljødepartementet har vurdert alle sidene ved saka og har, etter ei samla vurdering, kome til at det ikkje ligg føre feil ved lovbruken eller ved saksbehandlinga, feil som kan ha hatt innverknad på innhald i vedtaket, jf. forvaltningslova § 41. 

Klima- og miljødepartementet har heller ikkje innvendingar mot kulturminnefondet si skjønnsutøving i saka. Departementet har derfor ikkje funne grunn til å gjere om Norsk kulturminnefond sitt vedtak av 2. mars 2016. 

Klagen blir ikkje tatt til følge.

Bakgrunn

Søknaden gjeld støtte til å setje i stand fasadar på Gamlegymnaset i Volda.

Dette er fase 3 av det arbeidet som Stiftinga Gamlegymnaset i Volda har sett i gang etter at ho tok over ansvaret for bygninga i september 2015. Stiftinga har til føremål å eige, drifte og ta vare på bygninga, og målet er at staden kan bli eit kulturelt samlingspunkt og identitetsmerke for Volda og regionen. Ei veneforeining er sentral i utviklingsarbeidet for Gamlegymnaset.

Bygninga blei oppført i ein etasje i 1851 som bustad for kapteinar i det Bergenshusiske Infateriregementet. I 1902 blei det bygd på ein ny etasje, og bygninga er i stor grad uendra etter denne utvidinga. Huset var i bruk som skulebygning 1891-1963, og var det første gymnaset på landsbygda med eksamensrett frå 1907. Møre og Romsdal fylkeskommune og Volda kommune eigde anlegget 1963-2015.

Bygninga har status som eit regionalt viktig kulturminne, som ein del av framveksten av skulestaden Volda, i regional delplan for kulturminne frå 2015. Bygninga er lokalisert med ein klar samanheng til andre eksisterande utdanningsinstitusjonar i området.

Fase 1 i istandsetjingsprosjektet gjaldt taket (hausten/vinteren 2015-2016), i hovudsak finansiert av løyving frå Volda kommune ved overtakinga, og øyremerkt omlegging av taket. Fase 2 (2016-2017) gjaldt vedlikehald av vindauga, med tilskot på kr 560.000 frå Norsk kulturminnefond. Arbeidet i fase 2 blir  gjort saman med kurs og anna utåtvend verksemd. 

Søknaden som nå er avslått, gjeld fase 3 av prosjektet. Det er søkt om 208.500 kroner (42,7%) frå Norsk kulturminnefond til utvendig vøling av ytterveggane som har noko roteskadar i tømmeret, vøling av ytterdører samt måling av bygninga med linoljemåling. Stiftinga har motteke tilsegn om 80.000 kroner frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Løyvinga gjeld for 2017.

Ved vurdering av søknaden uttalte Norsk kulturminnefond at det er prisverdig at søkarane ønskjer å bevare dette viktige kulturminnet og roser innsatsen dei gjer for å bevare og formidle historia til Gamlegymnaset. Kulturminnefondet viser til tilskotet som blei løyvd i 2016 til restaureringa av vindauga. Prosjektet er våren 2017 godt i gang, men ikkje avslutta. Fondet viser til at det på generell basis ønskjer at tidligare støtta  prosjekt skal være avslutta før det gir nye tilsegn. Vidare viser Kulturminnefondet til at dei for tilskotsåret 2017 fekk svært mange søknader. Ved fordelinga av tilskota blir det lagt vekt på målet om å bevare eit representativt utval, basert på geografisk, sosial, etnisk, næringsmessig og tidsmessig breidde. På tross av at Gamlegymnaset er verdifullt, nådde ikkje søknaden heilt opp i denne søknadsrunden, fordi det var andre prosjekt som blei prioritert høgare. 

Klagaren sine merknader, datert 10. april 2017

Klagaren viser i klagen sin av 10. april 2017 til at Kulturminnefondet i vurderinga legg til grunn at ein på generell basis ønskjer at tidlegare støtta prosjekt blir avslutta før nye tilskot blir gjeve. I kontakt med Kulturminnefondet ved Simen Bjørgen har klagaren fått tilbakemelding om at det ikkje er nokon "regel" som tilseier at ein ikkje kan få tilsegn to år på rad, og at dei har vurdert søknaden som svært god og med høg prioritet. Vidare viser klagaren til at Kulturminnefondet på heimesida presiserer at dei ved tildelingane for 2017, har "prioritert prosjekt som gir grunnlag for framtidig bruk svært høgt".

Klagaren peikar på at Stiftinga for Gamlegymnaset i Volda snart har fullført dei to omfattande prosjektfasane sidan dei tok over ansvaret for skulebygninga og at vindauga vil kunne bli ferdige våren 2017. Det same firmaet som står for prosjektfase 2, har også levert kostnadsoverslag på vedlikehald av ytterveggane. Klagarane viser vidare til at ho har forstått at ein ikkje kan søke Kulturminnefondet for prosjekt som allereie er starta opp. Klagarane poengterer også at det er viktig med framdrifta både for å vidareføre den lokale entusiasmen,  for bruken og for forhandlingane med Sunnmøre museum om å kunne leie ut kontorlokala frå januar 2018.

Norsk kulturminnefond sine vurderingar og vedtak i klagesaken, styremøtet 6. september 2017

Norsk kulturminnefond har på bakgrunn av klagen hatt ein ny gjennomgang og vurdering. Det er lagt til grunn at Gamlegymnaset har stor verneverdi og at det er svært positivt at bygninga blir bevart og sett i stand. Det er god framdrift i det omfattande prosjektet. Prosjektfase 2 har fått tre utbetalingar etter rapporteringa, men er ikkje ferdig. Søknaden til fase 3 blei prioritert høgt i søknadsrunden, men fordi søknadsmengda var stor  og midla avgrensa, måtte noen søknader prioriterast ned. Når det gjeld innarbeida praksis kor tidlegare støtta prosjekt må sluttførast før nye tilskot blir gjeve, meiner Kulturminnefondet at det ikkje er kome fram nye moment som gjev grunnlag for å gjere unntak frå denne praksisen.  

Styret i Kulturminnefondet har i møtet 6. september 2017 hatt ein ny gjennomgang og gjennom ei samla vurdering av alle sidene av saka, fann det ikkje grunn for å gjere om vedtaket. Klagen blei ikkje tatt til følge.

Klima- og miljødepartementet sine merknader

Etter gjeldande forskrift for Norsk kulturminnefond § 14 kan ein klage på vedtak i saker om fordeling av middel frå fondet på grunnlag av feil i saksbehandlinga eller rettsbruken. Klagen skal sendast til Klima- og miljødepartementet, som også kan overprøve fondets skjønnsutøving.

I vurderinga av klagen kan departementet prøve alle sidene av saka og ta omsyn til nye forhold jf. forvaltningslova § 34 andre ledd. I handsaminga av klagen skal departementet vurdere synspunkta som klagaren fremjar.

Klima- og miljødepartementet viser til grunngjevinga for avslaget, jf. styret sitt vedtak og Norsk kulturminnefond si sending av 18. november 2016.

Kulturminnefondet har prioritert dette kulturminnet høgt og har allereie gjeve tilskot til vindauga i prosjektfase 2 i 2016. Dette tilskotet skal vare ut 2018, og blir betalt ut i ratar, i samsvar med rapporteringa frå dei som får tilskotet. Kulturminnefondet viser til at det på generell basis ønskjer at tidligare støtta  prosjekt skal være avslutta før nye tilskot blir gjeve. Dette er grunngjeve med strenge krav til forvaltninga av tilskot i det offentlege. I fondet gir det seg utslag i ei forsikring om at det som er utbetalt, blir brukt slik det skal. Departementet har ikkje innvendingar mot at fondet har og følgjer ein slik praksis.

Saman med målet om å tilgodesjå eit representativt utval kulturminne, inneber Kulturminnefondet sin praksis, som er nemnd over, at det i denne søknadsrunden er prioritert andre kulturminne. 

Klima- og miljødepartementet ser ikkje at det er feil ved saksbehandlinga eller rettsbruken i denne saka, jf. forvaltningslova paragraf 41. Departementet har heller ingen merknadar til fondets skjønnsutøving.

Klagen blir derfor ikkje tatt følge.

 

Med helsing

 

Mathys Truyen (e.f.)
avdelingsdirektør

Tonte Hegard
seniorrådgjevar

Kopi
Kulturminnefondet