Kommuneproposisjonen 2020 og Revidert nasjonalbudsjett 2019

Dette rundskrivet orienterer om Stortinget si handsaming av Kommuneproposisjonen 2020 (Prop. 113 S (2018–2019)), jf. Innst. 405 S (2018–2019) frå kommunal- og forvaltningskomiteen. Samstundes med Kommuneproposisjonen 2020 la regjeringa fram Revidert nasjonalbudsjett 2019; Meld. St. 2 (2018–2019) og Prop. 114 S (2018¬–2019) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2019, jf. Innst. 391 S (2018–2019) frå finanskomiteen.

Stortinget fatta vedtak i desse sakene 18. og 21. juni 2019.

Innstillinga frå kommunal- og forvaltningskomiteen og finanskomiteen og referat frå stortingsdebattane er tilgjengelege på Stortinget sine sider.

1 Det økonomiske opplegget for kommunesektoren i 2020

Hovudtrekka i det økonomiske opplegget for kommunesektoren i 2020 er følgjande:

  • Realvekst i dei frie inntektene til kommunesektoren på mellom 1 og 2 mrd. kroner som inneber ein realvekst på mellom 0,3 og 0,5 pst.
  • Realvekst i dei samla inntektene i storleik 0,2 til 1,5 mrd. kroner. Veksten er rekna frå berekna inntektsnivå i 2019 i revidert budsjett for 2019. Anslaga for vekst i samla inntekter er lågara enn berekna vekst i dei frie inntektene. Dette skyldast mellom anna at betydelege inntekter frå Havbruksfondet i 2019 fell bort i 2020.
  • Kommunane får mellom 1 og 2 mrd. kroner av veksten i dei frie inntektene.
  • Fylkeskommunane får mellom -200 og 100 mill. kroner i vekst i frie inntekter i 2020.
  • Stortinget vedtok ei samla skjønsramme på 1 434 mill. kroner i tråd med framlegget i Kommuneproposisjonen 2020.

Regjeringa gjer endeleg framlegg til inntektsrammer for kommunesektoren i statsbudsjettet for 2020 (Prop. 1 S (2019–2020)). Statsbudsjettet 2020 blir lagt fram måndag 7. oktober 2019.

2 Revidert nasjonalbudsjett 2019

2.1 Endringar i rammetilskotet til kommunar og fylkeskommunar i 2019

2.1.1 Innbyggjartilskotet til kommunane (kap. 571, post 60)

Kompensasjon for endringar i regelverket for arbeidsavklaringspengar (90 mill. kroner)
Regelverket for arbeidsavklaringspengar blei endra frå 1. januar 2018, jf. Prop. 74 L (2016–2017). Det gjekk fram av proposisjonen at kommunesektoren skulle kompenserast for eventuelle større meirutgifter. Analysar av KOSTRA-tal for 2018 viser at endringa førte til ein auke i kommunane sine utgifter til økonomisk sosialhjelp på om lag 90 mill. kroner. I revidert budsjett for 2019 blir difor løyvinga på kap. 571, post 60 auka med 90 mill. kroner. 

Forsøk med statleg finansiering av omsorgstenestene (142,4 mill. kroner)
Forsøk med statleg finansiering av omsorgstenestene blir utvida og forlenga til og med 2022 (Prop. 1 S (2018–2019) Helse- og omsorgsdepartementet). Frå 1. mai 2019 er forsøket videreført kun med modell A. Selbu og Spydeberg kommunar som har deltatt i modell B, vil starte ein prosess med overgang til modell A. Selbu kommune vil som følgje av dette bli rammefinansiert frå 1.5.2019 til 1.1.2020. Spydeberg kommune vil bli rammefinansiert frå 1.5.2019 og fram til at den sammenslåtte kommunen Indre Østfold eventuelt skal delta frå 1.7.2020. I revidert budsjett for 2019 blir løyvinga på kap. 571, post 60 auka med 142,4 mill. kroner mot ein reduksjon på kap. 761, post 65.

Samla sett inneber endringane ei auke på kap. 571, post 60 Innbyggjartilskot på 232,4 mill. kroner. Sjå vedlegg 1.

2.1.2 Skjønstilskotet til kommunane (kap. 571, post 64)

Kompensasjon for endringar i regelverket for eigedomsskatt (71 mill. kroner)
I statsbudsjettet for 2019 blei det satt av 71 mill. kroner til å kompensere kommunar som får reduserte inntekter som følgje av at dei ikkje lenger kan krevje inn eigedomsskatt på produksjonsutstyr og -installasjonar. Ved handsaminga av revidert budsjett for 2019 blei det ikkje gjort endringar i dette beløpet.

Kommunane har rapportert inn skattegrunnlaget for dei berørte eigedomane for 2018 og 2019. For å anslå dei økonomiske konsekvensane for kommunane i 2019 har departementet kobla desse tala med skattesatsen som kommunane har rapportert inn til KOSTRA[1]. For kommunar som har endra satsen mellom 2018 og 2019 er den lågaste satsen lagt til grunn.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har fordelt kompensasjonen til kommunane. Kommunane er kompenserte fullt ut utover ein gitt eigendel per innbyggjar. I berekningane  er det lagt til grunn innbyggjartal per 1.1.2019, og eigendelen er om lag 17 kroner per innbyggjar. Sjå vedlegg 3 for tal for kvar kommune.

2.1.3 Innbyggjartilskotet til fylkeskommunane (kap. 572, post 60)

Pensjonspremie i Statens pensjonskasse – kompensasjon til fylkeskommunane (56 mill. kroner)
Ansvaret for den delen av riksvegnettet som blei omklassifisert til fylkesveg, blei overført frå Statens vegvesen til fylkeskommunane frå 1. januar 2010. Utgiftene til sams vegadministrasjon for riks- og fylkesvegar skulle framleis vere i Statens vegvesen, jf. St.prp. nr. 68 (2008–2009) Kommuneproposisjonen 2010.

For investeringsoppgåver på fylkesvegnettet skal Statens vegvesen stille nødvendige ressursar til disposisjon. Den einskilde fylkeskommune dekkjer alle kostnader for desse oppgåvene. Det er fastsett ein kalkulatorisk timepris som fylkeskommunane skal betale.

Frå 2017 betaler den einskilde statlege verksemd pensjonspremie til Statens pensjonskasse. Verksemdene blei kompenserte for dette i statsbudsjettet for 2017. Kompensasjonen til Statens vegvesen omfatta arbeid vegvesenet utfører for fylkeskommunane. Samstundes blei pensjonskostnader inkluderte i løns- og personalkostnadene i den kalkulatoriske timeprisen frå 2017. Kompensasjonen til Statens vegvesen blei dermed for høg, medan kompensasjonen til fylkeskommunane blei for låg.

Fylkeskommunane mottok kompensasjon for pensjonspremie for 2017 og 2018 ved nysalderinga av statsbudsjettet 2018. For å kompensere fylkeskommunene for betalt pensjonspremie i 2019, blir løyvinga i revidert budsjett for 2019 auka med 56 mill. kroner.

Samla sett inneber endringane ei auke på kap. 572, post 60 Innbyggjartilskot på 56 mill. kroner. Sjå vedlegg 2.

3 Statlege overføringar til kommunesektoren

Vedlegg 4 gir ei oversikt over statlege tilskot til kommunesektoren (øyremerkte tilskot og rammeoverføringar) etter Stortinget si handsaming av Prop. 114 S (2018–2019).

4 Utbetaling av rammetilskot

Alle endringane i rammetilskotet som følgje av Stortinget si handsaming av revidert budsjett for 2019 blir utbetalte i terminutbetalinga 4. juli, med unntak av midlane som gjeld Forsøk med statleg finansiering, som har blitt utbetalte frå og med mai, og vil bli utbetalte i seks like store beløp over seks terminar.

 

Med hilsen

Thor Bernstrøm (e.f.)
avdelingsdirektør
Hege Rønning
seniorrådgjevar

 

[1] Det inneber mellom anna at for Aure, Hemne og Hitra er det kun skattegrunnlaget i den einskilde kommune som har inngått i berekningane. Det er ikkje teke omsyn til avtalene som kommunane har seg i mellom i samband med Tjeldbergodden.

Vedlegg: