2 Merknader frå Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet til Personvernnemndas årsrapport
Personvernnemnda er klageorgan for vedtak fatta av Datatilsynet, og er eit uavhengig forvaltningsorgan, administrativt underlagt Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Nemnda fattar vedtak med alminneleg fleirtal. Departementet kan ikkje instruere nemnda om behandlinga av einskildsaker eller om den faglege verksemda elles.1 Nemnda består av sju medlemmer med faste varamedlemmer, alle oppnemnde for fire år om gongen. Den sitjande nemnda er oppnemnd for perioden 2025 til 2028. I rapporteringsåret blei nemnda leidd av lagdomar Marius Stub. Nemnda er administrativt underlagd Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet, og departementet gjennomfører eitt årleg administrativt møte med nemndas leiar og sekretariat.
Personvernnemnda behandlar klager frå både privatpersonar, bedrifter og offentlege verksemder. Nemnda peiker i årsrapporten på at sakene dekker alle samfunnsområde, noko som er eit teikn på at personvern stadig får aukande aktualitet. Nemnda legg derfor vekt på å skrive fagleg gode vedtak, slik at desse kan gi rettleiing i seinare liknande saker. Departementet deler vurderinga til nemnda av viktigheita av at vedtaka er skrivne slik at dei eignar seg til framtidig rettleiing – for både publikum, behandlingsansvarlege og Datatilsynet.
Personvernnemnda blei i 2025 tildelt eit budsjett på kap. 1551 post 01 på 6,49 mill. kroner, og nemnda har i rapporteringsåret brukt 6,48 mill. kroner av denne løyvinga. Heile 3,823 mill. kroner av løyvinga gjekk til dekning av sakskostnader til Meta Platforms Ireland Ltd. og Facebook Norway AS i sak PVN-2024-24. Den resterande delen av løyvinga blei nytta til løns- og driftsutgifter til sekretariatet, samt honorar og reisegodtgjersle til medlemmene av nemnda.
Tidlegare har Personvernnemnda sitt sekretariat berre bestått av éin medarbeidar. Frå 15. september 2025 blei sekretariatet utvida med ei stilling til, slik at sekretariatet i dag består av to saksbehandlarar i 100 prosent stilling. Frå same dato blei sekretariatet lagt inn under Statens sivilrettsforvaltning (SRF). I tillegg til løyvinga nemnt over, fekk SRF i 2025 fullmakt til å belaste kap. 1500 post 21 med 0,5 mill. kroner. Desse midla var øyremerkte løn til ein ny saksbehandlar i Personvernnemnda sitt sekretariat.
Personvernnemnda heldt ni møte i rapporteringsåret. I tillegg var det jamleg kontakt mellom nemndas leiar og sekretariatet om utgreiing av saker og administrative forhold. Nemnda fekk 91 nye saker frå Datatilsynet i 2025, noko som var ein auke på 85 prosent frå 2024 – då nemnda mottok 49 nye klagesaker. Til samanlikning mottok nemnda 31 nye saker i 2023. Samtidig blei 35 restansesaker overførte til behandling frå 2024 til 2025. Totalt hadde nemnda dermed 126 saker til behandling i rapporteringsåret.
Personvernnemnda behandla 23 saker ferdig i 2025 (17 saker frå 2024 og seks saker frå 2025). Alle vedtaka var einstemmige, og Datatilsynets vedtak blei endra i åtte av sakene. Dette er på same nivå som dei siste åra. Heile 105 saker blei overførte til behandling i 2026.
Nemnda skriv i årsrapporten at den store auken i talet på klagesaker medfører ein tilsvarande auke i tida som går med til registreringsarbeid, oppfølging av førespurnader frå partane mv. Nemnda mottar òg fleire førespurnader om omgjering enn før, og nemnda prioriterer i utgangspunktet ikkje slike førespurnader framfor behandling av klagesaker.
I tillegg til at saksmengda auka betydeleg i 2025, er sakene dei siste åra blitt meir komplekse. Òg klager til Sivilombodet er ressurskrevjande, og Personvernnemnda ga utdjupande svar i to slike saker i rapporteringsåret.2 Vidare var staten v/Personvernnemnda stevna i to saker for domstolane i 2025. Søksmåla gjaldt gyldigheita av vedtaka i PVN-2022-22 (Grindr-saka)3 og PVN-2024-12 (sletting av ei bekymringsmelding i barnevernet)4.
Den gjennomsnittlege saksbehandlingstida i Personvernnemnda var i rapporteringsåret på 8,8 månader, mot 6,7 månader i 2024. Samtidig var den reelle saksbehandlingstida per 31. desember 2025 om lag 16 månader. Bakgrunnen for dette er mellom anna at nemnda prioriterer saker om lovbrotsgebyr som følgje av kravet i EMK artikkel 6 nr. 1 om at slike saker skal behandlast «innan rimeleg tid». Den raske behandlinga av disse sakene bidreg til å gi inntrykk av lågare saksbehandlingstid enn det som er reelt. Auken i saksbehandlingstida skuldast den store auken i talet på klagesaker, og at mange av sakene er komplekse. I tillegg har nemnda i rapporteringsåret måtta handtere krevjande saker for Sivilombodet og domstolane. Departementet si vurdering er at den gjennomsnittlege saksbehandlingstida er på eit akseptabelt nivå. Når det gjeld den reelle saksbehandlingstida, er denne høgare enn ønskt, men likevel akseptabel gitt nemnda si ressurssituasjon.
Personvernnemnda gjer i årsrapporten greie for behandlinga av enkelte større saker i 2025. Nemnda har mellom anna, i sak PVN-2024-15, vurdert om Husleigetvistutvalet si behandling av personopplysningar i tvistar om leige av bustad er omfatta av rettspleielovunntaket i personopplysningslova § 2 andre ledd bokstav b. Etter ei konkret vurdering kom nemnda til at husleigelova ikkje er omfatta av rettspleieunntaket, og oppretthaldt Datatilsynet sitt vedtak.
Vidare har nemnda, i sak PVN-2025-30, vurdert kva betydning lang saksbehandlingstid hos Datatilsynet har for fastsetjinga av lovbrotsgebyr. Etter nemnda si vurdering utgjorde ei saksbehandlingstid på tre år brot på EMK artikkel 6 nr. 1. I nemnda si tidlegare praksis finst det døme på at gebyret i slike tilfelle har falle bort. Den sitjande Personvernnemnda konstaterte at dette er å gå vesentleg lenger enn det EMK artikkel 13 krev. Datatilsynet hadde sjølv redusert gebyret til 1,5 mill. kroner på grunn av den lange saksbehandlingstida, og nemnda var samd i dette.
I PVN-2024-36 behandla Personvernnemnda ei klage frå ein kommune på Datatilsynet sitt vedtak om lovbrotsgebyr på 250 000 kroner for ulovleg utlevering av personopplysningar om ein person. Nemnda kom med avklarande uttalar om forholdet mellom innsynsreglane i personvernforordninga og offentleglova, og om kommunen si teieplikt etter forvaltningslova.5
Alle vedtak fatta av Personvernnemnda blir publiserte i anonymisert form både på nemnda si eiga heimeside, personvernnemnda.no, og på Lovdata.
I si vurdering av framtidsutsikter peikar nemnda på at saksmengda har auka betydeleg sidan personvernforordninga blei gjennomført i norsk rett i 2018, og at sakene blir meir komplekse. Personvernnemnda er i årsrapporten tydeleg på at auken i saksmengda er uhaldbar, og at det ikkje er mogleg å handtere utviklinga på ein forsvarleg måte med dagens ressursar. Sjølv om det blir uttrykt sterk uro for den aukande saksbehandlingstida, gir nemnda sjølv uttrykk for at de framleis i hovudsak oppfyller sitt føremål.
Departementet vurderer at Personvernnemnda gjer eit godt arbeid innanfor dei fastsette rammene, og at vedtaka er grundige og svært godt utforma. Departementet har særleg merka seg at nemnda har bidrege til viktige rettsavklaringar på personvernfeltet i rapporteringsåret. Samtidig ser departementet at saksmengda og kompleksiteten i sakene for Personvernnemnda har auka betydeleg det siste året. Departementet legg til grunn at den fulle effekten av styrkinga av sekretariatet, jamfør nedanfor, ligg framfor oss og på sikt vil bidra til noko betre kapasitet i nemnda. Samtidig meiner departementet det er viktig å sjå på kva andre grep som kan gjerast for å utnytte ressursane mest mogleg effektivt. Departementet har dialog med Personvernnemnda og sekretariatet om dette.
Som nemnt over, blei ansvaret for Personvernnemnda sitt sekretariat lagt til Statens sivilrettsforvaltning (SRF) 15. september 2025. Føremålet var mellom anna å leggje til rette for bruk av felles IT-, administrasjons- og økonomiløysingar. Samtidig blei sekretariatet styrkt med ein medarbeidar til, slik at det i dag består av to saksbehandlarar. Etter departementet si vurdering har desse grepa gjort Personvernnemnda sitt sekretariat meir robust og profesjonalisert. Departementet legg likevel til grunn at det vil ta noko meir tid før ein ser full effekt av tiltaka.
Departementet er tilfreds med måten Personvernnemnda har gjennomført oppgåvene sine på i 2025, og meiner nemnda har brukt den tildelte løyvinga på ein god måte.
Fotnotar
Jf. personopplysningslova § 22
PVN-2022-22 og PVN-2024-01
Staten v/ Personvernnemnda blei frifunnen ved dom frå tingretten 1. juli 2024 (TOSLO-2023-160384). I dom frå lagmannsretten 21. oktober 2025 blei anken forkasta (LB-2024-154313).
Saken blei behandla av Oslo tingrett 16. juni 2026.
Nemnda var samd med Datatilsynet i at kommunen hadde utlevert personopplysningar utan rettsleg grunnlag og stadfesta Datatilsynet sitt vedtak om lovbrotsgebyr.