Meld. St. 22 (2022–2023)

Kunstnarkår

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Figur 1.1 

Figur 1.1

Menneske har til alle tider uttrykt seg gjennom estetiske praksisar og skapt uttrykk som strekkjer seg utover det reint funksjonelle og praktiske. Så stabilt er dette trekket ved ulike folk og samfunn gjennom tidene at estetisk, skapande praksis må reknast som ein naturleg del av menneskeleg livsførsel. Ord, bilete, tonar og rørsler treffer strenger i oss som ikkje først og fremst handlar om å overleve, men som handlar om å leve. Det vi i dag kallar kunst, er ikkje ein tilleggsdimensjon ved livet eller eit overskotsfenomen; det er mykje av det som fyller livet med liv.

«Gjør kunsten nytte?» spurde André Bjerke i diktet Kunstnereni 1951, og han svarte sjølv: «I høyere grad enn fornuftige mennesker aner er kunstnerne folkets nødvendige sanseorganer.»

Utgangspunktet for kunstnarpolitikken til regjeringa er nettopp dette: Eit velfungerande og godt samfunn inneheld og legg til rette for kunst og kunstnarar – fordi kunst bidreg til meiningsfulle liv og dimed meiningsfull samfunnsutvikling, men òg fordi kunsten er ein viktig del av den demokratiske infrastrukturen, som rom for frie ytringar og diskusjon.

I dag er Noreg eit land med høg kunstnarleg aktivitet, mange profesjonelle kunstnarar, stor tilvekst til kunstnaryrket og gode offentlege ordningar som legg til rette for estetisk mangfald, nye stemmer og kunstnarleg utforsking. Ulike kunstnarlege praksisar og uttrykk har alltid funnest her i landet, men etter andre verdskrigen har det offentlege i aukande grad teke eit ansvar for at det vert skapt og vist kunst i Noreg. Infrastrukturen for kunstproduksjon og -visning er etablert gjennom institusjonar, regelverk, offentlege støtteordningar og stipend og ulike ordningar for distribusjon og turnéverksemd.

Grunnlova § 100 sjette ledd gjev styresmaktene ei plikt til å «leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte». Dette såkalla infrastrukturkravet inneber eit ansvar for å sikre ytringsfridom i praksis ved å sørgje for at det finst velfungerande kanalar for utveksling av informasjon og meiningsytringar i samfunnet. Dei institusjonelle rammene rundt kunsten er ein sentral del av denne infrastrukturen, inkludert verkemiddel og arenaer som legg til rette for å produsere og tilgjengeleggjere kunst.

Dette er eit ansvar det offentlege vil halde fram med å ta. I det samfunnet regjeringa ønskjer seg framover, finst det kunst av høg kvalitet, det finst mykje forskjellig kunst, og det finst profesjonelle, levande kunstnarmiljø og god tilgang til å møte kunst for alle over heile landet. Dette krev òg ein aktiv kunstnarpolitikk.

Mykje av kunstnarpolitikken framover vil byggje opp under strukturar og verkemiddel som fungerer, og justere desse når det trengst. Nye tider krev likevel fornya og oppdatert politikk. Situasjonen for kunstnarane er annleis i dag enn han var rett etter andre verdskrigen, eller i tida før den digitale transformasjonen greip om seg. Nye digitale produksjons- og visningskår, global distribusjon, større konkurranse om offentlege midlar og klimakrise og berekraft er nokre av utviklingstrekka som pregar arbeidskåra til kunstnarar i dag. Kva ytringsklima kunstnarar kan ytre seg innanfor, og korleis ytringsfridom best kan varetakast, er ein kontinuerleg diskusjon både i Noreg og globalt.

Nokre av utfordringane, som den teknologiske og digitale utviklinga, er så store at det er samspelet mellom internasjonale aktørar og rammevilkår, kombinert med grepa i norsk politikk, som vert avgjerande for den vidare utviklinga. Eit godt ytringsklima vert skapt i det offentlege og semi-offentlege ordskiftet av alle som deltek der, både kunstnarar og andre. Politikken kan leggje til rette på nokre område for å møte utfordringar, men dei overordna utviklingstrekka må alle aktørane som omgjev kunstnarane, saman med kunstnarane sjølve, handtere i fellesskap.

Andre utfordringar, som stor konkurranse om offentlege midlar og låge inntekter med tilhøyrande svake sosiale rettar, kan ein ta tak i gjennom kunstnarpolitikken spesielt og kulturpolitikken generelt, men arbeidslivs-, sosial- og næringspolitikk verkar òg inn på kunstnarane sine kår.

Ein viktig ambisjon for regjeringa er at dei midlane det offentlege tildeler kunstfeltet, må finne innretningar som stimulerer ulike kunstnarlege stemmer. Å forsørgje seg som kunstnar har alltid vore krevjande for dei aller fleste. Gode offentlege støtteordningar har vore eit viktig grep for å leggje til rette for at det ikkje berre er dei mest privilegerte som tek seg råd til å prøve kunstnaryrket. Ordningane har bidrege til at det har kunna vekse fram kunstnarlege stemmer med ulike bakgrunnar, frå mange stader i landet, innanfor fleire kunstnarlege uttrykk. Likevel er det framleis grupper som i mindre grad er representerte på kunstscena. Det må difor framleis utviklast verkemiddel som stimulerer til at mangfaldet av kunstuttrykk, stemmer, erfaringar og bakgrunnar kan vekse fram på like vilkår. Det er ikkje kvar enkelt kunstnar si oppgåve å gjere kunsten mangfaldig, men kunstnarpolitikken må ha som ambisjon at verkemidla treffer breitt.

Arbeidslivspolitikken til regjeringa skal òg kome kunstnarane til gode. Kunstnaryrket er ein yrkesveg, og kunstnarar er arbeidsfolk. Det skal ikkje vere slik at folk forventar at kunstnarar skal jobbe gratis. Regjeringa vil at kunstnarar, som alle andre, skal ha rimeleg betaling for jobben dei gjer. Ei viktig utfordring framover er difor å leggje til rette for at kunstnarar får rimeleg betaling for kunstnarleg arbeid.

Med tanke på den naudsynlege plassen og funksjonen kunsten har i samfunnet, og den avgjerande rolla kunstnarane har i dette, er det dessutan viktig for regjeringa å leggje til rette for at kunstnarar kan etablere seg og verke aktivt over heile landet. Konsentrasjonen av kunstnarar og kunsttilbod er størst rundt dei største byane. Regjeringa ønskjer at det skal finnast fleire kulturarbeidsplassar over heile landet. I dette er kunstnarane viktige. Det å gjere det meir attraktivt for kunstnarar å etablere seg utanfor bysentera, er ei utfordring for alle forvaltningsnivåa og ei oppgåve vi må løyse i fellesskap.

Mange av dei verkemidla som utgjer kunstnarpolitikken i dag, fungerer godt. Nokre er modne for justeringar eller mindre endringar. I takt med at tilskota til kunst- og kulturfeltet har auka, har òg kravet om profesjonell forvaltning og god styring vorte høgare. I Prop. 1 S (2017–2018) varsla Kultur- og likestillingsdepartementet mellom anna eit ønske om å forenkle og fornye forvaltninga av Statens kunstnarstipend. I behandlinga av denne bad Stortinget regjeringa om å kome attende med ei eiga kunstnarmelding der forvaltninga av Statens kunstnarstipend vert sett inn i ein større, heilskapleg samanheng (Innst. 14 S (2017–2018)). Denne meldinga er forankra i dette vedtaket.

Det er ulike utfordringar på ulike kunstfelt som må gripast fatt i meir spesifikt enn generelt. Regjeringa vil halde fram med å utvikle kunstnarpolitikken i samspel mellom dei generelle, overordna grepa og dei meir sektorspesifikke behova på ulike felt.

I denne meldinga legg regjeringa fram sine ambisjonar for kunstnarkåra i åra som kjem. Det overordna målet for regjeringa er at kunstnarpolitikken framover skal bidra til at kunstnarane

  • har gode moglegheiter til å verke som kunstnarar nasjonalt og internasjonalt

  • får rimeleg betaling for kunstnarleg arbeid og er tydeleg inkluderte på kunstnarrelevante politikkområde

  • kan verke over heile landet

Figur 1.2 

Figur 1.2

1.1 Samandrag

Denne meldinga har to delar. Den første delen skildrar kort utviklinga av kunstnarfeltet. Kapittel 2 gir eit historisk tilbakeblikk og skildrar dei ulike kunstfelta med vekt på sosiodemografiske kjenneteikn og økonomi, infrastrukturen rundt dei ulike kunstnarane, og korleis digitaliseringa verkar inn på dei ulike kunstfelta. Kapittelet tek òg opp samiske kunstpraksisar og vilkåra for samiske kunstnarar og kunstnarar med bakgrunn frå nasjonale minoritetar. Kapittel 3 går inn på utviklingstrekk og problemstillingar som gjeld på tvers av kunstfelta og kunstnarane, som berekraft, likestilling og ytringsfridom.

Den andre delen av meldinga teiknar vegen vidare for kunstnarkåra i åra som kjem, formulerer mål for utvikling av feltet, og legg fram tiltak og vidare prioritering. Kapittel 4–8 handlar om dei moglegheitene kunstnarar har til å verke både nasjonalt og internasjonalt. Dei går nærare inn på armlengds avstandprinsippet og fagfellevurderingar, statlege stipend og støtteordningar, den rolla etatane og institusjonane spelar for kunstnarar, tilhøva for kunstnarar med samisk bakgrunn og bakgrunn frå dei nasjonale minoritetane. Videre handlar det om verkemiddel som støttar opp om internasjonal aktivitet, samarbeid og utveksling, og juridiske verkemiddel som er viktige i kunstnarpolitisk samanheng. Kapittel 9–12 handlar om tilknytinga kunstnarane har til arbeidslivet, korleis rimeleg betaling for kunstnarleg arbeid kan styrkje kunstnarøkonomien og føreslår tiltak som kan bidra til å forenkle og betre vilkåra for kunstnarane. Kapitla går gjennom vilkåra kunstnarar har på politikkområde som arbeids- og velferdspolitikken, pensjons-, skatte- og næringspolitikken. Kapitla ser òg på opphavsrettslege vederlag og kulturpolitiske ordningar, digitalisering og internasjonal regulering. Kapittel 13 går inn på vilkåra for korleis kunstnarar kan utøve yrket som kunstnar same kvar ein bur i landet, og tiltak som bidreg til levande kunstmiljø over heile landet. Avslutningsvis omhandlar meldinga korleis kunnskap gjev eit betre grunnlag for treffsikre verkemiddel og prioriteringar.

Til forsida