1 Samandrag
Noreg er ein havnasjon med rike fiskeressursar. Dei store mengdene fisk i norske farvatn har gjeve mat, arbeid og inntekt til det norske kystfolket til alle tider. I 2025 eksporterte Noreg villfanga fisk og fiskeprodukt for 48,1 milliardar kroner, som vart ny rekord.
Vi deler rundt 90 prosent av fiskeressursane vi haustar av, med andre land gjennom gjensidige avtalar på ressursforvaltingsområdet. Det er forvaltinga av desse ressursane som er temaet for dei årlege fiskeriavtalane. Avtalane skal sikre at haustinga av fiskebestandane er berekraftig. Dei er difor baserte på uavhengige vitskaplege råd om kvotar og forvaltingstiltak og inneheld forpliktande føresegner om kvotefordeling, forvaltingstiltak og kontrollsamarbeid.
Det er tre overordna mål som ligg til grunn for Noregs medverknad i dei ulike forhandlingsprosessane og dei internasjonale organisasjonane for ressursforvalting:
-
å fremje ei berekraftig forvalting av dei levande marine ressursane, basert på den beste tilgjengelege vitskaplege kunnskapen og ei økosystembasert tilnærming
-
å sikre Noreg ein rettferdig del ved kvotefordeling av felles regulerte bestandar
-
å sikre tilfredsstillande kontroll og handheving innan dei forvaltingsregima der Noreg tek del
Oversikt over fiskeriavtalane
Noreg inngår vanlegvis fire typar internasjonale fiskeriavtalar: tosidige avtalar, trepartsavtalar, kyststatsavtalar og avtalar i regionale fiskeriforvaltingsorganisasjonar (RFMO-ar).
Noreg inngår tosidige avtalar med Russland, EU, Storbritannia, Færøyane, Island og Grønland. Avtalane med Russland og trepartsavtalen med EU og Storbritannia er dei mest omfattande og gjeld felles forvalting av bestandane vi deler i høvesvis Barentshavet og Nordsjøen. I tillegg blir det avtalt gjensidig løyve til å fiske i fiskerisona til den andre parten og byte av kvotar. EU er forhandlingspart på vegner av Sverige og Danmark i avtalane om regulering av fisket i Skagerrak og Kattegat og om svensk fiske i Noregs økonomiske sone. Avtalane med Færøyane, Grønland og Island gjeld først og fremst kvotebyte. Kvotebytet har tradisjonelt vore ei vidareføring av tidlegare fiskemønster hos partane, men nivået avheng òg av variasjonar i storleiken på dei ulike bestandane. Avtalane omfattar dessutan kontrollsamarbeid og i ulik grad forskingssamarbeid.
Dei største bestandane i Norskehavet er makrell, norsk vårgytande sild (NVG-sild) og kolmule. Dette er bestandar som vandrar mellom sonene til fleire statar. Dei blir difor forvalta gjennom fleirsidige avtalar, såkalla kyststatsavtalar, mellom statane som har bestanden i sonene sine. Noreg er òg part i forvaltinga av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen og er som fjernfiskenasjon deltakar i prosessen om fordeling og regulering av uer i Irmingerhavet mellom Færøyane, Grønland og Island.
Figur 1.1 Dei nordaustatlantiske havområda.
FN-avtalen om fiske på det opne hav pålegg kyststatane og statar som fiskar i internasjonalt farvatn, å ta del i regionalt samarbeid om forvaltinga av vandrande fiskebestandar. RFMO-ane søkjer å kombinere ei langsiktig bevaring og best mogleg utnytting av fiskeressursane i konvensjonsområda sine. Det skjer gjennom regulering av fisket, miljøtiltak og kontrollsamarbeid. RFMO-ane har mellom anna vore viktige arenaer i kampen mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske (UUU-fiske). Dei ulike organisasjonane for fiskeriforvalting som Noreg deltek i, er nærmare presenterte i kapittel 3.
I kapittel 2 gjev vi ei kort innføring i tema som er viktige i det internasjonale fiskerisamarbeidet: det havrettslege rammeverket, den vitskaplege rådgjevinga og dei internasjonale havmiljøprosessane legg viktige premissar for dei årlege fiskeriavtalane. Vi omtaler dessutan det internasjonale samarbeidet mot UUU-fiske og fiskerikriminalitet.
Verdiane vi forhandlar om
Den samla fangstverdien av fiskeriavtalane Noreg inngjekk med andre land i 2025, er rekna ut til å vere om lag 85 milliardar kroner.1 Noreg sin del utgjorde om lag 25 milliardar kroner. I tillegg kjem verdiane som blir skapte av vidareforedling av fangsten. Den realiserte verdien av avtalane er avhengig av i kor stor grad Noreg nyttar kvotane fullt ut.
Figur 1.2 viser korleis den økonomiske verdien vart fordelt mellom dei viktigaste avtalane i 2025. Denne fordelinga vil variere ein del frå år til år som følgje av endringar i storleiken på kvotane og prisane i marknaden for dei ulike artane. Figuren illustrerer like fullt den økonomiske tyngda av dei ulike avtalane i 2025.
Figur 1.2 Den relative verdien kvar fiskeriavtale har for Noreg i 2025.
Torsken i Barentshavet er den kommersielt viktigaste bestanden i Noreg, og den norske kvoten hadde i 2025 ein verdi på om lag 7,2 milliardar kroner. Det er grunnen til at 42 prosent av dei samla verdiane av fiskeriavtalane kjem frå Russlandsavtalen. 45 prosent av verdiane frå avtalane totalt skriv seg frå kyststatsavtalane for dei tre pelagiske bestandane. Makrellen er for tida den klart viktigaste med ein verdi på om lag 6,9 milliardar kroner i 2025. Avtalen med EU og Storbritannia om forvaltinga av fellesbestandane i Nordsjøen stod for 11 prosent av verdiane. Skagerrakavtalen med EU stod for om lag 1 prosent av dei samla verdiane i 2025.
1.1 Fiskeriavtalane for 2026
Figur 1.3 viser den avtalte totalkvoten for viktige bestandar for Noreg i perioden 2023–2026. Kapittel 3 presenterer dei fastsette kvotane og fordelinga av desse i alle dei ulike avtalane. Kapittel 4 inneheld ein gjennomgang av status og vitskapleg rådgjeving for dei ulike bestandane. Kapittel 5 gjer greie for hovudtrekka i fisket etter avtalane Noreg hadde med andre land i 2024 og 2025.
Figur 1.3 Totalkvotar i 2023–2026 for viktige bestandar for Noreg (tonn).1
1 Torsk i Barentshavet er inklusive norsk kysttorsk. Kolmule/NVG-sild/makrell: Det har ikkje vore semje mellom alle partane om fordelinga av totalkvoten i åra 2023–2026, så summen av unilaterale kvotar er høgare enn totalkvoten som er vist i figuren. Det er førebels ikkje semje mellom alle kyststatane om totalkvoten for makrell i 2026. Noreg set kvote basert på totalkvoten i figuren.
Avtalen med Russland
Noreg fordømmer på det sterkaste Russlands fullskala militærangrep på Ukraina og har innført historisk strenge sanksjonar. Det bilaterale samarbeidet vårt med Russland er nedskalert til eit minimum. Samstundes har Noreg eit ansvar for å forvalte fiskeriressursane i Barentshavet på ein måte som sikrar framtidig hausting av ressursane. Samarbeidet innan forsking, regulering og kontroll er berande element for ei forsvarleg og berekraftig forvalting av dei bestandane som Noreg og Russland forvaltar. Dette har svært mykje å seie, også for andre land som får kvotar til fartøya sine basert på avtalar med Noreg. Noreg har difor valt å føre vidare fiskerisamarbeidet med Russland.
Noreg og Russland har avtalt totalkvotar (TAC) for 2026 på fellesbestandane i Barentshavet og fordelinga mellom Noreg, Russland og avsetjing til tredjeland. Landa har òg avtalt gjensidig rett til å fiske i sonene til kvarandre og har bytt kvotar som gjeld både fellesbestandar og nasjonale bestandar. Det er semje mellom dei to landa om ei fast prosentvis fordeling av fellesbestandane.
Etter at det er fastsett kvote til tredjeland, blir kvotane for nordaustarktisk torsk, nordaustarktisk hyse, blåkveite, snabeluer og lodde fordelte i tråd med den faste prosentvise fordelinga. Torske- og hysekvotane blir delte likt mellom Noreg og Russland. Torskekvoten er redusert med 16 prosent frå 340 000 tonn i 2025 til 285 000 tonn i 2026. Tredjelandskvoten blir bytt mot kvotar på andre artar. Kvotenivået er venta å sikre eit høgt utbyte på lang sikt. Hysekvoten er auka med 18 prosent frå 130 000 tonn i 2025 til 153 293 tonn i 2026. Noreg og Russland vedtok òg kvotefleksibilitet mellom år i fisket etter torsk og hyse. Vedtaket inneber at partane kan overføre inntil 10 prosent av kvotane til neste år eller fiske inntil 10 prosent av kvoten for neste år på forskot. Det vart vedteke at det ikkje blir opna for loddefiske i 2026. Det vart fastsett ein totalkvote for blåkveite på 19 000 tonn for 2026, på same nivå som i 2025. For snabeluer er kvoten sett til 69 177 tonn for 2026. Det er ein auke på 1 986 tonn frå 2025.
Forhandlingane om ein avtale med Russland for 2026 var utfordrande. Avgjerda til regjeringa frå 7. juli 2025 om å listeføre dei to russiske fiskeriselskapa Norebo JSC og Murman Seafood fører til at fartøy tilhøyrande dei to selskapa ikkje får fornya lisensar til å fiske i norsk økonomisk sone. Noreg og Russland har ulikt syn på om dette er eit brot på rammeavtalen frå 1976 om fiskerisamarbeidet. Dette prega forhandlingane og medverka til eit vanskelegare forhandlingsklima enn elles.
Protokollen for 2026 er mindre omfattande enn tidlegare år fordi russisk side ikkje har ønskt å føre vidare alt arbeid som normalt. Dette omfattar nedskalering av arbeid knytt til forvaltings- og kontrollsamarbeid, statistikkutveksling og forskingssamarbeidet.
Avtalen med EU og Storbritannia
Etter at Storbritannia gjekk ut av EU, er mange av bestandane som tidlegare vart forvalta i samråd mellom Noreg og EU, delte mellom tre partar. Totalkvotar og andre forvaltingstiltak for bestandane nordsjøtorsk, hyse, sei, kviting, raudspette og nordsjøsild blir difor fastsette i samråd mellom EU, Storbritannia og Noreg.
Byte av kvotar og gjensidig tilgang til å fiske i jurisdiksjonsområda til Storbritannia og farvatna til EU skjer etter separate bilaterale avtalar som må forhandlast fram mellom Noreg og kvar av dei to partane.
Trepartsavtalen om mellom anna totalkvotar for fellesbestandane i Nordsjøen for 2026 vart underteikna 5. desember 2025.
Av fellesbestandane i Nordsjøen er det silda og seien som har den største kommersielle verdien for Noreg.
Bestandar varierer i storleik, og nokre kvotar auka og andre vart reduserte for 2026. Sjå kapittel 4 om tilstanden til dei ulike bestandane.
Avtalane med EU
I tråd med rammeavtalen om fiskerisamarbeid mellom Noreg og EU frå 1980 forhandlar partane kvart år om byte av fiskekvotar og gjensidig tilgang til å fiske i fiskerisona til den andre parten.
I tråd med rammeavtalen med EU er Noreg forplikta til å tilby EU 4,14 prosent av den totale kvoten for torsk i nord. I tillegg byter EU til seg sei, hyse og blåkveite i nord i tillegg til lysing, breiflabb og andre bestandar i Nordsjøen. EU skal som motyting tilby Noreg tilsvarande høve til å fiske i eigne farvatn. Etter Brexit har dette bytet minka atskilleg i storleik. Frå EU byter Noreg no mellom anna til seg kvotar på kolmule og ein del kvotar som kan fiskast i farvatna til Grønland. Desse omfattar mellom anna reker, uer og blåkveite.
Noreg og EU samarbeider òg om kontroll og overvaking av ressursuttaket.
Noreg og EU forhandlar i tillegg avtalar om fisket i Skagerrak/Kattegat og om svensk fiske i den norske delen av Nordsjøen (nabolandsavtalen). Det er særleg rekefisket i Skagerrak som er av interesse for norske fiskarar.
18. desember 2025 vart Noreg og EU samde om avtalar for 2026 om kvotebyte og sonetilgang i Nordsjøen. EU har mellom anna bytt til seg 9 196 tonn nordaustarktisk torsk, 500 tonn hyse og 400 tonn sei i Barentshavet. I motyting har Noreg mellom anna teke imot kvotar av reke, blåkveite og uer ved Grønland. Partane har òg bytt kvotar på botnfisk i Nordsjøen.
Avtalen med Storbritannia
I 2020 inngjekk Noreg og Storbritannia ein bilateral rammeavtale for fiskerisamarbeid. Avtalen legg til rette for at partane kan bli samde om byte av kvotar og tilgang til å fiske i respektive jurisdiksjonsområde (sonetilgang). Dette blir gjort i årlege avtalar. 18. desember 2025 underteikna partane ein bilateral avtale om sonetilgang og kvotebyte for 2026. I denne avtalen får Noreg tilgang til å fiske ein del av vår eigen nordsjøsildkvote i den økonomiske sona til Storbritannia, mot at Storbritannia får fiske norsk vårgytande sild i norsk farvatn. Partane vart òg samde om gjensidig tilgang til å fiske opptil 30 000 tonn botnfisk. Partane utveksla i tillegg kvotar i norsk sone i Barentshavet og i britisk sone.
Kyststatsavtalane
For tida er det ingen heilskaplege kyststatsavtalar om fordeling av dei store pelagiske bestandane makrell, NVG-sild og kolmule. Det er likevel inngått fleire delavtalar der nokre av kyststatane er part i ein eller fleire slike delavtalar. Kyststatane held fram med forhandlingane på alle dei tre store pelagiske bestandane, og hovudmålet er å få heilskaplege avtalar der alle kyststatane er part.
Makrell
Dei seinare åra har makrellen kommersielt sett vore ein av dei viktigaste bestandane for Noreg, nest etter torsken.
Sjølv om makrellbestanden har vore i ganske god forfatning dei seinare åra, er bestanden no på veg nedover. Dette skyldast ein kombinasjon av lågare rekruttering og vedvarande høgt fiskepress. Hausten 2025 la ICES fram eit kvoteråd for 2026 på 174 357 tonn makrell. Dette er ein dramatisk reduksjon på om lag 70 prosent samanlikna med kvoterådet for 2025. For å kome fram til einigheit var det naudsynt for dei fire avtalepartane Storbritannia, Noreg, Færøyene og Island å fastsette ei høgare totalkvote på 299.010 tonn for 2026. Dette er likevel og ein betydeleg reduksjon svarande til 48 prosent samanlikna med 2025. Etter Brexit i 2020 hadde kyststatane ikkje nokon avtale på makrell, og Noreg mista sin tilgang til å fiske makrell i Storbritannia si sone (tidlegare EU-farvatn). Noreg og Storbritannia signerte likevel ein tosidig avtale for makrell i 2023 som sikra Noreg tilgang til å fiske 60 prosent av den nasjonale kvoten i britiske farvatn.
Trass i ei rekkje forhandlingsrundar vart kyststatane til makrell heller ikkje samde om fordeling av makrellbestanden i 2024. I mangel av ein avtale med alle kyststatane, inngjekk Noreg, Storbritannia og Færøyane ein trepartsavtale om forvalting av makrellen i juni 2024.
Som ei vidareføring av trepartsavtalen inngjekk Noreg, Færøyane, Island og Storbritannia ein firepartsavtale på makrell 15. desember 2025. Avtalen gjeld forvalting, fordeling og tilgang til å fiske makrell i farvatna til kvarandre, og handlar om storleiken på dei nasjonale kvotane, sonetilgang og vitskapleg samarbeid. Avtalen reduserer det samla fiskepresset på makrellbestanden og er utforma slik at det er mogleg å inkludere dei resterande kyststatane (EU og Grønland) dersom dei ønskjer det. Avtalen gjeld, inntil vidare, for tre år, noko som bidreg til å gjere situasjonen meir stabil og føreseieleg for den norske næringa.
Kyststatane har starta opp nye forhandlingar vinteren 2026, og siktemålet er å oppnå ein ny, heilskapleg kyststatsavtale der alle kyststatane er med. Frå norsk side blir det lagt vekt på at det må vere ein klar samanheng mellom sonetilhøyrsla til makrellen, det vil seie kor mykje og kor lenge makrellen oppheld seg i kvar økonomiske sone, og eigardelane partane til slutt endar opp med. I påvente av ein heilskapleg kyststatsavtale for makrell har Noreg sett seg ein førebels kvote på 55 257 tonn. Denne kvoten vil bli justert når forhandlingane blir avslutta til våren.
Norsk vårgytande sild (NVG-sild)
Norsk vårgytande sild er den største sildebestanden i verda. Storbritannia, Færøyane, Island, Noreg og Russland er kyststatar til NVG-silda. Kyststatane har forhandla om ein ny kyststatsavtale og delinga i fleire rundar, men har ikkje greidd å bli samde om ein ny fempartsavtale. I 2024 vart Noreg og Færøyane samde om ein bilateral kyststatsavtale som gjev Noreg 64,18 prosent og Færøyane 10 prosent av bestanden. Kyststatsavtalen mellom Noreg og Færøyane bidreg atskilleg til å få ned det totale overfisket på NVG-sild.
Bestanden av norsk vårgytande sild (NVG-sild) er i ei god utvikling. Kyststatane har blitt samde om ein totalkvote for NVG-sild i 2026 på 533 914 tonn, som er ein oppgang på 33 prosent samanlikna med 2025 og i tråd med tilrådinga frå ICES. Sidan det ikkje er semje om fordelinga av andelar til partane, er det kvar enkelt stat som fastset kvotane unilateralt.
På kyststatsmøtet hausten 2020 vart det lagt fram ein rapport utarbeidd under leiing av forskarar frå Havforskingsinstituttet, men med deltaking av forskarar frå dei andre partane, der sonetilhøyrsla til silda vart oppdatert. I rapporten gjekk forskarane òg gjennom metodikk for å rekne ut sonetilhøyrsle for ein bestand. Denne rapporten har sidan blitt oppdatert kvart år.
Kolmule
Kolmule er den tredje store pelagiske bestanden i Nordaust-Atlanteren. Etter initiativ frå EU utarbeidde partane for ein del år sidan ein felles rapport om sonetilhøyrsle for kolmulebestanden. Med utgangspunkt i rapporten kravde EU ein større del av totalkvoten. Færøyane har følgt opp og krev òg ein større del, og i tillegg har Island nytta ein høgare prosentsats dei seinare åra. I kvotefastsetjinga si dei siste åra har dessutan Storbritannia nytta den same høgare satsen som EU.
Kyststatane har dei seinaste åra forhandla i fleire rundar om ei ny fordeling av bestanden, men førebels har ikkje forhandlingane lykkast. Kyststatane held fram med å forhandle om fordelinga i 2026 med mål om ein heilskapleg avtale. Det er òg semje om at rapporten om sonetilhøyrsle for kolmulebestanden skal oppdaterast kvart år, på same måten som for NVG-sild.
I forhandlingane hausten 2025 vart partane samde om ein TAC på 851 344 tonn i 2026. TAC er basert på rådgjevinga frå ICES og forvaltingsplanen som er evaluert av ICES. Dette er ein nedgang på 41 prosent samanlikna med 2025 og i tråd med rådet frå ICES. Kvoten er trass nedgang enno på eit høgt nivå.
Dei regionale fiskeriforvaltingsorganisasjonane
Noreg er i dag medlem av fire regionale fiskeriforvaltingsorganisasjonar i tillegg til Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC) og Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen (NAMMCO).
Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC)
Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen har ein viss samordnande funksjon i reguleringa av fisket etter bestandar som vandrar mellom dei økonomiske sonene til partane og internasjonalt farvatn. Dette gjeld kolmule, norsk vårgytande sild, makrell og uer.
Arbeidet i NEAFC er påverka av Russlands angrepskrig mot Ukraina ved at eit fleirtal av partane ikkje har vilja delta på møte med Russland i NEAFC-undergrupper og -komitear i 2025. Dette har ført til at Russland reserverer seg mot vedtak dei ikkje er samde i eller har hatt høve til å vere med og diskutere.
Årsmøtet vedtok ei regulering av fisket etter norsk vårgytande sild basert på kyststatsavtalen om ein totalkvote på 533 914 tonn. Denne reguleringa inneber at kyststatane kan fiske dei nasjonale kvotane sine i internasjonalt farvatn. Partane vart ikkje samde om regulering av fisket for verken kolmule eller makrell under årsmøtet.
Noreg og Russland er kyststatar til snabelueren i Norskehavet og vart i oktober 2014 samde om ei fordeling av bestanden på bakgrunn av ein sonetilhøyrslerapport forskarar frå NEAFC-landa har utarbeidd. Avtalen inneheld òg ein kvote til internasjonalt farvatn. Kyststatane Noreg og Russland hadde ikkje fastsett ein totalkvote for bestanden innan årsmøtet i NEAFC november 2025. Reguleringa for 2026, med ein kvote i internasjonalt farvatn på 5,9 prosent, blir handsama per skriftleg korrespondanse i starten av 2026.
Forbodet mot fiske etter uer i Irmingerhavet vedteke under årsmøtet i 2021 vart revidert under årsmøtet i 2023 og vidareført under årsmøtet i 2024. Vedtaket inneber ein nullkvote og forbod mot å tilby omlastings-, forsynings- og støttetenester til fartøy i internasjonalt farvatn med fangstar av bestanden om bord. NEAFC-forbodet mot direktefiske etter uer i Irmingerhavet er i tråd med tilrådinga frå forskarane. Vedtaket gjeld for perioden 2025–2027. Under årsmøtet hausten 2025 fremja EU forslag om ei ytterlegare innstramming ved at det òg skal vere forbod mot å tilby dei ovannemnde tenestene og dessutan forbod mot landingar og fiskeriaktivitet i eige farvatn for fartøy som har eller har hatt fangstar av bestanden om bord. Russland har i etterkant av årsmøtet reservert seg mot vedtaket, og forbodet gjeld difor ikkje for fartøya deira.
Det vart òg vedteke ei rekkje reguleringar på kontroll og handheving. Russland har reservert seg mot fleirparten av dessa vedtaka fordi det ikkje har vore møte i underliggjande komitear og arbeidsgrupper i NEAFC.
Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen (NAFO)
Mange av bestandane som NAFO forvaltar, er under moratorium. Noreg har rett til å fiske på lodde, torsk og to rekebestandar.
Rekefisket i område 3M er i dag regulert med eit fiskedøgnsregime og ikkje kvotar som i andre fiskeri. Dette er ikkje lenger ein alminneleg forvaltingsmåte, og NAFO-partane har fleire gonger prøvd å bli samde om eit kvotesystem og fordeling av andelar. Dette har ein ikkje lykkast med. Partane møttest 17. september 2023 for på ny å vurdere ein overgang til eit ordinært kvoteregime, men lykkast ikkje med å bli samde. Rekefisket i 3M er difor framleis underlagt fiskedøgnsregimet. På grunn av den dårlege tilstanden i rekebestanden i 3M, og i samsvar med vitskapleg råd om nullfiske, vart det under årsmøtet i 2024 vedteke at rekefisket heller ikkje skulle gjenopnast i 2025 eller 2026.
Det er gjort ei ny undersøking av rekebestanden i område 3LN, som har vore under moratorium. Undersøkinga viser at rekebestanden i dette området er ein del av ein større bestand og er i betre stand enn ein tidlegare har trudd. Partane er samde om å vurdere nærmare om rekefisket i dette området skal opnast igjen under årsmøtet i 2026.
Loddefisket vart stengt i 2022–2024 etter ei avgjerd på årsmøtet i 2021. Grunngjevinga for dette var at lodda er ein viktig matressurs for andre artar i økosystemet. Denne stenginga er sidan forlengd for 2025 og 2026.
Også fisket etter uer lengst aust i reguleringsområdet til NAFO er stengt, i tråd med tilrådinga om nullkvote frå ICES. Noreg fiskar ikkje på denne bestanden i NAFO, men stenginga svarer til vedtak i NEAFC om same bestand som Noreg har interesser i.
Det er òg enkelte lyspunkt. Årsmøtet vedtok å auke torskekvoten i område 3M frå 12 613 tonn til 15 360 tonn, i tråd med det vitskaplege kvoterådet.
Fisket etter torsk i område 2J3KL hadde vore stengt sidan 1992, men under årsmøtet i 2025 vedtok partane å opne fisket att i NAFO-området. Totalkvoten er i år auka frå 18 947 tonn til 40 000 tonn. Noreg sin del av totalkvoten er på 0,101 prosent, noko som i 2026 tilsvarer 40,4 tonn i perioden september 2025–juni 2026.
NAFO har dei siste åra lagt stor vekt på å regulere fisket med botnreiskapar slik at sårbare marine økosystem blir skåna. I dag er i alt 27 område i NAFO stengde for fiske med botnreiskapar for å verne konsentrasjonar av korallar og svamp som har særleg sårbare økosystem (VME-ar). Stengingane gjeld òg fleire område med undersjøiske fjell. Alle dei 27 områda er stengde ut 2026. NAFO arbeider med ei ny vurdering av særleg sårbare økosystem og korleis botnfiske påverkar desse. Vurderinga skal ferdigstillast i 2027.
Den internasjonale kommisjonen for bevaring av atlantisk tunfisk (ICCAT)
Noreg hadde i perioden 2007–2013 forbod mot fiske og landing av makrellstørje på bakgrunn av bestandssituasjonen og fordi totalkvoten vart sett høgare enn tilrådd. Den internasjonale kommisjonen for bevaring av atlantisk tunfisk har sidan fått kontroll på forvaltinga av makrellstørjebestanden. Noreg opna for fangst av den norske kvoten i 2014. I 2025 vedtok ICCAT ein ny forvaltingsplan, og totalkvoten på austleg makrellstørje vart sett til 48 403 tonn for forvaltingsperioden 2026–2028. Den norske kvotedelen har auka dei siste åra, og i 2026 er den norske kvoten på 461,38 tonn. I tillegg er det mogleg å overføre inntil 20 prosent av ufiska kvantum frå eit kvoteår til neste. Noreg har fått løyve til føre vidare eit pilotprosjekt på levandelagring av makrellstørje innanfor ein avgrensa del av den norske kvoten. Noreg skal rapportere årleg frå prosjektet fram til 2027, då skal endeleg rapport vere klar.
Kommisjonen for bevaring av dei marine levande ressursane i Antarktis (CCAMLR)
CCAMLR fører vidare kvotane på kril i Antarktis på same nivået som tidlegare. Det finst store krilressursar i konvensjonsområdet, men i dag skjer storparten av fisket i CCAMLR-område 48, det vil seie Antarktishalvøya, Sør-Shetland, Sør-Orknøyane og Sør-Georgia. Det er fastsett ei fangstgrense for heile konvensjonsområdet på 5,6 millionar tonn. Enorme avstandar og utfordrande vêr- og isforhold i fangstsesongen verkar inn på kor god tilgang fartøya har til fangstområda, og dermed òg på kor lenge dei kan fiske, og kor mykje kril dei kan fiske. Dei siste åra har totalfangsten av kril vore mellom 230 000 og 420 000 tonn. I område 48 er fangstgrensa sett til 620 000 tonn. Kvoten er ikkje delt mellom dei enkelte medlemmene. Den norske flåten fiskar om lag 60 prosent av den totale krilfangsten i konvensjonsområdet.
Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC)
Den norske kvoten på vågekval blir fastsett på bakgrunn av arbeidet som er gjort i vitskapskomiteen til Den internasjonale kvalfangstkommisjonen. 2026-kvoten er sett til 1 641 vågekvalar. Kvoten kan fangast i heile forvaltingsområdet til IWC, eit område som er noko større enn havområda under norsk jurisdiksjon. Det vil seie at det òg kan drivast fangst i internasjonalt farvatn mellom Noregs økonomiske sone og fiskerisona ved Jan Mayen.
Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen (NAMMCO)
NAMMCO har ansvaret for bevaring og fangst av sjøpattedyr i Nord-Atlanteren. Ansvaret til organisasjonen inkluderer heile spekteret av sjøpattedyr, altså storkval, småkval, sel og kvalross. Viktige område for Noreg er NAMMCOs handsaming av forvaltingsmodellen vår for fangst av kystsel, spørsmål om dyrevelferd og fangstsikkerheit i kval- og selfangst og utfordringar knytte til bifangst av sjøpattedyr i norske fiskeri.
1.2 Fisket etter avtalane i 2024 og 2025
Norske fiskarar utnyttar generelt kvotane godt, og for dei kommersielt viktigaste bestandane blir kvotane nytta så godt som fullt ut, jf. tabell 1.1.
Tabell 1.1 Norsk utnytting av dei kommersielt viktigaste kvotane i 2024 og 2025.
|
Utnyttingsgrad1 |
||
|---|---|---|
|
2024 |
2025 |
|
|
Barentshavet, Noreg – Russland |
||
|
Torsk |
96 % |
106 % |
|
Hyse |
99 % |
100 % |
|
Nordsjøen og Skagerrak, Noreg – EU |
||
|
Sild |
92 % |
105 % |
|
Sei |
78 % |
95 % |
|
Fleirpartsavtalar |
||
|
Norsk vårgytande sild (NVG-sild) |
102 % |
101 % |
|
Makrell |
118 % |
95 % |
|
Kolmule |
107 % |
104 % |
1 Oversikta tek ikkje omsyn til overføringar mellom år (kvotefleksibilitet), men tek utgangspunkt i fangst og kvote for kvart av åra. For fiskeslaga i tabellen kan ein normalt overføre inntil 10 prosent av kvotane mellom år. Avvik frå full utnytting inneber altså ikkje nødvendigvis at kvotane ikkje blir fiska opp eller er overfiska.
Tilgangen til å fiske i sonene til andre land blir nytta i ulik grad. Til dømes nyttar Noreg sonetilgangen i russisk sone lite, sidan vi har god tilgang i vår eiga sone på dei fleste bestandane vi deler med Russland. Både Noreg og Russland nyttar kvoten på torsk i Norskehavet og Barentshavet fullt ut kvart år. Russland fiskar ein betydeleg del av torskekvoten i norsk farvatn.
Noreg nyttar kvotane på torsk, sei og sild i Nordsjøen godt. Bortsett frå raudspette har både EU og Storbritannia nytta fellesbestandane i Nordsjøen relativt godt dei seinare åra. Det same gjeld kvotane dei har i norsk sone nord for 62° N.
Før Storbritannia gjekk ut av EU, vart dei norske kvotane på dei pelagiske artane kolmule, augepål og havbrisling godt nytta. Etter at Storbritannia forlét EU, har kolmule vore den arten norske fartøy har fiska mest av i EU-sona. Kvoten har vore godt utnytta. Dei fleste andre artar som Noreg bytte til seg frå EU medan Storbritannia var medlem, vart fiska i britiske farvatn. Noreg har fått tilgang til nokre av desse kvotane i avtalar med Storbritannia. Norske linefartøy har tradisjonelt hatt eit betydeleg fiske av lange og brosme i britisk sone (som var del av EU-sona), men fekk i 2021 ikkje tilgang til å fiske i dette området. For 2022 inngjekk Noreg ein avtale med Storbritannia om at kvar part får fiske opptil 30 000 tonn botnfisk i kvarandre sine soner i Nordsjøen. Det vart òg avtalt byte av kvotar. I norsk økonomisk sone fekk Storbritannia kvotar på torsk i Barentshavet og nokre andre artar i Nordsjøen. Mot dette fekk Noreg kvotar i britisk sone, i hovudsak blåkveite i ICES-område 2A og på lange og brosme i sona vest for 4° V. Sidan har Noreg og Storbritannia inngått liknande avtalar sjølv om nivået på kvotane har variert.
Alle kyststatane har nytta kvotane sine på dei pelagiske artane kolmule og makrell godt. Det same har dei med kvoten på norsk vårgytande sild, med unntak av Færøyane, som nokre år fram til 2025 har overført meir enn 10 prosent ubrukt sildekvote til året etter. Det var opning for eit svært lite loddefiske (kvote < 9 000 tonn) ved Grønland, Island og Jan Mayen i sesongen 2024–2025 etter at fiskeriet hadde vore stengt sidan sesongen 2022–2023. Noreg tok ikkje del i dette fiskeriet.
Kapittel 5 rapporterer om fisket etter dei ulike avtalane, med vekt på norsk utnytting av kvotane.
Fotnotar
Rekna med norske prisar for førstehandsomsetning.