4 Bestandane – status og rådgjeving
Dette kapittelet gjer greie for tilstanden til dei viktigaste fiskebestandane Noreg deler med andre land, og dei vitskaplege råda om korleis bestandane bør regulerast. For kvart geografiske område – Barentshavet, Norskehavet og Nordsjøen – gjev vi innleiingsvis ei kort oversikt over tilstanden i økosystemet og dei viktigaste bestandane der. I omtalen av kvar bestand viser vi den historiske utviklinga i bestandsstorleik, gytebestand og fangstar i tillegg til tilrådd og avtalt totalkvote dei siste fem åra.
Dette kapittelet presenterer òg fiskedødelegheita (for dei fleste bestandar for dei siste 10–15 åra) etter noverande forvaltingsplan (Fmgt), der det er på plass ein forvaltingsplan, eller den sist estimerte verdien av maksimalt langtidsutbyte (Fmsy). Vi gjer merksam på at desse verdiane har blitt endra i den siste tiårsperioden for fleire av bestandane. Fordi vi kvart år får ny informasjon om kvar bestand, endrar biletet av den historiske utviklinga til bestanden seg, spesielt har det vore slik dei siste åra. Dette er illustrert i rådet frå ICES, under «Quality of the assessment», der det for kvar bestand er figurar som viser historiske endringar i bestandsvurderinga (gytebestand, fiskedødelegheit og rekruttering). I tillegg til å vise effekten av nye data reflekterer desse figurane metodeendringar.
4.1 Barentshavet
Gytebestanden av torsk i Barentshavet har i perioden 2008–2019 vore på det høgaste nivået vi har hatt i etterkrigstida, men har blitt kraftig redusert frå det historiske toppnivået i 2013 og er no på eit relativt lågt nivå. Også blåkveitebestanden er på eit relativt lågt nivå, medan hysebestanden er på eit middels nivå og snabeluerbestanden på eit stabilt og høgt nivå. Loddebestanden er svært variabel. Det var ikkje loddefiske i 2016 og 2017, men i 2018 vart det opna for fiske på denne bestanden igjen. Fisket vart så stengt igjen i 2019–2021 og opna igjen i 2022–2024, før det vart stengt nok ein gong i 2025 og 2026.
Figur 4.1 Barentshavet – straumar og djupn.
I Barentshavet blir det fangsta på to sjøpattedyrbestandar – vågekval og grønlandssel. Det står bra til med vågekvalbestanden, medan statusen for grønlandssel er ukjend på grunn av uvisse i bestandsvurderinga. Det er i gang arbeid med å utvikle ny overvakings- og estimeringsmetodikk for grønlandssel. For begge bestandane er fangsten lågare enn kvoterådet. Noreg fastset kvoten for vågekval basert på metodar utvikla i IWC, slik det er omtalt i kapittel 3.4.3.
Barentshavet er eit relativt grunt havområde som ligg på kontinentalsokkelen nord for Noreg og Russland, jf. figur 4.1. Barentshavet er sterkt prega av varmt atlantisk vatn som strøymer inn frå sørvest. Det er i stor grad det som gjer at dette havområdet ikkje berre er leveleg, men eit svært produktivt hav. Områda på denne breiddegraden på motsett side av jordkloden er dekte med is året rundt, sidan dei ikkje har denne innstrøyminga av varmt vatn. Temperaturane i Barentshavet har auka dei siste 40 åra. I det sørvestlege Barentshavet har det likevel blitt noko kaldare i dei siste fem–seks åra. Torsk og lodde hadde i fleire av åra på 2010-talet den nordlegaste utbreiinga som er registrert i målingane til Havforskingsinstituttet gjennom dei siste 40 åra, men nordgrensa for utbreiinga av torsk har trekt seg sørover dei siste åra, særleg i det austlege Barentshavet, medan vest og nord for Svalbard har utbreiinga av torsk endra seg lite. Nordgrensa for lodde i det austlege Barentshavet har òg trekt seg sørover dei siste to åra i tråd med ein minkande bestand, medan lodde i seinare år har etablert ei meir stabil fordeling på sokkelkanten vest og nord for Svalbard.
Noreg og Russland har i mange år hatt eit særs godt samarbeid om forsking i Barentshavet, og dette har gjeve god kunnskap om fiskebestandane og økosystemet.
Figur 4.2 Økosystemet i Barentshavet.
Illustrasjon: Havforskingsinstituttet.
Som følgje av Russlands militære angrep på Ukraina vedtok ICES å suspendere russiske delegatar, medlemmer og ekspertar mellombels frå aktivitetane til ICES frå og med 30. mars 2022. Russland trekte seg deretter formelt ut av ICES frå og med 9. desember 2025. Kvoteråda for fellesbestandar med Russland (torsk, hyse, blåkveite, lodde og snabeluer) har sidan 2022 difor blitt utarbeidde av ei felles norsk-russisk forskargruppe, som legg til grunn eksisterande ICES-metodikk for desse bestandane.
Det er funne over 200 fiskeartar i Barentshavet, men berre nokre få har kommersiell verdi. Dette er først og fremst den nordaustarktiske torsken (den største torskebestanden i verda), den nordaustarktiske hysa, den nordaustarktiske blåkveita, vanleg uer, snabeluer og lodde. I tillegg speler reker, snøkrabbe og kongekrabbe viktige økonomiske roller. Rekefisket har auka dei siste åra. Snøkrabbe breier seg vestover i Barentshavet. Det har blitt utvikla eit kommersielt fiske på denne bestanden, og norsk fangst av snøkrabbe er allereie fleire gonger større enn norsk fangst av kongekrabbe.
Figur 4.3 Fisket i Barentshavet frå 1903 til 2024. Totalfangst – alle land.
Figur 4.3 viser det samla fangstkvantumet av botnfisk, pelagisk fisk og skaldyr i Barentshavet frå starten av førre hundreåret og fram til 2024. Fangsten av botnfisk har minka etter 2021, og fangsten i 2024 var den lågaste sidan 2008. Den pelagiske fisken er nesten berre lodde, med eit lite innslag av polartorsk først i 1970-åra. Tidlegare var det lita interesse for å fiske lodde, men nedgangen i sildebestanden i Norskehavet i 1960-åra gjorde at fiskeflåten som før fiska sild, no søkte etter nye bestandar å fiske på. Utover i 1970-åra utvikla det seg eit omfattande loddefiske, som nådde ein topp i 1977 med ein fangst på om lag tre millionar tonn.
Kvantumet av fiska lodde har vore mykje mindre sidan 1990 enn det var i 1970-åra og tidleg i 1980-åra, sjølv om ikkje loddebestanden har vore så mykje mindre. Vi ser då bort frå dei fire periodane då loddebestanden var særs liten og fisket vart stoppa. Denne utviklinga i fisket heng saman med eit endra forvaltingsregime, men òg med at torskebestanden var svært stor på 2010-talet. Torsken har lodde som det viktigaste fôret sitt, og i denne perioden breidde bestanden seg lenger nord og aust og overlappa geografisk med loddebestanden i ein mykje lengre periode av året enn tidlegare. Torsken åt difor ein langt større del av loddebestanden enn tidlegare.
Figur 4.4 Torskebestanden sitt konsum av ulike byttedyr frå 1984 til 2024.
Av figur 4.4 ser vi at torsken konsumerte meir enn 8 millionar tonn mat årleg rundt 2010, og det går tydeleg fram at lodda utgjorde størstedelen av konsumet. I 2024 hadde konsumet minka til om lag 3,4 millionar tonn. Innsamlinga av mageprøvar frå torsk er eit sams norsk-russisk prosjekt. Det kom i stand i 1984 som eit første steg mot fleirbestandsforsking og -forvalting. Ved å studere kva den viktigaste rovfisken i Barentshavet et, har vi lært svært mykje om korleis dette økosystemet fungerer. Det er denne kunnskapen som ligg til grunn når vi no ser forvaltinga av lodde og torsk i samanheng og tek med i bestandsvurderinga for torsk og hyse kor mykje småtorsk og småhyse den store torsken set til livs.
Boks 4.1 Nordaustarktisk torsk
Figur 4.5 Torsk
Foto: Øystein Paulsen, Havforskingsinstituttet.
|
Artsnamn: torsk – Gadus morhua Maksimal storleik: 169 cm og 55 kg Levetid: maks 25 år Bestandsstorleik (2025): om lag 1,1 millionar tonn (totalbestand 3 år gammal og eldre fisk) Kvote for 2026: 285 000 tonn (TAC) Norsk fangstverdi (2025): om lag 7,9 milliardar kroner (kysttorsk inkludert) Fakta om bestanden: Største torskebestand i verda. Beitar på fisk og krepsdyr, mest lodde. Bestanden er no utbreidd i mesteparten av Barentshavet, også nord for polarfronten. I første halvåret er gytefisken (skrei) fordelt langs norskekysten, for det meste sør til Lofoten, men enkelte år finst det skrei heilt til sør for Stad. Gyteperioden er mars–april. |
Fisket
Gjennomsnittleg årsfangst sidan 1946 er 670 000 tonn. I periodar var ulovleg, uregulert og urapportert fiske eit stort problem, men etter 2009 har det ikkje vore registrert urapportert overfiske av kvoten. Dette heng saman med innføringa av hamnestatsregimet til NEAFC, aktivt kontrollsamarbeid mellom landa og auka interesse for problemet både i næringa og frå politisk hald.
Norsk fangst har dei siste åra vore om lag 45 prosent av total rapportert internasjonal fangst. Nesten alt utanlandsk fiske på nordaustarktisk torsk skjer med botntrål, men i det norske fisket er 65–70 prosent av fangsten teken med andre reiskapar.
Status og råd
Bestanden minka fram til tusenårsskiftet, men auka deretter til eit svært høgt nivå, før han igjen har gått nedover etter 2013, jf. figur 4.7. Ein viktig grunn til auken etter tusenårsskiftet var truleg betre ungfiskvern gjennom stenging av område med småfisk og bruk av sorteringsrist i trålfiskeria. Dessutan har det vore betre samsvar mellom tilrådde kvotar og fiske etter 2007 enn tidlegare. Det var òg svært gunstige forhold for torsken i Barentshavet tidleg på 2010-talet; høgare temperaturar gjorde det mogleg for torsken å breie seg ut over eit mykje større område enn før. Matfatet vart då større, og det var òg generelt god mattilgang. Dei siste åra har likevel utbreiingsområdet minka. Det kjem truleg mellom anna av nedgang i bestanden.
Figur 4.6 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk torsk.
Takka vere alle desse faktorane har gytebestanden i perioden 2009–2019 vore på det høgaste nivået vi har hatt i etterkrigstida. Sidan rekrutteringa dei siste åra har vore under middels og uttaket har auka samanlikna med bestandsstorleiken, vart gytebestanden kraftig redusert frå 2019 til 2025. Fiskepresset (den faktiske fiskedødelegheita) var, etter det vi no veit, under det som forvaltingsplanen tilseier, i perioden 2008–2017. Det auka jamt fram til 2022, før det stabiliserte seg og så gjekk ned frå 2024 til 2025. Fiskepresset i 2025 er framleis godt over det nivået som forvaltingsplanen tilseier.
I den siste bestandsvurderinga klassifiserte den norsk-russiske forskargruppa fiskepresset til å vere over føre-var-nivået, medan gytebestanden er under føre-var-nivået i 2025 og 2026. Den norsk-russiske forskargruppa tilrådde ein kvote for 2026 på 269 440 tonn i tråd med gjeldande forvaltingsplan. Kvoten for 2026 vart fastsett til 285 000 tonn, som er den lågaste kvoten sidan 1991. Det avtalte fangstnivået vil innebere at både gytebestanden og totalbestanden kjem til å auke litt frå 2026 til 2027.
Figur 4.7 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustarktisk torsk.
Tabell 4.1 Tilrådd totalkvote (TAC), avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaustarktisk torsk dei siste fem åra.
|
År |
Råd frå ICES1 |
Tilrådd TAC |
Avtalt TAC |
Fangst |
Gytebestand |
|---|---|---|---|---|---|
|
2022 |
Følg den avtalte forvaltingsplanen. |
≤ 708 |
708 |
719 |
636 |
|
2023 |
Følg den avtalte forvaltingsplanen. |
≤ 567 |
567 |
583 |
657 |
|
2024 |
Følg den avtalte forvaltingsplanen. |
≤ 453 |
453 |
453 |
490 |
|
2025 |
Følg den avtalte forvaltingsplanen. |
≤ 312 |
340 |
330 |
|
|
2026 |
Følg den avtalte forvaltingsplanen. |
≤ 269 |
285 |
1 Råda for 2023–2026 vart gjevne av ei norsk-russisk forskargruppe og ikkje av ICES.
Boks 4.2 Nordaustarktisk hyse
Figur 4.8 Hyse
Foto: Thomas de Lange Wenneck, Havforskingsinstituttet.
|
Artsnamn: hyse – Melanogrammus aeglefinus Maksimal storleik: 110 cm og 14 kg Levetid: maks 20 år Bestandsstorleik (2025): om lag 0,49 millionar tonn (totalbestand 3 år gammal og eldre fisk) Kvote for 2026: 153 293 tonn (TAC) Norsk fangstverdi (2025): 1,8 milliardar kroner Fakta om bestanden: Beitar på fisk og botndyr. Bestanden er no utbreidd i store delar av Barentshavet. I første halvåret er gytefisken fordelt i dei vestlege delane av Barentshavet og langs vestkanten av Tromsøflaket. Gyteperioden er mars–april. |
Fisket
Gjennomsnittleg årsfangst sidan 1946 er 143 000 tonn, men fangstane har variert mykje: frå 20 000 til 320 000 tonn, jf. figur 4.10. Saman med Russland står Noreg for størstedelen av hysefangsten. Også Færøyane, Storbritannia, Grønland, Tyskland og Frankrike fiskar på bestanden. Dei norske fangstane er i stor grad bifangst i trålfisket etter torsk, men line og snurrevad er òg viktige reiskapar. Dei andre landa fiskar hovudsakleg hyse med botntrål.
Status og råd
Bestanden av nordaustarktisk hyse var på 2010-talet på eit historisk høgt nivå, jf. figur 4.10. Årsklassane 2005–2006 var særs sterke, og saman med redusert fiskepress nådde gytebestanden ein historisk topp i 2013. Dei seinare årsklassane har vore rundt middels nivå, og bestanden gjekk difor ned. Den sterke 2016-årsklassen førte til at nedgangen i bestanden i ein periode stoppa opp, men sidan årsklassane 2018–2020 var svært svake, heldt nedgangen fram. Årsklassane frå 2021 og utover er middels eller over middels, så trenden i totalbestanden har snudd. Ung og umoden fisk dominerer bestanden. Det er venta at gytebestanden aukar når desse dominerande årsklassene når gytealder. Hysa har hatt ei vidare utbreiing i Barentshavet det siste tiåret samanlikna med tidlegare, og dette er truleg ein kombinert effekt av at bestanden er stor, og at temperaturauken har gjort det mogleg for hysa å utvide leveområdet sitt mot nord og aust.
Kvoten for 2026 er fastsett til 153 293 tonn. Fiskedødelegheita var, etter det vi no veit, merkbart under det som forvaltingsplanen tilseier, i perioden 2008–2016, medan dødelegheita i 2017–2024 var over det forvaltingsplanen tilseier.
Figur 4.9 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk hyse.
Figur 4.10 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustarktisk hyse.
Tabell 4.2 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaustarktisk hyse dei siste fem åra.
|
År |
Råd frå ICES1 |
Tilrådd TAC |
Avtalt TAC |
Fangst |
Gytebestand |
|---|---|---|---|---|---|
|
2022 |
Følg den avtalte forvaltingsplanen. |
≤ 179 |
179 |
177 |
173 |
|
2023 |
Følg den avtalte forvaltingsplanen. |
≤ 170 |
170 |
179 |
177 |
|
2024 |
Følg den avtalte forvaltingsplanen. |
≤ 128 |
141 |
140 |
163 |
|
2025 |
Følg den avtalte forvaltingsplanen. |
≤ 107 |
130 |
149 |
|
|
2026 |
Følg den avtalte forvaltingsplanen. |
≤ 153 |
153 |
1 Råda for 2023–2026 vart gjevne av ei norsk-russisk forskargruppe og ikkje av ICES.
Boks 4.3 Nordaustarktisk sei
Figur 4.11 Sei
Foto: Thomas de Lange Wenneck, Havforskinginstituttet.
|
Artsnamn: sei – Pollachius virens Maksimal storleik: 130 cm og 20 kg Levetid: maks 30 år Bestandsstorleik (2025): om lag 680 000 tonn (totalbestand 3 år gammal og eldre fisk) Kvote for 2026: 164 149 tonn (TAC) Norsk fangstverdi (2025): om lag 2,485 milliardar kroner Fakta om bestanden: Opptrer både pelagisk og ved botnen. Beitar mest på krepsdyr og fisk. Bestanden er utbreidd langs norskekysten frå Stad til Varanger og nordover til vest for Svalbard. Gyter på kystbankane og langs kanten av kontinentalsokkelen frå kysten i Møre og Romsdal til fjordane i Finnmark. Gyteperioden er i februar–mars. |
Fisket
Gjennomsnittleg årsfangst i perioden 1960–2024 var på 164 000 tonn og har variert mellom 67 000 og 264 000 tonn, jf. figur 4.13. Noreg har dominert fisket med over 90 prosent av fangstane dei siste fem åra. Dei ti siste åra har trålfisket stått for om lag 34 prosent av dei norske landingane, not har stått for 23 prosent, garn for 19 prosent, snurrevad for 18 prosent og line og jukse for 5 prosent.
Status og råd
Det vart gjennomført ein metoderevisjon i 2023–2024. Etter denne revisjonen vart bestandsnivået justert ned, men trendane i bestandsutviklinga er uendra.
Seibestanden nord for 62° N var på eit historisk høgt nivå i 2001–2007, men deretter gjekk bestanden kraftig ned. Etter 2011 har bestanden teke seg opp igjen og stabiliserte seg på i underkant av 900 000 tonn i 2018–2022 før han tok til å minke på grunn av dårleg rekruttering.
ICES tilrådde ein totalkvote for 2026 på 164 149 tonn, og det vart òg denne som Nærings- og fiskeridepartementet fastsette. Fiskedødelegheita var, etter det vi no veit, merkbart under det forvaltingsplanen tilseier, i perioden 2014–2023, men har auka sidan 2021. Sidan 2016 er det ikkje observert sterke årsklassar, slik at rekrutteringa har vore under middels dei siste åra, noko som sannsynlegvis har ført til sterkare fiskepress på yngre aldersgrupper (tre- og fireåringar). Fangsten i 2024 var ein god del lågare enn kvoten. Ein må tilbake til 2009 for å finne eit år då det stod igjen ein større kvoteandel.
Figur 4.12 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustarktisk sei.
Figur 4.13 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk sei.
Tabell 4.3 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaustarktisk sei dei siste fem åra.
|
År |
Råd frå ICES |
Tilrådd TAC |
Avtalt TAC |
Fangst |
Gytebestand |
|---|---|---|---|---|---|
|
2022 |
Følg den avtalte forvaltingsplanen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk. |
≤ 197 |
197 |
206 |
447 |
|
2023 |
Følg den avtalte forvaltingsplanen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk. |
≤ 227 |
227 |
218 |
469 |
|
2024 |
Følg den avtalte forvaltingsplanen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk. |
≤ 223 |
223 |
185 |
478 |
|
2025 |
Følg den avtalte forvaltingsplanen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk. |
≤ 193 |
193 |
413 |
|
|
2026 |
Følg den avtalte forvaltingsplanen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk. |
≤ 164 |
164 |
Boks 4.4 Nordaustarktisk blåkveite
Figur 4.14 Blåkveite
Foto: Thomas de Lange Wenneck, Havforskingsinstituttet.
|
Artsnamn: blåkveite – Reinhardtius hippoglossoides Maksimal storleik: 120 cm og 20 kg. Hofisken blir større og eldre enn hannfisken. Levetid: truleg meir enn 30 år Bestandsstorleik: 108 000 tonn (2024) (total bestand som kan fiskast, dvs. fisk > = 45 cm) Kvote for 2026: 19 000 tonn (TAC) Norsk fangstverdi (2025): om lag 600 millionar kroner Fakta om bestanden: Ein arktisk fisk som lever i vatn kaldare enn 4 °C, og som opptrer både pelagisk og ved botnen. Beitar mest på fisk, blekksprutar og krepsdyr. Bestanden er utbreidd langs Eggakanten frå Nordsjøen til Frans Josefs land og i djupe område av Barentshavet. Gyter langs Eggakanten frå Vesterålen til Svalbard. Gyteperioden er om vinteren med topp i desember–januar. |
Fisket
Gjennomsnittleg årsfangst i perioden 1964–2024 var på 24 000 tonn, men har variert mellom 10 000 og 90 000 tonn, jf. figur 4.16. I perioden før 1984 tok Noreg under halvparten av totalfangsten dei fleste åra, men har sidan dominert i dette fisket. Frå og med 2010 har fisket vore kvoteregulert og fordelt med 51 prosent til Noreg, 45 prosent til Russland og 4 prosent til andre land. Vel 60 prosent av fangsten blir fanga med botntrål, knapt 30 prosent med line og resten med garn eller andre reiskapar.
Status og råd
Det vart gjennomført ein metoderevisjon i 2022–2023. Etter denne revisjonen vart bestandsnivået justert kraftig ned, men trendane i bestandsutviklinga er uendra. Haustingsraten har auka jamt sidan 2009 og er no godt over føre-var-nivået, og gytebestanden var i 2025 like under føre-var-nivået. Råda frå den norsk-russiske forskargruppa er baserte på ei maksimalt-langtidsutbyte-tilnærming, og for 2026 gav gruppa råd om ein kvote på maksimalt 14 891 tonn, jf. tabell 4.4. Som vanleg dei siste åra vart det fastsett ein kvote for 2026 (19 000 tonn) som er høgare enn tilrådd.
Figur 4.15 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk blåkveite.
Figur 4.16 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustarktisk blåkveite.
Tabell 4.4 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaustarktisk blåkveite dei siste fem åra.
|
År |
Råd frå ICES1 |
Tilrådd TAC |
Avtalt TAC |
Fangst |
Gytebestand2 |
|---|---|---|---|---|---|
|
2022 |
Føre-var-tilnærming |
≤ 19 |
25 |
27 |
59 |
|
2023 |
Føre-var-tilnærming |
≤ 18 |
25 |
27 |
51 |
|
2024 |
Maksimalt-langtidsutbyte-tilnærming |
≤ 16 |
21 |
22 |
44 |
|
2025 |
Maksimalt-langtidsutbyte-tilnærming |
≤ 12 |
19 |
||
|
2026 |
Maksimalt-langtidsutbyte-tilnærming |
≤ 15 |
19 |
1 Råda for 2023–2026 vart gjevne av ei norsk-russisk forskargruppe og ikkje av ICES.
2 Gytebestand av hofisk.
Boks 4.5 Snabeluer i ICES- område 1 og 2
Figur 4.17 Snabeluer
Foto: Havforskingsinstituttet.
|
Artsnamn: snabeluer – Sebastes mentella Maksimal storleik: 47 cm og 1,3 kg Levetid: over 70 år Bestandsstorleik (2024): om lag 1,6 millionar tonn (totalbestand 2 år gammal og eldre fisk) Kvote for 2026: 69 177 tonn (TAC) Norsk fangstverdi (2025): om lag 930 millionar kroner (begge uerartane samla) Fakta om bestanden: Beitar mest på fisk og kril. Bestanden er utbreidd i Barentshavet, ved Svalbard og langs kontinentalskråninga mot Norskehavet. Føder levande ungar i mars–april langs Eggakanten. |
Fisket
Gjennomsnittleg årsfangst av snabeluer i perioden 1992–2024 var på om lag 23 000 tonn, jf. figur 4.19, men var over 100 000 tonn i 1970–1980-åra og heile 300 000 tonn i 1976. Alt fiske etter snabeluer, inkludert bifangst, går føre seg med trål. Snabeluer blir dels fiska i Barentshavet, dels på det opne havet i Norskehavet (Smotthavet). Det er hovudsakleg Noreg og Russland som fiskar etter denne arten.
Status og råd
Gytebestanden auka jamt frå 1992 til 2007 og har frå og med 2007 vore mellom 800 000 og 1 100 000 tonn (jf. figur 4.19). Det er ikkje vedteke nokon forvaltingsplan for snabeluer, men den norsk-russiske forskargruppa har tilrådd, basert på føre-var-tilnærming, at fangsten i 2026 ikkje bør overstige 69 177 tonn, jf. tabell 4.5. Fastsett kvote for 2026 er lik tilrådd kvote. Ein metoderevisjon for snabeluer og vanleg uer vart gjennomført i 2018. Dessutan vart ulike forvaltingsreglar for snabeluer evaluerte. Ein ny metoderevisjon er planlagd gjennomført i løpet av 2026.
Figur 4.18 Utbreiingsområde og gyteområde for snabeluer.
Figur 4.19 Utviklinga i bestand og fangst av snabeluer i ICES-område 1 og 2.
Tabell 4.5 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av snabeluer i ICES-område 1 og 2 dei siste fem åra.
|
År |
Råd frå ICES1 |
Tilrådd TAC |
Avtalt TAC2 |
Fangst |
Gytebestand |
|---|---|---|---|---|---|
|
2022 |
Føre-var-tilnærming |
≤ 67 |
67 |
62 |
996 |
|
2023 |
Føre-var-tilnærming |
≤ 67 |
67 |
60 |
1 047 |
|
2024 |
Maksimalt-langtidsutbyte-tilnærming |
≤ 70 |
70 |
67 |
|
|
2025 |
Maksimalt-langtidsutbyte-tilnærming |
≤ 67 |
67 |
||
|
2026 |
Maksimalt-langtidsutbyte-tilnærming |
≤ 69 |
69 |
1 Rådet for 2023 og seinare år vart gjeve av ei norsk-russisk forskargruppe og ikkje av ICES.
2 Noreg og Russland har dei siste åra fordelt snabeluerkvoten med utgangspunkt i ein totalkvote som svarer til den vitskaplege rådgjevinga, og i tråd med dette er det no fastsett regulering av snabeluerfisket i den internasjonale delen av Norskehavet, jf. omtale i kapittel 3.4.1.
Boks 4.6 Lodde i Barentshavet
Figur 4.20 Lodde
Foto: Jan de Lange, Havforskingsinstituttet.
|
Artsnamn: lodde – Mallotus villosus Maksimal storleik: 20 cm og 50 g Levetid: maks 5 år Bestandsstorleik (2025): om lag 0,34 millionar tonn (bestand 1 år gammal og eldre fisk) Kvote for 2026: 0 tonn (TAC) Norsk fangstverdi (2025): 0 kroner Fakta om bestanden: Lodda er ein planktonetar, som berre gyter ein gong før ho døyr. Ho er mat for mange artar av fisk, sjøpattedyr og sjøfugl. Ho gyter ved Finnmarkskysten i mars–april og beitar over store delar av Barentshavet om sommaren og hausten. Lodda legg egga sine på botnen, slik som silda og nokre få andre artar gjer. |
Fisket
Gjennomsnittleg årsfangst i perioden 1965–2025 er på 603 000 tonn, men har variert mellom 0 og 3 millionar tonn, jf. figur 4.22. I løpet av dei siste tretti åra har loddefisket blitt stoppa i tre periodar på fem år kvar fordi bestanden av naturlege årsaker nærmast har kollapsa. Ein fjerde periode med stopp i fisket varte berre i to år (2016–2017), og fisket vart opna igjen i 2018, men vart stengt på nytt i 2019–2021 og enno ein gong i 2025–2026. Loddekvoten blir delt mellom Noreg og Russland i forholdet 60/40. Tidlegare vart det fiska både om vinteren før gytinga ved kysten og om hausten i beiteområda, men på 2000-talet har det berre vore opna for fiske om vinteren før gytinga. På norsk side er loddefisket hovudsakleg eit ringnotfiske, medan Russland fiskar lodde med flytetrål.
Status og råd
Både 2019- og 2020-årsklassen for lodde i Barentshavet var sterke og gav grunnlag for opning av fiskeri i tre år på rad frå 2022. Etter dette har rekrutteringa vore relativt svak, og i tråd med rådet og forvaltingsplanen for lodde vart det fastsett nullkvote for 2026 slik det òg vart gjort for 2025. Det vart gjennomført ein metoderevisjon for denne bestanden i 2022.
Figur 4.21 Utbreiingsområde og gyteområde for lodde i Barentshavet.
Figur 4.22 Utviklinga i bestand og fangst av lodde i Barentshavet.
Tabell 4.6 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og modnande bestand (tusen tonn) av lodde i Barentshavet dei siste fem åra.
|
År |
Råd frå ICES1 SSB = gytebestand |
Tilrådd TAC |
Avtalt TAC |
Fangst |
Modnande bestand |
|---|---|---|---|---|---|
|
2022 |
5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t |
≤ 70 |
70 |
65 |
8172 |
|
2023 |
5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t |
≤ 62 |
62 |
61 |
1 286 |
|
2024 |
5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t |
≤ 196 |
196 |
169 |
534 |
|
2025 |
5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t |
0 |
0 |
1 |
124 |
|
2026 |
5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t |
0 |
0 |
1 Rådet for 2023–2026 vart gjeve av ei norsk-russisk forskargruppe og ikkje av ICES.
2 Estimat for norsk sone i Barentshavet.
4.2 Norskehavet
Livet i Norskehavet er prega av at det er eit djuphav; mange stader er det djupare enn 3 000 meter, jf. figur 4.23. Det er difor berre på kontinentalsokkelen og eit stykke nedover skråninga mot djuphavet vi finn botnfisk. Dei store og kommersielt viktige bestandane i Norskehavet finn vi såleis i dei frie vassmassane; vi kallar dei pelagiske bestandar. Dei tre viktigaste er sild, makrell og kolmule.
Etter ein historisk ekspansjon av makrellbestanden som omfatta store delar av Norskehavet og havområda ved Island og Grønland heilt nord til Svalbard, har utbreiinga av makrellbestanden og mengda av han minka atskilleg det siste tiåret – først i vestlege område, deretter i nordlege og nordvestlege. Nedgangen i vest har ikkje forskarane forstått fullt ut, men utviklinga fell saman med ein kraftig nedgang i gytebestanden dei siste åra og at nye årsklassar etter 2018 har etablert meir austlege og nordlege vandringsruter i Norskehavet.
Figur 4.23 Norskehavet – straumar og djupn.
Figur 4.24 Økosystemet i Norskehavet.
Illustrasjon: Havforskingsinstituttet.
Det har historisk vore eit svært stort fiske på desse tre artane i Norskehavet. Rundt tusenårsskiftet var den samla fangsten oppe i nesten 4 millionar tonn, jf. figur 4.25. Etter dette gjekk fangsten ned til godt under 3 millionar tonn rundt 2010. Fangstane tok seg opp igjen fram til 2017 til litt over 3 millionar tonn og har sidan lege på rundt 3 millionar tonn. Makrell- og kolmulebestanden er begge på veg nedover, medan sildebestanden er i vekst.
Etter mange år med råd om nullfiske for haiartane pigghå og håbrann gav ICES i 2022 kvoteråd for begge desse artane for åra 2023 og 2024, og i 2024 kom dei med nye råd for 2025 og 2026. Råda for 2026 er 22 594 tonn for pigghå og 231 tonn for håbrann. Desse artane finst både i Norskehavet, i Nordsjøen og i område lenger sør og vest. Det er ikkje inngått nokon kvoteavtale for 2026 med andre land for desse artane og heller ikkje fastsett nokon norsk kvote, men det vart opna for norsk fiske på begge artane frå og med 2023.
Norskehavet er prega av varmt atlanterhavsvatn som strøymer inn frå sør. Langs Aust-Grønland strøymer det kaldt arktisk vatn inn frå nord og skaper eit skilje, ein polarfront, mellom det varme vatnet i aust og det kalde i vest. Heile havområdet er blitt varmare det siste tiåret, og dette påverkar òg livet i havet på ulikt vis.
Sidan Norskehavet er så mykje djupare enn Nordsjøen og Barentshavet, finst det eit element i dette økosystemet som ikkje finst i det andre – eit organisk lag frå 400 til 800 meters djup. Dette laget består av småorganismar av mange slag, både planktonorganismar og mesopelagiske fiskeartar, som lysprikkfisk. Desse organismane lever av den biomassen som søkk ned frå dei øvre laga, der sjølve produksjonen, basert på det fotosyntetiserande planteplanktonet, skjer. Dyreplanktonet, som hovudsakleg består av ørsmå krepsdyr som raudåte og kril, et planteplanktonet og fører energien oppover i næringskjeda. Sidan tidleg på 2000-talet har dyreplanktonmengdene i Norskehavet vist ein negativ trend, men denne trenden flata ut rundt 2009, og dei siste åra har det igjen vore ein auke. No er tettleiken av dyreplankton i Norskehavet oppe på same nivået som i Barentshavet.
Snabelueren (sjå førre delkapittel), som finst både i Barentshavet og i Norskehavet, er på eit stabilt høgt nivå, medan den vanlege ueren er raudlista som «sterkt trua». Brosme og lange, som er blant dei viktigaste kommersielle djuphavsartane, ser ut til å liggje på eit stabilt nivå, sjølv om det har vore ein svak nedgang for lange dei siste åra. Blåkveite, som gyter langs Eggakanten i det nordaustlege Norskehavet, og den nordaustarktiske seien, som har ei vid utbreiing langs norskekysten, er begge omtalte i det førre kapittelet.
Selbestandane i Norskehavet har hatt ulik utvikling. Status for grønlandsselen i Vestisen (områda langs austkysten av Grønland) er ukjend. Klappmyssbestanden i Vestisen er freda fordi han er på eit lågt nivå samanlikna med tidlegare.
På og langs kontinentalsokkelen i aust er ei grundig kartlegging av botndyrsamfunna i gang gjennom MAREANO-programmet. Det blir stadig gjort nye funn av korallrev, korallskog og område med svamp og sjøfjør.
Figur 4.25 Fisket av norsk vårgytande sild, makrell og kolmule frå 1980 til 2024.1
1 Fangstar tekne utanfor Norskehavet er inkluderte.
Boks 4.7 Norsk vårgytande sild
Figur 4.26 Sild
Foto: Kjartan Mæstad, Havforskingsinstituttet.
|
Artsnamn: sild – Clupea harengus Maksimal storleik: 40 cm og 500 g Levetid: maks 25 år Bestandsstorleik (2025): om lag 2,7 millionar tonn (gytebestand) Kvote for 2026: 533 914 tonn (TAC) Norsk fangstverdi (2025): om lag 3,0 milliardar kroner Fakta om bestanden: Silda er ein planktonetar. Ho er mat for mange artar av fisk og kval. Ho gyter langs kysten frå Møre til Nordland i februar–mars og beitar over store delar av Norskehavet om sommaren og hausten. Silda legg egga sine på botnen, slik som lodda og nokre få andre artar gjer. Yngelen blir ført med straumen nordover langs kysten og endar opp i Barentshavet, der silda lever i kring tre år før ho vandrar ut i Norskehavet. |
Fisket
Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av norsk vårgytande (NVG) sild i perioden 1950–2024 er om lag 709 000 tonn, men storleiken på bestanden har variert stort og dermed fangstane òg, jf. figur 4.28. Når bestanden har vore på topp, har det vore teke fangstar på opp mot 2 millionar tonn, medan det vart full stopp i fisket då bestanden braut saman i 1960-åra. Minstemålet på NVG-sild er 25 cm, så fisket skjer på vaksen sild, hovudsakleg under gyteinnsiget langs norskekysten om vinteren, medan ho er på beitevandring i Norskehavet om sommaren, og når ho vandrar mot kysten av Nord-Noreg for å overvintre om hausten. Det norske fisket, som for det meste skjer om vinteren når silda har høgast kvalitet, skjer hovudsakleg med ringnot.
Status og råd
2016- og 2021-årsklassane vil venteleg dominere i fangstane i 2026, men 2022-årsklassen er over middels stor og vil bidra i fangstane frå 2026/2027. Bestandsvurderinga syner at gytebestanden er estimert til å vere under 3,177 millionar tonn, som er føre-var-grensa, både i 2025 og i 2026. Tilrådd totalkvote for 2026 er på 533 914 tonn, jf. tabell 4.7. Fiskedødelegheita var, etter det vi no veit, i snitt like over Fmgt (0,14) i perioden 2009–2023 og er i 2024 estimert til å vere om lag 11 prosent over.
Figur 4.27 Utbreiingsområde og gyteområde for norsk vårgytande sild.
Figur 4.28 Utviklinga i bestand og fangst av norsk vårgytande sild.
Tabell 4.7 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av norsk vårgytande sild dei siste fem åra.
|
År |
Råd frå ICES |
Tilrådd TAC |
Avtalt TAC |
Fangst |
Gytebestand |
|---|---|---|---|---|---|
|
2022 |
Følg den avtalte forvaltingsplanen. |
≤ 599 |
8361 |
814 |
4 491 |
|
2023 |
Følg den avtalte forvaltingsplanen. |
≤ 511 |
6981 |
681 |
4 129 |
|
2024 |
Følg den avtalte forvaltingsplanen. |
≤ 390 |
4701 |
460 |
2 948 |
|
2025 |
Følg den avtalte forvaltingsplanen. |
≤ 402 |
4651 |
2 723 |
|
|
2026 |
Følg den avtalte forvaltingsplanen. |
≤ 534 |
5341 |
1 Summen av nasjonale kvotar. Det er inngått avtale om TAC, men ikkje om fordelinga av TAC.
Boks 4.8 Makrell
Figur 4.29 Makrell
Foto: Leif Nøttestad, Havforskingsinstituttet.
|
Artsnamn: makrell – Scomber scombrus Maksimal storleik: 65 cm og 3,5 kg, sjeldan over 1 kg Levetid: maks 25 år Bestandsstorleik (2025): om lag 2,7 millionar tonn (gytebestand) Kvote for 2026: 299 010 tonn (TAC, gjelder avtale mellom Noreg, Island, Storbritannia og Færøyane) Norsk fangstverdi (2025): 8,5 milliardar kroner (førebelse tal) Fakta om bestanden: Makrellen et dyreplankton, fiskelarvar og småfisk. Han gyter sentralt i Nordsjøen (mai–juli), vest for Irland (mars–juli) og i portugisiske farvatn (februar–mai). Frå 2016 har makrellen i større grad òg gytt og hatt oppvekstområde lenger nord i Norskehavet, noko vi ikkje har registrert før i historia. Frå 2017 har den vestlege utbreiinga av makrell minka kraftig. I åra 2020–2024 vart det ikkje registrert makrell i grønlandske farvatn, og utbreiinga i islandske farvatn vart kraftig redusert i perioden 2017–2025. Makrellen er framleis vidt utbreidd i Norskehavet om sommaren, men utbreiinga har blitt merkbart mindre i løpet av det siste tiåret. Dette gjeld først og fremst dei vestlege områda, men òg i dei nordlegaste havområda i Norskehavet. |
Fisket
Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av nordaustatlantisk makrell i perioden 1980–2024 var 792 000 tonn, og uttaket har vore rekordhøgt dei siste åra, jf. figur 4.31. I snitt har dei årlege totalfangstane vore meir enn 1 million tonn dei siste ti åra. Det knyter seg likevel stor uvisse til om dei rapporterte fangstane gjev eit godt bilete av dei reelle fangstane, særleg i perioden fram til 2005. Truleg har fangstane vore langt høgare i denne perioden enn tala viser. Fisket går hovudsakleg føre seg i eit direkte fiske med ringnot og trål. I dei sørlege områda tek dei òg ein del makrell som bifangst i trål. Det norske fisket går føre seg med ringnot, men ei mindre mengd blir fanga med garn, dorg og trål. Dette fisket skjer mest om hausten i den nordlege delen av Nordsjøen, i Norskehavet og i Skagerrak. I seinare år har makrellen i stadig mindre grad vandra langt mot nord og vest. Nokre fangstar blir kvart år, og også i 2025, tekne utanfor Nord-Noreg.
Figur 4.30 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustatlantisk makrell.
Status og råd
ICES vurderer at gytebestanden av makrell i 2025 er under det kritiske nivået (Blim), og at han ikkje blir hausta berekraftig. Bestandshistoria vart vesentleg revidert etter metoderevisjonen i 2025.
Gytebestanden er estimert til å ha auka etter 2003 til eit maksimumsnivå på i underkant av 13 millionar tonn i 2014, men har sidan minka årleg til 2,74 millionar tonn i 2025 (figur 4.31). Gytebestanden fall under både føre-var-nivået (Bpa) og det kritiske nivået Blim i 2025. Fiskedødelegheita har minka sidan 2003 og var lågare enn Fmsy frå 2009 til 2021. Fiskedødelegheita auka i åra 2020–2025 og har vore høgare enn Fmsy sidan 2022. Rekrutteringa til bestanden målt i talet på toåringar var god i perioden 2007–2016, men har vore låg dei siste ni åra. Dette er den viktigaste årsaka til nedgangen i gytebestanden etter 2014. Rådet frå ICES for fisket i 2026 er å følgje ei MSY-tilnærming, tilsvarande ein fangst på maksimalt 174 357 tonn, jf. tabell 4.8.
Figur 4.31 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustatlantisk makrell.
Tabell 4.8 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaustatlantisk makrell dei siste fem åra.
|
År |
Råd frå ICES |
Tilrådd TAC |
Avtalt TAC1 |
Fangst |
Gytebestand |
|---|---|---|---|---|---|
|
2022 |
Maksimalt-langtidsutbyte-tilnærming |
≤ 795 |
1 131 |
1 043 |
5 337 |
|
2023 |
Maksimalt-langtidsutbyte-tilnærming |
≤ 782 |
782 |
1 053 |
4 156 |
|
2024 |
Maksimalt-langtidsutbyte-tilnærming |
≤ 739 |
739 |
895 |
3 166 |
|
2025 |
Maksimalt-langtidsutbyte-tilnærming |
≤ 577 |
577 |
2 741 |
|
|
2026 |
Maksimalt-langtidsutbyte-tilnærming |
≤ 174 |
299 |
1 Summen av nasjonale kvotar. Det er inngått avtale om TAC mellom nokre av nasjonane som fiskar makrell, men ikkje om fordelinga av TAC.
Boks 4.9 Kolmule
Figur 4.32 Kolmule
Foto: Jan de Lange, Havforskingsinstituttet.
|
Artsnamn: kolmule – Micromesistius poutassou Maksimal storleik: 50 cm og 800 g Levetid: sjeldan over 10 år, maks 20 år Bestandsstorleik (2025): om lag 4,5 millionar tonn (gytebestand) Kvote for 2026: 851 344 tonn (TAC) Norsk fangstverdi (2025): om lag 1,59 milliardar kroner Fakta om bestanden: Kolmule et for det meste stort dyreplankton, men store individ et òg fiskeyngel. Han oppheld seg mest i dei midtre vasslaga, på djupner frå 100 til 600 meter. Kolmule har ei vid utbreiing i Nordaust-Atlanteren frå Kanariøyane og Azorane til eit stykke inn i Barentshavet og nord til Svalbard. Arten gyter vest for Irland på ettervinteren. |
Fisket
Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av nordaustatlantisk kolmule i perioden 1981–2024 er 1 063 000 tonn, og uttaket har variert mykje i takt med storleiken på bestanden, jf. figur 4.34. Hovudfisket skjer langs kontinentalskråninga og bankane vest for Dei britiske øyane og ved Færøyane, der kolmule samlar seg for å gyte om våren. Fisket går føre seg med flytetrål. Noreg har historisk sett dominert dette fisket og tok fram til 2004 om lag 40 prosent av den totale fangsten. Seinare har den norske delen gått tilbake (21 prosent i 2024), og Island, EU, Storbritannia, Færøyane og Russland tek no ein større del av totalfangsten.
Status og råd
Etter ein topp i bestandsstorleiken rundt 2003 minka bestanden kraftig fram til 2010, jf. figur 4.34. Etter dette steig gytebestanden fram til 2017 og var då tilbake på om lag same nivået som tidleg på 2000-talet. Årsklassane frå 2004 til 2009 var svært svake samanlikna med i tiåra før, men frå 2009 vart rekrutteringa betre, og ho var over gjennomsnittsnivå fram til 2016. Den låge rekrutteringa saman med auka fiskepress i perioden etter 2016 førte til ein nedgang i bestanden. Sterke årsklassar i 2020 og 2021 har snudd denne trenden, bestandsstorleiken har auka igjen etter 2021 og var i 2024 estimert til å vere tilbake på historiske nivå.
Rådet frå ICES for fisket i 2026 er å følgje den avtalte forvaltingsplanen, som svarer til ein fangst på 851 344 tonn, jf. tabell 4.9. Fiskedødelegheita var, etter det vi no veit, rundt 50 prosent under styringsmålet for uttak (Fmgt) i perioden 2009–2013, medan dødelegheita etter 2013 har lege om lag 43 prosent over (for kolmule er Fmgt = Fmsy = 0,32).
Figur 4.33 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustatlantisk kolmule.
Figur 4.34 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustatlantisk kolmule.
Tabell 4.9 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaustatlantisk kolmule dei siste fem åra.
|
År |
Råd frå ICES |
Tilrådd TAC |
Avtalt TAC |
Fangst |
Gytebestand |
|---|---|---|---|---|---|
|
2022 |
Følg den avtalte forvaltingsplanen. |
≤ 753 |
9241 |
1 036 |
4 090 |
|
2023 |
Følg den avtalte forvaltingsplanen. |
≤ 1 359 |
1 6691 |
1 733 |
5 503 |
|
2024 |
Følg den avtalte forvaltingsplanen. |
≤ 1 529 |
1 8781 |
1 794 |
5 705 |
|
2025 |
Følg den avtalte forvaltingsplanen. |
≤ 1 447 |
1 7761 |
4 452 |
|
|
2026 |
Følg den avtalte forvaltingsplanen. |
≤ 851 |
1 Summen av nasjonale kvotar. Det er inngått avtale om TAC, men ikkje om fordelinga av TAC.
4.3 Nordsjøen og Skagerrak
I lange periodar har botnfisken vore viktigast i fiskeriet i Nordsjøen og Skagerrak. Dei siste fem åra har totalfangsten av pelagisk fisk og botnfisk i Nordsjøen vore rundt 1,2–2,0 millionar tonn. Av dette har fangstar av artar som sild, makrell, augepål, tobis, brisling og kolmule vore 1,0–1,7 millionar tonn. Fiskedødelegheita har gått nedover dei siste åra for både torsk, hyse, sei, kviting og raudspette og er no omtrent på det lågaste nivået i tidsserien for alle desse fem botnfiskbestandane. Både i 1970- og i 1980-åra var rekrutteringa til fleire artar av torskefisk svært god, og det vart hausta rundt 1 million tonn botnfisk berre frå dette området. Det er vanskeleg å peike på éi enkelt årsak til nedgangen ein har sett for fleire artar dei siste tiåra, men både overfiske og utkast har utan tvil hatt mykje av skulda, i tillegg til klimaendringar. I ei årrekkje har dessutan mange av bestandane i Nordsjøen hatt dårleg rekruttering anten gytebestanden var stor eller liten, utan at ein sikkert har kunna peike på årsakene til dette. Men no står det svært bra til med både hyse, kviting og raudspette, medan seien er venta å liggje mellom Blim og føre-var-nivået. For torsk står det svært dårleg til med ein av dei tre underbestandane. Oppgangen for hyse og kviting kjem både av at rekrutteringa har blitt noko betre, og av betre overleving. Det er uvisst korleis så store bestandar av hyse, kviting og raudspette påverkar økosystemet i Nordsjøen.
Om det er djupna som pregar Norskehavet, så er det grunna som pregar Nordsjøen. Det er grunnast i sør, for det meste mindre enn 50 meter, og djupnar gradvis mot nord, men her òg er det mindre enn 200 meter. Langs norskekysten går det ei djuprenne – Norskerenna – som følgjer kysten rundt og endar i Skagerrak. Norskerenna har eit maksdjup på 250–700 meter. Det sørlege området er varmare enn områda lenger nord, og atlantisk vatn kjem inn både gjennom Den engelske kanalen og nord for Dei britiske øyane, jf. figur 4.35. Nordsjøen er eit svært produktivt område der det har vore hausta mykje sjømat på eit lite areal. Her finst både pelagisk fisk, botnfisk, reker og kreps.
Figur 4.35 Nordsjøen og Skagerrak – straumar og djupn.
Figur 4.36 Økosystemet i Nordsjøen og Skagerrak.
Illustrasjon: Havforskingsinstituttet
Figur 4.37 Fisket i Nordsjøen og Skagerrak frå 1963 til 2024.
Boks 4.10 Nordsjøsild
Figur 4.38 Sild
Foto: Jan de Lange, Havforskingsinstituttet.
|
Artsnamn: sild – Clupea harengus Maksimal storleik: 35 cm og 400 g Levetid: maks 15 år Bestandsstorleik (2024): om lag 1,51 millionar tonn (gytebestand) Kvote for 2026: 328 566 tonn (TAC) Norsk fangstverdi (2025): 1,1 milliardar kroner Fakta om bestanden: Silda er ein planktonetar. Ho er mat for mange artar av fisk og kval. Ho gyter i den vestlege delen av Nordsjøen frå august til januar og beitar over store delar av Nordsjøen, Skagerrak og Kattegat. Silda legg egga sine på botnen. |
Fisket
Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av nordsjøsild i perioden 1960–2024 er kring 487 000 tonn, og uttaket har variert i takt med storleiken på bestanden, frå nesten null i slutten av 1970-åra til toppar på 1,2 millionar tonn før og 0,9 og 0,6 millionar tonn etter, jf. figur 4.40. Sildefisket i Nordsjøen går føre seg i eit direkte fiske med ringnotfartøy og trålarar og som bifangst i industritrålfisket. Danmark, Noreg og Nederland tek brorparten av fangstane. Det norske fisket har variert mellom 0 og 605 000 tonn, og gjennomsnittet ligg på 118 000 tonn. Etter Brexit vart mengda sild Noreg kunne fiske i britisk sone, meir enn halvert. Den store modne silda står i all hovudsak i britisk sone, så dette har ført til eit større uttak av umoden liten sild i det norske fisket enn tidlegare.
Status og råd
Bestanden har full reproduksjonsevne og blir hausta berekraftig. ICES vurderer bestanden til å vere i ein fase med låg produktivitet, og rekrutteringa har etter 2001 stort sett vore lågare enn langtidsgjennomsnittet. Men fiskepresset vart redusert for å ta omsyn til dette, og gytebestanden har etter 1995 vore over føre-var-grensa. ICES gav i 2025 råd basert på MSY-tilnærminga om eit maksimalt uttak på 287 772 tonn i 2026, ein reduksjon på nesten 30 prosent samanlikna med 2024, jf. tabell 4.10. Reduksjonen kjem i all hovudsak av at estimert Fmsy vart redusert frå 0,32 til 0,23 i 2025. Kvoten for 2026 vart sett basert på forvaltingsplanen EU, Noreg og Storbritannia vart samde om i desember 2025, og er høgare enn ICES-rådet. ICES har vurdert planen til å vere i tråd med føre-var-prinsippa og kjem difor til å gje råd basert på denne for 2027. Fiskedødelegheita (F) har, etter det vi no veit, i snitt vore 5 prosent lågare enn det nye Fmsy-estimatet (0,23) etter 2012. Årsaka til at F er estimert til å vere såpass låg, er hovudsakleg at bestandsvurderinga har ein tendens til å underestimere storleiken på gytebestanden.
Figur 4.39 Utbreiingsområde og gyteområde for nordsjøsild.
Figur 4.40 Utviklinga i bestand og fangst av nordsjøsild.
Tabell 4.10 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordsjøsild dei siste fem åra.
|
År |
Råd frå ICES |
Tilrådd TAC1 |
Avtalt TAC |
Fangst |
Gytebestand4 |
|---|---|---|---|---|---|
|
2022 |
Maksimalt-langtidsutbyte-tilnærming |
≤ 532 |
4282 |
462 |
1 692 |
|
2023 |
Maksimalt-langtidsutbyte-tilnærming |
≤ 415 |
3962 |
420 |
1 543 |
|
2024 |
Maksimalt-langtidsutbyte-tilnærming |
≤ 532 |
5102 |
521 |
1 515 |
|
2025 |
Maksimalt-langtidsutbyte-tilnærming |
≤ 411 |
3892 |
||
|
2026 |
Maksimalt-langtidsutbyte-tilnærming |
≤ 288 |
3293 |
1 Alle flåtar (A–D).
2 Direktefisket i Nordsjøen (A-flåten).
3 I tråd med forvaltingsplan frå desember 2025 vurdert som føre var av ICES. All fangst av nordsjøsild.
4 På gytetidspunktet (september).
Boks 4.11 Sei i Nordsjøen, Skagerrak, Rockall og vest for Skottland
Figur 4.41 Sei
Foto: Havforskingsinstituttet.
|
Artsnamn: sei – Pollachius virens Maksimal storleik: 115 cm og 20 kg Levetid: maks 20 år Bestandsstorleik (2025): om lag 135 000 tonn (gytebestand) Kvote for 2026: 59 661 tonn (TAC). Nordsjøen og Skagerrak: 54 053 tonn, vest for Skottland: 5 608 tonn Norsk fangstverdi (2025): om lag 726 millionar kroner Fakta om bestanden: Sei finst på begge sider av det nordlege Atlanterhavet og er delt inn i mange bestandar. Seien lever hovudsakleg ved botnen, men kan gå opp i sjøen for å beite. |
Fisket
Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av nordsjøsei i perioden 1967–2023 er kring 152 000 tonn. Uttaket har variert i takt med storleiken på bestanden og var langt høgare fram til midten av 1980-åra, jf. figur 4.43. Seien blir hovudsakleg fiska med trål, både av EU og av Noreg. For Noregs del blir om lag 85 prosent av seifangstane tekne med trål og litt over 5 prosent med not på kysten av Vestlandet.
Status og råd
Det er uklare bestandsgrenser, og difor blir seien i Nordsjøen og Skagerrak slått saman med seien vest for Skottland i bestandsvurderinga og kvoterådgjevinga. Storleiken på gytebestanden har variert utan klare trendar. I perioden frå 1997 til 2019 var han over føre-var-grensa, bortsett frå i 2012–2014, medan gytebestanden var under frå 2020 til 2023, og til og med under Blim-grensa i 2024, på grunn av dårleg vekst i 2023. I 2025 var estimatet igjen over Blim, men under føre-var-grensa. Rekrutteringa har sidan 2003 vore under langtidsgjennomsnittet. Tilrådd kvote for 2026 er basert på maksimalt langtidsutbyte og gjev ein totalfangst på 60 167 tonn i Nordsjøen/Skagerrak og vest for Skottland. EU, Noreg og Storbritannia har styrt uttaket etter MSY. Fiskedødelegheita var, etter det vi no veit, omtrent Fpa (0,392) mellom 2000 og 2012. Ho gjekk ned til gjennomsnittleg 10 prosent over Fmsy (0,316) i perioden 2013–2021 og har lege rundt Fmsy sidan 2022.
Figur 4.42 Utbreiingsområde og gyteområde for sei i Nordsjøen, i Skagerrak og vest for Skottland.
Figur 4.43 Utviklinga i bestand og fangst av sei i Nordsjøen, i Skagerrak og vest for Skottland.
Tabell 4.11 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av sei i Nordsjøen, i Skagerrak og vest for Skottland dei siste fem åra.
|
År |
Råd frå ICES |
Tilrådd TAC |
Avtalt TAC |
Fangst |
Gytebestand |
|---|---|---|---|---|---|
|
2022 |
Maksimalt-langtidsutbyte-tilnærming |
≤ 50 |
50 |
54 |
139 |
|
2023 |
Maksimalt-langtidsutbyte-tilnærming |
≤ 59 |
59 |
61 |
143 |
|
2024 |
Maksimalt-langtidsutbyte-tilnærming |
≤ 74 |
74 |
60 |
120 |
|
2025 |
Maksimalt-langtidsutbyte-tilnærming |
≤ 79 |
79 |
135 |
|
|
2026 |
Maksimalt-langtidsutbyte-tilnærming |
≤ 60 |
60 |
Boks 4.12 Torsk i Nordsjøen, Skagerrak, den austlege engelske kanalen og vest for Skottland
Figur 4.44 Torsk
Foto: Espen Bierud, Havforskingsinstituttet.
|
Artsnamn: torsk – Gadus morhua Maksimal storleik: 100 cm og 20 kg Levetid: maks 15 år Bestandsstorleik (2025): om lag 60 000 tonn (total gytebestand på alle tre underbestandar: «Southern»: 9 114 tonn, «Northwestern»: 40 171 tonn, «Viking»: 12 750 tonn) Kvote for 2026: 14 034 tonn (TAC), av desse 11 164 tonn i Nordsjøen, 1 596 tonn i Skagerrak, 625 tonn vest for Skottland og 650 tonn i Den austlege engelske kanalen Norsk fangstverdi (2025): om lag 140 millionar kroner Fakta om bestanden: Torsken finst på begge sider av det nordlege Atlanterhavet og er delt inn i mange bestandar. Han lever hovudsakleg ved botnen, men kan gå opp i sjøen for å beite. Medan småtorsk et mest dyreplankton og krepsdyr, et større torsk mest fisk, som augepål, sild, tobis og småtorsk. Etter metoderevisjonen i 2023 vart nordsjøtorsken delt inn i tre underbestandar med eigne gytefelt (sjå figur 4.45 og 4.46). Utanom gytetida blandar desse underbestandane seg i ukjende proporsjonar. Metoderevisjonen førte òg til at torsken vest for Skottland, som tidlegare vart handsama som ein eigen bestand i rådgjevingssamanheng, vart slått saman med bestanden i Nordsjøen, Skagerrak og den austlege engelske kanalen. Gytinga går føre seg frå januar til april. |
Fisket
Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av nordsjøtorsk i perioden 1963–2024 er kring 183 000 tonn, men med ein kraftig reduksjon av fangsten, i takt med reduksjon i bestanden, gjennom perioden, jf. figur 4.47. Fram til slutten av 1980-åra var fangsten på eit nivå rundt 250 000–300 000 tonn, men vart så gradvis redusert til rundt 40 000 tonn og låg på dette nivået fram til 2019. I 2020–2024 var fangstane på mellom 20 000 og 32 000 tonn. Torsk blir for det meste fanga i eit blandingsfiskeri med trål saman med hyse, kviting, sjøkreps, raudspette og tunge.
Figur 4.45 Utbreiingsområde og gyteområde for torsk i Nordsjøen, Skagerrak, den austlege engelske kanalen og vest for Skottland.
Figur 4.46 Områdeinndeling for underbestandar av torsk i Nordsjøen, Skagerrak, den austlege engelske kanalen og vest for Skottland.
I det norske fisket blir litt over halvparten teken med garn, ein firedel med trål og ein femdel med line. Alle land som grensar til Nordsjøen, fiskar torsk, men Danmark, Storbritannia og Noreg er dei viktigaste aktørane.
Status og råd
ICES vurderer no at gytebestanden i det vestlege området («Northwestern» i figur 4.46) er omtrent på føre-var-grensa, i «Viking»-området over føre-var-grensa, medan han er under det kritiske nivået i det sørlege området. ICES har difor tilrådd å bruke ei maksimalt-langtidsutbyte-tilnærming for den sørlege bestanden og å bruke ei føre-var-tilnærming for å gje råd for underbestandane «Northwestern» og «Viking». I 2025 oppdaterte ICES retningslinjene sine for rådgjeving for underbestandar som blandar seg. Sidan både observert og predikert gytebestand i det sørlege området er under kritisk nivå, og sidan fangst av torsk ikkje kan identifiserast til underbestand, vart tilrådd kvote for 2026 0 tonn under føre-var-prinsippet. Eit alternativt råd på 12 280 tonn vart òg gjeve om MSY-tilnærminga utan føre-var-prinsippet skulle brukast, jf. tabell 4.12. Dette talet er summen av kvoteråda for dei tre underbestandane – 8 670 tonn for «Northwestern», 3 610 tonn for «Viking» og 0 tonn for den sørlege bestanden. ICES seier òg at kvoteråda for kvar av underbestandane ikkje må takast som områdevise råd. Fiskedødelegheita er over føre-var-nivået for «Southern» og «Viking» og mellom Fmsy og føre-var-nivået for «Northwestern». Kvoten vart fastsett til 14 034 tonn, noko som er ein nedgang på omtrent 44 prosent frå 2025-kvoten.
Figur 4.47 Utviklinga i bestand og fangst av torsk i Nordsjøen, i Skagerrak, i den austlege engelske kanalen og vest for Skottland.
Tabell 4.12 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av torsk i Nordsjøen, Skagerrak og den austlege engelske kanalen og vest for Skottland dei siste fem åra.
|
År |
Råd frå ICES |
Tilrådd TAC |
Avtalt TAC |
Fangst1 |
Gytebestand1 |
|---|---|---|---|---|---|
|
2022 |
Maksimalt-langtidsutbyte-tilnærming |
≤ 14 |
16 |
23 |
75 |
|
2023 |
Maksimalt-langtidsutbyte-tilnærming |
≤ 26 |
27 |
32 |
78 |
|
2024 |
Maksimalt-langtidsutbyte- og føre-var-tilnærming |
≤ 15 |
31 |
32 |
67 |
|
2025 |
Maksimalt-langtidsutbyte- og føre-var-tilnærming |
≤ 16 |
25 |
62 |
|
|
2026 |
Maksimalt-langtidsutbyte- og føre-var-tilnærming |
0 |
14 |
1 Oppdatert i tråd med siste bestandsvurdering og inkluderer difor området vest for Skottland også før 2024.
Boks 4.13 Hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest for Skottland
Figur 4.48 Hyse
Foto: Thomas de Lange Wenneck, Havforskingsinstituttet.
|
Artsnamn: hyse – Melanogrammus aeglefinus Maksimal storleik: 60 cm og 4 kg Levetid: maks 15 år Bestandsstorleik (2025): om lag 885 000 tonn (gytebestand) Kvote for 2026: 108 301 tonn (TAC), av desse 92 337 tonn i Nordsjøen, 5 675 tonn i Skagerrak og 10 289 tonn vest for Skottland Norsk fangstverdi (2025): om lag 87 millionar kroner Fakta om bestanden: Hysa finst på begge sider av det nordlege Atlanterhavet og er delt inn i mange bestandar. Ho lever hovudsakleg ved botnen, og dei viktigaste byttedyra er botndyr som børstemark, muslingar og slangestjerner. Tobis- og sildeegg står òg på menyen. Gytefelta ligg i den sentrale Nordsjøen, og gytinga går føre seg frå mars til mai. |
Fisket
Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av hyse i Nordsjøen og Skagerrak og vest for Skottland i perioden 1972–2024 er vel 147 000 tonn. Fangsten har gjennom mesteparten av denne perioden blitt redusert i takt med ein minkande bestand, jf. figur 4.50. Sidan 2008 har fangsten lege mellom 36 000 og 67 000 tonn. Fangstane i 2023 og 2024 var liknande og dei høgaste sidan 2007. Hyse blir hovudsakleg fanga med botntrål og i mindre grad med snurrevad. Hyse er målart for delar av flåten, men blir òg fanga i blandingsfiskeri saman med mellom anna torsk, kviting og sjøkreps.
Status og råd
ICES vurderer bestanden til å vere i god stand og berekraftig hausta. Rekrutteringa har sporadisk vore sterk, og 2019- og 2020-årsklassane er vurderte til å vere dei største sidan 2000. Det vart gjennomført ein metoderevisjon i 2022. Det er førebels ikkje utarbeidd nokon forvaltingsplan for heile området. Basert på maksimalt langtidsutbyte meiner ICES at den totale fangsten ikkje bør overstige 108 301 tonn i 2026, jf. tabell 4.13. I 2023 var fiskedødelegheita, etter det vi no veit, på 0,060. Det er under Fmsy (0,194) og den lågaste verdien i tidsserien, som går tilbake til 1972.
Figur 4.49 Utbreiingsområde og gyteområde for hyse i Nordsjøen, i Skagerrak og vest for Skottland.
Figur 4.50 Utviklinga i bestand og fangst av hyse i Nordsjøen, i Skagerrak og vest for Skottland.
Tabell 4.13 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av hyse i Nordsjøen, i Skagerrak og vest for Skottland dei siste fem åra.
|
År |
Råd frå ICES |
Tilrådd TAC |
Avtalt TAC |
Fangst1 |
Gytebestand |
|---|---|---|---|---|---|
|
2022 |
Maksimalt-langtidsutbyte-tilnærming |
≤ 129 |
53 |
57 |
569 |
|
2023 |
Maksimalt-langtidsutbyte-tilnærming |
≤ 127 |
68 |
67 |
768 |
|
2024 |
Maksimalt-langtidsutbyte-tilnærming |
≤ 149 |
119 |
67 |
771 |
|
2025 |
Maksimalt-langtidsutbyte-tilnærming |
≤ 112 |
112 |
885 |
|
|
2026 |
Maksimalt-langtidsutbyte-tilnærming |
≤ 108 |
108 |
1 Inkludert industriell bifangst
Boks 4.14 Kviting i Nordsjøen og den austlege engelske kanalen
Figur 4.51 Kviting
Foto: Jan de Lange, Havforskingsinstituttet.
|
Artsnamn: kviting – Merlangius merlangus Maksimal storleik: 55 cm og 1,5 kg Levetid: maks 12 år Bestandsstorleik (2025): om lag 409 000 tonn (gytebestand) Kvote for 2026: 198 609 tonn (TAC), av desse 159 344 tonn i Nordsjøen og 39 265 tonn i Den austlege engelske kanalen Norsk fangstverdi (2025): om lag 3,9 millionar kroner Fakta om bestanden: Kvitingen er utbreidd i det austlege Atlanterhavet og er delt inn i mange bestandar. Han lever hovudsakleg ved botnen på 10–200 meters djup, men kan gå opp i sjøen for å beite. Kvitingen et i hovudsak fisk, som sild, augepål og tobis, og yngel av torsk, hyse og kviting. Det er gytefelt i både den sørlege og den nordlege Nordsjøen. Gytinga går føre seg over ein lang periode om våren og sommaren. |
Fisket
Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av kviting i Nordsjøen i perioden 1978–2023 er kring 81 000 tonn, men har dei siste ti åra lege mellom 28 000 og 36 000 tonn, jf. figur 4.53. Kviting blir fanga i eit blanda fiskeri der målartane er anten torsk og hyse, flatfisk eller sjøkreps, og som bifangst i industritrålfisket. Bifangsten i industritrålfisket har minka dei seinare åra, ettersom meir selektive reiskapar har blitt tekne i bruk. Storbritannia er den viktigaste aktøren i fisket, og den norske fangsten har dei siste åra vore rundt 1 000 tonn.
Status og råd
Gytebestanden og fiskepresset har vore relativt stabile sidan 2002, og gytebestanden er no over føre-var-nivået og har auka betydeleg dei siste 5 åra. Rekrutteringa har jamt over vore låg sidan 2003, men 2019- og 2020-årsklassane er sterke. Basert på maksimalt langtidsutbyte meiner ICES at totalfangsten ikkje bør overstige 198 609 tonn i 2026. Fiskedødelegheita var, etter det vi no veit, 0,10 i 2022, noko som er den lågaste i tidsserien frå 1978 til i dag og langt under Fmsy (0,393).
Figur 4.52 Utbreiingsområde og gyteområde for kviting i Nordsjøen og den austlege engelske kanalen.
Figur 4.53 Utviklinga i bestand og fangst av kviting i Nordsjøen og den austlege engelske kanalen.
Tabell 4.14 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av kviting i Nordsjøen og den austlege engelske kanalen dei siste fem åra.
|
År |
Råd frå ICES |
Tilrådd TAC |
Avtalt TAC |
Fangst1 |
Gytebestand |
|---|---|---|---|---|---|
|
2022 |
Maksimalt-langtidsutbyte-tilnærming |
≤ 89 |
33 |
28 |
356 |
|
2023 |
Maksimalt-langtidsutbyte-tilnærming |
≤ 110 |
43 |
28 |
385 |
|
2024 |
Maksimalt-langtidsutbyte-tilnærming |
≤ 128 |
96 |
37 |
358 |
|
2025 |
Maksimalt-langtidsutbyte-tilnærming |
≤ 188 |
139 |
409 |
|
|
2026 |
Maksimalt-langtidsutbyte-tilnærming |
≤ 199 |
199 |
1 Inkludert industriell bifangst
Boks 4.15 Raudspette i Nordsjøen og Skagerrak
Figur 4.54 Raudspette
Foto: Merete Kvalsund, Havforskingsinstituttet.
|
Artsnamn: raudspette – Pleuronectes platessa Maksimal storleik: 70 cm og 3,5 kg Levetid: maks 20 år Bestandsstorleik (2025): om lag 1 230 000 tonn (gytebestand) Kvote for 2026: 163 951 tonn, av desse 144 605 tonn i Nordsjøen og 19 346 tonn i Skagerrak Norsk fangstverdi (2025): om lag 1,3 millionar kroner. Dei siste åra har Noreg berre utnytta ein liten del av kvoten, og i 2025 var den norske fangsten på 111 tonn. Fangstar nord for 62° N (utanfor rådsområdet for nordsjøbestanden) var til samanlikning 871 tonn, med ein totalverdi på 17 millionar kroner. Fakta om bestanden: Raudspetta finst på begge sider av det nordlege Atlanterhavet – på austsida frå Middelhavet til Barentshavet – og er delt inn i mange bestandar. Bestanden i Nordsjøen er den største. Raudspetta lever på botnen ned til om lag 200 meters djup. Raudspetta et børstemark, skjel, maneter, krepsdyr, pigghudar og små fisk. Gyteområda finst i dei sentrale og sørlege delane av Nordsjøen, men det er ingen klare skiljeliner mellom bestandane. Gytinga går føre seg i januar og februar. |
Fisket
Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av raudspette i Nordsjøen i perioden 1960–2024 er kring 157 000 tonn og har variert ein del i takt med utviklinga i bestanden, jf. figur 4.56. Raudspette blir hovudsakleg fiska med bomtrål i sørlege og sentrale delar av Nordsjøen og i eit blandingsfiskeri med botntrål i dei sørlege delane av Nordsjøen. Målarten er tunge, og det går føre seg eit omfattande utkast av undermåls raudspette i blandingsfisket. I Skagerrak blir raudspetta fiska i eit direkte fiskeri med garn og snurrevad, men òg i eit blandingsfiske saman med torsk og sjøkreps. Utkastet er likevel avgrensa, sidan reiskapen har stor maskevidd og difor fiskar selektivt. Nederland, Danmark og Storbritannia dominerer fisket. Noreg disponerer 7 prosent av totalkvoten i Nordsjøen og 2 prosent av kvoten i Skagerrak.
Status og råd
ICES vurderer bestanden til å vere i god stand og berekraftig hausta. Bestanden er på eit høgt nivå, som vist i figur 4.56. Rekrutteringa har vore om lag som langtidsgjennomsnittet, men fiskepresset har minka til under nivået for høgt langtidsutbyte. ICES tilrår, basert på maksimalt langtidsutbyte, at fangsten i 2026 ikkje bør overstige 163 951 tonn, jf. tabell 4.15. Fiskedødelegheita har, etter det vi no veit, vore under Fmsy (0,152) heilt sidan 2007 og var i 2024 nede på 0,040. Det er den lågaste verdien i tidsserien, som går tilbake til 1957.
Figur 4.55 Utbreiingsområde og gyteområde for raudspette i Nordsjøen og Skagerrak.
Figur 4.56 Utviklinga i bestand og fangst av raudspette i Nordsjøen og Skagerrak.
Tabell 4.15 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av raudspette i Nordsjøen og Skagerrak dei siste fem åra.
|
År |
Råd frå ICES |
Tilrådd TAC |
Avtalt TAC |
Fangst |
Gytebestand |
|---|---|---|---|---|---|
|
2022 |
Maksimalt-langtidsutbyte-tilnærming |
≤ 143 |
143 |
54 |
817 |
|
2023 |
Maksimalt-langtidsutbyte-tilnærming |
≤ 150 |
151 |
57 |
904 |
|
2024 |
Maksimalt-langtidsutbyte-tilnærming |
≤ 155 |
155 |
44 |
1 038 |
|
2025 |
Maksimalt-langtidsutbyte-tilnærming |
≤ 176 |
176 |
1 230 |
|
|
2026 |
Maksimalt-langtidsutbyte-tilnærming |
≤ 164 |
164 |
Boks 4.16 Reker
Figur 4.57 Reke
Foto: Øystein Paulsen, Havforskingsinstituttet.
|
Artsnamn: reke – Pandalus borealis Maksimal storleik: 16 cm og 20 g Levetid: 5 år, men i dette området lever dei fleste berre i 3 år Bestandsstorleik (2025): 5 193 tonn (gytebiomasse av horeker). Kvote for kvoteåret 1. juli 2025–30. juni 2026: 4 010 tonn (TAC) Norsk fangstverdi (2025): 237 millionar kroner Fakta om bestanden: Rekene finst på kontinentalsoklane og i fjordar og kyststrøk på begge sider av det nordlege Atlanterhavet og er delt inn i mange bestandar. Det er den kommersielt viktigaste skaldyrarten i Nord-Atlanteren. |
Fisket
Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av reker i Skagerrak i perioden 1971–2023 er kring 11 000 tonn. Uttaket har variert i takt med storleiken på bestanden, jf. figur 4.59. Rekene blir fiska med trål, av både Noreg, Sverige og Danmark. Fisket er kvoteregulert, og Noreg har 59 prosent av totalkvoten.
Status og råd
Denne bestanden blir dekt av eit norsk forskingstokt i januar kvart år. Tidlegare vart kvoterådet for inneverande kalenderår oppdatert rett etter toktet, og det vart gjeve eit førebels råd for første halvdelen av neste kalenderår. I 2023 vart EU og Noreg samde om ein ny forvaltingsplan, der kvoteåret går frå 1. juli til 30. juni året etter. Endringa vart gjort for å unngå å gje både førebelse og endelege råd.
Den tilrådde kvoten for perioden 1. juli 2025–30. juni 2026 var på 4 010 tonn. EU og Noreg sette kvoten lik den tilrådde.
Bestanden gjennomgjekk ein metoderevisjon i 2022, noko som resulterte i ein ny bestandsmodell og nye referansepunkt. Bestandsstorleiken og fiskedødelegheita blir no rekna ut som relative og ikkje absolutte verdiar. Bestanden gjennomgjekk òg ei evaluering av forvaltingsplanar (MSE) i 2023, noko som resulterte i eit endra bestandsvurderings- og kvoteår (1. juli–30. juni) i tillegg til nokre endringar i bestandsmodellen.
Figur 4.58 Utbreiingsområde og gyteområde for reke i Skagerrak og Nordsjøen.
Figur 4.59 Utviklinga i bestand og fangst av reke i Skagerrak og Norskerenna.1
1 År refererer til bestandsvurderings- og kvoteår (juli–juni), slik at bestandstalet for 2024 refererer til 1. juli 2024.
Tabell 4.16 Tilrådd TAC og avtalt TAC dei siste to kvoteåra, fangst og gytebestand (horeker) av reker i Skagerrak og Norskerenna dei siste fem åra.1
|
År |
Råd frå ICES |
Tilrådd TAC |
Avtalt TAC |
Fangst |
Gytebestand |
|---|---|---|---|---|---|
|
2021/2022 |
7,8 |
0,37 |
|||
|
2022/2023 |
9,8 |
0,31 |
|||
|
2023/2024 |
Følg den avtalte forvaltingsplanen. |
≤ 5,1 |
6,1 |
6,6 |
0,43 |
|
2024/2025 |
Følg den avtalte forvaltingsplanen. |
≤ 4,6 |
4,6 |
4,7 |
0,55 |
|
2025/2026 |
Følg den avtalte forvaltingsplanen. |
≤ 4,0 |
4,0 |
0,52 |
1 Kvoteåret går frå juli til juni neste år. Gytebestanden per 1. juli i starten av kvoteåret er vist relativt til MSY Btrigger. Råda før 2023/2024 vart gitt for kalenderår og er ikkje tatt med her.
Boks 4.17 Kysttorsk
Sør for 62° N
Tilstanden for kyst- og fjordtorsk på Vest-, Sør- og Austlandet har dei siste tiåra blitt mykje dårlegare, og fangstane er no lågare enn 10 prosent av historisk nivå. Nedgangen har byrja tidlegare og vore sterkare di lenger aust ein kjem, og har vore spesielt sterk frå Telemark til svenskegrensa (nedgang etter område: Stad til Lindesnes 88 %, Lindesnes til Agder-Telemark-grensa 91 %, Telemark til svenskegrensa 98 %). I aust er torsken no klart mindre i storleik og gyter tidlegare enn lenger vest. Aust for Lindesnes har det difor blitt innført tiltak for å redusere fangstpresset og verne gytetorsken.
Frå 15. juni 2019 vart det forbode med direktefiske etter torsk innanfor grunnlina frå Telemark til svenskegrensa. Det vart òg forbode å fiske med botnsette garn. Yrkesfisket har dispensasjon frå tiltaka, men ikkje frå forbodet mot garnfiske grunnare enn 25 meter i perioden 15. juni–15. mars. I gyteområda til torsken er det fiskeforbod frå 1. januar til 30. april, med unntak av fiske på laks, sjøaure og annan anadrom fisk og undervassjakt. Havforskingsinstituttet vurderte effekten av tiltaka i 2022. Det var ingen teikn til at bestandssituasjonen hadde endra seg i Skagerrak eller i Ytre og Indre Oslofjord sidan tiltaka vart innførte i 2019.
Kunnskapsstatus for kysttorsk sør for 62° N vart i 2025 samanstilt i rapporten Oppdatert status om torsk langs Vestlandet- og Skagerrakkysten: potensial for bestandsvurdering frå Havforskingsinstituttet.
Langs Skagerrakkysten finst to sameksisterande genetiske variantar av torsk. Den eine varianten dominerer inst i fjordane, medan den andre er vanlegare i dei litt meir eksponerte ytre områda og er genetisk svært lik nordsjøtorsken. Desse variantane er genetisk relativt ulike kvarandre, meir enn kva kysttorsk og skrei er i nord, og har mellom anna ulik vekst og ulikt vandringsmønster. Yngel av begge variantar rekrutterer til og veks opp i fjordar og kystnære område.
Både strandnotserien (1919–) og garnserien (1984–1990, 2001–) til Havforskingsinstituttet stadfestar at torskebestandane har blitt ytterlegare reduserte dei siste tiåra og klart mest i det austlege Skagerrak. Forskinga viser at det er fritidsfisket som står for det største uttaket av kysttorsk i Oslofjorden, og tiltaka som vart innførte i 2019, er retta mot å redusere dette fisket.
Det var ein kraftig nedgang i dei kommersielle torskefangstane i begge områda frå midt i 1990-åra fram til 2006. Torskefangstane i Skagerrak innanfor 12 nautiske mil var rundt 1 500 tonn årleg i 1970- og 1980-åra, gjekk ned til rundt 500 tonn på starten av 2000-talet og er no nede i rundt 100 tonn.
Vest for Lindesnes er kunnskapsgrunnlaget vesentleg dårlegare ettersom ein lenge har mangla standardisert overvaking. Som i Skagerrak har dei kommersielle fangstane gått kraftig ned dei siste tiåra. I perioden 1920–2000 varierte fangstane mellom 1 500 og 2 500 tonn, men etter 2002 har dei berre vore 200–300 tonn.
Tidsserien med fangstratar for garn og ruser frå tokta til Havforskingsinstituttet på Vestlandet er kort (2015–2023) og viser ingen trend. Ein litt lengre tidsserie for garnfiske frå referanseflåten til instituttet viser at fangsten per innsatseining har blitt redusert med 50 prosent frå 2006 til i dag.
Nord for 62° N
Kysttorsken nord for Stad blir overvakt med eit årleg tokt (kysttoktet) i oktober–november og har i mange år vore på eit relativt lågt nivå. I og med at kysttorsken blir fiska saman med nordaustarktisk torsk, som er ein mykje større bestand, er det krevjande å finne gode reguleringstiltak for kysttorsk som ikkje skaper problem for fisket etter nordaustarktisk torsk.
Etter råd frå ICES om ein ny gjenoppbyggingsplan for kysttorsk i nord bestilte Nærings- og fiskeridepartementet i 2018 ein rapport frå Havforskingsinstituttet, i samråd med Fiskeridirektoratet, om kunnskapsstatusen, med forslag til forvaltingstiltak og ein ny gjenoppbyggingsplan. Havforskingsinstituttet publiserte i 2020 rapporten Kysttorsk nord for 62-grader nord – Vurdering av status og forslag til forvaltningstiltak og ny gjenoppbyggingsplan. Basert på denne rapporten, gjennomført metoderevisjon for kysttorsk i ICES og fleire innspel frå Havforskingsinstituttet har Fiskeridirektoratet gjennomført ei høyring om ei rekkje moglege forvaltingstiltak. Desse tiltaka handlar både om havdeling og om endringar i tekniske reguleringar. Fleire tiltak er innførte i løpet av 2024–2025. Mellom anna er minstemålet for torsk innanfor 4 nautiske mil frå grunnlina auka frå 44 til 55 cm (frå 1. januar 2024).
Etter ein metoderevisjon i ICES av bestandsvurderinga for nordaustarktisk torsk og kysttorsk vart det i 2021 bestemt å dele opp vurderinga av kysttorskbestanden i to område – nord for 67° N og mellom 62 og 67° N. For kysttorsk nord for 67-graden er det godt nok datagrunnlag for ei aldersstrukturert, analytisk bestandsvurdering, medan bestanden mellom 62 og 67° N blir vurdert med metodikk for datafattige bestandar. Det vart gjeve separate kvoteråd for dei to bestandane for 2026.
For bestanden nord for 67° N var 2026-kvoterådet 27 887 tonn basert på den nye forvaltingsplanen som er godkjend av ICES. Fiskedødelegheita har lege over målet i forvaltingsplanen i store delar av tidsserien 1994–2023. Fiskedødelegheita vart likevel atskilleg redusert frå 2023 til 2024. Dette kan ha komme av nedgangen i torskekvoten og effekten av nye forvaltingstiltak i kombinasjon med at relativt talrike årsklassar har blitt ein del av gytebestanden.
For bestanden mellom 62 og 67° N var 2025-rådet på 1 119 tonn. Fiskepresset er over kritisk nivå (raud status), og biomasse er mellom målnivå og kritisk lågt nivå (gult status). I dette området var botntrålindeksen dei fire siste åra (2021–2024) den lågaste i heile tidsserien frå 2003. I tillegg var indeksen frå eit anna tokt, «garn-ruse-toktet», som dekkjer grunt vatn med garn og ruse, dei fire siste åra (2021–2024) den lågaste i tidserien. Vidare var gjennomsnittet av den kommersielle fangsten i 2019–2024 lågare enn i alle år før denne perioden.
For begge bestandane ser vi eit redusert uttak av fisk under det nye minstemålet i 2024.