Ungdom, valgdeltagelse og stemmerett

Senter for forskning på sivilsamfunn og frivillig sektor

Ved kommunestyrevalet til hausten, kan 16 og 17-åringar i 20 kommunar og Longyearbyen røyste som eit forsøk med nedsett stemmerettsalder. Ein ny rapport syner at lågare stemmerettsalder kan styrke valdeltakinga på sikt.

Ved kommunestyrevalet til hausten, kan 16 og 17-åringar i 20 kommunar og Longyearbyen røyste som eit forsøk med nedsett stemmerettsalder. Ein ny rapport syner at lågare stemmerettsalder kan styrke valdeltakinga på sikt.

Institutt for samfunnsforskning (ISF) og Rokkansenteret har utarbeidd ein rapport om erfaringar med nedsett stemmerettsalder i andre land. I rapporten ser ein også nærare på debatten om nedsett stemmerettsalder internasjonalt og nasjonalt.

Rapporten syner at 16- og 17-åringen truleg vil stemme i nokon større grad enn ungdom i aldersgruppa over, men at dei vil stemme i nokon mindre grad enn veljarane totalt sett gjer.

Forskarane peikar på at nedsett stemmerettsalder og tidleg mulegheit for politisk deltaking kan ha ein positiv effekt på valdeltakinga på lang sikt. Dei antek at 16- og 17-åringar blir meir politisk bevisste gjennom å få stemmerett, men at dette avheng av at dei har tilgang på informasjon og arenaer der politisk informasjon blir formidla og diskutert.

Det samla valresultatet vil truleg ikkje bli særleg påverka.  Mellom anna syner erfaringar frå Tyskland og Austerrike at 16- og 17-åringane i stor grad fordel stemmene mellom partia som de andre veljarane.