Ot.prp. nr. 107 (2004-2005)

Om lov om endring i lov 14. desember 1973 nr 61 om statsgaranti for lønnskrav ved konkurs m.v. og lov 8. juni 1984 nr. 59 om fordringshavernes dekningsrett (dekningsloven)

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Den statlege lønnsgarantiordninga skal sikre arbeidstakarane sine krav på lønn m. m. som ikkje kan dekkjast på grunn av konkurs hos arbeidsgjevaren. Gjennom EØS-avtalen er Noreg pliktig til å ha ei lønnsgarantiordning. Det er likevel gjort nokre avgrensingar i dekningsområdet for garantien, blant anna er krav frå arbeidstakar som har vore dagleg leiar, som har hatt ein eigardel på meir enn 20 prosent og styremedlem som ikkje har vore vald representant for arbeidstakarane, i utgangspunktet haldne utanfor lønnsgarantidekning. Det same gjeld arbeidstakar som har vore tillitsmann når skyldnaren er ei samanslutning eller stifting.

I samband med implementeringa av Rådsdirektiv 2002/74/EC om endring av direktiv om vern av arbeidstakarar når arbeidsgjevaren er insolvent, er det nødvendig å gjere enkelte endringar i dagens regelverk. Dei endringane det er framlegg om, går ut på at arbeidstakar som har vore dagleg leiar, styremedlem som ikkje har vore vald representant for arbeidstakarane, eller tillitsmann i samanslutning eller stifting, og som etter dagens regelverk i utgangspunktet er haldne utanfor dekningsområdet til lønnsgarantien, likevel får lønnsgarantidekning.

Endringane vil ha små administrative konsekvensar for forvaltninga, men det vil føre med seg sterkt auka utgifter over lønnsgarantien ettersom det vil bli enklare for desse gruppene av arbeidstakarar å få lønnsgarantidekning. Det er rekna med at dei endringane det er framlegg om, vil føre til ein auke i lønnsgarantiutbetalingane på ca. 115 mill. kroner årleg, avhengig av talet på konkursar.