Ot.prp. nr. 108 (2004-2005)

Om lov om endringar i lov 8. juni 1984 nr. 58 om gjeldsforhandling og konkurs og andre lover (elektronisk kommunikasjon mv.)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Justisdepartementet gjer i proposisjonen her framlegg om endringar i konkurslova og andre lover med sikte på å leggje til rette for auka bruk av elektronisk kommunikasjon ved gjeldsforhandling og konkurs. Bruken av elektronisk kommunikasjon vil spare tid og kostnader, slik at midlane i bua kan bli utnytta meir effektivt.

Departementet foreslår at kunngjeringar til allmenta i samband med konkurs og gjeldsforhandling skal skje elektronisk i Brønnøysundregistra sin elektroniske kunngjeringspublikasjon. Plikten til å kunngjere i Norsk Lysingsblad blir samstundes foreslått oppheva. Det blir foreslått at kunngjering framleis skal skje i ei avis som er alminneleg lesen på staden. Kunngjeringsannonsane i avisene skal etter framlegget vere kortare enn i dag, slik at kostnadene ved aviskunngjeringane blir reduserte. I tillegg skal dei kjende fordringshavarane framleis bli varsla personleg om opning av konkurs eller akkordforhandling etter konkurslova.

Det blir foreslått ein forskriftsheimel for å gi reglar om abonnementsordningar, slik at ford­ringshavarar og offentlege organ kan abonnere på kunngjeringsinformasjon om konkurs og gjeldsforhandlingar frå Brønnøysundregistra. Slike abonnementsordningar kan vere utforma både slik at abonnentane får opplysningane via elektronisk post og ved at informasjon blir inkorporert i abonnentens eige datasystem.

Departementet foreslår å klårgjere som hovudregel at føresegnene i konkurslova om sending av meldingar og andre føresegner om kommunikasjon er teknologinøytrale i den forstand at elektronisk kommunikasjon kan nyttast om sendaren og mottakaren har lagt til rette for det og mottakaren har akseptert det.

Departementet gjer framlegg om eit system for elektroniske busider til bruk under handsaminga av eit konkursbu. Å leggje dokument og opplysningar ut på busida kan langt på veg erstatte utsending av dokument ved frankerte brev. Etter framlegget skal det vere avgrensa tilgang til busidene, slik at det er dei same som i dag har rett til å få tilsendt informasjon om buet, som vil få tilgang til opplysningane på busida. Dette er naudsynt av personvernomsyn. Det vil vere ein føremon for fordringshavarane og offentlege instansar at dei får ein plass der informasjon om buet er samla. Varsel som skal gis fordringshavarane under buhandsaminga, og som er avgjerande for kva tid ein frist tar til å løpe, skal likevel bli gitt direkte til fordringshavarane. Det blir foreslått at Brønnøysundregistra skal stå for drifta av elektroniske busider, og at informasjon frå Konkursregisteret om buet skal overførast automatisk til busida.

Det blir foreslått ein forskriftsheimel for å gi nærare reglar om dei tekniske krava for bruk av elektronisk kommunikasjon. Det blir òg foreslått ein forskriftsheimel for å gi reglar om abonnement på opplysningar frå busidene.

Det blir foreslått at nokre av pliktene bustyraren har etter konkurslova skal gå over til føraren av Konkursregisteret. Dette gjeld mellom anna plikta til å sørgje for registrering av konkursopning i grunnboka og Meirverdiavgiftsmantalet.

Det er gjort framlegg om endringar i einings­registerlova for å gjere Konkursregisteret til eit tilknytt register til Einingsregisteret. Endringa inneber også at konkursbuet skal vere ei eiga register­eining i Konkursregisteret.

Til forsida av dokumentet