Ot.prp. nr. 16 (2005-2006)

Om lov om endring i lov 17. juli 1925 nr. 11 om Svalbard

Til innhaldsliste

1 Innhaldet i proposisjonen

Justis- og politidepartementet gjer i denne proposisjonen framlegg til lov om endring i lov 17. juli 1925 nr. 11 om Svalbard (svalbardlova). Framlegget svarer til framlegget i Ot. prp. nr. 105 (2004-2005) som vart sett fram for Odelstinget i den førre sesjonen. Framlegget i Ot. prp. nr. 105 (2004-2005) vart ikkje behandla i den sesjonen. Etter forretningsordenen for Stortinget § 33 tredje ledd må Regjeringa setje framlegget fram att i den nye valperioden.

Lovframlegget gir Kongen høve til å gi forskrift om å avgrense verksemd som vil kunne vere til skade for forskingsaktiviteten i bestemte område av spesiell verdi for forsking på Svalbard. Formålet er å gi forskingsverksemda i Ny-Ålesund på Svalbard dei nødvendige rammevilkåra, ved å leggje til rette for at anna verksemd ikkje grip inn i, forstyrrar eller på annen måte klart er til skade for forskingsaktiviteten i området.

I proposisjonen her er det teke inn eit likelydande lovframlegg som i Ot. prp. nr. 105 (2004-2005), og departementet viser til den proposisjonen.

Til forsida