Ot.prp. nr. 17 (2006-2007)

Om lov om endringar i utlendingsloven (DNA-testing og aldersundersøking mv.)

Til innholdsfortegnelse

4 Merknader til føresegnene i lovforslaget

Til § 27 første ledd bokstav j

Sjå punkt 3.

Til ny § 37 f DNA-testing

Føresegna gir heimel for å be («anmode») om DNA-testing. Det følgjer av første ledd tredje punktum i føresegna at det kan få verknader for vurderinga av saka dersom søkjaren eller referansepersonen avslår oppmodinga om DNA-testing utan rimeleg grunn. Departementet vil her understreke det som kjem fram i dei generelle merknadene i kapittel 2.2.7, om at ordninga med DNA-testing kan innebere eit press for familiemedlemmer som er klar over at dei biologiske familietilhøva ikkje er slik som dei involverte har teke for gitt. Det er først dersom det ikkje blir gitt noka god grunngiving frå partane si side, at det kan tilleggjast vekt som eit sjølvstendig moment at ein har takka nei til DNA-testing, og heller ikkje i slike tilfelle bør det vere nokon automatikk i at søknaden blir avslått.

I anna ledd heiter det at opplysningar og materiale knytta til testen skal «slettes eller tilintetgjøres» så snart som mogleg etter at familierelasjonen er bekrefta eller avkrefta. Med dette meiner ein at det er opplysningane som er knytta til testen som skal «slettes», mens slikt materiale som til dømes blod- og spyttprøver skal «tilintetgjøres».

Departementet viser elles til dei generelle merknadene i kapittel 2.2.7.

Til ny § 37 g Aldersundersøking

Det følgjer av første ledd første punktum i føresegna at aldersundersøking er aktuelt i nærmare avgrensa tilfelle der dei andre opplysningane i saka ikkje gir grunnlag for å fastslå «med rimelig sikkerhet» om utlendingen er eldre eller yngre enn 18 år. Det er ikkje slik at det er nødvendig å få gjennomført aldersundersøking av alle som manglar tilfredsstillande identitetsdokument. På same måten som i dag må det avgjerast på bakgrunn av observasjonar frå politiet og frå tilsette ved mottaka, og ut frå eigne observasjonar i samband med asylintervju, om ein skal be om aldersundersøking.

Departementet viser elles til dei generelle merknadene i kapittel 2.3.7.