Ot.prp. nr. 17 (2006-2007)

Om lov om endringar i utlendingsloven (DNA-testing og aldersundersøking mv.)

Til innholdsfortegnelse

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Arbeids– og inkluderingsdepartementet legg med dette fram forslag til lov om endringar i lov 24. juni 1988 nr. 64 om utlendingers adgang til riket og deres opphold her (utlendingsloven).

Det blir for det første føreslått å gi ein heimel i utlendingsloven for å vidareføre den praksisen ein i dag har når det gjeld bruk av DNA-testar. Praksisen har i dag rettsleg grunnlag i samtykke. DNA-testar blir nytta for å fastslå om det er gitt korrekte opplysningar om familierelasjonen i saker som gjeld familiesamanføring mellom foreldre og born, og der forholdet ikkje kan dokumenterast på annan måte.

Føresegna om DNA-testing er føreslått som ny § 37 f, og gir heimel for å be («anmode») søkjaren og referansepersonen (personen som søkjaren hevdar å vere i familie med) om å avleggje ein DNA-test.

For det andre blir det føreslått å gi ein heimel i ny § 37 g for å vidareføre praksisen med aldersundersøking. Også denne ordninga har i dag sitt grunnlag i samtykke, og blir i første rekkje nytta i asylsaker, men det er også aktuelt å bruke aldersundersøkingar i saker som gjeld familiesamanføring mellom foreldre og born. Aldersundersøkingane skal gi eit meir solid grunnlag for å avgjere om ein utlending som manglar dokumentasjon for alderen sin, og som oppgir å vere under 18 år, faktisk er mindreårig.

For det tredje blir det føreslått å endre § 27 første ledd bokstav j. Omgrepet «internasjonale forbindelser» blei ved ei inkurie endra til «internasjonale forpliktelser» i samband med ei endring av denne føresegna i lov 30. juni 2006 nr. 37. Ein foreslår derfor å rette internasjonale «forpliktelser» tilbake til internasjonale «forbindelser».