Ot.prp. nr. 19 (2007-2008)

Om lov om redaksjonell fridom i media

Til innhaldsliste

4 Vern av redaktørrolla i andre europeiske land

4.1 Generelt

Generelt står prinsippet om redaksjonell fridom sterkare, og har lengre tradisjonar, i Skandinavia enn i resten av Europa. I mange europeiske land er likevel den redaksjonelle fridomen anerkjent i sedvane og praksis, sjølv om han ikkje er lovfesta.

Det finst likevel døme på lovgiving:

  • Slovenia har vedteke ein massemedielov der rollene som utgivar og ansvarleg redaktør blir definerte. Lova slår mellom anna fast at redaktøren, innanfor ramma av det føremålet osb som er fastsett for mediet, skal ha ei uavhengig stilling.

  • I Finland er det vedteke ein lov om «yttrandefrihet i masskommunikation» (Yttrandefrihetslagen). Lova vart sett i kraft 1. januar 2004 og er medie-/teknologinøytral, dvs. at lova gjeld for alle medium på alle plattformar. Lova slår mellom anna fast at utgivaren av «periodisk publikation eller nätpublikation» og den som «utövar programverksamhet» skal peike ut ein ansvarleg redaktør. Lova slår fast at «Den ansvariga redaktören skall leda och övervaka det redaksjonella arbetet, besluta om innehållet i den periodiska publikationen, nätpublikationen eller programmet samt sköta övriga uppgifter som föreskrivs i denna lag».

I andre tilfelle er det inngått avtalar som fastset rammar for redaktørfunksjonen:

  • I nokre selskap, til dømes Le Monde og The Guardian, er det inngått spesielle avtalar som vernar redaktøren mot utilbørleg innblanding frå den forretningsmessige delen av føretaket eller frå styret.

  • I Tyskland kunne ein i ein periode frå 1960-åra til 1980 sjå ei utvikling mot såkalla «indre pressefridom» der eigaren og redaksjonsstaben, eventuelt berre redaktøren, inngjekk avtalar som i innhald likna Redaktørplakaten. Etter kvart har nye eigarar nytta høvet til å fjerne slike avtalar.

  • I dag har Westdeutsche Allgemeine Zeitung Medien Gruppe (WAZ), som er ein stor aviseigar i Tyskland og har eigarinteresser i ti andre europeiske land, reglar for korleis verksemder innanfor konsernet skal opptre. Desse reglane vernar om redaktørfunksjonen og definerer dei etiske sidene ved verksemda.

  • I Frankrike gjeld det ein «clause de conscience» (samvitsklausul) som gir journalistar rett til kompensasjon dersom eigaren endrar den redaksjonelle retninga for avisa (for eksempel som følgje av eigarskifte).

4.2 Regulering av redaktørrolla i ­Skandinavia

Redaktørplakaten

Tilsvarande felles dokument som den norske Redaktørplakaten finst ikkje i dei andre skandinaviske landa, men det er fleire døme på at tilsvarande prinsipp er nedfelte i ulike plakatar, fråsegner eller stiftingsdokument.

Berlingske Tidende har ein slik «redaktørerklæring», og noko liknande er også blitt etablert i Politiken og Jyllands-Posten i samband med at eigarselskapa er blitt stiftingar. I dei to sistnemnde avisene er redaktørane tilsett direkte av fondsstyrane. Redaktørane svarer difor berre til fondsstyrane og ikkje til det felles driftsselskapet der direktøren og dei andre medarbeidarane er tilsett.

Redaktøransvaret

Sverige og Danmark har vald forskjellige system for å plassere ansvar for lovbrot i massemedia – men begge er bygd på det same prinsippet, redaktøransvaret.

I begge landa er det etablert spesielle medierettslege ansvarssystem, som avviker frå det normale strafferettslege systemet. Det normale er at straffeansvar blir lagt på gjerningsmannen og på dei som har medverka til lovbrotet. Ved lovbrot gjennom eit massemedium vil det ofte vere ei rekkje medverkarar (både innanfor produksjon og distribusjon) dersom ein bruker normale kriterium til å peike ut medverkarar.

På medieområdet er ansvaret gjennom særreglar konsentrert til éin eller eit fåtal enkeltpersonar. Sverige har gått lengst i denne retninga gjennom systemet med «ensamansvar», som inneber at ansvaret er pålagt éin bestemt person kalla «ansvarig utgivare». I Danmark er det også gitt reglar som peiker ut særleg ansvarlege og utelukkar andre. Til dømes kan den som berre medverkar i teknisk og distribusjonsmessig samanheng, ikkje trekkjast til ansvar. Sjølv om dei same prinsippa blir lagt til grunn i dei skandinaviske landa er det forskjellar i reguleringa, mellom anna når det gjeld kva for medium og kva for brotsverk som blir omfatta av særreglane.