Ot.prp. nr. 29 (1999-2000)

Om lov om endring i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Proposisjonen inneheld framlegg til lov om endring i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste. Denne lova skal avløyse lov 30. mai 1975 nr. 20 om tomtefeste. Lova har enno ikkje teke til å gjelde. Paragraf 15 i lova gjeld regulering av festeavgifter. Departementet går inn for at § 15 blir endra før lova blir sett i kraft.

Bak dette ligg at § 15 utan ei endring truleg vil gje ein stor auke av festeavgifta for ein del eldre - i dag prisregulerte - festehøve i områder der marknadsverdien for tomter har gått opp langt meir enn den allmenne pengeverdien. Siktemålet med lovframlegget er å avgrense retten til oppregulering av festeavgifter der det i eldre festehøve er avtalt at regulering skal skje på annan måte enn etter endringa i pengeverdien. Etter lovframlegget vil festeavgifta i desse tilfella normalt kunne aukast meir enn auken i pengeverdien, men lovframlegget set eit tak for kor høgt opp festeavgifta kan setjast. Sosiale omsyn ligg bak dette. Lovframlegget gjeld berre for feste av tomt til bustadhus og fritidshus der festeavtala er inngått 26. mai 1983 eller tidlegare, altså for festeavtaler som i dag er prisregulerte.