Ot.prp. nr. 3 (1996-97)

Om lov om endringar i lov 1. mars 1985 nr 3 om stortingsvalg, fylkestingsvalg og kommunestyrevalg (Valgloven)

Til innholdsfortegnelse

2 Hovudpunkt i forslaget

Departementet foreslår i denne proposisjonen ei ordning med følgjande hovudtrekk:

  • -

    Postverket tek over ansvaret for all førehandsrøysting innanriks (med unntak av Svalbard og Jan Mayen), inkludert førehandsrøysting på institusjonar og ambulerande røystmottak, etter mønster av ordningane i Sverige og Finland. Postrøysting erstattar førehandsrøysting i regi av kommunane.

  • -

    Utanom postkontora tek landpostbod og utsendte postfunksjonærar imot førehandsrøyster.

  • -

    Postrøystinga startar 10. august i valåret.

  • -

    Det blir ikkje opna for postrøysting på valdagen.

  • -

    Postrøystinga blir avslutta torsdag før valdagen.

  • -

    Postrøysta (førehandsrøysta) blir endeleg, dvs. at det ikkje lenger blir høve til å røyste om att på valtinget for veljarar som har førehandsrøysta.

  • -

    Det skal framleis vere opp til kommunestyret å avgjere om det skal vere ein eller to dagars val i kommunen.

  • -

    Det blir innført ei obligatorisk ordning med valkort som veljaren må ha med for å kunne førehandsrøyste hos Postverket (kravet om å ha med valkort skal ikkje gjelde dei som røystar på valdagen).

  • -

    Kommunane skal framleis ha ansvaret for å utarbeide manntal.

Til forsiden