Ot.prp. nr. 3 (1996-97)

Om lov om endringar i lov 1. mars 1985 nr 3 om stortingsvalg, fylkestingsvalg og kommunestyrevalg (Valgloven)

Til innholdsfortegnelse

8 Nærmare om gjennomføring av postrøysting

Forslaget om å overlate ansvaret for å gjennomføre førehandsrøysting innanriks til Postverket inneber at Postverket skal ta imot førehandsrøyster på fire ulike måtar. Det gjeld røysting på postkontora, røysting til landpostbod, førehandsrøysting på institusjonar og ambulerande røystmottak. Nedanfor gjer vi nærmare greie for korleis røystinga skal gå føre seg ved dei ulike alternativa.

8.1 Røysting på postkontora

8.1.1 Skildring av prosedyrane i høringsnotatet

Røysting på postkontora går føre seg på den måten at veljaren melder seg i ei ekspedisjonsluke og leverer valkortet sitt saman med legitimasjon dersom ikkje postfunksjonæren kjenner veljaren frå før. Når postfunksjonæren har kontrollert at valkortet og legitimasjonen er i orden, får veljaren utlevert ein røystesetelkonvolutt.

Veljaren tek med seg røystesetelkonvolutten inn i eit røysteavlukke, som skal finnast på alle postkontor. Røysteavlukka skal ha plass til røystesetlar for alle parti som stiller til val.

Når veljaren har lagt ein røystesetel i røystesetelkonvolutten, må han/ho på nytt melde seg i luka. Postfunksjonæren gir veljaren ein omslagskonvolutt og veljaren legg røystesetelkonvolutten i omslagskonvolutten saman med valkortet, slik at adressa til valstyret kjem fram i vindauget på konvolutten. Etter å ha lima att omslagskonvolutten, skal veljaren leggje han i ei forsegla valurne eller anna forsegla kasse i påsyn av postfunksjonæren. Postfunksjonæren skal føre liste over alle mottekne førehandsrøyster og kvittere på lista for alle mottak.

Urnene og listene over mottekne førehandsrøyster skal vere låste ned om natta.

Det skal alltid vere minst 2 postfunksjonærar til stades når dei forsegla valurnene blir opna og førehandsrøystene blir pakka for vidaresending til valstyra.

8.1.2 Samandrag av høringsfråsegnene

Dei fleste høringsfråsegnene sluttar opp om departementets forslag til gjennomføring, eller dei har ingen merknader.

Somme kommunar gir uttrykk for at det bør nyttast to urner ved kvart postkontor, éi for veljarar med røysterett i vedkomande kommune og éi for veljarar frå andre kommunar.

Postens sentralleiinguttaler:

«Den skisserte løsningen syntes tungvint. .......... Etter at velgeren har lagt valgkortet og stemmekonvolutten ned i omslagskonvolutten, så leveres denne til skrankefunksjonæren som fører den på innleveringslista for mottatte forhåndsstemmer. Skrankefunksjonæren legger stemmeseddelen ned i valgurnen (innenfor skrankeglasset) i kundens påsyn. Årsaken til dette er at vi da er garantert å få registrert alle konvoluttene og at denne arbeidsoperasjonen er mindre arbeidskrevende enn den som er foreslått i høringen, ....................... I tillegg er det begrenset plass på skranken utenfor lukene, slik at det sikkerhetsmessig kan bli vanskelig å feste «urna» på skrankeplata.»

8.1.3 Departementets merknader

Departementet vil gå inn for at prosedyren ved mottaket av førehandsrøystene blir endra etter utsegna frå Postens sentralleiing. Departementet har vurdert om det kunne vere eit alternativ å la veljaren leggje røysta ned i ei urne plassert på skranken eller innanfor skrankeluka. Under hand har departementet fått signal frå Postverket om at dette er ein prosedyre som ikkje kan tilrådast. Dels fordi det krev at ein opnar skrankelukene ved mottak av kvar røyst, noko som er i strid med tryggingsrutinane i Postverket, dels fordi det er vanskeleg å gjennomføre reint praktisk. Departementet har vidare kome til at røystmottakaren bør leggje valkortet og røystesetelkonvolutten ned i omslagskonvolutten for veljaren. Deretter limar han omslagskonvolutten att og legg han i urna medan veljaren ser det. Denne rutinen vil i større grad sikre at valkortet blir lagt på rett plass i omslagskonvolutten slik at det fungerer som adressering (det er meininga at omslagskonvolutten skal vere ein vindaugskonvolutt). Dermed får også røystmottakaren høve til å krysse av på valkortet om han meiner at veljaren ikkje er ved full sans og samling. Departementet foreslår at denne rutinen også blir følgd når landpostbod tek imot røyster, på institusjon og ved ambulerande røystmottak.

Førehandsrøystinga ved sametingsvalet skal avviklast samtidig med førehandsrøystinga ved stortingsvalet. Postkontora må derfor også ha valmateriell som blir brukt ved sametingsvalet. Røystesetel til sametingsvalet blir lagd i eigen (blå) røystesetelkonvolutt. Dersom ein veljar røystar ved begge vala, legg ein begge røystesetelkonvoluttane saman med valkortet i den same omslagskonvolutten. Dette krev at valstyret og samevalstyret etablerer eit samarbeid når det gjeld framlegginga av førehandsrøystinga i kommunar der det ordinære valstyret ikkje også er samevalstyre.

Departementet har kome til at det kan skape problem å skaffe røysteavlukke som har plass til røystesetlar for alle godkjende vallister, i tillegg til røystesetlar berre med partinamn eller valliste-namn. Departementet vil derfor gå inn for at ein innfører same ordninga for førehandsrøystmottak ved postkontor som i dag gjeld ved røysting på pasientrom (og som er tenkt nytta ved røysting til landpostbod, jf nedanfor), jf vallova § 34 nr 2 andre ledd første og andre punktum: Røystmottakaren leverer ein røystesetel for kvar godkjend valliste i fylket ved stortingsval og fylkestingsval og i kommunen ved kommunestyreval. Veljarar som ikkje har røysterett i fylket (ved stortingsval og fylkestingsval) og i kommunen (ved kommunestyreval), får utlevert ein røystesetel for kvar valliste utan kandidatnamn. Veljaren skal sjølv behalde dei ubrukte røystesetlane. Departementet vil gi nærmare retningslinjer om ferdigpakking av sett med røystesetlar. Det blir derfor foreslått ei utviding av heimelen i § 26 nr. 3 siste ledd slik at departementet også kan gi nærmare reglar om sortering og pakking av røystesetlar med godkjende vallister.

8.2 Røysting til landpostbod

8.2.1 Skildring av prosedyrane i høringsnotatet

I førehandsrøystingsperioden må landpostboda ha med seg røystemateriell og forsegla valurne for å kunne ta imot førehandsrøyster frå veljarar som ønskjer å røyste.

Etter at landpostbodet har kontrollert valkortet til veljaren og eventuelt identiteten til veljaren, får veljaren utdelt ein røystesetelkonvolutt. Dersom veljaren ikkje alt har røystesetlar, skal han/ho få ein konvolutt som inneheld ein røystesetel for kvar liste som er med i valet. Veljaren skal behalde dei røystesetlane som ikkje blir nytta.

Ved røysting til landpostbod gjeld kravet om at røystinga skal gå føre seg i einerom og usett så langt det let seg gjere. Veljaren kan be landpostbodet gå over i eit anna rom eller sjølv gå over i eit anna rom. Landpostbodet vil likevel ha eit ansvar for å sjå til at ikkje eventuelle andre personar som er til stades, legg press på veljaren med omsyn til kva vedkomande skal røyste.

Landpostbodet skal - til liks med funksjonærane på postkontora - føre ei liste over mottekne førehandsrøyster og kvittere på lista for kvart mottak.

8.2.2 Samandrag av høringsfråsegnene

Somme kommunar går inn for at det bør vere to landpostbod saman ved røystmottakinga.

8.2.3 Departementets merknader

Departementet kan ikkje sjå at to landpostbod skal måtte vere saman om å ta imot førehandsrøyster, sjå punkt 9.6.5. Departementet foreslår at den same framgangsmåten blir nytta når landpostbodet tek imot røyster, som når dei blir tekne imot på postkontoret.

8.3 Førehandsrøysting på institusjonar

8.3.1 Skildring av prosedyrane i høringsnotatet

Valstyret skal som før gjere vedtak om til kva for tider og ved kva for institusjonar i kommunen det skal arrangerast eiga førehandsrøysting. Vedtaket blir gjort etter forslag frå Postverket. Valstyret har ansvaret for å informere Postverket i kommunen om vedtaket og kunngjere ei oversikt over tid og stad for førehandsrøysting på institusjonane i den eller dei avisene som er mest lesne på staden og ved oppslag på dei aktuelle institusjonane. Førehandsrøysting på institusjonar bør leggjast så seint i førehandsrøysteperioden som mogleg.

Postverket får ansvaret for å gjennomføre førehandsrøystinga på institusjonane, men må ta nødvendig kontakt med leiinga i den enkelte institusjonen for å avtale nærmare opplegg for førehandsrøystinga.

Røystinga for bebuarar/pasientar som er oppegåande, går føre seg som omtalt om røysting på postkontora.

Postfunksjonærane må ha med seg røystemateriell (røystesetlar, røystesetelkonvoluttar, omslagskonvoluttar osv.), forsegla valurne, røysteavlukke (dersom det ikkje på annan måte blir sørgt for at veljarane kan utføre valhandlinga «i einerom og usett»), osv.

Etter at røystinga for oppegåande pasientar/bebuarar er avslutta, skal postfunksjonærane gå rundt på romma til sengeliggjande bebuarar/pasientar som har gitt uttrykk for at dei ønskjer å røyste. Veljarar som ikkje alt har røystesetlar, skal få utlevert ein røystesetel for kvar valliste som er med i valet. Postfunksjonærane skal be veljarane behalde dei røystesetlane som ikkje blir nytta. Ved røysting på pasientrom gjeld kravet om at røystinga skal gå føre seg i einerom og usett så langt det let seg gjere.

8.3.2 Samandrag av høringsfråsegnene

Ein del kommunar går inn for at det bør vere to røystmottakarar ved røysting på institusjonane.

8.3.3 Departementets merknader

Departementet går inn for at førehandsrøystinga på institusjonar blir gjennomførte som omtalt framanfor. Når det gjeld spørsmålet om det skal lovfestast krav om to røystmottakarar, viser departementet til vurderinga under punkt 6.9.5. Departementet går ut frå at Postverket og kommunen drøftar ved kva for institusjonar Postverket skal ta imot førehandsrøyster og til kva for tidspunkt, før kommunen gjer vedtak om dette.

8.4 Ambulerande røystmottak

8.4.1 Skildring av prosedyrane i høringsnotatet

Tilbodet om og vilkåra for ambulerande røystmottak skal departementet kunngjere under eitt for heile landet. Søknad om å kunne røyste heime for sjuke og uføre som ikkje er på institusjon, skal sendast nærmaste postkontor. Det er deretter Postverket som har ansvaret for å behandle og svare på søknadene, og gjennomføre røystmottaket.

Røystinga blir gjennomført på same måten som ved røysting til landpostbod.

8.4.2 Samandrag av høringsfråsegnene

Ein del går inn for at det bør vere to røystmottakarar ved ambulerande røystmottak.

8.4.3 Departementets merknader

Departementet foreslår at ambulerande røysting blir gjennomført som omtalt ovanfor, med den skilnaden at valstyret tek imot og behandlar søknader frå veljarane og deretter informerer Postverket om avgjerda. Vi viser òg til punkt 6.9.5 om ein eller to røystmottakarar.

Til forsiden