Ot.prp. nr. 3 (1996-97)

Om lov om endringar i lov 1. mars 1985 nr 3 om stortingsvalg, fylkestingsvalg og kommunestyrevalg (Valgloven)

Til innholdsfortegnelse

5 Drøfting av omgrepet postrøysting

5.1 Departementets vurderingar i høringsnotatet

I Ot.prp nr 30 (1994-95) omtalte departementet fleire alternative ordningar som kan omfattast av omgrepet «postrøysting».

I høringsnotatet peikar departementet på at det finst to hovudalternativ for korleis ein kan forstå omgrepet:

Alternativ 1 er førehandsrøysting på postkontoret etter mønster av den svenske ordninga, dvs. at veljaren møter fram på postkontoret og gir røysta si til ein postfunksjonær som er oppnemnd som røystmottakar (pkt. 1-3 framanfor). Dette er i prinsippet den same ordninga som den vi har i dag. Skilnaden er at førehandsrøystinga blir gjennomført på postkontoret og til ein postfunksjonær i staden for til ein kommunal røystmottakar.

Alternativ 2 er førehandsrøysting etter mønster av vallova § 34a, som gjeld ved førehandsrøysting i land som ikkje aksepterer førehandsrøysting til røystmottakar. Etter denne regelen går førehandsrøystinga føre seg ved at veljaren heime hos seg sjølv legg ein røystesetel i ein røystesetelkonvolutt, stikk denne konvolutten i ein omslagskonvolutt og sender førehandsrøysta i posten til valstyret.

Etter at veljaren har skrive under omslagskonvolutten, skal opplysningane stadfestast av eit vitne over 18 år. Vitnet skal samtidig stadfeste at veljaren er den vedkomande hevdar å vere. Også adressa og fødselsdatoen til vitnet skal førast på omslagskonvolutten.

§ 34a i vallova er ei nødløysing som blei innført for at veljarar som held til i land der regelverket er til hinder for ordinær førehandsrøysting, skal ha høve til å førehandsrøyste der dei oppheld seg.

Departementet peikar på at fleire prinsipielle innvendingar taler imot å innføre prinsippet i vallova § 34a som den allmenne ordninga for førehandsrøysting innanriks:

  1. 1

    Det er eit hovudprinsipp i norsk vallovgiving at veljaren skal møte fram personleg for å røyste.

  2. 2

    Det er vidare eit prinsipp at veljaren skal røyste med ein offentleg representant til stades for å sikre notoritet omkring valhandlinga.

  3. 3

    Det er eit viktig prinsipp at kvar veljar berre har ei røyst. Postrøysting - der veljaren utfører sjølve valhandlinga heime - vil ikkje i same grad som reglane i dag sikre at ingen røystar fleire gonger ved å røyste for andre.

  4. 4

    Det vil bryte med prinsippet om hemmeleg val ved at ein ikkje i same monn som i eit offentleg vallokale der veljaren utfører sjølve valhandlinga aleine i eit røysteavlukke, kan vere trygg for at veljaren ikkje blir utsett for utilbørleg press med omsyn til kva vedkomande skal røyste.

Den norske valordninga er prega av at omsynet til tryggleik og notoritet er gitt ein framståande plass. Ved å innføre prinsippet i vallova § 34a som den allmenne ordninga for førehandsrøysting innanriks, ville ein måtte fire på desse krava. Departementet konkluderer derfor i høringsnotatet med at ein bør byggje på alternativ 1.

5.2 Samandrag av høringsfråsegnene

Alle høringsinstansane sluttar seg til departementets vurderingar på dette punktet.

5.3 Konklusjon

Det blir ikkje opna for ordningar der veljaren kan røyste utan at det skjer i nærvær av ein offentleg tenestemann som er oppnemnd som røystmottakar (postfunksjonær ved postkontor eller landpostbod).

Til forsiden