Ot.prp. nr. 3 (1996-97)

Om lov om endringar i lov 1. mars 1985 nr 3 om stortingsvalg, fylkestingsvalg og kommunestyrevalg (Valgloven)

Til innholdsfortegnelse

11 Merknader til dei enkelte reglane

Til § 5 andre ledd:

Skjeringsdatoen for manntalet (datoen som er avgjerande for registrering av flyttingar i folkeregisteret, og dermed kvar ein person skal manntalsførast) blir foreslått flytta ein månad, frå 1. juni til 30. april. Forslaget har samanheng med at manntalet skal vere ferdig slik at valkort kan produserast og sendast ut før førehandsrøystinga tek til.

Til § 5 fjerde og femte ledd:

Fristane for å registrere innflyttingar til riket av norske borgarar busette i utlandet blir foreslått endra på same måten som skjeringsdatoen for manntalet. Desse fristane har tradisjonelt vore felles.

Til § 6 første punktum:

Valstyrets frist til å ha klart eit manntalsutkast blir foreslått flytta frå 2. august til 10. juni. Grunngivinga for forslaget er den same som når det gjeld skjeringsdatoen for manntalsføringa.

Til § 7 første ledd første punktum:

Manntalsutkastet blir foreslått å skulle liggje ute til offentleg gjennomsyn i perioden 11. til 24. juni, mot no 3. til 24. august. Grunngivinga er omsynet til det vidare arbeidet med manntalet og førebuingane til førehandsrøystinga.

Perioden manntalsutkastet skal liggje ute, blir foreslått forkorta med om lag éi veke. Departementet meiner det må vere tilstrekkeleg at utkastet ligg ute i om lag to veker.

Til § 7 andre ledd første punktum:

Forslaget inneber ei stadfesting av det som er den faktiske situasjonen i dag: Partia får eit eksemplar av utkastet til manntal, ikkje det ferdige manntalet.

Til § 8 første ledd første punktum:

Fristen for å klage over manntalet blir foreslått endra frå 24. august til 24. juni.

Til § 9 første ledd første punktum:

Fristen for å halde godkjenningsmøtet i valstyret blir foreslått endra frå 31. august til 1. juli.

Til § 9 a:

Det blir etablert ei ordning med valkort som skal vere obligatoriske ved førehandsrøystinga. Veljarar som ikkje har fått valkort, eller har mista kortet, må ta kontakt med valstyret for å få eit nytt kort før dei kan førehandsrøyste.

Departementet kan fastsetje nærmare reglar om produksjon av valkort, mellom anna om kva for opplysningar kortet skal innehalde og om valstyret og fylkesvalstyret sine plikter i denne samanhengen.

Til § 10 første ledd første punktum:

Valstyrets plikt til å la manntalet liggje ute til offentleg gjennomsyn i tidsrommet frå godkjenningsmøtet og til røystinga er slutt, blir foreslått oppheva og erstatta med ein rett for valstyret til å avgjere slik utlegging. Grunngivinga er at veljarane har vist lite interesse for å kontrollere manntalet i denne perioden. Utlegginga har dessutan lite å seie reelt, fordi manntalet er endeleg i og med godkjenningsmøtet. Informasjonsverdien av utlegginga må reknast for å bli endå mindre etter innføringa av valkorta som vil gi veljarane dei nødvendige opplysningane om at dei er manntalsførte.

Til § 25:

Fristen for å levere inn listeforslag blir foreslått flytta frå 1. juni til 30. april. Det har samanheng med forslaget om at listene skal vere godkjende og røystesetlar trykte innan førehandsrøystinga tek til.

Fristen for å kalle tilbake listeforslag blir foreslått flytta frå 20. juni til 20. mai.

Tidspunkten for når ein kandidat må vere innført som busett i fylket/kommunen blir foreslått endra i samsvar med forslaget til endring av § 5 andre ledd første punktum.

Til § 26:

Fylkesvalstyret/valstyret skal seinast 1. juli ha godkjent og offentleggjort vallistene som er med i valet, mot no 10. august. Dei trykte røystesetlane skal vere klare i god tid før 10. august, då førehandsrøystinga tek til. Valstyresmaktene har ansvar for å sende over til Postverket så mange røystesetlar som blir rekna for tilstrekkeleg til å gjennomføre førehandsrøystinga.

Til § 27 første ledd første punktum:

Fristen for å gjere vedtak om endringar i røystekrinsinndelinga blir foreslått flytta frå 31. mars til 28. februar. Dette for at folkeregistra skal kunne oppdatere krinsinndelinga før manntalsutkasta blir utarbeidde.

Til § 30:

Her blir det slått fast at Postverket tek over ansvaret for å administrere mottak av førehandsrøyster innanriks, bortsett frå Svalbard og Jan Mayen.

Veljarane kan ikkje førehandsrøyste innanriks dersom dei ikkje har med seg valkort.

Til § 31:

Starttidspunktet for førehandsrøystinga innanriks (og på Svalbard og Jan Mayen) blir foreslått - ut frå vurderinga av dei praktiske behova hos veljarane - fastsett til 10. august, mot no 1. juli.

Det blir foreslått lovfesta at veljarane sjølve har ansvar for å førehandsrøyste såpass tidleg at røysta når fram til valstyret i tide. Siste frist for når førehandsrøysta skal vere framme hos valstyret, blir foreslått sett til dagen før valtinget opnar, dvs. laurdag i kommunar med to dagars val, søndag i kommunar med ein dags val.

Røystmottakarane er ikkje forplikta til å setje i verk spesielle tiltak for å sikre at førehandsrøystene når fram i tide.

Til § 32:

Her blir det foreslått at røystmottakarane ved innanriks førehandsrøysting (utanom Svalbard og Jan Mayen) skal vere tilsette ved postkontora og landpostbod.

Til § 33:

Når det gjeld førehandsrøysting ved institusjonar, skal valstyret framleis avgjere ved kva for institusjonar det skal vere førehandsrøysting, og når røystinga skal gå føre seg. Avgjerda blir gjord «i samråd med» Postverket. Det inneber at Postverket kan kome med forslag, men valstyret kan også sjølv ta initiativ og drøfte saka med instansane i Postverket før det blir gjort vedtak. Valstyret skal òg kunngjere tid og stad for røystinga, men Postverket har ansvaret for å gjennomføre mottaket av førehandsrøyster på institusjonar.

Til § 34:

Departementet foreslår at gjeldande regel om framgangsmåten ved røysting på pasientrom blir gjord gjeldande for all røystmottaking i regi av Postverket: Røystmottakaren leverer til veljaren eit sett med røystesetlar, éin for kvar liste som er med i valet. Dersom veljaren har røysterett i fylket (ved stortingsval og fylkestingsval) eller kommunen (ved kommunestyreval), får han/ho utlevert røystesetlar med kandidatnamn. Veljarar med røysterett i andre fylke/kommunar får utlevert røystesetlar med namna på vallistene utan kandidatnamn. Veljarane skal og få utlevert blanke røystesetlar saman med dei ferdigtrykte setlane. Dei blanke røystesetlane må bli brukt av veljarar frå andre fylke/kommunar som vil røyste på lister som ikkje kjem frå eit registrert parti, og kan bli brukt av dei som vil røyste blankt.

Veljaren skal leggje valkortet og røystesetelkonvolutten ned i omslagskonvolutten og lime han att. Valkortet med påførte opplysningar erstattar ordninga i dag med å fylle ut omslagskonvolutten. Dersom røystmottakaren meiner at veljaren lir av alvorleg sjeleleg svekking eller nedsett medvit, skal røystmottakaren gjere påteikning om dette på valkortet ved å krysse av i rubrikken for dette på valkortet, føre på ei kort grunngiving og skrive dato og signatur på valkortet.

Røystmottakaren legg deretter - medan veljaren ser på - konvolutten ned i urna som er plassert innanfor skranken. Prosedyren byggjer på omsynet til tryggingsrutinane i Postverket: Postfunksjonærane har ikkje høve til å låse opp luka for å gi veljaren tilgang til urna dersom ho er plassert innanfor skranken. Av tryggingsomsyn bør ein heller ikkje plassere urna utanfor skranken der ho er tilgjengeleg for alle.

Til § 34a:

Ved førehandsrøysting i land der regelverket er til hinder for ordinært mottak av førehandsrøyster, skal adressa til veljaren i Noreg 30. april i valåret førast på omslagskonvolutten (mot 1. juni etter gjeldande reglar). Det har samanheng med forslaget om å endre skjeringsdatoen for manntalsføringa.

Til § 35:

Plikta til å sende melding om at ein førehandsrøystar er død, blir foreslått utvida til å gjelde også røystmottakarar på Svalbard og Jan Mayen, i tillegg til røystmottakarar utanriks.

Til § 36:

Det skal vere eit vilkår for å kunne røyste der ein oppheld seg (ambulerande røystmottaking), at veljaren ikkje har høve til å gi røysta si til eit landpostbod. Sjuke og uføre som er knytte til ei landpostbodrute, kan røyste til landpostbodet utan at dei treng å søkje om det. Ambulerande røystmottaking vil dermed først og fremst vere aktuelt i tettstader som ikkje er dekte av landpostbodruter.

Den plikta valstyra har hatt til å kunngjere ambulerande røystmottaking, blir foreslått oppheva. Informasjon om dette tilbodet vil gå inn som ein del av den generelle informasjonen om postrøystinga.

Fristen for veljarane til å søkje om å få røyste blir sett til kl. 15 nest siste fredag før valet, mot no 5. dagen før valet (tysdag i veka før valet).

Søknad om å få røyste ved ambulerande røysting skal framleis sendast til valstyret. Valstyret har ansvar for å informere Postverket om godkjende søknader. Dei tilsette i Postverket blir tillagde funksjonen som ambulerande røystmottakarar. Det er opp til Postverket korleis den praktiske gjennomføringa av røystmottakinga skal organiserast.

Til § 40:

Regelen om at den som har førehandsrøysta også kan røyste på valtinget og leggje røysta si ned i valurna, blir foreslått oppheva. Det har samanheng med forslaget om å gjere førehandsrøystinga endeleg.

Til § 41:

Departementet finn grunn til å foreslå at ein veljar som er kryssa av i manntalet for å ha førehandsrøysta, skal kunne levere inn røyst på valtinget dersom han/ho ønskjer det, på lik linje med veljarar som ikkje er innførte i manntalet. Det kan tenkjast at det er gjort ein feil ved manntalsavkryssinga og at vedkomande ikkje har førehandsrøysta. Vedkomande bør då få eit høve til å kunne delta i valet, dersom valstyret finn at det er grunnlag for det i samband med prøvinga av røystingane, eller veljaren leverer inn ei klage som blir teken til følgje. Retten til å levere inn røyst på valtinget vil òg ha reell innverknad dersom førehandsrøysta til veljaren må forkastast.

Til § 43:

Nogjeldande § 43, som handlar om innlevering av valurner med førehandsrøyster frå røystmottakarar til valstyret på valdagen, blir foreslått oppheva fordi regelen ikkje har noko å seie dersom det blir innført ei ordning med postrøyster. I staden bør noverande § 43a, som handlar om offentleggjering av valprognosar og valresultat på valdagen, bli ny § 43.

Til § 47:

Terminologien i lova bør endrast, slik at uttrykket «forkaste» erstattar «vrake» når det gjeld behandlinga av ugyldige førehandsrøyster. Ein oppnår dermed konsekvent språkbruk i paragrafen.

Valstyret skal kunne prøve førehandsrøyster i heile perioden, frå 10. august og fram til dagen før valdagen. Ettersom godkjenningsmøtet skal haldast meir enn ein månad før førehandsrøysteperioden tek til, kan ein ta dette vilkåret ut av lovteksten.

Departementet vil halde på prinsippet om at alle førehandsrøystene skal forkastast dersom veljaren har gitt fleire førehandsrøyster, men at den sist gitte røysta blir godkjend dersom ho er formelt i orden og dei som er gitt tidlegare, må forkastast på grunn av formelle feil.

Dersom ein veljar som har gitt førehandsrøyst, også har levert inn røyst på valtinget i medhald av § 41, skal valtingsrøysta forkastast dersom førehandsrøysta blir godkjend. Må førehandsrøysta forkastast, skal valtingsrøysta godkjennast dersom ho er i samsvar med regelverket.

Det er eit vilkår for å kunne godkjenne førehandsrøyster som er gitt innanriks (ikkje på Svalbard og Jan Mayen) at valkortet er lagt inn i omslagskonvolutten. Dersom veljaren har gitt fleire førehandsrøyster og alle inneheld valkort, skal alle røystene forkastast.

Avkryssing i manntalet for godkjend førehandsrøysting skal skje seinast dagen før valdagen. Det inneber at førehandsrøyster som måtte kome inn til valstyret på valdagen, må forkastast. Valstyret kan avgjere at avkryssinga skal skje ved maskinelle hjelpemiddel, til dømes ved at avkryssinga blir registrert i eit edb-basert eksemplar av manntalet som deretter blir skrive ut for bruk på valdagen.

Når ei røysting er godkjend og innhaldet er teke ut av omslagskonvolutten, skal ein leggje valkorta til side og oppbevare dei til det er klart at valresultatet er endeleg. Deretter skal ein øydeleggje valkorta på ein forsvarleg måte, til dømes ved å brenne dei eller makulere dei ved hjelp av makuleringsmaskin.

Til §§ 72 og 75:

Dersom ein tilsett i Postverket gjer seg skyldig i feil eller forsømming i samband med mottak av førehandsrøyster, kan det føre til ugyldig val.

Til § 91:

I samband med førehandsrøysting i regi av Postverket skal Staten dekkje utgiftene til

  • -

    trykking av røystesetlar med kandidatnamn til bruk ved førehandsrøystinga ved stortingsval

  • -

    mottak av førehandsrøyster ved postkontora, for landpostboda, ved institusjonar og for ambulerande røystmottakarar

  • -

    produksjon og utsending av valkort

Fylkeskommunane skal dekkje utgiftene til å trykkje røystesetlar med kandidatnamn for fylkestingsvalet som skal brukast ved førehandsrøystinga.

Utgiftene til å trykkje førehandsrøystesetlar med kandidatnamn til bruk ved kommunestyreval skal dekkjast av kommunane.

Til § 94 a:

Vallova har ikkje føresegner om avkryssing i manntalet med det same veljaren har førehandsrøysta. Sålenge førehandsrøystinga tar til før manntalet er ferdig og ho ikkje er endeleg, er det ikkje aktuelt å krysse av i manntalet med det same veljaren førehandsrøyster. Forsøksføresegna gjeld difor berre avkryssing i manntalet på valdagen. Forslaget om at førehandsrøystinga skal vere endeleg og at valstyret skal få høve til å krysse av elektronisk i manntalet for førehandsrøyster, gjer at ein må presisere at forsøksheimelen i § 94 berre gjeld avkryssing som skjer i manntalet i vallokalet når veljaren røyster på valdagen (på valtinget).

Til reglane om ikraftsetjing:

Reforma med postrøyster er ei omfattande og gjennomgripande reform. Her i landet har vi ingen erfaring med at delar av valavviklinga blir gjennomført av ein statleg etat med eit stort, lokalt nett av kontor. Det kan difor oppstå praktiske problem i samband med gjennomføringa som krev regulering i bindande føresegner, men som er vanskelege å sjå på førehand. I så fall kan det vere nødvendig raskt å kunne gi føresegner i form av utfylling og ikkje berre tolking av vallova. Ikkje minst kan det vere naudsynt med utfyllande føresegner fordi vallova sjølv er såvidt detaljert og gir framgangsmåten for valavviklinga ned til minste detalj.

Det vil og vere nødvendig å utarbeide føresegner om dei rutinane postfunksjonærane skal følgje ved mottakinga av røystene. Ein del av desse rutinane kan vise seg å skulle løyse dei same problema som elles er regulert i lova, slik at det er meir nærliggjande å gi utfyllande føresegner enn instruksar.

Når postrøystinga er gjennomført i samband med stortingsvalet i 1997, kan ein på grunnlag av erfaringane foreta andre nødvendige endringar i vallova. Departementet foreslår difor at heimelen til å gi nærare føresegner fell bort etter at dette valet er gjennomført.

Til forsiden