Ot.prp. nr. 33 (2002-2003)

Om lov om frittståande skolar (friskolelova)

Til innhaldsliste

1 Innleiing

1.1 Hovudinnhald

Denne proposisjonen inneheld forslag til lov om frittståande skolar (friskolelova). Lovforslaget vil erstatte lov av 14. juni 1985 nr. 73 om tilskot til private grunnskular og private skular som gjev vidaregåande opplæring (privatskulelova).

Omgrepet frittståande skolar er nytt i forhold til gjeldande lov og vil etter forslaget vise til skolar som er i privat eige og godkjende etter lov om frittståande skolar. Skolar som er godkjende etter opplæringslova § 2-12, skal framleis kallast private grunnskolar, mellom anna fordi desse skolane ikkje er offentleg finansierte og kan drive verksemda si på kommersielt grunnlag. Skolar som berre er godkjende for studiefinansiering, er heller ikkje omfatta av lovforslaget.

Dei vesentlegaste endringsforslaga i forhold til privatskulelova er knytte til grunnskolar. Forslaga inneber mellom anna at

  • kravet til formål i privatskulelova § 3 blir fjerna. Kravet blir erstatta med krav til innhald og kvalitet

  • det blir innført rett til godkjenning for søkjarar som oppfyller krava i lova

  • retten til godkjenning føreset at godkjenninga ikkje fører med seg vesentlege og langsiktige negative følgjer for dei kommunane det gjeld, og innbyggjarane der

Privatskulelova sine krav til formål har medført press på dei formåla som kan gi grunnlag for godkjenning. Foreldre og andre som har ønskt å starte privat skole, har derfor kanalisert sitt engasjement gjennom livssyn eller fagleg-pedagogisk alternativ for å kunne starte privatskole med rett til tilskot. I enkelte saker har det vore klart at søkjarane sine primære ønske har vore å halde oppe den lokale skolen.

Retten til å etablere skolar utanom det offentlege skoleverket er etter departementet sitt syn ein grunnleggjande demokratisk rett. Departementet viser til FN-konvensjonen om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar, artikkel 13 § 3, der retten til å velje opplæring for barn er nedfelt som ein del av foreldreretten. Artikkel 13 gir ein allmenn rett til alle foreldre til å velje skole for barna sine i samsvar med foreldra sine moralske eller religiøse overtydning.

Departementet foreslår på denne bakgrunnen at den nye friskolelova skal opne for godkjenning av alle grunnskolar som oppfyller fastsette krav til innhald og kvalitet. Lovforslaget gir føresegner som er enklare å praktisere og opnar for større mangfald. Det er vidare eit mål at auka mangfald av offentlege og frittståande skolar skal medverke til å heve kvaliteten i både frittståande og offentlege tilbod. Departementet gjer samtidig merksam på at skolar som byggjer på eit livssynsmessig eller pedagogisk alternativ, vil behalde sin pedagogiske og organisatoriske fridom. Parallelt med den nye lova blir det arbeidd med ei rekkje tiltak for å betre rammevilkåra for dei offentlege skolane.

Lovforslaget inneheld ikkje endringar i godkjenningskriteria for vidaregåande skolar. Departementet ser at det er behov for endringar også her, og vil vurdere dette. Eventuelle endringar i godkjenningskriteria for vidaregåande skolar må sjåast i samanheng med lov om folkehøgskolar og ny lov om fagskoleutdanning. Departementet tek sikte på å leggje fram for Stortinget ein proposisjon med forslag til lov om fagskoleutdanning hausten 2002.

Lovforslaget inneheld nokre endringar som både gjeld grunnskolar og vidaregåande skolar. Fleire av desse forslaga inneber forenklingar av reglane i forhold til gjeldande lov. I tillegg er lovforslaget innhaldsmessig og språkleg meir i samsvar med lov av 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) enn gjeldande privatskolelov.

Departementet viser elles til at regjeringa vil forbetre det økonomiske grunnlaget for friskolane. I Sem-erklæringa uttrykte regjeringspartia følgjande:

«Samarbeidsregjeringen vil sikre og fremme mangfoldet i skolen og mellom skolealternativer. Privatskoleloven må forbedres, med sikte på en forenkling av kriteriene for godkjennelse og en langt kortere saksbehandlingstid. Samarbeidsregjeringen vil innføre et eget tilskudd for kapitalkostnader, og vurdere en økning av driftstilskuddet. Hensikten er å sikre et bedre økonomisk grunnlag for foreldres/elevers valgmuligheter.»

Det nogjeldande finansieringssystemet for frittståande skolar og systemet for rammefinansiering for kommunane er baserte på ulike prinsipp. Dette inneber at kommunale og frittståande skolar som ligg i same område, og som elles framstår som nokså like, vil kunne ha til dels særs ulike økonomiske rammer. Det blir opplevd som urimeleg og urettferdig for den som kjem dårlegast ut, anten det er den frittståande skolen eller den kommunale skolen. Med forslaget i denne proposisjonen om å fjerne kravet om at skolen må vere skipa for bestemte formål for å få godkjenning, må ein forvente ein gradvis auke i talet på frittståande skolar. Forslaget vil truleg også føre til at det blir etablert frittståande skolar som vil appellere til breiare elev- og foreldregrupper enn dei som i dag søkjer seg til dei noverande frittståande skolane. Dermed vil kommunale og frittståande skolar i større grad kunne framstå som alternativ for elevane i eit lokalt område, noko som gjer det vanskeleg å forsvare at dei skal ha ulike økonomiske vilkår.

På bakgrunn av dei problema mangelen på likebehandling fører med seg, er det behov for å endre finansieringssystemet for dei frittståande grunnskolane. Departementet vurderer derfor for tida finansieringa av grunnopplæringa generelt, og finansieringsordninga for dei frittståande skolane.

1.2 Høyringa

Høyringsbrev med forslag til ny lov om frittståande skolar (friskolelova) blei sendt på høyring 18. april 2002. Fristen for å uttale seg blei sett til 1. september 2002. Departementet har fått ca. 140 høyringssvar.

Fleirtalet av høyringsinstansane stiller seg positivt til hovudprinsippa i forslaget. Departementet viser til synspunkta frå høyringsinstansane under dei ulike punkta.

Til forsida