Ot.prp. nr. 34 (1997-98)

Om lov om endring i lov 30. juni 1955 nr 20 om når norsk tenestemakt kan halda brudvigjing i utlandet og utenlandsk tenestemakt i Noreg

Til innholdsfortegnelse

3 Nærmare om brudvigingslova

3.1 Gjeldande rett

Brudvigingslova er ein kodifikasjon av tidlegare spreidde og til dels ikkje lovfeste reglar om utanlandske vigslar. Kap 1 inneheld reglar om når ei norsk tenestemakt kan vie nokon i utlandet, mens kap 2 inneheld reglar om når ei utanlandsk tenestemakt kan vie nokon i Noreg. I kap 3 er det blant anna gitt reglar om irregulære vigslar.

Med heimel i § 5 i lova kan Kongen gi diplomatisk eller konsulær tenestemann frå eit framandt land løyve til å vie brudefolk i Noreg etter formene i vedkommande land når det er teke atterhald om tilsvarande løyve for ein norsk diplomatisk eller konsulær tenestemann i det framande landet. Vilkåret er at brudefolka ikkje er norske borgarar, og at minst den eine av dei er borgar av eller er busett i det landet som tenestemannen høyrer til, og at tenestemannen kan halde ein slik vigsel etter lovene i vedkommande land.

Fullmakta etter § 5 er ved kgl res av 16. desember 1960 delegert til Utanriksdepartementet.

Dersom det er halde ein vigsel i strid med vilkåra i § 5, følgjer det av § 11 første ledd første punktum at vigselen blir ugyldig. Paragrafen slår fast at ein vigsel halden av ei utanlandsk tenestemakt i Noreg er utan rettsverknad her i landet dersom vigselen er halden utan at vigslaren hadde tilbørleg løyve, eller dersom vigselen på annan måte er i strid med reglane i brudvigingslova.

Etter § 11 første ledd andre punktum gjeld det same når den forma som er nytta for vigselen, er ugyldig etter lovene i det landet som vigslaren høyrer til.

Paragraf 11 set ikkje direkte forbod mot at utanlandske utanrikstenestemenn vier nokon utan løyve, men ein slik vigsel blir ikkje godkjend som gyldig i Noreg. Det vil seie at enda om det har gått lang tid sidan vigselen, og brudefolka heile tida har trudd at ekteskapet var gyldig, blir ekteskapet likevel rekna som ugyldig dersom det er komme i stand i strid med reglane i § 5.

Ein vigsel som er halden av ein norsk tenestemann i utlandet, er på same måten ugyldig etter § 11. Men det følgjer av § 11 tredje ledd at Kongen i særlege tilfelle kan godta at ein vigsel som er halden av ein norsk tenestemann, skal gjelde jamvel om vigselen manglar bindande kraft etter reglane i § 11 første ledd. Ei slik avgjerd kan bli teken jamvel om den eine av brudefolka eller begge er døde. Det er gitt heimel i § 11 tredje ledd for Kongen til å gi nærmare reglar om godkjenningsvilkåra.

Vigslar haldne av ei norsk tenestemakt i utlandet kunne også før brudvigingslova tok til å gjelde, kjennast gyldige etterpå jamvel om vigselen var i strid med dei formkrava som galdt, og dermed i utgangspunktet var ugyldig. I Ot prp nr 16 for 1955 s 13 heiter det:

«Etter rettsstillingen i dag er det noe uklart hvilken virkning det har for ekteskapets gyldighet at vigselen er utført i strid med de gjeldende regler om irregulære vigsler. Er vigselen utført av noen som overhodet ikke hadde myndighet til å foreta vigsel eller på et sted hvor bemyndigelsen ikke gjaldt, er det neppe tvilsomt at vigselen er uten virkning. For så vidt den er foretatt av misjonær eller av utenriksk tjenestemann, vil den imidlertid kunne godkjennes av Kongen etter uttrykkelig bestemmelse i lov av 21. juni 1935 (nr. 2) § 2 annet ledd og lov om utenrikstjenesten § 19 fjerde ledd. Har vedkommende misjonær, prest eller tjenestemann i og for seg hatt myndighet til å utføre vigsel, men viet i strid med gjeldende regler, f. eks. personer uten den foreskrevne tilknytning til Norge eller (for sjømannsprests vedkommende) personer utenfor vedkommende kirkesamfunn, er spørsmålet mer tvilsomt. Bestemmelsene i lov av 21. juni 1935 (nr. 2) § 2 annet ledd og lov om utenrikstjenesten § 19 fjerde ledd om at godkjenning bare kan skje for så vidt lovens vilkår for vigsel for øvrig er til stede, kan ses som uttrykk for en forutsetning om at en vigsel alltid er ugyldig hvis den er foretatt i strid med de nevnte vilkår. En analogislutning fra bestemmelsen i ekteskapslovens § 28 annet ledd måtte derimot nærmest føre til at vigselen ikke anses ugyldig hvis vigselmannen har overskredet sin myndighet slik som her forutsatt. Det er ønskelig at vi får en klar regel om dette spørsmål, og de beste grunner synes å tale for at regelen går ut på at en irregulær vigsel alltid er ugyldig hvis den er foretatt uten behørig bemyndigelse eller for øvrig i strid med lovens bestemmelser. De regler som gjelder for ordinære norske vigsler etter ekteskapslovens § 28, passer ikke godt når det er spørsmål om avgrensningen mellom norske og utenlandske vigselsmyndigheters kompetanse.»

Det heiter vidare:

«En absolutt ugyldighetsregel synes iallfall å burde oppstilles for så vidt utenlandsk myndighet her i landet har overskredet sin kompetanse etter norsk lov. Og av hensyn til gjensidigheten bør samme regel trolig gjelde for norske vigsler i utlandet. Men om slike vigsler er foretatt i strid med lovgivningen om irregulære vigsler, bør de når særlige grunner foreligger kunne godkjennes av Kongen etter prinsippet i ekteskapslovens § 28 tredje ledd. Den begrensning i godkjenningsretten som har fått uttrykk i de nettopp nevnte lovbestemmelser, synes det ikke å være tilstrekkelig grunn til å holde fast ved.»

3.2 Nærmare om vilkåra for godkjenning av ugyldige vigslar haldne av norsk tenestemakt i utlandet

Det er naturleg at når ein skal vurdere spørsmålet om å godkjenne ein vigsel halden av ein utanlandsk tenestemann i Noreg, blir dei same prinsippa lagde til grunn som når ein skal vurdere om ein vigsel halden av ein norsk tenestemann i utlandet, skal godkjennast, det vil seie etter prinsippa for godkjenning av ugyldige ekteskap etter reglane i ekteskapslova.

Paragraf 28 i ekteskapslova av 1918 vart vidareført i den nye ekteskapslova av 4. juli 1991 nr 47 § 16, og fekk ei tilsvarande utforming. Paragrafen slår fast at ekteskapet er ugyldig dersom dei formelle reglane for å gifte seg ikkje er følgde. Denne regelen er absolutt og vil seie at ein ikkje reknar at det er inngått noko ekteskap. Regelen om at ekteskapet er ugyldig kan gjerast gjeldande av alle som har rettsleg interesse av det, og er gjeldande uavhengig av om det blir konstatert i ei rettsleg avgjerd.

Etter § 16 andre ledd kan Kongen etter krav frå ein av partane godkjenne ekteskapet som gyldig når det ligg føre særlege grunnar. Kompetansen til å godkjenne ein vigsel som er formelt ugyldig, er delegert til Barne- og familiedepartementet. I kommentarutgåva til ekteskapslova av Vera Holmøy og Peter Lødrup (Juridisk forlag, Oslo 1994) heiter det at

«Loven inneholder ikke nærmere regler for godkjenning. Det må være riktig å legge vekt på hvor grov tilsidesettelse av formreglene det er spørsmål om, både etter en objektiv og subjektiv vurdering. Det har vært antatt at godkjenning ikke er utelukket selv om partene hadde kjennskap til mangelen ved «vigselen». Det bør være et vilkår for godkjenning at partene har levet sammen. Også andre etterfølgende forhold, særlig tidsforløpet, er av betydning.»

I rundskriv Q-15/92 frå Barne- og familiedepartementet og Justisdepartementet til den nye ekteskapslova av 1991 blir det understreka at høvet til å godkjenne ugyldige vigslar tek sikte på å bøte på spesielle unntakstilfelle. Det blir uttalt at eit moment som kan leggjast vekt på, er den tida som har gått frå vigselen skjedde til det vart oppdaga at vigselen var ugyldig. Dersom den ugyldige vigselen er av relativt ny dato, er tida vanlegvis ikkje nok til å seie at det ligg føre særlege grunnar. Om partane derimot har levd saman i ei årrekkje i den trua at dei er ektefolk, reknar ein det som eit større inngrep å ikkje godkjenne den ugyldige vigselen.

I kommentarutgåva til ekteskapslova av Holmøy og Lødrup blir det uttalt i tilknyting til ekteskapslova § 16 andre ledd at godkjenning må kunne givast etter krav frå berre den eine parten, og at det neppe bør vere avgjerande at den andre ønskjer ei godkjenning. Ekteskapslovutvalet rekna det som tvilsamt om det kunne givast ei godkjenning i strid med eit ønske frå begge partane. Dette spørsmål bør ein truleg svare nei på. Det kan også bli gitt godkjenning der den eine eller begge partane er døde. Da må den attlevande ektemaken eller arvingane krevje godkjenning. Det kan likevel neppe givast noka godkjenning etter krav frå arvingane etter ein part som sjølv har sett seg imot eller ikkje ønskt ei godkjenning. Dersom paret er vigd etter reglane i eit anna land, må også spørsmålet om manglar ved forma og verknadene av manglar i utgangspunktet komme av retten i eit anna land. Når det blir gitt godkjenning, må rettsverknadene av ekteskapet gjelde frå tidspunktet for den mangelfulle vigselen.

3.3 Framlegget frå departementet

Den opninga som er gitt i brudvigingslova § 11 tredje ledd til å godkjenne ugyldige vigslar, er som nemnt avgrensa til vigsel av ei norsk tenestemakt, mens det for vigsel av ei utanlandsk tenestemakt gjeld ein ufråvikeleg regel etter første ledd, første punktum om at vigselen er ugyldig. Det er inga grunngiving i forarbeida til lova for kvifor det ikkje er gitt ei tilsvarande opning for ei etterfølgjande godkjenning av vigslar haldne i Noreg av ein utanlandsk tenestemann.

Departementet kan ikkje sjå at det er grunn til å halde på denne skilnaden, og gjer derfor framlegg om at det blir innført ein særskild lovheimel for etterfølgjande godkjenning av vigsel halden i Noreg av ein utanlandsk tenestemann. Ein slik lovheimel kan gjevast i § 11 tredje ledd.