Ot.prp. nr. 40 (1997-98)

Om lov om endringar i lov 28 februar 1997 nr 19 om folketrygd, lov 27 juni 1947 nr 9 om tiltak for å fremme sysselsetting og visse andre lover

Til innholdsfortegnelse

3 LOVENDRINGAR

3.1 Til lovforslaget avsnitt I om folketrygdlova kapittel 4

Innleiing

Då ny folketrygdlov blei vedteke, blei folketrygdlova 17 juni 1966 nr 12 oppheva, med unntak av kapittel 4 om dagpengar. Den nye folketrygdlova 28 februar 1997 nr 19 inneheld no ikkje reglar om dagpengar. Eit kapittel om dagpengar må difor fastsetjast som kapittel 4 i den nye folketrygdlova og dagens kapitel 4 i folketrygdlova 17 juni 1966 nr 12 må opphevast.

Forslaget i proposisjonen her byggjer på kapittel 4 slik det lydar etter endringslova 28 juni 1996 nr 56. For merknader til dei einskilde føresegn, sjå Ot prp nr 35 (1995-96). Fordi forslaget med nokre unntak har same ordlyd som gjeldande kapittel 4, er omtala nedanfor berre knytt til dei endringane som vert fremma i høve til gjeldande kapittel 4 i folketrygdlova.

Rett etter overskrifta til kapitlet er det tatt inn ei oversikt over kor i kapittel 4 dei ulike føresegnene finnast, slik det er gjort i dei andre delane av folketrygdlova.

Omgrepet «trygdet» er endra til «medlem» fordi resten av folketrygdlova nyttar dette omgrepet. Omgrepet nyttast i §§ 4-2 til 4-27.

Til § 4-3

Fyrste ledd

Retten til departementet til å gje forskrifter er utvida til å gjelde reglar om mellom anna omgrepet «løn» og periodisering av beløp som blir utbetalt på bakgrunn av opphør av eit arbeidsforhold. Endringa inneber at det blir mogeleg å forskriftsfeste dagens praksis. Vidare gjev utkastet departementet fullmakt til om det er naudsynt å gje ein definisjon av omgrepet «løn». Departementet viser til omtala i avsnitt 2. 1 c.

Til § 4-4

Fyrste ledd

Departementet viser til omtala i avsnitt 2. 1 d. om presiseringa «utbetalt» som er lagt til.

Tredje ledd

Leddet er nytt i forhold til den gjeldande § 4-4. Tillegget inneber at det no går klårt fram av lovteksten at inntekt lagt til grunn for kvalifikasjonskravet for ein full stønadsperiode, ikkje kan tene som grunnlag for å kvalifisere til ein ny periode. Dette gjeld uavhengig av om ein har valt å leggje inntekt frå det siste eller dei tre siste avslutta kalenderåra til grunn ved utrekninga av kvalifikasjonskravet for fyrste stønadsperiode.

Til § 4-7

Når det gjeld dagpengar under arbeidsløyse til permitterte, er det ei rekkje særlege omsyn som gjer seg gjeldande. Det er difor naudsynt at departementet har fullmakt etter lova til å gje særlege føresegner. Lova inneheld i § 4-7 tredje ledd slik fullmakt. For å gjere det klårt at slike særreglar kan avvike frå dei førsegnene som ellers gjeld etter lova, foreslår departementet ei tilføying i siste ledd i paragrafen om dette.

Til § 4-10

Det er føyd til ein ny bokstav d i fyrste ledd, slik at føresegna og dekker høve som nemnt i § 4-20. Sjå omtala under punkt 2. 1 h.

Til § 4-11

Andre ledd

Tilvisingane til den tidlegare folketrygdlova kapittel 3 om sjukepengar og kapittel 3A om fødselspengar er endra. I tillegg er den tidlegare presiseringa i folketrygdlova § 4-3 nr 2 fyrste og siste ledd om at arbeidsinntekta må vere utbetalt, tatt inn igjen. Sjå omtala i avsnitt 2. 1 d.

Til § 4-12

Andre ledd

Føresegna omhandlar storleiken på dagpengar og gjev føresegner om når ein har krav på tillegg for born. Tilvisingane til den tidlegare folketrygdlova § 2-1 nr 2 er endra.

Tredje ledd

Tilføyinga inneber at føresegna i den tidlegare folketrygdlova § 4-3 nr 5 tredje ledd om at dagpengane inklusive barnetillegg ikkje kan utgjere meir enn 90 pst. av medlemen sitt grunnlag for dagpengar, blir teke inn i lova. Det var ikkje intendert å gjere endringer på dette området, men føresegna fall ut ved lovrevisjonen av kapittel 4.

Til § 4-13

Tredje ledd

Føresegna her var før lovrevisjonen av kapittel 4 i forskrift. Då føresegna blei tatt inn i lova fekk den ei misvisande formulering. Endringa inneber at dei graderte dagpengane står i høve til den tida ein er ledig, på same måte som etter tidlegare rett.

Til § 4-15

I § 4-4 om kravet til minste inntekt for å få rett til dagpengar, skal arbeidsinntekta bereknast ut frå grunnbeløpet på søknadstidspunktet. Paragraf 4-15 om stønadsperioden byggjer på utrekninga av minste inntekt etter § 4-4. Det er lagt til ei tilvising til § 4-4 om stønadsperioden for å få dette klårare fram.

Til § 4-20

Føresegna regulerer kva for handlingar frå ein medlem under eit løpande stønadsforhold som skal leie til «tidsbegrenset bortfall av dagpenger». Føresegna må sjåast i samanheng med § 4-10 om kva for handlingar frå ein medlem som skjer før eller når medlemmen får utbetalt dagpengar for fyrste gong, som skal leie til «forlenget ventetid». Dei to føresegna svarar til dei tidlegare reglane om «avstenging» som tidlegare stod dels i folketrygdlova § 4-2 nr 3 fyrste ledd bokstav b til e og andre og fjerde ledd og i forskrift av 21 juni 1989 nr 517 kap. 3.

Andre ledd

Nokre av dei handlingar som er rekna opp i § 4-10, kan og inntreffe i eit løpande stønadsforhold eller etter at ein tidlegare har fått innvilga søknad om dagpengar. I slike tilfelle vil det ikkje vere naturleg å kalle bortfallet av dagpengar «forlenget ventetid». Tilføyinga i andre ledd inneber at § 4-20 og dekkjer forhold som rekna opp i § 4-10. Sjå og omtala under 2. 1 h.

Til § 4-24

Tilvisingane til den tidlegare folketrygdlova kapittel 3, 3A, 5A, 5B, 7 og 8 er endra. Som ein følgje av dette er rekkjefølgja på ytingane endra slik at dei følgjer rekkjefølgja i kapitla.

Til § 4-25

Tilvisingane til den tidlegare folketrygdlova kapittel 3, 5A, 5B, 7 og 8 er endra. Rekkjefølgja er endra på same måte som i § 4-24. I tillegg er det i fyrste ledd bokstav e føyd til at reduserte fødselspengar eller adopsjonspengar skal samordnast på same måte som dei andre reduserte stønadene, sjå omtala under 2. 1 i.

Til § 4-26

Bokstavane d og e er endra for at det skal gå klårare fram kva for ytingar dei gjeld.

Til § 4-28

Innhaldet er formulert om i høve til gjeldande § 4-28. Som ei følgje av at gjeldande § 4-30 ikkje er foreslått ført vidare, er det tatt inn ei føresegn om at folketrygdlova kapittel 21 ikkje gjeld for dagpengar.

Gjeldande § 4-29 om utbetaling og kontroll av dagpengar blir ikkje foreslått ført vidare i nytt kapittel 4 om dagpengar, sjå merknadene til § 22-10.

Paragraf 4-30 om forholdet til dei andre kapitla i lova blir heller ikkje foreslått ført vidare. Med unntak for kapittel 21er det stort sett ikkje naudsynt å regulere kva for føresegner som gjeld for stønad etter kapittel 4. I dei høve dette ikkje går fram av dei einskilde paragrafane eller sysselsettingslova har føresegn som svarar til dei i folketrygdlova, er det tatt inn unntak for kapittel 4 i dei einskilde paragrafane. Dette gjeld § 22-7, § 22-15 og § 25-10.

Reguleringa inneber at føresegnene i § 22-14 om forelda krav er gjort gjeldande fordi departementet ikkje kan sjå at det er grunn til at andre og mindre gunstige reglar skal gjelde for mottakarar av dagpengar. Vidare er § 22-17 om renter gjort gjeldande også for dagpengar, fordi det svarar til gjeldande praksis.

Andre ledd i dagens § 4-30 om retten til å treffe avgjerd om utbetaling til ein annan person enn den som har rett til stønad og rett til å krevje påtale er ikkje foreslått ført vidare. Den folketrygdlova som no er vedteke, har i § 22-6 føresegn om utbetaling til ein annan person enn han som har rett til stønad og i § 25-12 føresegn om rett til å be om påtale.

3.2 Til lovforslaget avsnitt II om andre endringar i folketrygdlova

Til § 8-49

Andre ledd om sjukepengar til den som har stønad under arbeidsmarknadsopplæring og som fyller krava til dagpengar, er formulert om som følgje av at arbeidsmarknadstiltaka no er heimla i sysselsettingslova.

Til § 21-15

Teksten er forenkla i høve til gjeldande formulering. I tillegg er det tatt inn ei føresegn om at kapittel 21 ikkje gjeld for dagpengar.

Til § 22-7

Føresegna gjeld for «trygdens organer» og vil gjelde for arbeidsmarknadsetaten i saker om dagpengar dersom ho ikkje vert unntatt. Føresegna svarar til den tidlegare folketrygdlova § 15-1 nr 6 som ikkje gjaldt for dagpengar. Unntaket er foreslått ført vidare.

Til § 22-10

Andre ledd

Lista over dei ytingar som blir utbetalt etterskotsvis kvar månad, inkluderer i dagens lovtekst dagpengar i bokstav a. Dette er misvisande fordi dagpengar utbetalast vanlegvis etterskottsvis kvar fjortande dag. Det har ikkje vore meininga å innføre endringar i denne praksisen. Difor foreslår vi å oppheva bokstav a om dagpengar, slik at dei andre stønadene i den alfabetiske lista, blir forskuva.

Siste ledd

Ei føresegn om at dagpengar vanlegvis blir utbetalt etterskotsvis kvar fjortande dag, er teke inn. Som ei følgje av at departementet gjer framlegg om ikkje å føre vidare § 4-29 om utbetaling og kontroll av dagpengar, er heimelen for departementet til å gje forskrifter i siste ledd utvida til å omfatte reglar om kontroll i samband med stønaden.

Til § 22-15

Nytt siste ledd

Det er føyd til eit unntak for dagpengar fordi sysselsettingslova i § 35 har føresegner om tilbakekrevjing av stønad etter folketrygdlova kapittel 4 og sysselsettingslova.

Til § 25-10

Nytt siste ledd

Det er føyd til eit unntak for dagpengar fordi sysselsettingslova i § 39 har føresegner som svarar til føresegna her og som gjeld for arbeidsmarknadsetaten.

Til § 25-12

Tredje ledd

For at Arbeidsdirektoratet framleis skal ha rett til å delegere retten til å krevje påtale, er det føyd til i § 25-12 tredje ledd at fullmakta kan delegerast.

3.3 Til lovforslaget avsnitt III om endringar i sysselsettingslova

Til § 32

Tredje ledd

Føresegnene om tilbakekrevjing og utestenging blei ved lovrevisjonen flytta frå folketrygdlova til sysselsettingslova. Vedtak om tilbakekrevjing (sysselsettingslova § 35) og utestenging (sysselsettingslova § 36) skal som tidlegare kunne ankast til Trygderetten og er difor føydd til i tredje ledd. Medan føresegnene tidlegare berre omhandla stønad etter folketrygdlova, gjeld dei no også tiltakstilskott. For at ikkje retten til å anke vedtak inn for Trygderetten skal bli utvida i forhold til tidlegare rett, er det naudsynt at retten til å anke berre gjeld vedtak om tilbakekrevjing eller utestenging av stønader etter folketrygdlova.

Til § 33

Klagefristen for stønader etter folketrygdlova er 6 veker medan klagefristen for stønad i samband med arbeidsmarknadstiltak er 3 veker. Vedtak om tilbakekrevjing etter § 35 og utestenging etter § 36 kan gjelde begge former for stønad. Tilføyinga inneber at klagefristen blir 6 veker også for vedtak om tilbakekrevjing eller utestenging når vedtaka gjeld stønad etter folketrygdlova.

Til § 35

Andre ledd

Formuleringa i siste punktum er endra i tråd med den formuleringa som er nytta i folketrygdlova § 22-15 Tilbakekreving etter feilaktig utbetaling, andre ledd.

Nytt fjerde ledd

Den tidlegare folketrygdlova § 4-2 nr 3 fyrste ledd bokstav i hadde føresegner om at mottekne dagpengar kunne bli kravd attende i dei høve det blir etterbetalt løn eller erstatning for løn for same tidsrom.

Tvil om dagpengar skal bli ytt eller ikkje, kan oppstå i dei høve då det er tvist mellom arbeidstakar og arbeidsgjevar om eit krav på løn, t.d. ved tvist om usakleg oppseiing. Det har vore vanleg praksis, også før føresegna kom inn i lova i 1990, at arbeidskontora i slike høve gjev stønad, men tek atterhald om at stønaden må betalast attende dersom det blir fastsett seinare at vedkommande hadde krav på løn. For å unngå mogelege tvistar om retten til å krevje stønaden betalt attende i slike tilfelle, foreslår departementet å ta inn ei føresegn som svarar til den tidlegare folketrygdlova § 4-2 nr 3 fyrste ledd bokstav i.

3.4 Til lovforslaget avsnitt IV endringar i lov om anke til Trygderetten

Tilføyinga «om ytelser» inneber at vedtak etter sysselsettingslova §§ 35 og 36 som gjeld stønad etter folketrygdlova, blir inkludert. Sjå også tilføyinga i sysselsettingslova § 32 siste ledd, om kva for vedtak som kan ankast til Trygderetten.

3.5 Til lovforslaget avsnitt V om endringar i ferielova

Til § 10 nr 4 bokstav c

Føresegna slår fast at trygda betalar ferietillegg til dagpengar under arbeidsløyse med dei unntak som følgjer av folketrygdlova § 4-3 nr 5. Tilvisinga til den tidlegare folketrygdlova § 4-3 nr 5 er endra til den nye folketrygdlova § 4-14 Ferietillegg.

3.6 Til forslaget om oppheving av endringslover

To endringslover 11 juni 1993 nr 86 og 89 er ikkje lenger aktuelle, då dei gjaldt tilhøve som blei regulert ved dei endringane i folketrygdlova og sysselsettingslova som tok til å gjelde 1. januar 1997 (lov 28 juni 1996 nr 56). Departementet er blitt merksam på at endringslovene 11 juni 1993 likevel ikkje blei formelt oppheva, då deler av endringslovene ennå ikkje hadde teke til å verke. Endringslovene har no ikkje noko rettsleg innhald. Departementet tilrår av formelle omsyn at dei no blir oppheva.