Ot.prp. nr. 40 (1997-98)

Om lov om endringar i lov 28 februar 1997 nr 19 om folketrygd, lov 27 juni 1947 nr 9 om tiltak for å fremme sysselsetting og visse andre lover

Til innholdsfortegnelse

2 NÆRARE OM EINSKILDE FORSLAG

2.1 Lov om folketrygd kapittel 4

Dei endringane som det blir gjort framlegg om i lov om folketrygd kapittel 4 i høve til gjeldande kapittel 4, er i hovudsak følgjande:

  1. Fordi fleire av føresegnene i kapittel 4 viser til paragrafar i andre kapittel i lova, er det naudsynt å endre desse tilvisingane slik at dei svarar til den nye paragraf- og kapittel inndelinga i ny lov om folketrygd.

  2. Ved oppbygginga av det nye kapitlet om dagpengar følgde departementet i all hovudsak den modellen som blei skissert av Trygdelovutvalget i NOU 1990: 20 om forenkla folketrygdlov. Dette inneber at kapittel 4 berre skal innehalde reglar om dagpengar under arbeidsløyse, medan reglar om administrative organ og utbetaling er plassert i andre kapittel. Då departementet fremma Ot prp nr 35 (1995-96) om lov om endringar i lov om folketrygd og i lov om tiltak til å fremme sysselsetting og i visse andre lover, valde det å halde på dei administrative føresegna inntil den vedtekne folketrygdlova skulle tre i kraft. Departementet gjer no framlegg om at kapittel 4 samordnast med den folketrygdlova som no er vedteke. Dette inneber at ein fjernar administrative føresegn frå kapittel 4 og gjer mindre endringar i kapittel 21, 22 og 25.

  3. Det er eit vilkår for rett til dagpengar at den ledige ikkje har krav på løn i det aktuelle tidsrommet (jf. § 4-3, fyrste ledd). Når eit arbeidsforhold blir avslutta, er det ikkje uvanleg at det avtalast at arbeidstakar skal få eit sluttvederlag. Slike utbetalingar frå arbeidsgjevar vil i dei fleste høve gå inn under definisjonen av omgrepet løn. Tidspunktet for desse utbetalingane kan variere. I nokre tilfelle blir dei utbetalt før arbeidstakaren sluttar, andre gongar blir dei ikkje utbetalt før lang tid etter at oppseiingstida er avslutta. Etter dagens praksis blir beløpa då periodiserte, slik at utbetalinga blir å rekne som løn frå oppseiingstidas slutt og framover i tid. Lova har ingen føresegner om korleis slike utbetalingar skal bli periodiserte. For å unngå mogelege tvistar om kva som skal reknast som løn og om korleis slike utbetalingar skal bli periodiserte, foreslår departementet å ta inn i lova ein heimel for departementet til å gje forskrifter om dette. Heimelen er slik utforma at han og kan nyttast til å gje ein nærare definisjon av kva som reknast som «løn», dersom det skulle vere naudsynt.

  4. Den tidlegare føresegna i folketrygdlova om minstegrunnlaget og grunnlaget for utrekning av dagpengar presiserte at inntekta måtte være «utbetalt», dersom ho skulle kunne telja med i grunnlaget for dagpengar. Lovendringa sommaren 1996 tok ikkje sikte på ei endring på dette punktet, men presiseringa har falle bort i den nye lovteksten. Departementet foreslår å ta dette inn igjen.

  5. Dei som får dagpengar og som forsørgjer barn, kan og ha krav på eit barnetillegg. I det tidlegare kapittel 4 var det ei føresegn om at dagpengar inklusive tillegg til dei som forsørgjer barn, ikkje kan utgjere meir enn 90 pst. av medlemmen sitt grunnlag for dagpengar. Føresegna var aktuell for dei personar som mottok eit svært høgt forsørgjartillegg. Ei slik føresegn er i tråd med det generelle prinsipp i folketrygdlova om at trygda skal liggje på eit lågare nivå enn tidlegare arbeidsinntekt. Ei tilsvarande føresegn blei ikkje ført vidare til det gjeldande kapittel 4. Endringa var ikkje intendert. Departementet gjer difor framlegg om å ta inn ei føresegn som svarar til den omtalte, i kapittel 4.

  6. Folketrygdlova hadde fram til 1. januar 1997 visse reglar om verknaden for retten til barnetillegg av at barnet sjølv eller person som forsørgjer barnet, har visse andre stønader frå folketrygda. Disse føresegnene fall bort frå 1. januar 1997. Departementet vurderer om slike føresegner bør bli fastsette igjen, og meiner det vil kunne gjerast ved forskrift. Departementet tilrår at fullmakta etter § 4-12 til å gje forskrift om barnetillegg blir utvida noko.

  7. I gjeldande lov om folketrygd kapittel 4 er føresegna om kor lang periode ein kan motta dagpengar (§ 4-15) vesentleg forenkla i høve til dei tidlegare reglane om kor lenge ein kan motta dagpengar. Føresegna slår fast at maksimal lengde på perioden er 3 eller 1,5 år, avhengig av tidlegare arbeidsinntekt. Det følgjer antitetisk av føresegna, og er presisert i den generelle omtala i Odelstingsproposisjon nr 35 (1995-96) at ein ikkje kan få ein lengre periode enn det som er nemnt på grunnlag av ei og same inntekt. Med vekt på omsynet til informasjon meiner departementet likevel at dette bør gå klårare fram av lovteksten. Vi gjer difor framlegg om å leggje til ei slik presisering i § 4-4 krav til minste inntekt (kvalifikasjonsgrunnlaget).

  8. Forhold som fører til mellombels bortfall av rett til stønad, kan hende før eller på det tidspunkt medlemmen får utbetalt stønad fyrste gong, eller i stønadsperioden. Folketrygdlova som er vedteke, skil mellom desse to kategoriane. Utrykket «forlenget ventetid» er innført om det fyrste tilfellet, medan det andre regulerast i reglane om «tidsbegrenset bortfall av dagpenger». Dei tidlegare reglane om avstenging av dagpengar i folketrygdlova (§ 4-2 nr 3 første ledd bokstav b til e og andre og fjerde ledd) og i forskrift (21 juni 1989 nr 517 kap. 3) skilde ikkje på same måte mellom forhold som hendte før eller etter søknadstidspunktet. Dei forholda som leiar til «forlenget ventetid», kan og oppstå under eit løpande stønadsforhold. Dette kan mellom anna vere tilfelle dersom ein mottakar av dagpengar får arbeid, men så blir ledig av eigen skuld i løpet av det fyrste året. Etter tidlegare rett ville ein få dagpengane avstengd når ein blir ledig av eiga skuld. Men fordi vedkommande kan ta opp att stønadstilfellet utan å søkje om dagpengar på nytt dersom vedkommande ikkje har hatt avbrott ut over 52 veker, vil ikkje ordlyden i § 4-10 dekkje forholdet. Dette er uheldig og ein ikkje intendert konsekvens av lovendringa. På same måte er det mogeleg at dei forholda som leiar til «begrenset bortfall av dagpenger» hender før medlemmen søkjer om dagpengar. I slike tilfelle vil ein riktig reaksjon vere «forlenget ventetid» etter § 4-10. Det er difor naudsynt å føye til ei tilvising mellom dei aktuelle føresegnene.

  9. Retten til dagpengar fell bort når ein medlem vel å motta ei rad fulle ytingar frå folketrygda, inkludert fødselspengar og adopsjonspengar. På same måte skal dagpengane reduserast dersom ein medlem har ei rad reduserte ytingar frå folketrygda. Ordninga med tidskonto gjer det mogeleg at ein person for same tidsrom kan ha rett til både reduserte fødselspengar etter avtale om tidskonto og dagpengar. (Ei avtale om tidskonto vil seie at ein del av permisjonen takast ut i form av deltidspermisjon med uttak av reduserte fødselspengar i kombinasjon med redusert arbeidstid.) Dersom arbeidsavtalen blir endra i løpet av ein periode med tidskonto med minst 40 pst., kan ordninga med tidskonto bestå samstundes som vedkommande har rett til dagpengar. (For at ein medlem skal få rett til dagpengar må vanleg arbeidstid bli redusert med minst 40 pst.) Ein må rekna med at slike situasjonar berre vil oppstå i få tilfelle. Men når dei oppstår vil det vere behov for å samordne ytinga med dagpengane. Fordi ordninga med tidskonto er såpass ny (frå 1. juli 1994), har ein ikkje tidlegare hatt heimel til ei slik samordning i lova. Departementet gjer difor no framlegg om at reduserte fødselspengar og adopsjonspengar skal samordnast med dagpengane på same måte som andre reduserte ytingar frå folketrygda.

  10. Føresegnene om dagpengar under arbeidsløyse til permitterte skil seg noko frå dei reglane som ellers gjeld i dagpengeordninga. Departementet tilrår at det i § 4-7 i lova blir tilføyd, i siste ledd som gjeld fullmakt for departementet til å gje forskrift, at førsesegnene kan avvike frå føresegnene i lova.

2.2 Endringar i andre kapittel i lov om folketrygd

Dei endringane som det blir gjort framlegg om i Lov om folketrygd kapittel 8, 21, 22 og 25, er i hovudsak følgjande:

  1. Som ei følgje av at departementet gjer framlegg om å oppheve administrative føresegn i kapittel 4, gjer vi framlegg om å gjere nokre tilføyingar om søknad om dagpengar (kap. 21), om utbetaling og kontroll av dagpengar (kap. 22) og om rett til å krevje påtale (kap. 25).

2.3 Endringar i lov om tiltak til å fremme sysselsetting

Dei endringane som det blir gjort framlegg om i lov om tiltak til å fremme sysselsetting, er i hovudsak følgjande:

  1. Det er eit vilkår for rett til dagpengar at den ledige ikkje har krav på løn. Tvil om dagpengar skal bli ytt eller ikkje, kan oppstå i høve då det er tvist mellom arbeidstakar og arbeidsgjevar om eit krav på løn, mellom anna ved tvistar om usakleg oppseiing o.l. Det er praksis at arbeidskontora i slike tilfelle gjev stønad. Dersom den arbeidslause får etterbetalt løn eller erstatning for løn for same tidsrom, blir det behov for å kunne krevje mottekne dagpengar betalt attende. For å unngå mogelege tvistar om retten til å krevje stønaden betalt attende i slike tilfelle, fekk ein i 1990 heimel i lova til dette. Ved revisjonen av kapittel 4 fall denne føresegna ut. Dagens reglar om tilbakebetaling inneheld ikkje ein tilsvarande heimel. Føresegna i sysselsettingslova § 35 føreset at det er noko å laste den som får dagpengar eller at det har vore ein feil ved utbetalinga av stønaden. Dei tilfelle som er omtala ovanfor, vil såleis ikkje gå inn under denne føresegna. Departementet foreslår difor at ein heimel som svarar til den ein fekk inn i folketrygdlova i 1990, takast inn i sysselsettingslova.

2.4 Endringar i lov om ferie

Dei endringane som det blir gjort framlegg om i lov om ferie, er endring av tilvisingar som følgje av omlegginga av folketrygdlova.