Ot.prp. nr. 41 (1997-98)

Om lov om endring i lov av 25 september 1992 nr 107 om kommuner og fylkeskommuner

Til innholdsfortegnelse

6 MERKNADER TIL FØRESEGNA

Til § 50 nr 2:

Ein kommune eller fylkeskommune kan med heimel i § 50 nr 2 i kommunelova ta opp lån for å finansiere eingongsutbetalingar som er naudsynte for at kommunen/fylkeskommunen skal ha full forsikringsteknisk dekning i si pensjonsordning for eigne ansatte når pensjonsordninga vert vedteken overført frå eigen sjølvstendig pensjonskasse til eit livsforsikringsselskap mv. Det er óg eit vilkår at finansiering gjennom opptak av lån er påkrevd.

Ein kommune eller fylkeskommune kan med heimel i § 50 nr 3 i kommunelova ta opp lån for å finansiere eingongsutbetalingar til livsforsikringsselskap som forvaltar pensjonsordninga for kommunen/fylkeskommunen, når slike utbetalingar er naudsynte for at kommunen/fylkeskommunen kan bli part i avtalen om overføring av opptente pensjonsrettar, jf. § 46 i «lov om Statens Pensjonskasse» av 28 juli 1949. Det er óg eit vilkår at finansiering gjennom opptak av lån er påkrevd.