Ot.prp. nr. 41 (1997-98)

Om lov om endring i lov av 25 september 1992 nr 107 om kommuner og fylkeskommuner

Til innholdsfortegnelse

2 OM FORHOLDET MELLOM KAPITALFORMÅL OG LØPANDE DRIFTSFORMÅL

Kommunar og fylkeskommunar nyttar eit finansielt orientert budsjett og rekneskap. Dette medfører at det berre er disposisjonar som inneber bruk eller tilføring av finansielle midlar som pliktig skal bli budsjettert og ført i rekneskapen. Nye økonomiske forpliktingar i året kjem dermed ikkje til uttrykk i resultatrekneskapen til kommunen/fylkeskommunen, dersom forpliktinga ikke samtidig føreset utbetalingar i året (bruk av finansielle midlar).

På den andre sida må kommunar/fylkeskommunar budsjettere, og føre til utgift i bevillingsrekneskapen (tilsvarande resultatrekneskapen for verksemder som er rekneskapspliktige etter rekneskapslova) utlegg i samanheng med investeringar i bygningar og anlegg, eller langsiktige finansielle plasseringar. Dette har samanheng med at all bruk av midlar krev løyving frå kommunestyret/fylkestinget, eller frå organ som har fått delegert løyvingsmyndigheit frå kommunestyret/fylkestinget, jf. § 45 nr 1 i kommunelova.

Det har ikkje vore sett på som ønskeleg eller nødvendig at kommunane eller fylkeskommunane sine utlegg til innkjøp av eigedelar av varig verdi fullt ut må finansierast gjennom dei løpande inntektene. Kommunelova opnar av den grunn for at innkjøp av eigedelar av varig verdi kan finansierast gjenom opptak av lån. Eigedelar av varig verdi vil kome til nytte i tenesteproduksjonen over ei årrekkje, og kostnaden knytt til innkjøpet bør kunne fordelast tilsvarande. Dersom kjøp av eigedelar av varig verdi måtte finansierast gjennom løpande inntekter, i staden for å bruke midlane i den løpande drifta, ville det kunne føre til eit for lavt nivå på årlege investeringar i bygningar og anlegg. Sjølv om kommunane og fylkeskommunane sine investeringar i nye eigedelar av varig verdi sjeldan har eit økonomisk formål, representerer eigedelane, som t.d. ein sjukeheim, som nemnt eit servicepotensiale over ei årrekkje.

I større grad enn dei fleste andre verksemder er kommunane/fylkeskommunane avhengige av eit mest mogleg sikkert og stabilt inntektsgrunnlag. Gjeldande § 50 nr 1 i kommunelova gjev berre høve til å nytte lånemidlar til utlegg i samband med innkjøp av eigedelar av varig verdi. Dette hindrar kommunane/fylkeskommunane i å finansiere sitt løpande forbruk gjennom opptak av langsiktige lån. Høve til å nytte lånemidlar til drift, kunne medføre at kommunane/fylkeskommunane la seg på eit aktivitetsnivå som på sikt ikkje kan forsvarast gjennom inntektene til kommunane/fylkeskommunane. Føresegnene som er gitt i kommunelova på dette området, svarar i hovudsak til dei føresegnene kommunar i dei fleste andre europeiske land er stilt overfor i den nasjonale lovgivinga.